Fabrikkens fotograf

Kjell Time i Kvernelands Fabrikk 1957 – 1997

Utviklingsdirektør Olav Njå i samtale med direktør Ole Gabriel Kverneland II rundt 1960. Fotograf: Kjell Time. Jærmuseet, JÆF004.1374.01.

Kverneland Group er i dag ein global leverandør av landbruksreiskap. Konsernet blei grunnlagt som Kvernelands Fabrikk på Jæren i 1879. I dag har dei fabrikkar i Danmark, Tyskland, Frankrike, Nederland, Italia, Russland og Kina, men også i Noreg. Det blir fortsatt laga plogar på Jæren.  Men eigarane sit ikkje lengre på Jæren. Det japanske selskapet Kubota eig Kverneland Group.

Jærmuseet har sidan 1990-talet teke hand om dei historiske arkiva til «moderselskapet» Kvernelands Fabrikk.  I denne artikkelen skal eg presentera fotoarkivet, med vekt på arbeidet til fotografen som bygde det opp.

Kjell Time blei pensjonist frå Kvernelands Fabrikk i 1997. Då hadde han vore tilsett ved fabrikken i 40 år. I denne tida bygde han opp ein fotoavdeling. Han slutta på ei tid då den digitale fotograferinga så vidt var kome igang. Kjell Time fotograferte analogt. Då han slutta blei fotoavdelinga lagt ned. Jærmuseet fekk den første tilveksten av historisk arkiv frå bedrifta tidleg på 1990-talet. Då Kjell Time blei pensjonist overtok museet alt fotografisk materiale som ikkje var i bruk. Eg var på fabrikken på Frøyland og henta to fulle pallar med negativar, positivar, fotokatalogar og noko filmmateriale. I 2009 fekk museet ein ny stor tilvekst. Då blei Svein Gaute Oftedal pensjonist  frå salsavdelinga. På det tidspunktet var alle aktuelle foto  bedrifta brukte digitale. Svein Gaute Oftedal hjelpte oss i dei neste åra med ordning av fotosamlinga.

I Ambolten, Kverneland Fabrikk sitt bedriftsblad, blei Kjell Time presentert i 1970. Han begynte ikkje som fotograf, men som teknisk teiknar på konstruksjonsavdelinga i 1957. Då kom han rett frå to års ingeniørutdanning på motorlinja på Bergen Tekniske Skole. Men han hadde også interesse for fotografering, så han fekk gradvis fleire oppgåver på det feltet. Det var eit gammalt mørkerom for foto på bedrifta, men det var dårleg utstyrt. Han fekk gå på kurs i Oslo og bygga opp ei fotoavdeling. Då han snakka med oss på  Jærmuseet om arbeidet sitt, la han vekt på at han også arbeidde med teknisk teikning i kombinasjon med fotografi. Han laga strekteikningar til reiskapskatalogar, produktmanualar osb.

Fotoavdelinga hadde både interne og eksterne oppgåver. Den interne fotograferinga var bilete som skulle brukast på huset; nedfotografering av teikningar ol., maskinar som skulle fotograferast for vedlikehald, fotografering av maskindeler som hadde gått i stykke. Det var til bruk for reklamasjon. Han fotograferte nykonstruksjonar til bruk i vidare utvikling. Rundt 1970 var han også begynt med mikrofotografering. Han fotograferte metallstrukturar i mikroskop for Kvalitetsavdelinga.

Kjell Time reknar arbeidet sitt for «Ambolten» – bedriftsbladet, som i grensa mellom internt og eksternt arbeid. Det eksterne arbeidet omfatta bilete til brosjyrar og bruksrettleiing, katalogar og bilete til utstillingsbruk. I 1970 låg hovudvekta fortsatt på svart-kvitt, men fargefoto blei stadig viktigare.  

Når me ser på fotosamlinga frå Kjell Time sin periode i dag , så ser me ein fotograf som har farta rundt i alle deler av fabrikkane, i lokalmiljøet på Frøyland og han har følgt gjester på turar. Han har også filma på verdsmeisterskapen i pløying.

Film og video

På denne tida begynte han også å filma for bedrifta. Kverneland har eldre filmar, laga av eksterne fotografar, som filmen om plogens historie frå 1960-talet. Dette er film på 35 mm og 16 mm-format. Kjell Time laga 8 mm reklamefilmar av den enkelte jordbruksreiskapen. Filmane blei vist fram på messer i spesiallaga utstyr. Det var ein lukka boks med mattskive. Her gjekk filmklippa i loop, dvs. dei gjekk kontinuerleg.  Museet har 80 slike filmar. Frå 1982 til 1999 produserte firmaet Fasett i Stavanger meir enn 40 reklamefilmar i høgkvalitet videoformat. Desse er også i museets arkiv.

Kjell Time med filmkamera i «Ambolten» nr 1-1970. Fotograf ukjent.

Ordning og innhald i fotosamlinga

Jærmuseet har gitt samlinga fotonummer JÆF004.  Vår nyaste oppteljing viser at det til saman er 50 000 foto. Omlag 50% av desse er nå registrerte i Primus-databasen vår. Berre ein liten del av motiva er digitalisert.  Eit utval på vel 600 foto ligg på Digitaltmuseum.no

Samlinga inneheld lause papirkopiar i ulike format. Desse finst det stort sett negativ til, men det er tilfeldig om me klarer å kopla papirkopi og negativ. Derfor blir papirkopiane nummererte og skanna etter behov. Kjell Time fotograferte med svart-kvitt på 35 mm film. Filmane låg anten i originale fotokonvoluttar eller i ringpermar. I begge tilfelle har han skrive dato og stikkord for innhaldet. Museet bruker denne ordninga og har nummerert dei kronologisk.  Her finn me foto som han har brukt i «Ambolten».  Her er det også ein heil del repro av gamle fotografi som familien Kverneland har teke vare på.

Det er ulike seriar av dias. Her finn me faste seriar brukt som presentasjon av bedrifta, men også seriar av dei enkelte  produkta.  Svein Gaute Oftedal har hjelpt til med å identifisera dei ulike produktseriane.

Reiskapskatalogane

Ein vesentleg del av fotograf Kjell Time sitt arbeid var å fotografera til dei ulike salskatalogane. Jærmuseet har publisert meir enn 300 katalogar i ein database på nettet. Den finn du her: https://dokumentarkiv.jaermuseet.no/