Lengselens bilder og Verden i 3D, del 2

Stereofotografia og utstillinga Verden i 3D        

I del 1 av Lengselens bilder og Verden i 3D vart me kjende med minnebileta som vart sende mellom utvandrarar og dei som var igjen heime. I del 2 skal me sjå på stereofotografi med norske motiv som også vart kjære minne for norsk-amerikanarane.

Ei av dei to temautstillingane ved Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten, er via historia om stereofotografiet. Utstillinga Verden i 3D presenterer både mange eksempel på stereobilete med norske motiv i seriar og enkeltvis. Dei fleste kjem frå amerikanske forlag, men også frå privatfotografar med interesse for dette mediet. Utstillinga presenterer også eit stort utval av stereoskop, oppbevaringsboksar for stereokorta og historisk litteratur om temaet i vid forstand.    

Preus museum har ei samling på om lag 90 ulike stereokamera og av mange stereoskop. Her er dei flottaste, slik dei vert presenterte på utstillinga Verden i 3D. Utforming og kvalitet på stereoskopa varierte. I meir velståande heimar var dei som små, fine møblar eller bordmodellar som her. Vanlege folk greidde seg med det enkle stereoskopet som dei kunne halda i handa, lik den som stikk opp av nedste skuffe i oppbevaringskommoden for stereokort her på biletet. Foto: L. Risa, frå utstillinga til Preus museum, Horten.
Stereobileta vart raskt samleobjekt. Oppbevaringsboksar for stereokorta kunne sjå ut som bøker. Eitt av stereokorta her viser bokhylle med oppbevaringsboksar. Publikum kunne også kjøpa spesialdesigna oppbevaringskommodar som me ser på eit av dei andre stereokorta. Til fleire seriar følgde også eiga guidebok med kart til. Dette kartet viser til eksempel Bergen by. Underwood & Underwood Publishers leverte boka og kartet til serien Norway through the stereoscope. Foto: L. Risa, frå utstillinga til Preus museum, Horten.

Stereoskop- eller stereofotografering er kjent frå fotografiet sin barndom i 1840-åra. Mange eksperimenterte med å laga kamera som kunne ta tredimensjonale bilete, særleg i Storbritannia og Frankrike. I 1849 kom dei første kamera med to objektiv som laga tredimensjonale bilete, og i 1856 kom det første spesialkameraet med to faste linser for stereofotografering. Dei to bileta vart tekne med same avstand som mellom augo våre (6 – 7 cm). Dei to augo våre ser verda med litt ulik vinkel. Dermed er dei to fotografia ikkje heilt identiske. Fotografia vart monterte på kartong. Når me ser dei gjennom eit stereoskop, smeltar dei to saman til eit tredimensjonalt bilete.

Dei to verdsutstillingane i London 1851 og Paris i 1855 gjorde stereobileta kjende og etter kvart svært populære hos eit større publikum. Å sjå på stereobilete vart ein ny fritidsaktivitet hos borgarskapet i Europa og USA. Mange profesjonelle fotografar frå ulike forlag i USA og europeiske storbyar fotograferte til stereokortproduksjon i dei fleste landa i Europa. Forlaga produserte også temaseriar frå ulike land. Desse vart både selde til turistar i Europa, og i dei mange europeiske innvandrarmiljøa i USA. Dermed vart stereobileta ein annan type minnebilete for immigrantane enn studioportrett av familie og slekt i heimlandet. I dag kan dei kanskje best samanliknast med flotte reiselivsreportasjar i fjernsyn og på internett.

Dette fotografiet frå Haukeli har nr. 28 (Stabur paa Haukalid) i serien New Educational Series. Stereoscopic Views Det finst og fleire bilete frå Stavanger i denne serien, truleg frå fleire andre stader langs den nasjonale Turistrute nr. 7 etter at denne opna for trafikk i 1887. Foto: American and foreign Views. Sold by Canvassers. Privat eige.
Interiørfotografiet frå St. Petri kirke i Stavanger høyrer til same serie som fotografiet frå Haukeli, New Educational Series. Stereoscopic Views. Det finst også tilsvarande interiørbilete frå Stavanger Domkirke i denne serien. Kvaliteten er ikkje førsteklasses.

Fleire forlag produserte også kart og bøker med reiseskildringar tilpassa biletseriar med eksotiske motiv, store hendingar eller historiske landemerke som slott og katedralar i dei europiske storbyane som London, Roma og Paris. Norske motiv var naturleg nok i mindretal hos dei store stereokortprodusentane. Noreg med stavkyrkjene vart rekna som eit eksotisk land, også samanlikna med Sverige. Der var eksteriør- og interiørbilete frå det store kongeslottet i Stockholm eit kjent motiv i seriane med motiv frå ulike land.

Dei mest vanlege norske motiva var først og fremst fjell- og fjordlandskap på Vestlandet, som på dei tidlege turistprospekta, papirbilete i større format til album, og seinare på postkorta mynta på turistane. Men etter kvart presenterte også dei store stereofotoseriane lokale norske folkelivsbilete, til eksempel frå samiske miljø og frå Setesdal for å nemna to populære motivgrupper.

Dei største stereokortforlaga produserte fleire millionar kort i året. Eldst av desse var Underwood & Underwood Publishers. I 1881 grunnla brørne Elmer og Bert Underwood firmaet sitt i Ottawa, Kansas. I 1891 vart firmaet flytta til New York. Det fekk raskt underavdelingar i Canada og i fleire europeiske land.

Den fotografiske kvaliteten på stereokorta varierte. Stereofotografia til E. W. Kelley har god kvalitet. Bokstaven U ved sida av negativnummeret kan kanskje tyda på at forlaget hadde kjøpt fotografia for publisering hos Underwood & Underwood. Dette kortet viser eit bryllaupsselskap i Setesdal. I serien finst det fleire fotografi frå same miljøet i Setesdal. Foto: E. W. Kelley Publisher, Studio and Home office, Chicago. Privat eige.

Omkring år 1900 introduserte firmaet temaseriar i spesialkassettar. Tema kunne vera innan undervisning, men ikkje minst landskapsprospekt frå kjende turistland. Firmaet publiserte etter kvart seriar med motiv frå mange land og var på eit tidspunkt den største produsenten i verda med rundt 10 mill. stereobilete i året i seriar på mange språk. I norsk-amerikanske miljø vart serien på hundre landskapsbilete, Norway through the stereoscope (1906/1907), truleg eit verdifullt samleobjekt.

I 1920 selde Underwood & Underwood Publishers stereofotoproduksjonen til Keystone View Company, eit av dei andre store kortforlaga i USA. B. L. Singley, ein tidlegare seljar i firmaet Underwood & Underwood, etablerte Keystone View Company i 1892. Omkring 1905 var dette det største firmaet som produserte stereoskop og stereobilete. Firmaet leverte også skap og kommodar til oppbevaring av store stereokortsamlingar.

Dei amerikanske stereokortprodusentane hadde både eigne fotografar som vart sende på oppdragsreiser i Europa, og dei kjøpte enkeltbilete og bilete i seriar frå andre. Kanskje var det ein R. Y. Young som tok dette fotografiet frå Hardanger i 1898. Landsbyen (the hamlet) på biletet er Ulvik. Foto: R. Y. Young/American Stereoscopic Company, Manufacturers and Publishers. New York. Privat eige
Dette stereofotografiet frå sildefisket ved Skudenes har og uvanleg fin kvalitet. Det vart publisert i same serien som fotografia frå Setesdal. Også dette vart kanskje kjøpt for publisering hos Underwood & Underwood. Foto: E. W. Kelley Publisher, Studio and Home office Chicago. Privat eige.

Det var også ein ganske liten norsk stereofotoproduksjon frå midten av 1860-åra og framover. Fleire tidlege norske fotografar eksperimenterte naturleg nok med denne nye kameratypen. Ingen av dei produserte seriar med tanke på den norsk-amerikanske marknaden. Dette var før utvandringa til USA tok til for fullt etter avslutninga av den amerikanske borgarkrigen i 1864, og før turisttrafikken tok til i 1880-åra.

Dei eldste stereobileta frå Rogaland er frå 1860-åra. Fotograf Carl Lauritz Jacobsen i Stavanger var den første som kunngjorde i avisa at han hadde stereoskopapparat. Annonsen fortel at han kom heim frå ei forretningsreise til Berlin sommaren 1865 med ”forskjellige nye Sager, henhørende til Photographien, saasom Album, Rammer, Stereoskop og Visitkortbilleder, Alt til billige Priser” (Stavanger Amtstidende og Adresseavis 12. juni 1865). I dag finst det ikkje kjende stereobilete frå Stavanger med Jacobsen sitt firmastempel.

Men den unge kollegaen Knud Baade Mathisen produserte fleire stereobilete med gatemotiv frå Stavanger tidleg i 1860-åra. Stavanger maritime museum har negativsamling etter han. Kvaliteten er ikkje særleg god. Kanskje ville Mathisen først og fremst eksperimentera med eit nytt medium.

I Haugesund stereofotograferte både Knud Knudsen og Marcus Selmer frå Bergen frå sildefisket. Det same gjorde Jan Greve. Han var då fotograf i Haugesund og tok både bilete frå byen og frå sildefisket i åra rundt 1870.

Det rike sildefisket på 1800-talet sette verkeleg den nye byen Haugesund på kartet. I slutten av 1860-åra fotodokumenterte Jan Greve hamneområdet under vårsildfisket. Det originale stereobiletet frå kaien ved gjestgjevargarden Kronå har tittelen «Et salteri i Norge, i Haugesund». Dette er eit av dei aller eldste stereobileta frå Rogaland. Det var nok i første omgang mynta på den tidlege britiske og tyske turistmarknaden. På eit seinare tidspunkt kjøpte kanskje også amerikanske stereokortforlag dette og fleire av fotografia til Jan Greve, Knud Knudsen og Marcus Selmer frå sildefisket ved Haugesund. Foto: Jan Greve, Haugesund. Eigar: Haugalandmuseet, Haugesund.

I 1872 gav Marcus Selmer ut Catalog af Norske Nationaldragter, Landskaber og Stereoskopbilleder. Både han og Knud Knudsen selde stereofotografi med norske landskaps- og folkelivsmotiv til utanlandske forlagshus. Knudsen og fotofirmaet han grunnla i Bergen, nådde lengst i USA.

Fotograffirmaet til Knudsen må ha etablert forretningskontakt med den kjende norskamerikanaren John Anderson, forlagsmannen og redaktøren av avisa Skandinaven i Chicago. Firmaet John Anderson Publishing Co. Chicago produserte stereobilete av Knudsen i serien Norske Prospekter, Byer, Grupper Etc. Forlaget produserte nummererte seriar med norske motiv både i slutten av 1890-åra og rundt 1906. Desse var mynta på den norsk-amerikanske og den norske marknaden. Det er ikkje kjent ennå kor mange Knudsen-bilete som finst der, eller kor mange norske fotografar som leverte stereofotografi til dette forlaget. Ein av dei var i alle fall norsk-amerikanaren Rasmus P. Thu frå Klepp. Han var berre ein av mange slike fotografar. I neste kapittel møter me fire av dei som fotograferte i Rogaland.