Boka: August Abrahamson, fotografiske plater 1902 – 1913

I desember 2011 kom boka August Abrahamson – fotografiske plater. Ho presenterer dei beste av om lag 1 000 positiv og glasnegativ etter lærar, skribent og amatørfotograf August Abrahamson (1842 – 1926) i Kristiansand. Originalmaterialet finst i dag ved Setesdalsmuseet og Vest-Agder-museet. Dei to musea har samarbeidd om registrering av fotografia, og båe samlingane er i dag foreina i ein digital versjon med informasjon til. Det er om lag 600 ulike motiv når ein ser dei to samlingane under eitt. Eit større utval av fotografia har nå fått plass i ei stor bok med formatet 29 x 32 cm og som er på 152 sider.

Boka vert presentert som ei kulturhistorisk reise gjennom gamle fotografi frå Flekkerøya i sør til Haukeligrend i nord, frå Kjetsaa Sag i Hornes i Setesdal til Kveste med utsikt sørover mot Flårenden i Valle. Abrahamson var med i styret for Kristiansand og Opplands Turistforening frå 1888 og var ein ivrig turgåar. Han var likevel ikkje ein typisk turistfotograf. Abrahamsen komponerte som oftast motivet slik at mennesket fekk plass i landskapet på ein naturleg måte. Dette var menneske på tur eller på reise, ikkje menneske i kvardagssituasjonar. Han var alltid nøye med komposisjonen. Fotografia hans vart ofte publisert i årboka til turistforeninga, frå første nummer kom ut i 1899.

Abrahamsen førte ei omfattande reisehandbok frå turane sine, frå 1860 og 40 år framover. Han var redaktør av Fædrelandsvennen ein tiårs-periode og sidan ein ivrig skribent, engasjert i fleire organisasjonar og i det heile svært aktiv innan samfunnslivet. Likevel ser det ikkje ut for at han tok til med fotografering på turane sine og elles før etter 1900. Mange av motiva produserte han sidan som postkort, merka ”Eneret. A. A.”

Denne boka inneheld ein svært verdfull fotodokumentasjon av bygningskultur og kulturlandskap i Setesdal tidleg på 1900-talet. Ein mindre del er frå Kristiansand og området rundt byen. Fotografia vert kommenterte med sitat frå reisehandboka til Abrahamson og med informativ tekst elles. Kvaliteten på fotografia slik dei står fram i boka, er svært god.

Alle med interesse for eldre fotografi av lokale bygningsmiljø, kulturlandskap og naturlandskap vil ha stor glede av denne boka.

Tekst og retusjering: Arve Lindvig og Leonhard Jansen.

Utgivar: Digitale bilder i Agder 2011.

ISBN 978-82-91178-24-0

Boka: August Abrahamson, fotografiske plater 1902 – 1913
Boka: August Abrahamson, fotografiske plater 1902 – 1913