Eldre skulefotografi frå Rogaland

Temaet eldre skulebilete er omfattande. Motivmessig er denne fotografitypen velkjend. Det finst svært mange fotografi av elevar, tekne utafor skulehuset eller inne i klasserommet. Men denne fotografitypen har ikkje vorte påakta som historisk kjelde.

Hensikten med denne presentasjonen er å visa at skulebileta faktisk er ein viktig fotografitype, både i fylkes- og i nasjonal samanheng. Dei er nemleg ei verdifull kjelde til forsking omkring lokale drakt- og klesskikkar, handverkstradisjonar knytta til klede- og skoproduksjon, og ei god bygningshistorisk kjelde når det gjeld eldre skulehustypar. Skulebileta dokumenterer nemleg barn og ungdom i alle typar lokalmiljø og over ein lengre tidsperiode. I nasjonal samanheng er skulebileta ein av svært få fotografiseriar som omfattar barn i heile landet og på fleire ulike tidspunkt.

Artikkelen presenterer eksempel på arbeida til dei skulefotografane som reiste i Rogaland mellom 1889 og 1946 og orienterer kort om kva som er bevart av negativarkiv etter dei. Dette var både fotografar frå firma i hovudstaden, atelier- og reisefotografar i Rogaland og andre meir ukjende reisefotografar.

I dei fleste kommunane finst det mange skulebilete frå åra før 1946, særleg fotografi av elevar i grunnskulen. Denne artikkelen omhandlar bare summarisk fotografi av elevar ved vidaregåande skular og fagskular og private amatørfotografi med skulemotiv. Grunnlagsmaterialet er alle skulebileta som vart avfotograferte i 1980- og 1990-åra under kommunale fotoinnsamlingsaksjonar i Bjerkreim, Hå, Time, Gjesdal, Klepp, Randaberg, Sola, Strand, Rennesøy, Tysvær og Vindafjord. Kommunane samarbeidde med Statsarkivet i Stavanger ved desse innsamlingsaksjonane. Statsarkivet tek vare på repronegativarkiva for kommunane. Stavanger Skolemuseum har også mange eldre skulebilete, men flesteparten er frå skular i nåverande Stavanger kommune. Vi har ikkje sett spesielt på desse til denne artikkelen.

Skulebileta som historisk kjeldemateriale

Mange trur gjerne at eldre skulebilete først og fremst har affeksjonsverdi for eigarane eller for andre som har eldre slektningar på desse fotografia. Slik er det ikkje. Sidan skulebileta faktisk representerer store, nasjonale einstypeseriar har dei også stor verdi som historisk kjeldemateriale. Det viktigaste fagområdet for desse fotografia er drakthistorie i vid forstand. Skulebileta dokumenterer lokale sundags-og skuleklede og skotypar frå 1880-åra og framover. Dermed fortel dei også om lokale handverkstradisjonar.

Atelierbilete av enkeltpersonar og familiegrupper er sjølvsagt også gode kjelder til drakthistorisk forsking, men dei viser ikkje daglegkleda til folk i eldre tid. Når enkeltpersonar og familiar ein sjeldan gong reiste til fotografen, ville dei framstilla seg sjølv i dei aller beste kleda dei hadde, gjerne også i lånte klede eller med spesielle drakteffektar.

Skuleelevane fotograferte seg i sundagskleda eller i skulekleda. Vanlegvis var skulekleda ein mellomting mellom sundags- og kvardagsklede. (Fig. 1)

 Elevane ved Bjerkreim skule i 1946 med lærarane Hanna Mykjedal (t.v.) og Klaus Bjerkreim (t.h.). Om vi kunne samanlikna dette biletet med tilsvarande skulebilete frå 1946 frå alle kommunane i fylket, ville vi sjå at klesskikkane var ulike frå distrikt til distrikt, og mellom by og land. I dag kler skulebarna seg likt i heile fylket. Elevane i Bjerkreim merka seg truleg ut i 1946 når det galdt bruk av selbusokkar. Foto: Ukjend, truleg J. W. Eskildsen, Egersund eller Carl J. Olsen, Stavanger.
Elevane ved Bjerkreim skule i 1946 med lærarane Hanna Mykjedal (t.v.) og Klaus Bjerkreim (t.h.). Om vi kunne samanlikna dette biletet med tilsvarande skulebilete frå 1946 frå alle kommunane i fylket, ville vi sjå at klesskikkane var ulike frå distrikt til distrikt, og mellom by og land. I dag kler skulebarna seg likt i heile fylket. Elevane i Bjerkreim merka seg truleg ut i 1946 når det galdt bruk av selbusokkar.
Foto: Ukjend, truleg J. W. Eskildsen, Egersund eller Carl J. Olsen, Stavanger.

Då elevane ved Bjerkreim skule fotograferte seg utafor skulen sin i 1946, hadde dei skulekleda eller sundagskleda på seg (1). For gutane ville dette seia heimesydd trøye eller spøtakufte og nikkers eller knebukse. Før dei vart konfirmerte, gjekk alle gutar i knebukser eller korte bukser. Jentene hadde heimesydd kjole og spøtajakke eller kufte. Det det som særmerker klesmoten på dette fotografiet samanlikna med tilsvarande frå andre kommunar, er nettopp kuftene og særleg selbusokkane. Både gutar og jenter i Bjerkreim hadde lange spøtasokkar med selbumønster. Selbusokkar var ein spesiell mote i sauekommunen Bjerkreim på den tida. Men desse var til sundagsbruk. Kufter i mønsterspøt slik vi kjenner dei frå seinare år, vart først vanlege som daglegplagg i 1950-åra. Derfor vil vi sjå av skulebileta frå midten av 1950-åra og framover til i slutten av 1960-åra, at så å seia alle skulebarna på landsbygda i Rogaland hadde kufter.

Skulebileta er dessutan ei god bygningshistorisk kjelde. Dei dokumenterer dei første skulehusa i landkommunane, små bygningar som vart reiste etter skuleloven av 1860. Då fotografane Jan Greve og R. P. Thu fotograferte fleire av skulane på Jæren i 1889 og i 1890-åra, dokumenterte dei både elevane, lærarane og skulehusa. Dermed dokumenterte desse to fotografane fleire av dei aller første skulehusa i kommunane. I Randaberg finst det til eksempel både fotografi frå 1880- og frå 1890-åra av dei tre eldste skulane i kommunen (2). (Fig. 2)

 Sande skule i Randaberg med elevar og lærarar i 1896 eller 1897. Fotografiet viser også litt av landskapet rundt skulen. Sande skule vart bygd i 1892. Den mannlege læraren er Gitle A. Birkrem frå Bjerkreim. Han flytte frå Randaberg til Hægebostad med familien sin i 1897 men vart sidan den første skuleinspektøren i Rogaland. For draktforskarar er det interessant å samanlikna kjolemoten i 1880- og i 1890-åra på dei eldste skulebileta frå Randaberg. I slutten av 1890-åra var det større utval i kjøpety frå lokale ullvarefabrikkar. Moten tilsa dessutan store ”skinke-ermar” på kjolane og broderte lauskragar. Kleda til gutane var i mindre grad utsette for forandringar i stoff og snitt enn jentekleda. Foto: Ukjend, truleg Jan Greve, Stavanger eller Rasmus P. Thu, Bryne/Jæren.
Sande skule i Randaberg med elevar og lærarar i 1896 eller 1897. Fotografiet viser også litt av landskapet rundt skulen. Sande skule vart bygd i 1892. Den mannlege læraren er Gitle A. Birkrem frå Bjerkreim. Han flytte frå Randaberg til Hægebostad med familien sin i 1897 men vart sidan den første skuleinspektøren i Rogaland. For draktforskarar er det interessant å samanlikna kjolemoten i 1880- og i 1890-åra på dei eldste skulebileta frå Randaberg. I slutten av 1890-åra var det større utval i kjøpety frå lokale ullvarefabrikkar. Moten tilsa dessutan store ”skinke-ermar” på kjolane og broderte lauskragar. Kleda til gutane var i mindre grad utsette for forandringar i stoff og snitt enn jentekleda.
Foto: Ukjend, truleg Jan Greve, Stavanger eller Rasmus P. Thu, Bryne/Jæren.

Reisefotografar som også var skulefotografar

Dei aller fleste skulane var offentlege, men vanlegvis var det ikkje eigarane som tilkalla fotografane. Mange kjende og ukjende fotografar oppsøkte skulane, både reisefotografar i Rogaland, som Rasmus P. Thu, John Kjølvik og seinare  Carl J. Olsen, firma- eller atelierfotografar frå Kristiania som C. Christensen Thomhaw og P. P. Herdenberg, og meir ukjende reisefotografar frå andre kantar av landet, som Peter J. Sørå frå Rørvik. Sørå var reisesekretær i avholds- og fredsorganisasjonen I.O.G.T. men var like aktiv som fotograf.

Dei eldste skulebileta til fotograf Thu kan daterast til 1889. Også Stavanger-fotografen Jan Greve fotograferte på Jæren dette året. Kjølvik fotograferte etter 1907. Dei to Kristiania-fotografane reiste rundt om i Rogaland fleire gonger i åra mellom 1899/1900 og 1909. Sørå fotograferte fleire gonger i Rogaland frå 1920 til tidleg i 1930-åra.

Elevane vart mest alltid fotograferte ute sidan klasseroma var små. Fotografane hadde heller ikkje kunstig lys før etter at jupiterlampa kom. I Stavanger skjedde dette i 1910. Men Kristiania-fotografen C. Christensen Thomhaw fotograferte elevane både ute og inne i klasseromma då han hadde oppdrag i fylket i 1908-1909. Først då firmaet Foto Sentralen i Kristiansand reiste rundt på skulane i Rogaland i midten av 1950-åra, vart det vanleg å fotografera elevane ved pultane inne i klasserommet.

Elevane ved vidaregåande skular og fagskular oppsøkte gjerne fotografateliera i byane. Fleire fotografar spesialiserte seg tidleg på portrettmontasjar. Portretta av elevane og lærarane var i visittkortfoto-format (6 x 9 cm). Elevane kunne både kjøpa mange enkeltportrett av seg sjølv til bytteobjekt og eit større montasjefotografi med alle elevane og lærarane.

Ein stor del av dei eldre skulebileta manglar signatur, stempel eller anna trykt informasjon som fortel kven fotografen var. Men når vi har arbeidd ei tid med fotografisk materiale, fell likevel ofte ”brikkene på plass” på dette området. Kvar fotograf hadde nemleg sin måte å komponera biletet på og spesielle fotopapir- og kartongtypar. Har vi studert og samanlikna eit større utval skulebilete frå fleire kommunar, ser vi eit mønster på dette området (3).

Reisefotografane drog gjerne frå kommune til kommune der det var enkelt å ta seg fram med hesteskyss, tog eller med lokale rutebåtar. Derfor går dei same fotografitypane gjerne igjen i kommunane. Men dei kommunane som ikkje låg så nær Stavanger som Randaberg, Sola og Hetland, eller dei bygdene som ikkje låg til Jærbanen (1878-) og Flekkefjordsbanen (1904-), fekk ikkje så ofte besøk av fotografar. Slik var det også for dei bygdene som ikkje låg lagleg til det lokale dampskipsrutenettet i Ryfylke. Samanliknar vi til eksempel talet på dei ulike skulefotografitypane i kommunane på Jæren med det som finst av skulefotografi i innlandskommunen Bjerkreim, viser dette tydeleg. Det var ikkje så lett å ta seg fram med fotografutstyret til dei 11 skulekrinsane i Bjerkreim. Derfor finst det få eldre skulebilete frå denne kommunen.

Det var truleg enklast å fotografera på Jæren. Der var det lett å reisa mellom bygdene ved å bruka tog kombinert med hesteskyss. Det til nå eldste, kjende skulebiletet frå jærkommunane viser ein handarbeidsklasse i Gjesdal i 1887 eller 1888. Ein utsending frå fotograf-firmaet

C. L. Jacobsen i Stavanger tok dette lokalt, truleg på Ålgård (4). Men bruksskulen i den nye industribygda Ålgård var ikkje representativ for dei offentlege skulane elles på Jæren.

Dei bevarte skulefotografia tiår for tiår

Då Rasmus P. Thu kom heim frå USA første gongen i 1889, oppsøkte han skular på Jæren, på same tida som han annonserte at han fotograferte enkeltpersonar og familiar (5). Eitt av desse første skulebileta viser elevar og lærar ved Mæland skule i Hå.
(Fig. 3)

 Lærar Kristian Skrettingland og elevane ved Mæland skule i Varhaug. Dette er det eldste skulebiletet frå Hå kommune. Bygningen er ein typisk representant for dei minste skulehusa som vart bygde etter innføringa av den nye skuleloven av 1860. Barna har nok bestekleda på seg. Jentene sine kjolar er typiske for kvinnemoten i 1880-åra slik vi ser han på alle visittkortportretta frå dette tiåret. Dette gjeld særleg kjolane til dei to jentene til høgre i fremste rekkje. Biletet viser også at nokre av jentene hadde forkle over finkjolen. Samanliknar vi dette originalbiletet med fotograf Jan Greve sitt skulebilete frå Time (fig 5), ser vi at komposisjon, fototeknikk og kartongtype er meir profesjonell hos Greve. Fotografen, Rasmus P. Thu, var for amatør å rekna då han tok til som omreisande fotograf på Jæren i 1889. Foto: Rasmus P. Thu, Bryne/Jæren.
Lærar Kristian Skrettingland og elevane ved Mæland skule i Varhaug. Dette er det eldste skulebiletet frå Hå kommune. Bygningen er ein typisk representant for dei minste skulehusa som vart bygde etter innføringa av den nye skuleloven av 1860. Barna har nok bestekleda på seg. Jentene sine kjolar er typiske for kvinnemoten i 1880-åra slik vi ser han på alle visittkortportretta frå dette tiåret. Dette gjeld særleg kjolane til dei to jentene til høgre i fremste rekkje. Biletet viser også at nokre av jentene hadde forkle over finkjolen. Samanliknar vi dette originalbiletet med fotograf Jan Greve sitt skulebilete frå Time (fig 5), ser vi at komposisjon, fototeknikk og kartongtype er meir profesjonell hos Greve. Fotografen, Rasmus P. Thu, var for amatør å rekna då han tok til som omreisande fotograf på Jæren i 1889.
Foto: Rasmus P. Thu, Bryne/Jæren.

I 1889/1890 fotograferte også Stavanger-fotografen Jan Greve på Jæren, i alle fall i Time. (Fig. 4)

 I 1888 eller 1889 tok fotograf J. Greve dette biletet av det eldste skulehuset i Time kommune. Dei første fastskulane vart gjerne bygde i nærleiken av kyrkja, prestegarden eller klokkargarden. Klokkaren var lærar (kyrkjesongar) ved desse skulane. Skulehusa var som oftast dei første kommunale bygningane og vart også nytta til andre offentlege føremål. Derfor var desse bygningane større enn dei skulestovene som vart bygde i dei nye krinsane etter skuleloven av 1860. Den første skulen i Time låg like ved kyrkja og stod ferdig i 1850. Kyrkjesongar Lars Line og lærarinne Ane Line står midt på biletet. Foto: Jan Greve, Stavanger.
I 1888 eller 1889 tok fotograf J. Greve dette biletet av det eldste skulehuset i Time kommune. Dei første fastskulane vart gjerne bygde i nærleiken av kyrkja, prestegarden eller klokkargarden. Klokkaren var lærar (kyrkjesongar) ved desse skulane. Skulehusa var som oftast dei første kommunale bygningane og vart også nytta til andre offentlege føremål. Derfor var desse bygningane større enn dei skulestovene som vart bygde i dei nye krinsane etter skuleloven av 1860. Den første skulen i Time låg like ved kyrkja og stod ferdig i 1850. Kyrkjesongar Lars Line og lærarinne Ane Line står midt på biletet.
Foto: Jan Greve, Stavanger.

Dei to fotografane brukte ulik kartongtype. Dei bevarte fotografia viser også at Greve var ein profesjonell og erfaren fotograf på dette tidspunktet. Samanlikna med Greve, var Thu meir for amatør å rekna. I 1889 hadde Greve lang erfaring som fotograf i Haugesund og i Stavanger, medan Thu kom heim frå USA dette året med nyinnkjøpt kamera for å etablera seg som fotograf i distriktet.

Det finst fleire skulebilete frå andre halvparten av 1890-åra. Då Rasmus P. Thu kom heim frå USA for andre gong etter 1894, fotograferte han skuleklassar både på Tu skule i Klepp og elles på Jæren, i Finnøy, Rennesøy og sikkert også andre stader i Ryfylke. (Fig. 5)

 Då Rasmus P. Thu fotograferte skulen på heimegarden Tu i Klepp i 1897, hadde han to Amerika-opphald bak seg og ei lengre erfaring som fotograf enn i 1889. Både når det gjeld teknisk utføring, motivkomposisjon og kartongtype stiller dette fotografiet i ein annan klasse enn det tilsvarande frå Mæland skule i 1889 (sjå fig. 3). I åra 1897-1900 og særleg i åra 1912-1920 var Rasmus P. Thu truleg den mest produktive skulefotografen i landkommunane i Rogaland. Foto: R. P. Thu, Stavanger.
Då Rasmus P. Thu fotograferte skulen på heimegarden Tu i Klepp i 1897, hadde han to Amerika-opphald bak seg og ei lengre erfaring som fotograf enn i 1889. Både når det gjeld teknisk utføring, motivkomposisjon og kartongtype stiller dette fotografiet i ein annan klasse enn det tilsvarande frå Mæland skule i 1889 (sjå fig. 3). I åra 1897-1900 og særleg i åra 1912-1920 var Rasmus P. Thu truleg den mest produktive skulefotografen i landkommunane i Rogaland.
Foto: R. P. Thu, Stavanger.

Seinhaustes 1900 oppheldt han seg som reisefotograf i Skjold. Dette opplyser folketellinga frå desember 1900. Då fotograferte han også skuleelevar ved Skjold skule. (Fig. 6)

 Lærarane Jakob V. Smedsvig og Olaf Heggebø saman med elevane ved den første fastskulen i Skjold prestegjeld. Skulehuset vart reist i 1840-åra på klokkargarden Øygardsstykkjet under Skjold prestegard og ser ikkje heilt ny ut på dette biletet Rasmus P. Thu tok då han besøkte skulen i november 1900. Då Thu fotograferte skular i slutten av 1890-åra, skreiv han vanlegvis ikkje namnet på skulen og dato som på dette biletet. Denne praksisen innførte han først etter 1912, men heilt konsekvent var han heller ikkje då. Foto: R. P. Thu, Stavanger.
Lærarane Jakob V. Smedsvig og Olaf Heggebø saman med elevane ved den første fastskulen i Skjold prestegjeld. Skulehuset vart reist i 1840-åra på klokkargarden Øygardsstykkjet under Skjold prestegard og ser ikkje heilt ny ut på dette biletet Rasmus P. Thu tok då han besøkte skulen i november 1900. Då Thu fotograferte skular i slutten av 1890-åra, skreiv han vanlegvis ikkje namnet på skulen og dato som på dette biletet. Denne praksisen innførte han først etter 1912, men heilt konsekvent var han heller ikkje då.
Foto: R. P. Thu, Stavanger.

I åra 1899/1900 og 1908/1909 fotograferte Kristiania-fotografen C. Christensen Thomhaw kyrkjer i Rogaland. Under båe reiserundane fotograferte han også skuleklassar. (Fig. 7)

 Elevar og lærar ved Vigrestad storskule i Varhaug (Hå kommune), skuleåret 1899/1900. Dette var første gong lærar Ivar Varden vart fotografert saman med elevane sine på Vigrestad. Både i 1899/1900 og skuleåret 1908/1909 tok Kristiania-fotografen C. Christensen Thomhaw bilete av skuleklassar på landsbygda i Rogaland i samband med at han reiste rundt som kyrkjefotograf. Det finst ikkje oversyn over kor mange skular Thomhaw besøkte i fylket på desse to reiserundane. Thomhaw var ein dyktig fotograf. Bileta hans har god teknisk kvalitet, også dei han tok inne i klasseroma under andre reiserunden sin i 1908/1909. Dermed er klesdrakter og sko godt dokumenterte på bileta hans. Dette gjeld både stoff-typar, snitt og pynte-effektar på kleda, og ulike skotypar, slik som på dette biletet. Foto: C. Christensen Thomhaw, Kristiania.
Elevar og lærar ved Vigrestad storskule i Varhaug (Hå kommune), skuleåret 1899/1900. Dette var første gong lærar Ivar Varden vart fotografert saman med elevane sine på Vigrestad. Både i 1899/1900 og skuleåret 1908/1909 tok Kristiania-fotografen C. Christensen Thomhaw bilete av skuleklassar på landsbygda i Rogaland i samband med at han reiste rundt som kyrkjefotograf. Det finst ikkje oversyn over kor mange skular Thomhaw besøkte i fylket på desse to reiserundane. Thomhaw var ein dyktig fotograf. Bileta hans har god teknisk kvalitet, også dei han tok inne i klasseroma under andre reiserunden sin i 1908/1909. Dermed er klesdrakter og sko godt dokumenterte på bileta hans. Dette gjeld både stoff-typar, snitt og pynte-effektar på kleda, og ulike skotypar, slik som på dette biletet.
Foto: C. Christensen Thomhaw, Kristiania.

Dette skjedde kanskje etter spørsmål frå dei lokale kyrkjesongarane. Dei var både lærarar og klokkarar. Det finst ikkje oversyn over kor mange skular denne Kristiania-fotografen besøkte i fylket under desse to reiserundane.

I åra mellom 1903 og 1906 fotograferte P. P. Herdenberg, ein annan Kristiania-fotograf, skuleklassar på Jæren og i Ryfylke.
(Fig. 8)

 I åra mellom 1903 og 1906 fotograferte P. P. Herdenberg frå Kristiania skuleklassar på Jæren og i Ryfylke. Her har han fotografert både små- og storskulen ved ein av skulane i Randaberg kring 1905. Det er ikkje kjent om skulefotografring var einaste oppdraget hans i Rogaland. Herdenberg brukte ein påkosta kartong-type med fine pynteborder, same kartongtypen som Rasmus P. Thu nytta til skulebiletet han tok heime på Tu i Klepp i 1897 (sjå fig. 5). Foto: P. P. Herdenberg, Kristiania.
I åra mellom 1903 og 1906 fotograferte P. P. Herdenberg frå Kristiania skuleklassar på Jæren og i Ryfylke. Her har han fotografert både små- og storskulen ved ein av skulane i Randaberg kring 1905. Det er ikkje kjent om skulefotografring var einaste oppdraget hans i Rogaland. Herdenberg brukte ein påkosta kartong-type med fine pynteborder, same kartongtypen som Rasmus P. Thu nytta til skulebiletet han tok heime på Tu i Klepp i 1897 (sjå fig. 5).
Foto: P. P. Herdenberg, Kristiania.

Det er ikkje kjent om han hadde andre oppdrag i fylket. Det finst i alle fall ikkje kjende postkort frå Rogaland med signaturen hans.

Då fotograf Rasmus P. Thu kom heim frå USA etter 1910, fotograferte han skuleklassar, familiar og gardsbilete i svært mange av kommunane i fylket. Nokre biletkartongar har blindstempel. Men Thu hadde ingen fast praksis på dette området. Han brukte også fleire kartongtypar. I 1912 og seinare år skreiv han ofte namnet på skulen, året og i nokre tilfelle også namnet på læraren nedst på negativen. Skrifta hans er vel kjenneleg på mange av bileta, som på dette frå Tu skule i Klepp. (Fig. 9)

 I 1912 fotograferte Rasmus P. Thu skuleelevane saman med lærar Braut heime på Tu i Klepp. Kanskje var dette første gongen han kom tilbake til heimbygda etter at han besøkte skulen i 1897 (sjå fig 5). Denne type skulebilete er dei mest vanlege frå Thu si hand, og det finst svært mange av dei rundt om i fylket. Thu var likevel ikkje konsekvent når det galdt dei skriftlege opplysningane på bileta. Nokre gonger skreiv han opplysningar om stad, tidspunkt og kanskje også namnet på læraren, som på dette biletet. Andre gonger hadde biletkartongen blindstempel med fotografnamnet. Mange bilete manglar også slike opplysningar. Foto: R. P. Thu, Stavanger.
I 1912 fotograferte Rasmus P. Thu skuleelevane saman med lærar Braut heime på Tu i Klepp. Kanskje var dette første gongen han kom tilbake til heimbygda etter at han besøkte skulen i 1897 (sjå fig 5). Denne type skulebilete er dei mest vanlege frå Thu si hand, og det finst svært mange av dei rundt om i fylket. Thu var likevel ikkje konsekvent når det galdt dei skriftlege opplysningane på bileta. Nokre gonger skreiv han opplysningar om stad, tidspunkt og kanskje også namnet på læraren, som på dette biletet. Andre gonger hadde biletkartongen blindstempel med fotografnamnet. Mange bilete manglar også slike opplysningar.
Foto: R. P. Thu, Stavanger.

I 1918 og 1920 fotograferte Thu skuleklassar både sør på Jæren og i indre Ryfylke. Han fotograferte mellom anna elevar og læraren ved Førland skule i Suldal i 1918 og var truleg på Vestbø skule i Sandeid i 1919. (Fig. 10)

 Dette fotografiet frå 1919 av elevar og lærarar ved Vestbø skule i Sandeid (Vindafjord kommune), manglar fotograf-opplysningar, men det er ikkje usannsynleg at R. P. Thu var opphavsmannen. Thu var nemleg ein svært aktiv skulefotograf i åra mellom 1910 og 1920, også i denne delen av Ryfylke. Foto: Ukjend, truleg R. P. Thu, Stavanger.
Dette fotografiet frå 1919 av elevar og lærarar ved Vestbø skule i Sandeid (Vindafjord kommune), manglar fotograf-opplysningar, men det er ikkje usannsynleg at R. P. Thu var opphavsmannen. Thu var nemleg ein svært aktiv skulefotograf i åra mellom 1910 og 1920, også i denne delen av Ryfylke.
Foto: Ukjend, truleg R. P. Thu, Stavanger.

Kanskje vart 1920 siste året han fotograferte på skulane i fylket før han tok til med panoramafotografering av landskap, både i Rogaland og i andre fylke .

Ryfylkingen John Kjølvik var ikkje like produktiv som Thu når det galdt skulefotografering. I åra etter 1908 tok han særleg mange gards- og familiebilete. Dessutan hadde både Thu og Kjølvik ein omfattande produksjon som postkortfotografar. Dei mange postkortfotografane som reiste rundt i Rogaland etter 1905, tok vanlegvis ikkje bilete av skuleklassar.

I 1921-1922, tok ein profesjonell fotograf både skulebilete og bilete av konfirmantane under lesartida. Slike fotografi finst både frå Sola kommune og frå Varhaug i Hå. Det er ikkje kjent kven denne fotografen var. (Fig. 11)

 Lesartida var sommaren før konfirmasjonen, dei månadane ungdommen ”gjekk for presten” før konfirmasjonssundagen utpå hausten. I 1920 og dei følgjande åra tok ein ukjend fotograf bilete av lesarungane og presten, sokneprest Ohnstad, i Varhaug sokn, Hå prestegjeld. Tilsvarande fotografi finst i alle fall frå Håland prestegjeld (Sola). Desse første konfirmantbileta er interessante sidan dei vart tekne om sommaren og viser dei heimesydde sommarkjolane til jentene. Foto: Ukjend.
Lesartida var sommaren før konfirmasjonen, dei månadane ungdommen ”gjekk for presten” før konfirmasjonssundagen utpå hausten. I 1920 og dei følgjande åra tok ein ukjend fotograf bilete av lesarungane og presten, sokneprest Ohnstad, i Varhaug sokn, Hå prestegjeld. Tilsvarande fotografi finst i alle fall frå Håland prestegjeld (Sola). Desse første konfirmantbileta er interessante sidan dei vart tekne om sommaren og viser dei heimesydde sommarkjolane til jentene.
Foto: Ukjend.

Sjølv om Peter J. Sørå frå Rørvik i Vikna, Nord-Trøndelag var reisesekretær i I.O.G.T., var han også aktiv som fotograf. Han hadde film- og fotoapparat med på alle reisene sine rundt om i landet. I Rogaland fotograferte Sørå på arbeidsreiser både i 1920, 1922, 1925, 1931,1935 og kanskje også andre år. Han fotograferte både skuleklassar, amtsskuleklassar og barnelosjar. Sørå produserte fotografia sine på postkort-fotokartongar. (Fig. 12)

 I 1920- og 1930-åra var reisesekreær J. Sørå frå Rørvik fleire gonger i Rogaland. Han fotograferte både skuleklassar og barnelosjar. Barna vart stilte opp ute slik som på dette fotografiet frå Førland skule i Suldal hausten 1921. Lærar Kornelius Risa står saman med barna i skulekrinsen. Det spesielle med Sørå sine fotografi er at han leverte dei på postkortkartongar. Foto: J. Sørå, Rørvik.
I 1920- og 1930-åra var reisesekreær J. Sørå frå Rørvik fleire gonger i Rogaland. Han fotograferte både skuleklassar og barnelosjar. Barna vart stilte opp ute slik som på dette fotografiet frå Førland skule i Suldal hausten 1921. Lærar Kornelius Risa står saman med barna i skulekrinsen. Det spesielle med Sørå sine fotografi er at han leverte dei på postkortkartongar.
Foto: J. Sørå, Rørvik.

Desse fotografia har som regel alltid blindstempel øvst til i høgre på kartongen. Lokale bygdebøker frå Agder-fylka viser at Sørå også fotograferte der i 1920- og 1930-åra.

Fleire av skulebileta frå 1920- og 1930-åra har usikkert fotograf-opphav. Lokale bygdefotografar tok nok også skulebilete på oppdrag, som dette frå Neset skule i Nedstrand. (Fig. 13)

 Lærar Odd Roalkvam med elevflokken sin framfor Neset skule i Nedstrand (Tysvær kommune), skuleåret 1930-1931. Kanskje var det ein lokal bygdefotograf som tok biletet. I ettertid er det ikkje alltid lett å identifisera fotografen når vi bare har ein kopi for hand, og ikkje originalpositiven. Fotopapirtypen og fotokartongtypen kan nemleg i mange tilfelle gje ein peikepinn på kven fotografen var. Foto: Ukjend.
Lærar Odd Roalkvam med elevflokken sin framfor Neset skule i Nedstrand (Tysvær kommune), skuleåret 1930-1931. Kanskje var det ein lokal bygdefotograf som tok biletet. I ettertid er det ikkje alltid lett å identifisera fotografen når vi bare har ein kopi for hand, og ikkje originalpositiven. Fotopapirtypen og fotokartongtypen kan nemleg i mange tilfelle gje ein peikepinn på kven fotografen var.
Foto: Ukjend.

Men i 1920-åra hadde også fleire lærarar fått kamera. Dermed kunne dei sjølv fotografera elevane sine, men dette var som oftast amatørbilete i formatet 6 x 9 cm eller 9 x 12 cm. Mange av desse bileta har likevel god teknisk kvalitet, men vanlegvis finst dei ikkje i mange eksemplarar, som skulebileta dei profesjonelle fotografane tok. Biletet frå Finnvik skule i Imsland er eit godt eksempel på eit lærarprodusert skulebilete. (Fig. 14)

 I 1925 fotograferte lærar Oluf Bjelland elevane ved Finnvik skule i Imsland (Vindafjord kommune). Biletet viser også miljøet rundt skulehuset og det vesle uthuset i bakgrunnen. Oluf Bjelland må ha vore ein dyktig amatørfotograf med godt kamera. Dette fotografiet har like god teknisk kvalitet og like god komposisjon som bileta dei profesjonelle fotografane tok når dei stilte barna opp på strame rekkjer. Foto: Oluf Bjelland.
I 1925 fotograferte lærar Oluf Bjelland elevane ved Finnvik skule i Imsland (Vindafjord kommune). Biletet viser også miljøet rundt skulehuset og det vesle uthuset i bakgrunnen. Oluf Bjelland må ha vore ein dyktig amatørfotograf med godt kamera. Dette fotografiet har like god teknisk kvalitet og like god komposisjon som bileta dei profesjonelle fotografane tok når dei stilte barna opp på strame rekkjer.
Foto: Oluf Bjelland.

I åra 1935-1939 besøkte fotograf L. Sommer frå Oslo svært mange skular på Jæren og i Ryfylke, mellom anna Vestbø skule i Sandeid. (Fig. 15)

 Fotograf Sommer frå Oslo besøkte skulane i Rogaland i åra 1935-1939. Det er ikkje kjent om han var i alle kommunane i fylket. Sommer fotograferte i alle fall svært mange skuleklassar i jærkommunane. I Ryfylke var han på Vestbø skule i Sandeid (Vindafjord kommune) våren 1939. Kanskje var dette den første profesjonelle fotografen som besøkte skulen etter 1919 (sjå fig. 10). Foto: I. Sommer, Oslo.
Fotograf Sommer frå Oslo besøkte skulane i Rogaland i åra 1935-1939. Det er ikkje kjent om han var i alle kommunane i fylket. Sommer fotograferte i alle fall svært mange skuleklassar i jærkommunane. I Ryfylke var han på Vestbø skule i Sandeid (Vindafjord kommune) våren 1939. Kanskje var dette den første profesjonelle fotografen som besøkte skulen etter 1919 (sjå fig. 10).
Foto: I. Sommer, Oslo.

Fotografia hans er vel kjennelege. Kartong-typen var den same desse åra; kvit med grøn kant rundt sjølve fotografiet i formatet ca. 13×18 cm. Det er uvisst om Sommer reiste på eiga hand, eller om han vart tilkalla til skulane. Det er ikkje kjent ennå kor omfattande skulefotoproduksjonen hans var i nasjonal samanheng.

Under andre verdskrigen vart det naturleg nok ikkje fotografert noko særleg, korkje på skulane eller elles. Skulehusa var ofte okkuperte av tyskarane. Reisefotografen Carl J. Olsen frå Stavanger fotograferte elevar ved fleire skular på Jæren etter fredsslutninga i mai 1945. Det er ikkje kjent om han fotograferte i mange Rogalands-kommunar då krigen var slutt. Fotografi frå mai og juni 1945 frå skular i Hå kommune viser at ein eller to fotografar var i arbeid der (6).

Dei bevarte skulebileta i jærkommunane viser at firmaet Foto Sentralen i Kristiansand tok til med ei systematisk fotografering av elevane i folke- og framhaldsskulen frå midten av 1950-åra, truleg første gong skuleåret 1955-1956. Elevane vart då fotograferte ved pultane sine inne. Det er uvisst om dette firmaet berre opererte i landkommunane.

I Sandnes fotograferte det lokale firmaet Foto Sentralen (Rostrup) skuleklassar, og etter 1957 også fotograf O. Skaar. Skaar lanserte eit nytt produkt på dette området; Min første skoledag-bildet. Dette var elevportrett i mapper. I dei andre byane i fylket vart dei lokale atelierfotografane som oftast tilkalla til skulefotografering. I Haugesund var Margit Petersen og broren Harald Petersen mykje brukte som skulefotografar dei åra firmaet Margit Petersen eksisterte (1926-1964).

Skuleelevane i fotografatelieret

Elevane ved vidaregåande skular og fagskular i fylket reiste som nemnt ovanom ofte til atelierfotograf i næraste byen. Då amtskule-kursa kom i gang i Ryfylke og i Jæren og Dalane i 1875, var det gjerne fotograf C. Kørner i Stavanger elevane reiste til etter at han opna atelieret sitt i 1878 (7).

Om lag år 1900 tok fotografane til å levera montasjefotografi med påskrivne namn under dei enkelte elevportretta (8). Denne type skulebilete hadde nær samanheng med visittkortfotografi-moten. På den tida vart portretta produserte i visittkortformat som elevane kunne bytta seg i mellom. Fotograf Henrik Wiig på Sandnes leverte tidleg vistikkortportrett av elevane ved Jærens Folkehøgskule på Klepp (etablert 1899). Etter kvart som det kom framhaldsskulekurs i kommunane på Jæren, reiste også desse elevane gjerne til fotograf Wiig. Til Stavanger kom ungdommane frå framhaldsskulane i ytre Ryfylke. Både desse og ungdommane i Stavanger fotograferte seg særleg hos Hakon Johannessen og Waldemar Eide.

I 1920-åra og seinare fotograferte også Gabriel T. Espedal i Stavanger elevar frå framhaldsskular i landkommunane. Hakon Johannessen og J. W. Eskildsen som hadde firma både i Stavanger og Egersund, fotograferte studentar. Noko fast mønster var det likevel ikkje på dette området. Elevar ved vidaregåande skular på landsbygda reiste vanlegvis til næraste byen når dei skulle fotografera seg.

Av alle eldre, vidaregåande skular i fylket står Jærens Folkehøgskule i ei særstilling når det gjeld fotografisk dokumentasjon. Skulen heldt til på Kleppe-garden. Der budde også gardbrukar, lærar og sidan Stortings-representant K. K. Kleppe. Han fekk kamera i 1904 og starta då ein eineståande dokumentasjon av skulen, av miljøet rundt Kleppe-garden, og av elevane i arbeid og fritid (9). Det årlege, offisielle skulebiletet var som oftast eit stort gruppebilete av elevane utafor hovudbygningen på skulen. I tillegg reiste elevkull ofte til fotograf Wiig på Sandnes.

Skal vi oppretta ein skulefotografi-database?

Negativarkiva etter reisefotografane i Rogaland er ikkje bevarte. Dette gjeld både Rasmus P. Thu, den mest produktive av dei eldre fotografane, John Kjølvik, og negativarkiva etter dei nasjonale reisefotografane. Heller ikkje negativarkivet etter skulefotograf-firmaet Foto Sentralen i Kristiansand er bevart frå 1950-åra og framover (10). Firma med skulefotografering som levebrød, rekna ikkje med etterbestillingar og kasta ofte negativa etter nokre år.

Av bevarte fotografarkiv frå før 1950 i Rogaland, merkar særleg arkiva etter firmaet Margit Petersen i Haugesund (1926-1964) og etter fotofirma Gabriel T. Espedal i Stavanger (1921-1966) seg ut med mange skulefotograferingar (11).

Sidan det finst eit omfattande positivmateriale i privat eige i heile fylket, kan vi likevel kartleggja denne fotografitypen på ein meir fullstendig måte enn det som er gjort til nå. Bevarte skulebilete i privat eige viser at profesjonelle fotografar fleire gonger reiste kringom i store delar av Rogaland; Rasmus P. Thu og Jan Greve frå Stavanger i 1889 og i 1890-åra, C. Christensen Thomhaw frå Kristiania i 1900 og 1908/1909, P. P. Herdenberg frå Kristiania i åra 1903-1906, Rasmus P. Thu mange gonger i åra 1900-1920, ein førebels ukjend fotograf i 1921-1922, Peder J. Sørå frå Rørvik fleire gonger i 1920- og 1930-åra, L. Sommer frå Oslo i åra 1935-1938, Carl J. Olsen frå Stavanger i 1945 og 1946 og fotografar frå Foto Sentralen i Kristiansand i 1950-åra og seinare. Andre fotografar med firma i byane i fylket tok også skulebilete på landsbygda, men det er ikkje kjent ennå kor omfattande produksjonen deira var.

Kanskje er det ein tanke å oppretta eit digitalt arkiv over alle typar eldre skulefotografi i Rogaland, både fotografi frå skulane i landkommunane og i byane, og fotografi av elevane ved dei ulike fag- og vidaregåande skulane. Det er først når vi har eit meir inngåande oversyn over denne fotografitypen, og over kven fotografane var, at skulebileta kan brukast til forsking, til eksempel som kjelde til draktshistorie og lokale handverkstradisjonar og som kjelde til lokal skule- og bygningshistorie.

Kjeldereferansar til illustrasjonane:

fig. 1: Fotoarkivet Bjerkreim kulturkontor: 1991/23 BJE 5:3.

fig. 2: Fotoarkivet Randaberg kulturkontor: 1982/13 RAN 12:107.

fig. 3: Fotoarkivet Hå folkebibliotek: 1987/7 HÅ 39:3.

fig. 4: Fotoarkivet Time bibliotek: 1989/1 TIM 4:15.

fig. 5: Fotoarkivet Klepp kulturkontor: 1982/15 KLE 4:1.

fig. 6: Fotoarkivet Vindafjord kulturkontor: 1994/5 VIN 22:4.

fig. 7: Fotoarkivet Hå folkebibliotek: 1982/12 HÅ 14:1.

fig. 8: Fotoarkivet Randaberg kulturkontor: 1982/13 RAN 1:13.

fig. 9: Fotoarkivet Klepp kulturkontor 1982/15 KLE 2:1.

fig. 10: Fotoarkivet Vindafjord kulturkontor: 1993/2 VIN 7:2.

fig. 11: Fotoarkivet Hå folkebibliotek 1987/7 HÅ 24:1.

fig. 12: Privat eige

fig. 13: Fotoarkivet Tysvær kulturkontor: 1988/9 TYS 19:1.

fig. 14: Fotoarkivet Vindafjord kulturkontor: 1991/30 VIN 43:25.

fig. 15: Fotoarkivet Vindafjord kulturkontor: 1993/2 VIN 7:1.

Notar:

1. Risa, Lisabet: Bjerkreimboka III. Folket og eigedomane gjennom dei siste fem hundre åra. Bjerkreim kommune  2000, s. 2094.

2. Lindanger, Birger: Randaberg. Bilete gjennom 100 år. Randaberg kommune 1986, s. 110-111 som presenterer dei tre eldste skulebileta.

3. Sjå til eks. desse fire bøkene frå Hå kommune som alle har mange skulebilete: Bilete frå Hå. Folk og miljø 1860-1950 (1990), Skulen i Hå gjennom 250 år 1739-1989 (1989), Vigrestad skule 1893-1993 (1993) og Høyland skule – bygda og folket – skulestad i 130 år (1996), alle ved Hå kommune.

4. Nordås, Hallvard: Gjesdal bygdebok 1870-1989.Gjesdal kommune 1989, s. 172.

5. Risa, Lisabet: R asmus Pederson Thu – reisefotografen, friluftsfotografen og atelierfotografen. Artikkel i  tidsskriftet Svart hvitt – kulturhistorisk fotografi, nr. 1-2, 2001.

6. Student Jostein Heskja frå Nærbø fotograferte alle sundagsskuleklassane i Nærbø i 1945, like eins fleire skuleklassar. Sjå litteraturtilvisingane i note 3. Ein ukjend bygdefotograf, kanskje også dette Jostein Heskja, fotograferte skuleklassane i Vigrestad skulekrins etter fredsslutninga i mai 1945. Sjå bileta i boka Vigrestad skule 1893-1993.Hå kommune 1993, s. 44-48 .

7. Eks. på amtsskulebilete frå 1884 og 1885 i boka Bilete frå Hå. Folk og miljø 1860-1950. Hå kommune 1990, s. 176 og i boka Time. Bilete gjennom 100 år. Time kommune 1993, s. 143.

8. Fotografiet av Amtsskulen i Ryfylke som var på Rennesøy 1900-1901, er eit av dei eldste montasjebileta frå Rogaland. Sjå boka Ryfylke. Folk og natur. Dreyer Bok Stavanger 1978, s. 41.

9. Negativarkivet på meir enn 10 000 nummer er bevart ved Museum Stavanger, Stavanger bymuseum. Klepp kommune, kulturkontoret, har kopisett.

10. Lisabet Risa kontakta firmaet om dette i 1990. Då vart det opplyst at den eldre delen av arkivet var kassert.

11. Haugalandmuseene avd. Karmsund Folkemuseum har negativarkivet etter Margit Petersen. Stavanger byarkiv har
negativarkivet etter fotofirma Espedal, Gabriel T. Espedal og sonen Birger Espedal.