DCP01041

Vik er ein sjøgard i Klepp kommune. Det er flatt lende og sandstranda går over i sandblanda jord, så fast åkerjord og myrlende. Dei eldste bruka på Vik ligg ut ved sjøen. I åra rundt 1900 blei både innmark, utmark og tarestrand utskifta, og det blei etablert sju nye bruk på Øvre Vik. I 1908 blei Opheim eit av desse. I år 2000 var det denne garden Jærmuseet dokumenterte. Foto: Målfrid Grimstvedt