Kurs i identifisering og bevaring av eldre fotografisk materiale

Den 3. november 2010 hadde Fylkesfotonettverk Rogaland kurs i identifisering og bevaring av eldre fotografisk materiale. Fotokonservator Jens Gold ved Preus museum, det nasjonale fotografimuseet i Horten, hadde sju timars undervisning for 24 medarbeidarar ved dei aller fleste bevaringsinstitusjonane i Rogaland, både arkiv og museum.

Vi fekk nyttig informasjon om dei eldste bileta våre, daguerreotypiar og ambrotypiar, og om dei mange forskjellige negativtypane som kom i bruk frå om lag 1842 og framover til dei digitale bileta overtok i slutten av 1980-åra.

Jens Gold hadde med seg eit omfattande demonstrasjonsmateriale. Dette var ein inspirerande og lærerik dag for alle.

Fotografia her viser deltakarane i konferansesalen på Statsarkivet i Stavanger, fotokonservator Jens Gold, museumsdirektør Leif Dybing ved Dalane Folkemuseum og ein del av deltakarane som studerer dei ni bevarte daguerreotypiane ved Dalane Folkemuseum. Jens Gold orienterte om kva som må gjerast for å restaurera desse små kunstverka.