Jan Greve – pionerfotografen frå Rogaland

Fig. 1. Jan Greve med kameraet sitt. Sjølvportrett, truleg frå etter at han opna atelier i Stavanger i 1876. Dette er ein kopi frå 1950-åra som vart presentert i bokverket Haugesund byhistorie 1835 – 1895 (1958), s. 177. Greve var den første fastbuande fotografen i byen. Eigar: Haugalandmuseet, Haugesund.

Jan Greve (1840 – 1905) var ein av mange fotografar i Rogaland på 1800-talet men ein av dei første frå Rogaland med eige kamera. Alle som arbeider med eldre fotografi kjenner namnet, men kunnskapane våre om Greve og fotografia hans er heller små. Dette går også fram av nasjonale register på nettet over eldre fotografar og fotosamlingane deira. I så måte er Greve heller representativ. Mange interessante kartleggings- og forskingsoppgåver ventar på dette området.

Denne artikkelen presenterer Greve i ein fotografihistorisk samanheng i Rogaland og har eksempel på dei ulike bilettypane som er bevarte etter han. Greve var nemleg så mykje meir enn ein av fleire atelierfotografar i Haugesund og sidan Stavanger. Det bevarte materialet viser at han var innom dei fleste nye fotografitypar og motivgrupper som kom i andre halvparten av 1800-talet, i dei første femti åra av fotografiet si historie.

Negativarkiva etter dei «store nasjonale fotografane» på 1800-talet som Knud Knudsen (1832 – 1915) og Axel Lindahl (1841 – 1906) er bevarte. Dei har sett «dagsorden» på det fotografiske området saman med Marcus Selmer i Bergen (1819 – 1900), den første av dei. Etter dei fleste «små» fotografane på den tida finst det sjeldan bevarte negativarkiv. Positivmaterialet er ofte spreidd på fleire bevaringsinstitusjonar og i private samlingar. Då er det vanskeleg å danna seg eit fullstendig bilete av det samla verket etter desse mange mindre kjende fotografane.

Slik er det også med Jan Greve. Sonen Arent Theodor Greve (1880–1958) overtok fotobutikken i Stavanger og det som då var bevart av negativ- og positivmateriale då faren døydde i 1905. I dag finst ein del av dette ved Stavanger maritime museum (Stavanger sjøfartsmuseum), Stavanger byarkiv og Haugalandmuseet (sjå oversyn over upublisert materiale). Men det finst også fotografiske minne etter Jan Greve hos fleire etterkomarar og i fleire hundre album i heile Rogaland, både i private heimar og i museum og offentlege arkiv. Nettstaden www.digitaltmuseum.no presenterer eit lite utval av fotografia hans, like eins www.stavangerbilder.no, fotobasen til Stavanger byarkiv.

Fig. 2. Det mektige Hylsskaret må ha gjort eit uutsletteleg inntrykk på ni år gamle Jan Greve då han måtte gå gjennom her i 1849 saman med familien sin på veg til den nye heimen i Røldal i 1849. Det var ikkje rart at Greve kom tilbake til dette motivet seinare i livet, mellom anna på dette postkortet frå 1903, eit av dei første korta han produserte. Foto: Jan Greve. Eigar: Privat.

Inntrykk frå unge år i Suldal og Røldal

Foreldra til Jan Greve var teologen Jan Greve (1805 – 1883) og Mathea Birgitta f. Olsen (1807 – 1862). Begge kom frå Bergens-kanten. Faren vart personleg kapellan hos soknepresten i Skjold prestegjeld i 1834 då han var ferdig med utdanninga. Familien budde på garden Hokel ikkje langt frå prestegarden dei første ni leveåra til Greve. Det er grunn til å tru at faren søkte den nye stillinga som sokneprest då Tysvær sokn i Skjold vart utskilt som eige prestegjeld i 1848. Han hadde jo vore kapellan hos soknepresten og kjende Tysvær godt. Slik gjekk det ikkje. I staden vart han i 1849 utnemnd til ny, men konstituert sokneprest i det nye Røldal prestegjeld. At Røldal sokn i Suldal prestegjeld skulle verta eige prestegjeld, var ei prøveordning. Soknet vart ikkje formelt utskilt frå Suldal prestegjeld før 1885. Røldal hadde ikkje hatt eigen prest sidan før reformasjonen, og hadde ikkje eigen prestegard. Folk på garden Prestegård hadde stilt husvære til disposisjon for Suldals-prestane når dei kom dit nokre få gonger i året. Sidan sokneprest Greve no skulle bu permanent i Røldal, vart eit hus på garden Rabbe den nye heimen til prestefamilien. Rabbe var som me skal sjå, ingen tilfeldig gard.

– Gjennom Hylsskaret til Våge og langs «Prestvegen» mot Røldal

Det store Suldal prestegjeld vart det nye riket til Greve-familien. I sju år budde unge Jan Greve og familien hans i fjellbygda Røldal, frå han var 9 til han var 16 år. Han hadde to brør som levde opp. Den yngste vart fødd i Røldal. Begge vart teologar som faren.

I dag kan me vanskeleg førestilla oss den vesle familien med flyttelasset i båten på veg inn Hylsfjorden, til Hylen der dei tok vidare opp gjennom Hylsskaret, ned til garden Våge ved Suldalsvatnet, derifrå vidare med båt over vatnet til Nesflaten før siste etappen til fots langs den gamle «Prestvegen», eller «Byvegen» for folk i Røldal. Denne turen må ha gjort eit mektig inntrykk på den ni år gamle guten, ikkje minst det mektige Hylsskaret. Det var nok ikkje utan grunn at dei to første, kjende postkortmotiva hans frå Suldal (1903) nettopp var Hylsskaret og Våge ved Suldalsvatnet (fig. 2 og 17).

– Arven frå fjellheimen

Det var ein stor natur- og kulturforskjell mellom det meir opne fjordlandskapet i Skjold og fjellbygda Røldal. Den gamle og særeigne kyrkja i Røldal hadde i fleire hundre år vore valfartskyrkje eller «pilgrimskyrkje», og utsendingar frå den nystifta Fortidsminneforeningen hadde alt besøkt kyrkja før 1849. Åra mellom 1849 og 1856 då Jan Greve budde i Røldal, var før dei nasjonale reisefotografane si tid, men Marcus Selmer hadde etablert fotoatelier i Bergen i 1853 som den første fotografen.

Det var heller ingen stor turisttrafikk i høgfjellet så tidleg, men fjellvandrarar, gjerne britiske, kom nok innom heimen til presten når dei gjekk mellom Telemark, Hardanger og Suldal. Ferdselsåra over fjellet gjekk framom Røldal.

Dei første kunstmålarane, som Johannes Flintoe og Thomas Fearnley, kom til Vestlandsfjordane i 1820-åra. Sommaren 1824 kom Fearnley også til Suldal.1 Kanskje møtte Jan Greve kunstmålaren Johan Fredrik Eckersberg og følgjet hans i Røldal sommaren 1850 då dei var på veg vestover frå Setesdal til Suldal.2

Det er i alle fall grunn til å tru at unge Greve møtte fotograf Knud Knudsen frå Tokheim i Odda medan han budde i Røldal. Greve budde nemleg på heimegarden til Anna Nilsdotter, mor til Knudsen. Det var morbroren som dreiv garden då. Det spørst om Knudsen hadde fått første kameraet sitt så tidleg som i 1856, men det er kjent at han i alle fall var assistent hos Marcus Selmer Bergen i 1857, og at han skaffa seg stereokamera rundt 1860.3 Knudsen etablerte fotografisk firma i Bergen i 1864. Då hadde han også fått fotografisk utdanning i Tyskland.

Seinare år fotograferte Knudsen både på Rabbe og i Røldal elles. Det var eit nært samband mellom slektningane på Rabbe og Tokheim i Odda. Det var også kontakt mellom fotograf Knudsen og sokneprest Christopher Vibe. Han følgde etter Jan Greve som sokneprest i Røldal med leigd husvære hos morbroren på Rabbe. Vibe ønskte nemleg å læra den nye fotograferingskunsten av Knudsen. Han hadde sett fotografia hans og var imponert. I eit brev til Knudsen frå 1862 spør presten om fleire råd på dette området.4 I ettertid kan me spørja oss om den unge Greve også fekk oppleva Knudsen og fotointeressa hans medan han budde i Røldal.

I fotosamlinga etter Jan Greve og sonen Arent Theodor Greve ved Stavanger byarkiv finst det fleire landskapsfotografi frå Suldal og Røldal frå slutten av 1800-talet. Ein analyse av det bevarte materialet etter Greve ved byarkivet og hos andre kan gje oss verdifulle kunnskapar om kva inntrykka frå reisevegen gjennom Suldal, og åra i Røldal hadde å seia for det «fotografiske blikket» hans seinare i livet.

Frå Tysvær til den nye byen Haugesund

I 1855 vart prestestillinga i Tysvær ledig. Jan Greve vart tilsett som ny sokneprest, og familien flytte frå Røldal i 1856. Den nye Tysvær prestegard vart heimen til Greve-familien til soknepresten gjekk av med pensjon i 1876. Då flytte han til Stavanger. Kanskje var det planlagt at far og son Greve begge skulle flytta dit dette året? Same året flytte broren Arent Ulrik Greve (1848 – 1902) til prestestillinga i Røldal. Han var der frå 1876 til 1884. Dermed hadde Greve-familien tilknyting til Røldal like til 1884.

Det er uvisst kva unge Jan Greve gjorde dei første åra etter at familien installerte seg i den nye prestegarden på Tysvær, eller når han fekk første kameraet sitt. Det er kjent at han flytte til Haugesund og vart handelsbetjent der hausten 1861.5 Greve er nemnd som fotograf med opphaldsstad Tysvær prestegard då det var folketeljing i 1865. Frå åra etter finst det fleire fotografi av Tysvær prestegard.6 I 1869 gifta han seg med Theodora Fredrikke Hammer (1843 – 1938) frå Bergen. Ho vart «husbestyrerinne» i prestegarden etter at mor til Greve døydde i 1862.

– Fotografane som kom med silda

Som museumsstyrar ved dåverande Karmsund folkemuseum (1945 – 1972) var Nils Henrik Tuastad langt føre si tid med innsamling av informasjon om, og kartlegging av avisannonsar etter dei første fotografane i Haugesund.7 Jan Greve vart den første kjende fastbuande fotografen i den nye byen. Den 18. mars 1864 averterte han i avisa «Karmsundposten» at han:

«… er atter begyndt at aftage Photografibilleder paa Papir (Visitkort), Glas og Voxdug efter de nyeste Moder til de billigste Priser. Bopæl hos S. Olsen. Elever modtages. J. Greve. Photograf».

Annonsen viser at Greve ikkje kan ha vore ein sjølvlærd fotograf på dette tidspunktet. At han brukte ordet «atter» fortel dessutan at han hadde hatt eit opphald i praksisen sin. Då er det kanskje korrekt som tradisjonen seier at Greve hadde fotografopplæring frå København?

Det rike vårsildfisket ved kysten medverka til at Haugesund fekk ladestadsrettar i 1854 og kjøpstadrettar i 1866. Årvisse fiskerisesongar og mange tilflyttarar førte til at fleire gjestefotografar kom dit på korte eller lengre besøk i 1860- og 1870-åra for å tena litt ekstra på portrettfotografering. Det er interessant at fleire av dei tilreisande hadde vore atelierfotografar i fiskeribyen Ålesund.8 I 1863 averterte O. Halvorsen i «Karmsundposten» at «Photografi-Portraiter aftages daglig i K. Fostenes Hus».9 Dette er den eldste, kjende fotograf-annonsen i Nord-Rogaland. Fotograf C. L. Jacobsen averterte som portrettfotograf i Haugesund i same nummer av Karmsundposten som Greve i 1864. Han tok inn på hotell i byen under vårsildfisket og var truleg fleire sesongar der. Jacobsen hadde fotofirma i Bergen i 1861 og slo seg ned som fotograf i Stavanger i 1864.10

Visittkortportrettet var på den tida eit nytt produkt som ganske raskt vart svært populært (fig. 3 – 4). For vanlege folk i Haugesund vart det langt kortare veg til fotograf enn for dei aller fleste i Rogaland, med unntak av dei som budde i Stavanger og Egersund.

Haugalandmuseet har i dag om lag 30 eldre portrettalbum. Desse dokumenterer «det eldste Haugesund». Både Greve og fleire andre fotografar er representerte i desse samlingane. Ein analyse av fotografia kan bidra til meir kunnskap om både Greve, dei andre fastbuande og om gjestefotografane som tidlege portrettfotografar i ein ny by.

Fig. 5. Greve sine stereofotografi er viktige bidrag til byhistoria i Haugesund. Dette er kanskje det eldste, bevarte stereobiletet hans. Fotografiet kan daterast til 1864, eller til andre halvår i 1863 sidan ein kjenner alderen på huset under oppføring i framgrunnen. Eigar: Haugalandmuseet, Haugesund.

Mellom sildetønner og nye hus i Haugesund

Jan Greve var likevel noko langt meir enn ein portrettfotograf. Det er grunn til å tru at han vart inspirert av tilreisande fotografar med andre ærend enn å ta portrett av folk flest i byen og tilreisande fiskarar. I dag er fotografia hans verdifull dokumentasjon av ein by som voks fram, så å seia mellom sildegarn og tønner (fig. 5). Haugesund kan nemleg fotodokumenterast like frå byen vart grunnlagd. Fotomateriale ved Haugalandmuseet viser byen frå tidleg i 1860-åra. Greve fann både motiva sine i nye gater med hus under oppføring, og mellom båtar, garn og sildetønner.

– Marcus Selmer og dei andre

Ikkje alle besøkte Haugesund som portrettfotografar i fiskesesongen. Dei hadde andre ærend. Ei blomstrande næring i den nye sildebyen skulle presenterast for heile det norske folket i 1860-åra, men ikkje som reklamefotografi for fiskeindustrien. Fiskeriindustri og reklamefotografi kom seinare. I 1860-åra skulle landskapsprospekta brukast til folkeopplysning.

Fotografi frå sildefisket ved Haugesund og av den veksande fiskeflåten i byen hadde nemleg nasjonal interesse. Derfor kom Marcus Selmer frå Bergen til Haugesund rundt 1860 og fleire gonger etterpå. Selmer opna atelieret sitt i Bergen som daguerreotypist i 1853. Rundt 1857 gjekk han over til den nye negativ-positivprosessen med glasnegativplater og papirkopiar. Han reiste omkring på Vestlandet for å fotografera landsskap, folkeliv og folkedraktbilete. Desse fotografia vart selde gjennom lokale bokhandlarar og forlag, først og fremst i Bergen, og dei første åra gjerne som stereofotografi.

Fleire av landskapsprospekta hans var oppdragsfotografi for dei nasjonale, illustrerte magasina «Skilling-Magazin», «Illustreret Nyhedsblad», «Folkevennen» og «Norsk Folkeblad». Fotografia vart trykte som xylografi eller trestikk (tresnitt) i 1860-åra og seinare. Fjellestad og Heiselberg (2016) presenterer Selmer som landskapsfotograf og xylografia med motiv frå Haugesund og området rundt, laga på grunnlag av fotografia hans.11

Det er grunn til å tru at Greve møtte Selmer personleg under første besøket hans i Haugesund, og at han ikkje bare vart kjend med han gjennom kjøp av fotografia hans.

– Stereofotografiet og nye motivtypar

Jan Greve vart ikkje bare kjend med landskapsprospektet som motivtype gjennom Selmer, men også med ein ny fotografitype.

Stereofotografering er kjent frå fotografiet sine barneår. I 1849 kom dei første kamera med to objektiv som laga tredimensjonale bilete når ein såg på dei gjennom ein stereobetraktar, eit optisk instrument som viste tredimensjonale bilete. Stereobetraktaren vart introdusert under verdsutstillinga i London i 1851. Stereobiletet var med andre ord i utgangspunktet to fotografi av same motivet som vart plassert ved sida av kvarandre på ein rektangulær fotokartong. Denne vart så plassert i ein stereobetraktar.

I løpet av kort tid vart stereobileta svært populære. Dei eldste annonsane for denne nye bilettypen frå Vestlandet er frå 1863. Dette var landskaps- og arrangerte folkelivsfotografi. Dei var også produserte med tanke på ein utanlandsk turistmarknad som var under emning, først og fremst britisk og tysk.

Greve eksperimenterte også med stereofotografering. Haugalandmuseet har 14 stereofotografi på karakteristiske kartongar i ulike fargar, dei fleste gule.12 Dei ser unekteleg heimelaga ut samanlikna med tilsvarande fotografi frå Marcus Selmer og andre meir profesjonelle fotografar. Motivgruppa til Greve er heller einsarta. Han ønskte å visa den nye byen under oppbygging og sjølve «varemerket» til byen; sildefisket frå småbåtane, garntørking og sildesalting. I første omgang ønskte Greve kanskje bare å eksperimentera med eit nytt produkt, inspirert av fotografar på gjestebesøk frå Bergen. Stereofotografia til Greve skulle truleg brukast privat av folk i Haugesund. Det er ukjent kor mange stereofotografi han produserte. Det aller eldste går tilbake til rundt 1864, dei fleste bevarte er frå 1869 – 1870 og dei tre yngste frå 1895–1896. Då var nok Greve på besøk i byen som reisefotograf. Populariteten til stereofotografiet gjekk i bølgjer. Den første toppen var i 1850- og 1860-åra. Sidan fekk stereofotografiet ein renessanse frå slutten av 1890-åra.

Eit av dei bevarte stereofotografia etter Greve merker seg ut. Det kan daterast til 18. juli 1872 og viser festpynta folk i ei like så festpynta gate i Haugesund. I ettertid kan me kanskje seia at dette stereobiletet var det første eigenlege reportasjefotografiet frå Haugesund.

Fig. 6. Jan Greve nådde langt med dette fotografiet frå den store tusenårsfesten på Gard utafor Haugesund 18. juli 1872. Denne grafiske illustrasjon med motiv frå avdukinga av Haraldsstøtta er eit tresnitt laga etter eit av fotografia hans frå denne dagen og publisert i «Illustreret Tidende» og i «Nordiske Billeder», København 1872 og 1875. Kopien er frå bokverket Haugesund byhistorie 1835 – 1895 (1958), s. 299.
– Den store tusenårsfesten 1872 og reportasjefotografiet

Det er ein glidande overgang frå landskapsprospektet til reportasjefotografiet. Marcus Selmer kom til den nye sildebyen rundt 1860 for å fotografera ein ny by med ei blomstrande næring for dei nasjonale magasina.

Reportasjefotografiet presenterer ei eingongshending og passa for dagsavisene. Men avisene kunne ikkje trykkja fotografi. Dei måtte i så fall presenterast som xylografi. Det tok tid å laga xylografi eller trestikk med utgangspunkt i eit papirfotografi. Dermed var fotografia på langt nær dagsaktuelle når dei endeleg kom på trykk i magasin eller aviser.

Den 18. juli 1872 vart tusen-års jubileet for samlinga av Noreg til eitt rike markert på Gard utafor Haugesund med avdukinga av det store monumentet Haraldshaugen. Fotograf Greve var på plass, både inne i byen og på Gard. Han selde mellom anna billettar til eit stillas han hadde fått reist ved Haraldshaugen for å få ein perfekt plass til å fotografera frå.13 Greve fotograferte også i byen denne dagen. Det er i alle fall bevart eitt stereobilete av folkelivet i Haugesund pynta til fest.14 Eit av fotografia hans frå Haraldshaugen vart sidan presentert som tresnitt i to danske publikasjonar, mellom anna i 1875 i det topografiske biletverket «Nordiske Billeder» saman med 69 andre frå heile Norden (fig. 6).

Tida rundt 1875 var likevel vanskeleg økonomisk, både for Greve og for fleire av dei andre, både fastbuande og reisefotografar. Greve og familien leigde då husvære i det store huset til Peder Amlie på Torget der det var eit gjesteatelier. Dei var fråverande då folketeljinga vart skriven i desember 1875. Då var den vesle familien heime i prestegarden i Tysvær. Tida var komen for oppbrot og flytting til Stavanger, både for presten og for sonen, fotografen Jan Greve.

Til Stavanger og nytt atelier i Ladegaardsveien

Året 1876 var ei tid for oppbrot i Greve-familien. Jan Greve flytte frå Haugesund til Stavanger. Broren Arent Ulrik Greve vart sokneprest i Røldal i desember 1876 og flytte dit i april 1877. Faren, sokneprest Jan Greve, vart pensjonist og flytte frå prestegarden i Tysvær til Stavanger.

Greve etablerte seg med nytt atelier i Kongsgt. 28. Då var adressa Ladegaardsveien (Lagårdsveien). På den tida var det fleire fotografatelier i Stavanger. Dei fleste fekk ei kort levetid. Firmaet som Carl Lauritz Jacobsen etablerte i 1864 var det største og det mest stabile. Men både Greve og Jacobsen fekk konkurranse i 1878 då den tyske fotografen Carl Kørner kom til byen.

I ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at Jacobsen og Kørner levererte portrettfotografi med langt høgare fototeknisk kvalitet enn Greve og dei mange andre fotografane i Stavanger. Då gjer me likevel Greve urett. Han verka som atelierfotograf i tjue år, fram til 1895. Både Jacobsen og Kørner sine atelierfirma var i drift frå 1864 og 1878 og like til 1915. Dei kunne mellom anna bruka kunstig lys i ateliera sine dei seinare åra.

– Samarbeidet med Børre Mathias Norland

Jan Greve opna atelieret sitt i Stavanger då «visittkortfeberen» var på rask veg oppover. Opninga av Jærbanen i februar 1878 bidrog ikkje minst til at kundegrunnlaget vart utvida, like eins den store auken i talet på emigrantar til USA. «Alle» skulle fotografera seg før dei reiste. Fotograf Børre Mathias Norland (1855 – 1920) vart medarbeidar hos Greve då han var i Kongsgt. 28, og vart kompanjong i 1887, då dei overtok det tidlegare atelieret til fotograf Kørner i Kirkegt. 21. Kørner flytte då til nytt atelier i Kirkegt. 30. Norland hadde hatt eige atelierfirma i fleire år og var ingen nybegynnar i faget.

Den trykte informasjonen på fotokartongane fortel om forholdet mellom dei to fotografane og hjelper oss til å datera fotografia. Dei første åra i Stavanger brukte Greve namnet sitt og Stavanger på framsida av kartongen. Etter at Norland vart kompanjongen hans i Kirkegt. 21 i 1887, brukte dei firmanamnet «Greve & Co». I 1890 vart firmanamnet forandra til «Greve & Norland». Dette brukte dei til Greve gjekk ut av firmaet i 1895. Etter den tid brukte dei to eigne namn på kartongane. Norland vart verande i Kirkegt. 21 til 1914, i periodar saman med andre fotografar.

Greve engasjerte nok Norland sidan arbeidsmengda vart stor. Kanskje arbeidde Norland frå atelieret sitt i Kleven (Kleiva) før 1887. Det var praktisk å vera to. Den eine kunne vera ute i distrikta som reisefotograf, ta eksterne enkeltoppdrag eller vera på filialateliera. Det er uråd å sjå av bileta kven av dei to som var fotografen, om det til eksempel var Norland som fotograferte i atelieret og Greve som var reise- og filialfotograf.

– Dei tre filialateliera

Avisene fortel at Jan Greve opna filialatelier i Egersund i 1879.15 Mellom april og september dette året annonserte han 6 gonger i «Egersundsposten». Annonsane fortel at han overtok atelieret etter fotograf Auguste E. Figon i april 1879, og at han fotograferte i byen i avgrensa periodar fram til atelieret skulle flyttast til «Malde Exerserplass» 18. mai 1880. Fotosamlinga etter Greve ved Stavanger byarkiv viser at han også fotograferte landskap og byprospekt når han oppheldt seg i Egersund.

Madlamoen vart etablert som ekserserplass i 1871. Greve må ha hatt eit engasjement der som strekte seg over fleire år. Andre fotografar opererte også i leiren, både før og etter 1880.16 Firmaet hadde også fleire filialar på same tida. Men som i Egersund opererte dei med kortare periodar, som eit par veker om gongen i sommarhalvåret. På fotokartongar frå åra mellom 1887 og 1890 står det at firmaet hadde filial både på Sandnes og på Madla, «Greve & Co. Filial Sandnæs & Malde».

Greve og Norland opererte også litt kvar for seg. Norland hadde filial på Madlamoen frå 1891 og på Ålgård frå 1895. Han hadde mellom anna oppdrag for Ålgård Ullvarefabrikker, og var den offisielle fotografen ved 25 års jubileet til bedrifta i 1895. Tidlegare same året hadde Jan Greve gått ut av firmaet av helsegrunnar.

I dag er det nærast uråd å få oversyn over produksjonen ved filialateliera. Portrett i visittkortformat var det vanlegaste produktet, også ved filialatelieret på Madlamoen der soldatane vart fotograferte ein og ein framfor ein skjerm dekorert med eit nasjonalromantisk landskap. Fotografia finst oftast enkeltvis i private album eller i tilsvarande samlingar ved museum og arkiv.

Det same gjeld alle visittkortportretta som me ved nærare ettersyn ser er tekne ute. Fotograf Greve hadde nemleg ikkje bare provisoriske atelier under tak i Sandnes og Egersund og på Madlamoen. Han reiste tidleg rundt i distrikta som portrettfotograf i friluft.

Fig. 12. Dette er eit godt eksempel på eit atelier-eksteriør fotografi, truleg frå Greve sitt gjestebesøk i Time i 1888-1889. Guri Tollefsdtr. (f. 1825) frå Midtre Salte var gift på Laland i Klepp. Ho fotograferte seg med ei dotterdotter, truleg Johanna Enevaldsdtr. Serigstad (f. 1880). Dei to vart plasserte på eit fint, lite pynteteppe og framfor eit ullteppe på veggen. Det er ikkje lett å sjå at dette er ute og ikkje i inne i atelieret. Informasjonen på kartongen, «Jan Greve & Co». fortel oss at fotografiet er frå åra mellom 1887 og 1890. Eigar: Fotoarkivet Time folkebibliotek: 1986-04.TIM 23-007.

Reisefotografen og motiva hans

Filialateliera var resultat av at det ikkje kom nok kundar til atelieret i Stavanger til å få eit sikkert levebrød. Det var og konkurranse om kundane mellom fotografane i byen og eigenleg ikkje plass til alle dei framande som kom til Stavanger for å prøva seg som fotografar. Dei fleste slutta etter kort tid, både i 1870- og i 1880-åra.

Etter at tørrplatene kom til Stavanger i 1882, slapp fotografane å framkalla bileta frå glasplatene (negativa) rett etter fotografering. Dermed vart det enklare å reisa ut til kundane i distriktet. Negativa kunne dei framkalla når dei kom tilbake til mørkerommet i byen. Portretta fekk same type kartong som dei fotografen tok i atelieret. Det er ikkje alltid lett å sjå forskjell på dei. Sjølv om fotografia vart tekne ute, prøvde alltid fotografen så godt han kunne å skjula dette.

I dag at det er vanskeleg å slå fast kor Greve reiste. Men har ein arbeidd ei tid med eldre portrettsamlingar, ser ein likevel eit mønster. Greve må ha besøkt Hjelmeland og Årdal i åra 1886–1887, Time og Klepp i åra 1888–1889, Varhaug i 1892, og han kom som portrettfotograf til Suldal rundt 1893.17

Greve reiste ikkje frå gard til gard, men rigga til eit provisorisk «uteatelier» på ein sentral plass i bygdene (fig. 12–14). På Jæren heldt han til ikkje langt frå dei lokale jernbanestasjonane. Naturleg nok var ungdommane dei beste kundane. Dei var nysgjerrige på det nye mediet og fotograferte seg både enkeltvis og i små vennegrupper. Greve fekk konkurranse på Jæren. Etter at Rasmus P. Thu kom heim frå USA som fotograf i 1889, opererte han på same måte som Greve i fleire stasjonsbygder på Jæren. Greve måtte ty til avisannonsar for å forklara kven som var kven av dei etter at dei to «støytte saman» på Varhaug i 1892.18

Studerer me produkta deira i ettertid, kan me ikkje seia at den eine fotografen var dyktigare enn den andre. Teknisk kvalitet på «atelier eksteriør-fotografia» og komposisjon er i grunnen lik hos begge to. På eitt område var det likevel forskjell mellom dei, men denne var resultat av at Greve hadde eit velutstyrt atelier i Stavanger å støtta seg til, og av at han var kunde hos grossistfirmaet J. L. Nerlien i Oslo der han kunne kjøpa ulike typar kartongar og andre fotoartiklar. Thu måtte ordna seg heller provisorisk på dette området den første tida etter at han kom heim frå USA.

Fig. 15. Greve fotograferte både gardsbruk og småbedrifter når han reiste på Jæren og i Ryfylke. Desse leverte han i større format og på kartong. Her har han fotografert smia til Martin Vagle ved jernbanestasjonen på Bryne, truleg då han var reisefotograf i Time i 1888-1889. Firmanamnet «Jan Greve & Co» er trykt på kartongen. Eigar: Fotoarkivet Time folkebibliotek 1990.1TIM.48.003.
– Frå visittkortportrett til miljøfotografi

Både Greve og Thu leverte fotografi i større format på kartong. På dette området mangla Thu utstyr. Fotografia han leverte på kartong i 1889 og dei første åra etterpå, ser heller heimelaga ut sidan han måtte gjera dei ferdige til levering «ute i felten». Denne forskjellen viser godt på skulebileta. I 1888 og 1889 fotograferte begge elevar framfor skulehus på Jæren. Greve kunne då levera større fotografi på kvit spesialkartong med dekorborder langs kanten.

Greve leverte også gards- og familiebilete på spesialkartong. Han fotograferte både på Jæren, i Ryfylke og i barndomstraktene (Vindafjord i dag) etter at han hadde etablert seg i Stavanger. Boka «Fotografi frå Ryfylke 1880–1940» presenterer fleire av Greve sine portrett og gards- og familiebilete frå reisene i Ryfylke.19

Både Rasmus P. Thu og seinare også John Kjølvik leverte gards- og familiebilete på spesialkartong, særleg etter 1906, men då var ikkje dette nye produkt som me har lett for å tru. Det var Greve som var først ute på dette området i slutten av 1880-åra. Kjølvik og Thu førte denne tradisjonen vidare på 1900-talet.

På slutten av 1800-talet var det mest ikkje industribedrifter på landsbygda i Rogaland. Så langt me i dag kjenner bevart fotomateriale, kan me ikkje seia at Greve var aktiv på dette området. Denne motivtypen var likevel ikkje ukjend for han. Greve fotograferte til eksempel på Jørpeland Brug i Strand og småbedrifter i den nye stasjonsbygda Bryne.20 (fig. 15).

Så langt me veit i dag, var Greve den første fastbuande fotografen i Rogaland med private oppdrag og kundar i distrikta, både private og bedrifter. Men Greve var også ein annan type reisefotograf.

Fig. 16 og 17. Her er to av dei tolv landskapsprospekta til Greve som Stavanger Turistforening publiserte i 1888, i den første publikasjonen om den Nasjonale Turistrute 7. Fotografia til Greve viser ikkje store og dramatiske landskap. Den nye riksvegen gjennom Suldal gjekk framom kvernane i «Kvednahola», om lag midt i dalen. Det store anlegget med fleire kvernhus og tørkehus imponerte dei reisande. Axel Lindahl fotograferte også anlegget. Fotografiet av den einsame garden Våge ovanom Suldalsvatnet betydde mykje for Greve personleg, men var heller smålåte som turistreklame. Det var der han og familien hans stoppa på vegen mellom Hylen, Nesflaten og Røldal i 1849. Våge var også motiv saman med Hylsskaret på dei to postkorta Greve produserte i 1903. Eigar: Statsarkivet i Stavanger, PA 135, Stavanger Turistforening.

Første turistfotografen frå Rogaland?

Det var utanlandske reisande, særleg britar og tyskarar, som tok dei aller første landskapsprospekta frå den vestnorske fjellheimen. Desse fotografia representerte noko anna enn dei første landskapsprospekta frå Haugesund og området rundt i 1860-åra. Fotografia frå fiskefeltet der vart leverte som stereokort eller til publisering i dei illustrerte nasjonale magasina i 1860-åra og framover.

Jan Greve produserte både stereofotografi og fotografi til publisering i magasina, det siste med jubileumsbiletet frå Haraldshaugen i 1872. Han tok også aktivt del i andre fasen i 1880-åra då dei nasjonale fotografane Knud Knudsen og Axel Lindahl opererte som landskapsfotografar på Vestlandet. Dei produserte landskapsprospekt i større format med motiv frå høgfjellet. Desse vart gjerne kleba inn i spesialalbum eller i andre spesialpublikasjonar for reiselivet.

– Oppdraga for Stavanger Turistforening – ein ny type landskapsprospekt

Stavanger Turistforening vart etablert i 1887 som ei reiselivsforeining. Turistruta gjennom Brattlandsdalen i Suldal opna også dette året. Landskapsfotografi spela i åra etterpå ei viktig rolle i marknadsføringa av den nye ruta. Same året vart Greve engasjert til å fotografera aktuelle prospekt i Rogaland langs denne nye nasjonale turistruta med Stavanger og Odda i Hardanger eller Dalen i Telemark som start- eller endepunkt, den Nasjonale Turistrute 7. Dette må ha vore eit prestisjeprosjekt for han.

I 1888 publiserte Stavanger Turistforening det første presentasjonsalbumet med Greve som fotograf.21 Albumet hadde 6 originalfotografi på kartong (format 13,8 x 19 cm) og finst i to versjonar med til saman 12 ulike fotografi. Dei hadde norsk, engelsk og tysk tekst. Fotografia var limte inn for hand i albumet. Dei vel 50 eksemplara vart sende til reisebyrå og dampskipsselskap i inn- og utland.

Dei første åra dominerte turistprospekta frå denne ruta. Knud Knudsen og Axel Lindahl fotograferte også i Øvre Suldal sommaren 1887 saman fleire andre frå inn- og utland. Favorittmotivet til Knudsen og Lindahl var det mektige naturlandskapet i Brattlandsdalen med fjella som hang over vegen.

Fotografia Greve leverte til turistpublikasjonen i 1887/1888 har motiv frå heile reiseruta mellom Stavanger og Brattlandsdalen. Det interessante er utvalet av fotografia hans, og om han gjorde dette sjølv. Det veit me ikkje i dag. Greve gjekk ikkje direkte i dei fotografiske fotspora til Knudsen og Lindahl, sjølv om dei tre kanskje møttest denne sommaren. Fotografia hans var meir smålåtne. Fleire av motiva ville ikkje vore aktuelle for dei andre to (fig. 17).

Seinare gav turistforeininga ut fleire illustrerte brosjyrar og småpublikasjonar frå aktuelle reise- og turistmål i fylket. Det finst ikkje oversyn over turistprospekta til Greve etter 1887, og dei fleste illustrasjonane i dei eldre publikasjonane til Stavanger Turistforening manglar fotografreferansar. Dermed er det ikkje kjent om Greve tok på seg oppdrag for turistforeininga i dei fem åra mellom 1895 og 1900 då han etablerte nytt fotofirma saman med sonen.

Frå landskapsprospekta i 1880-åra var det ein naturleg overgang til prospekt- eller postkorta med tilsvarande motiv. Greve bidrog også på dette området. Postkortet vart den siste fotografiske produkttypen han engasjerte seg i før han døydde.

Fig. 18. I 1904, året før han døydde, produserte Greve i alle fall to ganske små postkortseriar, den eine med motiv frå militærleiren på Madla, og den andre med motiv frå Sand og Suldal. Fotografia vart produserte som kolorerte lystrykk-kopiar. Greve samarbeidde med bygdefotograf Odd T. Stråbø om korta frå Sand og Suldal. Negativa finst i dag i arkivet etter Stråbø. Her er kortet frå Nesflaten, Som garden Våge, vart også Nesflaten ein stoppeplass for familien Greve under flyttereisa frå Skjold til Røldal i 1849. Nesflaten var nok også ein stad Greve hadde gode minne frå. Foto: J. Greve & O. Stråbø, Stavanger. Privat eige.

Fotoforhandlar og postkortfotograf

Jan Greve trekte seg ut av firmaet Greve & Norland frå 1. februar 1895 av omsyn til helsa. Norland dreiv firmaet vidare i Kongsgt. 21 med namnet sitt som firmanamn.

Det er ikkje grunn til å tru Greve la fotografering heilt på hylla dei første åra etterpå. Det finst nemleg atelier-eksteriør-portrett frå distriktet frå slutten av 1890-åra med signaturen hans på fotokartongen. Men når folketeljinga 1900 opplyser at Greve var produsent av mineralvatn og kjøpmann, og like eins sonen i følgje folketeljinga 1910, er ikkje dette slik å forstå at dei to vart brusfabrikantar i staden for fotografar.22

– Den første spesialbutikken for fotografi?

Stavanger Turistforening satsa dei første åra på å hjelpa fram turisttrafikken frå utlandet. I neste omgang kom turen til folk flest, eller meir presist til menn frå borgarskapen i Stavanger. Turistforeininga ønskte å gjera det lettare for desse å gå i fjellheimen, og oppmuntra også til å skaffa seg eige kamera til turbruk. Det var nær samanheng mellom Stavanger Turistforening og introduksjonen av amatørfotografiet hos medlemmane, og det var på dette området den siste satsinga til Jan Greve kom.

Tidleg på 1900-talet fekk Stavanger fleire fotobutikkar som marknadsførte amatørfotografiet. Greve var først ute, også på dette området. I året 1900, fem år etter at han gjekk ut av atelierfirmaet, opna han butikk for «Amatør-Fotografer» i Ladegaardsveien 7. Han annonserte ganske så forsiktig første gong i Stavanger Aftenblad 21. mai 1900 med at han selde fotografiske artiklar og kopierte og framkalla fotografi for folk. Dette er så langt me kan sjå, den første annonsen i Stavanger-avisene som vender seg mot amatørfotografar, ei heilt ny kundegruppe.

For Greve vart dette starten på butikken «Photo Hall», seinare «Greves fotografiske Forretning» som han presenterte i ein stor annonse i Stavanger Aftenblad 21. mai 1902. Då hadde han nettopp flytt butikken til Kongsgt. 14 og utvida vareutvalet. Greve hadde både mørkerom og forstørringsapparat til disposisjon for amatørfotografane.

Dei nye og populære postkorta vart også eit naturleg vareslag i ein spesialbutikk for fotoprodukt. Postkortfotografiet vart den siste bilettypen Greve engasjerte seg i.

– Greve og postkorta – tilbake til fjellriket frå barndommen

Dei aller første postkorta kom i 1880-åra og var produserte i utlandet. Dette var ikkje fotografiske kort, men det ein kalla kartongkort. Dei var produserte som lystrykk med små illustrasjonar, gjerne i form av handkolorerte teikningar. Dei viktigaste motiva frå Rogaland var Stavanger by med domkyrkja, Suldalsporten og andre motiv i Suldal.

I 1903 produserte Jan Greve minst to postkort med motiv frå Suldal, like eins i 1904 (fig. 02 og 18). Dette året samarbeidde han med bygdefotografen Odd T. Stråbø i Suldal om ein serie på minst 8 kort frå Sand og Suldal der Stråbø fotograferte.23 I 1904 produserte han minst to postkort med motiv frå militærleiren på Madla.24

Med desse seriane frå 1903 og 1904 var Greve tilbake til barndommens rike i Suldal og til tida som filialfotograf i Madlaleiren. Men valet av postkortmotiv frå Suldal var ikkje bare resultat av at han ville ta vare på eller dyrka barndomsminne. Desse postkortmotiva representerte også framtida for turismen som næringsveg. Som fotograf og som forretningsmann såg nok Greve dette i 1904. Han fekk likevel ikkje dra nytte av det verkeleg store frisleppet for det norskproduserte fotografiske postkortet. Då «Den internasjonale Postkortunionen» sommaren 1905 gav løyve til at heile baksida på postkorta kunne brukast til ein illustrasjon eller fotografi, gjekk livet hans mot slutten. Greve døydde 29. oktober 1905.

Arven etter Jan Greve – det allsidige, fotografiske kunstnarblikket

Denne artikkelen er ikkje resultat av ein grundig gjennomgang av alt kjent, bevart fotografisk materiale etter Jan Greve. Forfattaren har gjennom mange år kartlagt enkeltfotografi ved offentlege bevaringsinstitusjonar og i private samlingar, samlingane etter far og son Greve ved Stavanger byarkiv, men ikkje det fotografiske materialet hos etterkomarar og ved Stavanger maritime museum. Dette siste er i det vesentlege fotografi etter Arent Theodor Greve.

Så langt me kjenner det eldre fotomaterialet frå Rogaland i dag, kan me slå fast at Greve var ein pioner innan dei fleste områda av den tidlege fotografihistoria i Rogaland.

Livsreisa hans tok til på Hokel i Skjold med barndoms- og ungdomsår langs ferdavegen gjennom Suldal, i Røldal og sidan Tysvær, før dei første nærare femten yrkesaktive åra som portrett- og landskapsfotograf mellom sildetønner og nye hus i Haugesund. Fotografatelieret i seg sjølv representerte noko nytt, like eins visittkortportrett av dei første som slo seg ned i Haugesund og som bygde byen. Greve dokumenterte med andre ord framveksten av ein ny by og dei første som slo seg ned der. På dette området var han eineståande i Rogaland.

Stavanger var ikkje eit endepunkt i første omgang då Greve flytte dit i 1876. Han fekk mange år som filial- og reisefotograf i store delar av fylket. Då var han både portrettfotograf og landskapsfotograf i vid tyding av ordet.

Greve opplevde også Marcus Selmer og Knud Knudsen, dei første av dei store nasjonale fotografane. Han leverte sjølv både landskapsprospekt som stereofoto og som større prospekt til turistalbum.

Den norske postkortproduksjonen hadde ikkje kome skikkeleg i gang då Greve var aktiv fotograf, men han fekk oppleva at denne slo ut i full blom rett før han døydde hausten 1905. Også på dette området hadde han vore ein av pionerane i fylket, om sjølve produksjonen skjedde i utlandet, som for dei aller fleste produsentane på dette området.

Samarbeidet med Stavanger Turistforening og etablering av nytt firma som fotoforhandlar i Stavanger knytte også Greve til dei første amatørfotografane. Greve fekk oppleva den første forsiktige framveksten av amatørfotografiet og var med forretninga si ein viktig bidragsytar på dette nye området.

Jan Greve var eineståande med sine nærare femti år som allsidig fotograf gjennom dei første tiåra av fotografiet si historie i Rogaland. Fleire kartleggings- og forskingsoppgåver ventar på ein utfyllande analyse av den fotografiske arven hans.

Notar

1. Hoftun 1981, s. 328.

2. Hoftun 1981, s. 326 og Risa 2011, s. 94 – 95.

3. Digranes/Greve/Reiakvam 1988: s. 12 og Dreyer/Eriksen 2015, s. 82.

4. Dreyer/Eriksen 2015, s. 84.

5. Østensjø 1958, s. 176, Risa 2004, s. 150, Risa 2011, s. 61 – 65 og Ramstad 2016, s. 31 –32.

6. Hellesøy 2002, s. 80 og Stavanger byarkiv: www.stavangerbilder.no. BySt 1984_04_383.

7. Tuastad (u.å.): Notat om fotografi og fotografar ved Karmsund folkemuseum. Sjå Upublisert materiale nedanom.

8. Skorgevik 1985, Risa 2004 og 2011, s. 61–65 og Ramstad 2016.

9. Ramstad 2016, s. 29-.

10. Risa 2014, s. 42 – 71.

11. Fjellestad og Heiselberg 2016, s. 8–23. I første bandet av Haugesund byhistorie (1958) presenterte og Østensjø desse xylografia. Sjå s. 27, 29, 31, 106 og 143.

12. Ramstad 2016, s. 31 – 33. Stereofotografia hans finst også på www.digitaltmuseum.no.

13. Østensjø 1958, s. 297.

14. Østensjø 1958, s. 295.

15. Abram Sørdal i Egersund har registrert fotografannonsar i lokalavisene der. Sørdal noterte 6 annonsar i «Egersundsposten» i 1879; 26. mars, 23. april, 26. april, 30. april, 16. august og 10. september 1879, og tre annonsar i 1880; 31. mars, 28. april og 15. mai 1880. Greve kunngjorde at han fotograferte ei kort tid i Egersund, «i et Lemhus i Sofie Michelsens Hus i Elvegaden» (Elvegt. 13).

16. Fotofirma C. L. Jacobsen, Stavanger. Sjå og fotografia til Arent Theodor Greve i Grevesamlinga ved Stavanger byarkiv: www.stavangerbilder.no: BySt 1984_04.

17. Eks. på portrett og gardsfotografi med signaturen «Greve & Co» frå reisene i distriktet: Risa 2011, s. 68 – 69. Heile 9 av 24 treff på søkeordet Greve i fotosamlingane til Ryfylkemuseet på www.digitaltmuseum.no, er Greve sine atelier eksteriør-portrett frå reisa hans der rundt 1893.

18. Risa 2011, s. 113.

19. Heiselberg/Søndenå 2007.

20. Sjå www.stavangerbilder.no : BySt 1984_04-386 Jørpeland Brug.

21. Risa 2011, s. 102 – 105.

22. Far og son Greve hadde truleg aksjar i brusfabrikken til Gunnar Løvik. «Fabrikken» låg i Kongsgt. 34, i nabolaget til familien Greve.

23. Roalkvam (red) 2008 har eksempel på postkorta til Greve/Stråbø frå 1903 og 1904.

24. Sjå www.stavangerbilder.no tilvekstnr. BySt2000_01_233.

Upublisert materiale

Arkivverket, Digitalarkivet.no
  • Folketeljingane 1865, 1875, 1900 og 1910.
  • Aktuelle kyrkjebøker for Skjold, Røldal (Suldal) og Stavanger.
Haugalandmuseet
  • Tuastad, Nils Henrik (u.å.): Notat i perm merka «Haugesund» om fotografi og fotografar ved Karmsund folkemuseum.
  • Olsen, Kåre 1985: Notat om fotomaterialet ved Karmsund folkemuseum.
Stavanger byarkiv
  • Privatarkiv, PA-0492 Familien Greve: Greve, Jan / Greve, Arent Theodor.
Stavanger maritime museum
  • Fotosamling ST-S 1981/1: 2376. Negativ. Hovudsakleg materiale etter Arent Theodor Greve som fotoforhandlar og oppdragsfotograf i Stavanger.

Litteratur

Bråtveit, Terje og Rune Roalkvam 2012: I Suldal har eg heime. Fotografi av Odd T. Straabø. Suldal Sogelag.

Dalen, Knut og Alma 1960: Røldal bygdebok. Bergen.

Digranes, Åsne, Solveig Greve og Oddlaug Reiakvam 1988: Det norske bildet. Knud Knudsens fotografier 1864 – 1900. Grøndahl & Søn Forlag.

Dreyer, Lisbeth og Skule Eriksen 2015: Knud Knudsens album. Skald forlag, Leikanger.

Fjellestad, Marthe Tolnes og Morten Heiselberg 2016: «Fotograf Marcus Selmer – fra studio til fiskevær». I Haugalendingen 2015 – 2016. Årbok for Haugalandmuseene. Haugesund.

Heiselberg, Morten og Ola Søndenå 2007: Fotografi frå Ryfylke 1880 – 1940. Wigestrand Forlag, Stavanger.

Henriksen, Egil 1992: «Fra kuriositet til etablert håndverk. Fotografiets historie i Stavanger til 1880-årene». I Stavanger Museum Årbok 1992. Stavanger.

Henriksen, Egil 1993: «Portrett, illustrasjon og dokumentasjon. Fotografiet i Stavanger fra 1885 til 1920». I Stavanger Museum Årbok 1993. Stavanger.

Hellesøy, Dagfinn (red) 2002: Tysvær kyrkje gjennom tidene. Tysvær sokneråd.

Hjermann, Madli 2020: «Fotografiske framstillinger av sildefisket fra 1860 til i dag». I årboka Haugalendingen 1919 – 1920 med tema «Sildefiske i tusen år». Haugalandmuseet.

Hoftun, Halvard M. 1981: Suldal kultursoge. Suldal kommune. Ramstad, Mads 2016: «De første fotografene i Haugesund». I Haugalendingen 2015 – 2016. Årbok for Haugalandmuseene. Haugesund.

Risa, Lisabet 2004: «Haugesund og den lokale fotografihistoria – to 150 års jubilantar». I Årbok for Karmsund 2003 – 2004. Karmsund folkemuseum.

Risa, Lisabet 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland. Wigestrand Forlag, Stavanger.

Risa, Lisabet 2012: «Stavanger og fotografiet på 1800-talet». I Museum Stavanger Årbok 2012. Stavanger.

Risa, Lisabet 2014: «Fotofirmaet og familien Jacobsen i Stavanger 1864 – 1915». I Museum Stavanger Årbok 2014. Stavanger.

Roalkvam, Rune (red) 2008: Helsing frå Suldal. Postkort 1890 – 1960. Suldal Sogelag.

Skorgevik, Kjell 1985: Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid. Ålesund.

Østensjø, Reidar 1958: Haugesund 1835 – 1895. Haugesund.