Nasjonalt 150-års jubileum for fotograf Anders B. Wilse

Dette vakre trykket av eit handkolorert fotografi frå Lysebotnen var resultatet av eit oppdrag Anders B. Wilse hadde for Stavanger Turistforening i 1918. Årboka til Stavanger Turistforening for 1919 presenterer fire av fotografia hans i fargetrykk. Dette var heller uvanleg på den tida. Kjeldereferanse: Privatarkiv nr. 135 Stavanger Turistforening, Statsarkivet i Stavanger.

Anders B. Wilse (1865 – 1949) står som ein bauta i den norske fotografihistoria. Han er den store nasjonale fotografen vår. Wilse vart fødd 15. mars 1865 i Flekkefjord.

Wilsejubileet 2015 vert markert gjennom heile året og fleire stader i landet. Dette skjer både ved fotoutstillingar, ulike fagarrangement, og ikkje minst på Internett. Sentrale institusjonar her er Norsk Folkemuseum, Nasjonalbiblioteket, Preus museum, Oslo Museum, Norsk Teknisk Museum og Norsk Maritimt Museum. Alle har delar av fotoarkivet hans.

Wilse-interesserte som ikkje bur rundt Oslo og Horten, kan følgja jubileumsåret på internett. Wilsejubileet har fått både eigen blogg, facebookside, og er på Instagram:

www.wilse2015.no

www.facebook.com/wilse2015

Instagram Wilse2015

Dei om lag 3000 Rogalands-fotografia til Wilse finst ved Norsk Folkemuseum. Den store jubileumsutstillinga på Norsk Folkemuseum opnar 14. april 2015.

Her kan du lesa om utstillinga:

http://www.norskfolkemuseum.no/no/Utstillinger/Kommende-utstillinger/Wilse/

Om du vil orientera deg om Wilse og besøka hans i Rogaland, kan du gå til boka: Lisabet Risa: Fotografihistoria sett frå Rogaland (2011), side 202 – 207. Anders B. Wilse og sidan sonen Robert Wilse besøkte Rogaland og fotograferte her minst 20 gonger mellom 1902 og 1942.

Om du vil studera fotografia Wilse tok i Rogaland, finn du desse på dei to nettstadene: www.digitaltmuseum.no og på www.nb.no/gallerinor/