Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie

Sigrid Lien er velkjend i det norske fotobevaringsmiljøet. Saman med Peter Larsen, båe tilknytta Universitetet i Bergen, gav ho i 2007 ut boka Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.

Boka Lengselens bilder med til saman 263 fotografi frå og av utvandra nordmenn i USA er ikkje ei tradisjonell biletbok, men resultat av eit studieprosjekt tilknytta paraplyprosjektet Fotografiet i kulturen ved Universiteta i Bergen og Trondheim. Sigrid Lien og kollegaen, etnologen Eva Reme, har vore på fleire studiereiser i eldre norske innvandrarområde i USA. Der har dei kartlagt norsk-amerikanske fotografar og produkta deira ved besøk i arkivinstitusjonar, museum og i private samlingar.

Sigrid Lien har også sett på kva rolle Amerika-bileta spela i norske bygdelag med stor utvandring til USA på 1800-talet og framover. Her har ho særleg konsentrert seg om Setesdal. Men boka presenterer også fleire eksempel frå Jæren.

Boka har åtte kapittel i tre overordna tema:

-Dei tapte samanhengane: Om forholdet generelt mellom Amerika-brev og bilete.

-Amerikafotografane, dei norsk-amerikanske fotografane, som historiefortellarar gjennom bileta deira.

-Fotografialbumet som historiefortellar med ein presentasjon av bevarte Amerika-fotografi i norske bygdemiljø.

Med boka presenterer Sigrid Lien eit for oss til no ukjent norsk-amerikansk fotografmiljø i USA. Dei fleste av oss har eit forhold til eldre Amerika-bilete i album og brev her i landet. Denne boka set desse bileta i ein fotografihistorisk samanheng i det tradisjonelle norsk-amerikanske miljøet i USA, og gir oss også interessant, ny kunnskap om Amerika-bileta sin rolle i landet vårt.

Utgjevar: SAP c/o Spartacus Forlag 2009-07-01

Boka kan kjøpast i bokhandelen.

Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie
Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie