Lengselens bilder og Verden i 3D, del 1

Amerikabilete, utvandrarbilete og minnebilete er eksempel på at kjært barn har mange namn, som det heiter. Det er uråd å definera eit amerikabilete. Det nærmaste me kjem, er å sjå amerikabileta som fotografi norsk-amerikanarar sende til familien i heimlandet. Amerikabilete og amerikabrev er i dag to ord som har gått ut av bruk hos folk flest.

Fleire reknar amerikabileta som ei breiare gruppe. Profesjonelle fotografar i USA, mellom dei også mange med norsk bakgrunn, kom til Noreg med bestillingsoppdrag frå norske immigrantar eller frå store forlag, såkalla Publishing Houses. Slike norske minnebilete i immigrantheimar var også ei form for amerikabilete.

Her skal me presentera eksempel på denne bilettypen i tre artiklar. Den første omhandlar det tradisjonelle amerikabiletet slik me også møter dette i bøkene Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie og i den engelske versjonen The pictures of longing. Photography and the Norwegian-American migration.

Den andre artikkelen presenterer stereofotografiet eller 3D-biletet. Ei av temautstillingane på Preus museum for tida har tittelen  Stereofotografia  – Verden i 3D. Utstillinga har ein brei presentasjon av historia til stereofotografiet. Motiva er først og fremst generelle turistprospekt, men også bilete med eit pedagogisk innhald, eller eit reint underhaldningsinnhald. Turistprospekta var vanlegast og viktigast. Dei med norske motiv vart kjende og kjære minnebilete i mange norsk-amerikanske heimar.

Den tredje artikkelen har eksempel på fleire norsk-amerikanske fotografar som leverte stereofotografi til immigrantmiljø, både seriar med norske landskapsmotiv og enkeltfotografi. Fleire fotografar selde nemleg frå 1880-åra og framover også private minnebilete som stereofotografi. Motiva var mest alltid norsk-amerikanske familiar eller norske familiar og heimane deira. Desse er likevel svært få samanlikna med dei mange hundre stereofotografia med norske landskapsprospekt.

Del I Amerikabileta og boka Lengselens bilder

«Send mig Deris Portrait», skreiv immigrantane til familien heime på 1800-talet. Dette er ei vanleg setning i amerikabrev frå dei to siste tiåra av 1800-talet. Men det var like viktig for dei heime å få tilsent bilete frå dei som reiste. Kva slags fotografi fekk dei? I denne første delen av artikkelen presenterer me dei eldste og vanlegaste fotografia immigrantane sende heim.

I 2009 gav professor Sigrid Lien ved UiB ut boka Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie. Fotonettverk Rogaland har omtale av boka ein anna stad her på nettsida. I 2018 kom Lengselens bilder i engelsk versjon; The Pictures of longing. Photography and the Norwegian-American migration tilpassa den amerikanske marknaden.

Den engelske utgåva av boka Lengselens bilder (2018). Forfattaren Sigrid Lien viser her kor viktig fotografiet er som kjelde til historia om den norsk-amerikanske migrasjonen.

I åra før 2008 var Sigrid Lien og kollegaen Eva Reme på fleire studiereiser i norske innvandrarområde i USA, først og fremst i Wisconsin og Minnesota. Der kartla dei norsk-amerikanske fotografar og produkta deira i private samlingar, arkivinstitusjonar og museum. Dette var tilsvarande fotografi som vart sende heim til Noreg.

Sigrid Lien skildrar eit norsk-amerikansk fotografmiljø i USA som er ukjent for dei fleste av oss, sjølv om mange med slektningar i USA ennå har eit nært forhold til eldre amerikabilete i album og brev. Sigrid Lien set amerikabileta inn i ein fotografihistorisk samanheng i det norsk-amerikanske miljøet i USA, men formidlar også ny, interessant kunnskap om kva slike bilete hadde å seia i norske lokalmiljø med stor utvandring. I boka konsentrerer ho seg om Setesdal men har også eksempel frå Jæren.

I tillegg til sjølve fotografia er Sigrid Lien særleg oppteken av det ho kallar dei tapte samanhengane, om forholdet generelt mellom amerikabrev og bilete. Fotografia kom mest alltid med brev til eller frå Noreg. Der fanst det informasjon om fotografia. I dag er det langt fleire bevarte fotografi enn brev. Dermed er ein vesentleg del av kjeldematerialet til fotografia borte nå. 

Ektepar frå Jæren framfor første heimen sin på prærien i Minnesota, truleg i 1880-åra. Aadne Aadneson frå Re i Time og gifta seg og reiste til USA i 1872. Dette er eit godt eksempel på det tradisjonelle utvandrarfotografiet folk sende heim frå 1880-åra og framover, til svært mange av dei fekk eigne kamera i 1920-åra. Foto: Ukjend. Privat eige.

Sjølv om amerikabileta representerte ulike teknikkar og typar, var motiva temmeleg einsarta. Dei aller eldste var tradisjonelle atelier- eller studioportrett. Motiva var enkeltpersonar, brurepar, barn og familiar. Omreisande fotografar tok og bilete av heimane og farmane til norsk-amerikanarane. Det var langt færre slike enn studioportrett.

Unggutar frå Jæren med blekkslagararbeid hos studiofotograf i Chicago i 1890-åra. Dei ville visa familien heime at dei hadde fått eit godt levebrød i den amerikanske storbyen. Foto: Ukjend, Chicago. Statsarkivet i Stavanger/Fotoarkivet Hå folkebibliotek.
Unggutar slappar av med sigarar, god drikke og ein gitar i atelieret hos fotografen. Dei ville visa familien heime at dei fekk nye fritidsaktivitetar etter at dei kom til USA og Chicago. Dette var eit arrangert fotografi som skulle imponera familien heime. Foto: Ukjend, Chicago. Statsarkivet i Stavanger/Fotoarkivet Hå folkebibliotek.

I 1920-åra vart det meir vanleg med amatørkamera i heimane. Ei ny motivgruppe vart til eksempel fotografi av store landbruksmaskinar, den første bilen i familien og av større familiesamkomer ute. Då var det ikkje lenger nødvendig å bestilla fotograf til å ta bilete av familien på terrassen, eller framfor bygningane på farmen. Heretter kunne norsk-amerikanarane gjera dette sjølv. Reisefotografane mista då ein viktig oppdragstype.

Frå 1920-åra kom det langt fleire fotografi i amerikabreva heim til Noreg. Om kvaliteten ikkje alltid var så god på amatørfotografia, var motiva langt meir realistiske enn på bileta til dei profesjonelle fotografane. Dei viste ofte arbeidslivet i kvardagen. Først då kom fotografia frå det norsk-amerikanske kvardagslivet for fullt til Noreg.

Men på den same tida var det ikkje berre kamera i heimane. Det var ofte også stereoskop og bunker med stereofotokort av norske landskap, og gjerne også av heimbygda, eller av garden og familien i Noreg.

Då norsk-amerikanarane fekk eigne kamera vart det meir realisme i fotografia dei sende heim. Dette fekk Valetta Ree i Time rundt 1926 frå sonen Arnt Ree. Han og familien var då på veg med flyttelasset frå Nord-Dakota til Oregon. Brevet som følgde fotografiet, er ikkje bevart. Det ville gitt oss verdifull, utfyllande informasjon om flyttinga til Vestkysten. Foto: Arnt Ree. Privat eige.