Det var fire engelske familiar som bygde seg hus på Sand og i Suldal for å tilbringe somrane her og fiska laks. Det var Archer-familien på Rophaug, Campbell på Juvåsen, Hunter på Hiimsmoen og Sibthorp på Lindum. Desse hadde ofte besøk av engelske gjester, så det kunne frå tid til anna vera eit stort engelsk innslag i bygdasamfunnet. Archer-familien var dei som sette mest spor etter seg. Det var fordi dei var her store delar av året, dei hadde større omgang med folk på staden enn dei andre engelske, og dei var meir omgjengelege og alminnelege.
Det var laksefiske som var den primære interessa for Walter Archer då han kom til Sand. Han leigde alle rettar til laksefiske i heile Suldalsvassdraget for ein periode på 40 år, frå 1884 til 1924. Det vart bygt laksetrapper i Sandsfossen, eit klekkeri kom i gang, laks vart merka som ledd i eit omfattande granskingsarbeid. Han blei ein lakseekspert, og i 1892 blei han utnemnd til sjefsinspektør for laksefiskeria i Skottland.
Archer sitt store eksperiment gikk ut på å sette i gang eit storstilt kultiveringsarbeid i Suldalslågen. Alt blei gjort for å verna og styrka laksestammen. For første gang på hundrevis av år kunne fisken gå uforstyrra av anna enn sportsfiske med stang og snøre på heile den lange strekninga.

Det var likevel mennene som var dei ivrigaste laksefiskarane. A. Egerton Leigh var ein engelsk
gjest som Archer-familien hadde besøk av i 1888. Den 5. oktober 1888 fiska han denne laksen
på 38 pund eller nesten 19 kilo.

Det var laksefisket i Suldalslågen som var hovudinteressa for dei engelske på Sand og i Suldal.
Walter Archer leigde alle rettar til laksefiske i Lågen frå Roalkvam i øvre Suldal og like ned til
elveosen på Sand for ein periode på 40 år, frå 1884 til 1924.

Her har truleg Kittel Klubben håva inn ein laks for ein engelsk sportsfiskar i Suldalslågen ved Kvestad. Kittel Klubben var fast hjelpesmann for dei engelske når dei fiska laks.
Sand

Ungar på Dampabryggja i Sand sentrum i 1912 i karakteristiske kortbukser og knestrømper.
Gutane er frå venstre Olav Kolbeinstveit, brørne Paal og Njaal Kolbenstvedt og så Rasmus
Rasmussen. Det er fleire folk og ymse aktivitetar lenger bak i bildet. Foto: Miss Law.

Nærbilde frå Tjelmane i 1887. Tjelmane hadde vore husmannsplass under Haua og Skeie, men
vart i 1877 frådelt som sjølveigande bruk. Før Tjelmabrua kom, betalte dei som budde her leiga
si ved å ro folk frå Haua og Skeie fritt over elva. Andre måtte betala for å bli skyssa over.

Utsikt over Sandsfossen frå terrassen på Rophaug 1887. Vi ser Sandsfossen til venstre, Larvika
i midten mot framgrunnen og kyrkjegarden mot høgre. Det kvite huset omtrent midt på bildet er bedehuset.

Sandsvikja i 1888 med farty, naust, sjøhus og bustadhus. Vi ser Rasmussen sitt sjøhus og krambu
til venstre. Det kvite huset i midten høyrde til Arnfinsen. Sjøhuset til høgre høyrde til handelsmann
Hylen, og det neste sjøhuset vart brukt til ishus av Kaarhus Hotell.

Jekter på Sandsvikja i 1887. Jekta til venstre er «Frøyja», som kunne lasta 60 til 70 favnar ved.
Her har ho høy om bord. Jekta i framgrunnen er ukjend og seg ut til å ha ved inne. Den første
høyrde til Iver Iversen på Sand, den andre kan også vera ei Iversenjekt.

Utsyn frå Rophaug mot Gardaneset og Sandsbygda. I framgrunnen ser vi kornåkrar og marker på
Brakahaugen under Lagarhus. Tjelmane ligg til venstre for brua på andre sida av Lågen. Gardshusa
på Haua ligg ved vegen oppover til høgre og Helland i bakgrunnen til venstre. Bildet kan vera frå
kring 1895. Det er haust, kornåkrane er skorne og kornbanda står på staur.

Farty på Sandsvikja. Det er stilt, så jekta midt i bildet med segla oppe må bli buksert ut med robåt. Den andre jekta ligg til ankers. Sjøhuset til venstre er Nesahuset, der Ryfylkemuseet i dag har sitt hovudsete, det andre er Rasmussen sitt sjøhus.

Sandsvikja med jekter i vinteropplag kring 1890.
Suldal

Utnytting av vasskrafta på ukjend stad i Suldal.
Den store vassrenna leier vatnet til ein kadl som driv ei sag i huset til høgre.

Gardshus på Helland i Sandsbygda i 1887.

Dei har drive med lauving på Vasshus i nedre Suldal, og kjerra er fylt med lauvkjervar. Bildet er frå 1888.

Daniel og Valborg Vasshus framfor huset sitt i 1888. Huset er nyleg opptømra, og det skal nok
stå ei stund å siga før det blir bordkledd. Huset er eit typisk ryfylkehus frå den tida. ”Daniel var
ein stor, sterk kar og ein mann av den gamle skule. Han var timbremann og smed og arbeidde
ei tid plogar og ljaaar. Som yngre gjekk han mykje med byrsa og var god skyttar. Med sitt gode
minne og sjeldne forteljarlag var han ei umissande kjelda for sogur og ættargreiner.”
(Etter Albret Vasshus.)

Folk i ulike aldrar framfor eit uthus på Vasshus der det er opplødd mykje ved.
To kvinner står med river, ein mann i skinnklede ber noko i vasselen, ungane er med. Året er 1888.

Vedkøyring med hest og slede på Kvestad i nedre Suldal ein vinterdag i 1888.

Kvednahola ved Vasshus i Suldal. Det er Jon og Metta Skarmyr som sit på stabbesteinen.
Dei har med seg sonen Tosten, som kan vera 4-5 år, og bildet må vera teke midt på 1890-talet.
Jon og Metta var husmannsfolk under Ritland. Jon var også smed, og vi ser smia hans rett bak
dei til høgre. Han skal ha vore ein meisterleg god smed, som m.a. arbeidde ljåar. Ritlandssaga
ligg rett bak smia, og lenger bak ligg kvernhus, tørkehus og sag.

Stråpagardane i Suldal med den karakteristiske Ståpanuten bakanfor.

Det kjende turistmotivet Suldalsporten med barn og kjelke på isen vinteren 1888.
Det er tuleg eitt av borna i Archer-familien som sit på kjelken. Legg merke til køyrevegen på isen innover vatnet.
I Alice Archer si dagbok kan vi lesa at bildet blei fotografert den 27. februar 1888 og framkalla fire dagar etter.

Eit ukjent gardstun i Suldal kring 1890.
Jøsenfjorden

Jonas og Anna Førre med dei tre borna stiller opp for fotograf Alice Archer ein gong midt i 1890-åra.
Jonas var handelsmann i Jøsenfjorden. Han står til venstre med hoven, kona Anna sit i midten.
Borna er frå venstre Jone, Kleng og Marta. Skinnet på veggen kan vera eit bjørneskinn.

Inspisering av eit brislingsteng i Jøsenfjorden ein stille sommardag. Vi ser inn fjorden mot Føre.

Folk på veg over brua over Ulla. Skulehuset i Jøsenfjorden ligg bak til høgre for brua. Sprengverksbrua vart bygd i 1889 og skulehuset i 1898.

Her ser vi meir av handelsstaden med kai, sjøhus, bustadhus og eit par andre hus.
Det blir arbeidd med ved, og det ligg eit farty utpå. Det er truleg Archer-familien sitt lystfarty.

Frå stranda i Førebotn med utsikt utover fjorden. I Førefjorden, den inste delen av Jøsenfjorden,
reiser fjella seg hoggbratte på begge sider.

Frå Vadla i Jøsenfjorden. Bildet er teke frå Haua-sida, og vi ser elveosen der Ulla renn i havet og
utover på nordsida av fjorden. Handelsstaden på Vadla ligg nede ved sjøen og gardshusa lenger bak.
Det er haust, kornåkrane er skorne og kornbanda er sette på staur til tørking.

I stranda på Østerhus i Jøsenfjorden. Vi ser løa på Østerhus bak nausta, og husa på
husmannsplassen Bakkane lenger bak. Bildet er frå 1888.

Fullasta vedjekt sig ut frå kaien ved handelsstaden på Vadla i Jøsenfjorden i 1888.

Gardstuna i Føre ligg halvannan kilometer inn gjennom dalen frå fjorden. Her er dei fotograferte i
1888 med den dominerande fjellformasjonen Odden bakanfor. ”Farm house at Forre 1888” har
Alice Archer skrive under bildet.

Engelske turistar i framgrunnen og dei innfødde tilbaketrekt i bakgrunnen. Det er folgehuset til
Lars og Mallin Vadla vi ser bak. Dei fem kvitkledde borna i framgrunnen er Archer-born, og
kanskje er det mor si dei sit saman med. Det er brørne Edward og Harold til venstre, tvillingane
Ruth og Esther i midten og Olive til høgre. Bildet er frå 1888.

Handelsstaden i Jøsenfjorden i 1890-åra. Det var Jonas Førre som dreiv handelen då.
Handelsstaden låg på austsida av Ulla, på garden Vadla sin grunn. Handelen vart starta opp i 1868,
og Jonas Førre overtok som handelsmann fem år seinare.

Ved den gamle trekaien på Vadla i Jøsenfjorden. Jentene i pråmen kan vera Olive og Esther Archer.
Gutane på bryggja er truleg Harold (til venstre) og Norman Archer. Vi ser utover på nordsida av fjorden.
Andre stader

Alice Archer var også ute med fotoapparatet i Brattlandsdalen, som går frå Nesflaten i øvre enden
av Suldalsvatnet og opp til Røldal. Brattlandsdalen var høgdepunktet på ”The new inland route from
Stavanger to Odde in Hardanger through the Ryfylkefiords, Sand, Suldal, Bratlandsdal and Røldal”,
ei rute som vart aktivt marknadsført av Stavanger turistforening.

I Brattlandsdalen var det innhogde tunnellar, skjeringar og bratte juv rett ned i elvestryka. Bildet er teke i 1888.

Den ville naturen i Brattlandsdalen verka tiltrekkande på turistar frå Storbritania og det europeiske kontinentet.

Hålandsosen i Erfjord i 1888. Krambua til venstre dreiv Lars Torjussen Våge frå 1870.
I midten på andre sida av elva ser vi Hålandssaga med høge bordstablar på utsida.

Frå fjellgarden Hjorteland mellom Jøsenfjorden og Suldal. Alice Archer var her og fotograferte den 28. juli 1888.

Tøtlandsvik i Hjelmeland fotografert av Alice Archer i 1888. Gardshuset er stort og rommar også
ein folgeende til høgre. Denne har pannetak, medan resten av huset har store skiferheller på taket.
På løa er det torvtak.Vassrenna til høgre leier vatn til ein kadl lenger nede som dreiv slipestein og
trøskjemaskin.

Frå Saudasjøen i 1887.

Bildet er sannsynlegvis frå Nedstrand.

Vi er truleg i Oltesvik ved Høgsfjorden, i noverande Gjesdal kommune.
Familien Archer reiste på tur hit med seglbåten.

Flaggsmykka «Edirene» (Archer’s yawl) og skipet til den tyske keisaren saman med andre tyske
militærfarty i ei fjordarm på Vestlandet. Året er 1914, like før utbrotet av 1. verdskrigen, då
keisaren vart kalla heim i hui og hast frå dei norske fjordane for å leia sitt land i krigen.
Krigen sette ein stoppar for tida med engelske sportsfiskarar og turistar på Sand og i Suldal.
Vi har ingen foto etter Alice Archer etter 1914.
Walter Archer kom tilbake til Sand i 1917 for å selja eigedomen Rophaug, men så fekk han slag og døydde her. Han vart gravlagd på Sand kyrkjegard, og der ligg også andre medlemmer av familien. Perioden med engelskmenn på lange sommaropphald i Ryfylke for å fiska laks og dyrka friluftsliv, tok slutt med verdenskrigen.