Når samtid blir historie

Landbruk på Jæren ved tusenårsskiftet

Vik er ein sjøgard i Klepp kommune. Det er flatt lende og sandstranda går over i sandblanda jord, så fast åkerjord og myrlende. Dei eldste bruka på Vik ligg ut ved sjøen. I åra rundt 1900 blei både innmark, utmark og tarestrand utskifta, og det blei etablert sju nye bruk på Øvre Vik. I 1908 blei Opheim eit av desse. I år 2000 var det denne garden Jærmuseet dokumenterte. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, JÆ12462

Då eg var etnologstudent på Universitetet i Oslo på 1970-talet kom samtidsdokumentasjon opp som nytt tema. Etnologistudiet hadde til denne tid fokusert på tida i «manns minne», dvs. den tida vi kunne fanga gjennom intervju med den eldste generasjonen i samtida. Biletmessig er vi då avgrensa til dei fotografia som blei tekne for til dømes 40-50 år sidan. Då er det den som kjenner motivet i ettertid som kan formidla kunnskap om kva det er og kvifor fotografiet blei teke.

Men når fokus blei retta mot vår eiga samtid, for ikkje å sei dagen i dag, då gjev det oss eit grenselaust utval av kjelder. Det gjer ikkje alltid oppgåva lettare. Det må gjerast eit utval, ut frå ei vald problemstilling. Som etnolog tilsett på Jærmuseet fekk eg mulighet til å driva samtidsdokumentasjon. Då år 2000 nærma seg var det stort fokus på å dokumentera samtida ved dette skiftet mellom to hundreår og to tusenår.

24.mars 2020: Kveldstemning frå hagen på Opheim mot sjøen og det gamle klyngetunet på Vik. Dei to høge siloane er eit velkjendt landemerke. I forgrunnen veks kinakål under plast. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, JÆ12436

Jærmuseet valde å dokumentera jordbruket på Jæren. Det valde me å gjera i eit mikroperspektiv, dvs. sjå på ein enkelt gard. Jæren er kjend for husdyrbruk, men også for stor grønsakproduksjon og gartneri med tomat og agurk. Museet sitt ønskje var å finna ein gard der me fekk ein variert produksjon. I tillegg var det viktig å få med nyare element i gardsdrifta; gartneridrifta er eit element, ei ny gruppe jordbruksarbeidare, gjestearbeidare, var eit anna element. Bruket Opheim på Vik i Klepp kommune dreiv mjølkeproduksjon, korn, frilandsdyrking av fleire slag grønsaker og dyrking av tomat og agurk i veksthus. Det var ein gard driven av to generasjonar i lag, saman med rundt 20 ungdommar frå Aust Europa. Dei var her tre månader kvar og budde då på garden.

1.mars 2000: Såing av kinakålfrø med frømaskin. Torunn Wiig gjer klar pluggplantebrett, Jarle Wiig legg i pottejord, Jone Wiig tar av ferdige brett. Med dette utstyret sår dei 50 000 frø på ein time. Då hadde dei sett opp utstyret på førehand. Rommet dei står i er heilt nytt. Det er ein del av utvidinga av veksthuset. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, JÆ11961
29.mars 2000: Det meste av frilandsgrønsakene på Opheim blei sådd som pluggplanter. Då får kvar plante kvar sin vesle jordklump med seg ut på åkeren. Denne dagen plantar dei kålrabi i Sauahagen. Eit arbeidslag på fem vekslar om å kjøra traktoren, sitta på plantemaskinen og å gå bakom for å sjå til at det blir nok planter i fårene. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, JÆ12462

Museet har gjennomført ulike samtidsprosjekt. Sauenæringa har me dokumentert både i 1994 og i 2015 – 2017. Då var det sauebonden og arbeidet med sauen som stod i fokus. Men dei fleste sauebøndene driv også med annan produksjon, som me ikkje fanga opp. I år 2000 var me interesserte i alt som blei produsert på garden, og me ville fanga samspelet mellom alle som arbeidde her.

Dette var eit lågkost prosjekt frå museet si side. Eg var einaste medarbeidaren. Metoden var å dokumentera det som skjedde på garden gjennom eit år ved å observera arbeidet og intervjua deltakarane.  Matproduksjon er syklisk. For planteproduksjon vil det sei å planta, luka, hausta, lagra og selja. Videokamera, analogt fotoapparat, eit lite digitalt fotoapparat og notatblokk var utstyret. Sidan eg var åleine, så veksla eg mellom å filma og fotografera. Det meste av arbeidet på garden var repeterande oppgåver, så det hindra ikkje dokumentasjonen. Tida til gjennomføring måtte eg tilpassa mine andre oppgåver på museet. Når dette let seg gjera, så var mykje av grunnen det gode samarbeidet med folka på garden. Foreldra Jarle og Torunn Wiig dreiv saman med sonen Jone og svigerdotter Tone Lise. Dei og alle andre på garden var særs imøtekommande. Eg kunne gjera avtalar med kort varsel, eller komma uanmeldt. Dei ga seg tid til å svara på spørsmål og kom med framlegg til kva som kunne vera aktuelt.

24.mars 2000: Gulrotfrøa blei sådd direkte på friland. Jone køyrer såmaskina. Denne dagen var jorda først pløydd og harva. Etter såinga kom Jarle for å sprøyta med plantevernmiddel, før han køyrde over og dekka kvart såbedd med plast. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, JÆ12180
Sommaren 2000 var våt. 15. august er gulrotåkeren for blaut for maskinar, så her er Dino frå Bulgaria i ferd med å skylja buntar som han har henta opp for hand. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, Dcp01981

«Mjølk eller gulrot» var namnet eg gav prosjektet. I dagboka frå 23. januar 2001 skreiv eg: «Eg er fornøgd med tittelen på prosjektet — av to grunnar. 1) Jarle som er ein intensiv grønsakbonde tenkjer heile tida på korleis han skal klara å halda på mjølkekvoten sin. Han ønskjer å driva jorda like intensivt som han gjer nå , ved å veksla mellom grønsaker og grasproduksjon, men han ønskjer ikkje å ha kyrne på beite heime. 2) Stadig fleire jærbønder sel mjølkekvotane sine og satsar t.d. på rein grønsakproduksjon. Dei som held på mjølka satsar meir einsidig på husdyr og sluttar med andre vekstar enn gras.» Jarle fann si løysing på kravet om å ha kyrne ute på sommarbeite. Han flytta kyrne til eit fjøs på ein annan gard. Andre bønder går saman om samdriftsfjøs.

Nå, etter 20 år, har dette årets dokumentasjon blitt historie. Gardsdrifta på Vik held fram, men mykje er endra.

13.april 2000: I dag har dei rive ut 7 200 agurkplanter i dette veksthuset. Nå sopar dei opp restane, før dei skal setta ut nye planter. Ein agurkplante veks 10-12 m på 1,5 månader. Dei kan hausta 6 kg agurk på kvar plante. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, JÆ12265
28.april 2020: På Jæren bles det alltid, så her gjeld det å halda faste tak. I fleire veker har kinakål og kålrot vekse under dekke av plastfilm. Men dagane blir varmare og plantene større. Så dei treng både luft, vatn og meir gjødsel. Her har dei fjerna plastfilmen som låg over kvart såbed med kinakål. Nå legg dei på fiberduk. Han slepp luft og vatn gjennom, men held insektene unna plantene. Foto: Målfrid Grimstved/Jærmuseet, JÆ12523

Museet fekk eit materiale på meir enn 1000 digitale foto, 1200 dias, 5-6 timar analoge videoopptak i tillegg til intervju og notat. Dei digitale fotografia er tatt med  eit Kodak DC210 kamera som hadde  1152 pix x 864 pix. Pr. dato er omlag 200 dias digitalisert. All video er digitalisert. Artikkelen i Jærmuseet si årbok: «Gulrot eller mjølk – ja, takk, begge delar» frå 2001 presenterer prosjektet – også med historia til bruket Opheim .

Dette er eit materiale som blir meir historisk  ettersom tida går. Ved tusenårskiftet var me ennå i den analoge foto/film tida. Dei digitalt fødde fotoa var i dårleg oppløysing. Sjølv brukte eg dei som suplement til dias. Dei var nyttige for å halda oversyn over arbeidet undervegs.

Jarle og sonen Thomas i ferd med å få ei kvige inn i dyretilhengaren. Kviga protesterte mot å forlata fjoset, så her måtte dei både lokka, leia og pressa ho til å vera med. Det er 2. februar 2001 og kviga skal vera med mjølkekyrne som flyttar frå Vik til mjølkefjoset på garden som Thomas driv på Orre. Dette er siste dag det var mjølkekyr på Opheim. Nå, 20 år seinare, er fjoset også borte. Foto: Målfrid Grimstvedt/Jærmuseet, Dcp03383
Det blei 9. april 2001 før eg fekk filma pløying. Det var gått litt meir enn eitt år sidan prosjektet mitt starta. I løpet av 2001 filma og fotograferte eg arbeid som eg ikkje hadde fått med året før. Foto: Målfrid Grimstved/Jærmuseet, Dcp04280

Til utstillinga “Traktorliv” på Vitengarden i 2015 laga me ein film over bruken av traktor gjennom tida. Frå Vik er det nærare 30 ulike arbeidsoperasjonar der traktoren er i bruk. I år blir eit redigert utval av filmmaterialet publisert i ein artikkel på Digitalt Museum på dagen 20 år etter opptaket.  Eit utval av foto er publisert på Digitalt Museum og fleire vil komma.

Det vil bli publisert omlag 30 ulike filmsnuttar frå året på Vik. 22.august var eg på garden frå 7.30 til 10.00. Oscars frå Latvia er her igong med å henta agurk saman med fire andre. Etterpå filma eg dei i pakkeriet. Der blei agurkene plasta og pakka i kassar klare til levering til butikk. Fotoet viser oppstarten frå det publiserte filmkuttet frå denne dagen. Det finn du på Digitaltmuseum.no: Det vil bli publisert omlag 30 ulike filmsnuttar frå året på Vik. 22.august var eg på garden frå 7.30 til 10. Oscars frå Latvia er her igong med å henta agurk saman med fire andre. Etterpå filma eg då dei i pakkeriet. Der blei agurkene plasta og pakka i kassar klare til levering til butikk. Fotoet viser oppstarten frå det publiserte filmkuttet frå denne dagen. Det finn du på Digitaltmuseum.no (klikk på bildet).
Det blir også publisert artiklar som presenterer dei ulike grønsakene som blei dyrka på garden dette året. Første artikkel  «Gulrot på Vik år 2000» ligg no på Digitalt Museum (klikk på bildet).

Litteratur:

Grimstvedt, Målfrid: Gulrot eller mjølk. Ein jærsk sjøgard ved tusenårskiftet. I Sjå Jæren. Årbok for Jærmuseet 2001, s. 48-84.