«Photographistinden» Dorothea Arentz

Familiebakgrunnen

Dorothea Arentz (1824 – 1914) vert rekna som den første kvinnelege fotografen i Stavanger. Ho var fødd 1. mai 1824 i Korskirkens sogn i Bergen og fekk namnet Dorothea Regine. Foreldra var premierløytnant Jens Bull Arentz og Maren Otte, fødd Fürst. På farssida hadde Dorothea Arentz nær tilknyting til prestefamiliar i Jelsa og Lye (Time) og til borgarfamiliar i Stavanger. Dei to fastrane til faren gifta seg med Gabriel Schancke Kielland og med diktarpresten Jens Zetlitz. Familien flytta til Stavanger der Jens Bull Arentz døydde i 1836.

 Dorothea Arentz si stilling i samfunnet

Dorothea var som alle vaksne kvinner umyndig, men ho fekk oppleva fleire lovendringar som likestilte menn og kvinner. Som ugift vart ho forsørga av faren. Etter at han døydde, vart ein bror eller ein annan mannleg slektning verja hennar til den nye loven kom 11. april 1863 som gjorde vaksne, ugifte kvinner myndige. Den tilsvarande loven for gifte kvinner kom først den 29. juni 1888. Ved lov av 31. juli 1854 fekk kvinner og menn lik arverett. For Dorothea sin del hadde dette truleg ikkje så mykje å seia. Faren var død då. Dorothea opplevde også at det vart likestilling mellom menn og kvinner då allmenn stemmerett vart innført i 1913, året før ho døydde, 90 år gamal.

 Kvinnene og dei nye yrka på 1800-talet

Ved lov av 15. juli 1839 fekk nokre kvinner rett til å driva eit handverk, og ved lov av 8. august 1842 fekk nokre rett til å driva handel. Først ved lov av 14. april 1866 fekk kvinner lik rett som menn til å driva handel og handverk. Men handel og tradisjonelle handverk var ikkje så aktuelle yrke for ugifte embetsmanns- og borgardøtre. Fleire av dei vart i staden lærarinner. Lærarinneyrket var for så vidt ikkje nytt. Det offentlege skulevesenet vart gradvis utbygt frå andre halvparten av 1800-talet. På 1800-talet var ugifte kvinner frå embetsmannsfamiliar gjerne huslærarar eller guvernanter i velståande familiar. Dei underviste mindre barn og jenter. I byane var det også private jenteskular, i Stavanger minst fem slike i åra etter 1850.

I andre halvparten av 1800-talet kom det fleire nye ”tekniske yrke” som både menn og ugifte kvinner frå embets- og borgarfamiliar kunne utøva. Fotografiet (1839, men etter 1842 i Noreg), telegrafen (1857 –) og telefonen (1880 –) skapte nye arbeidsplassar då desse nyvinningane nådde landet vårt. Sidan dei nye yrka ikkje hadde vore mannsyrke tidlegare, vart det akseptert at også kvinner kunne utøva desse, også kvinner frå borgar- og embetsmannsfamiliar. ”Telegrafistindene” var gjerne embetsmannsdøtre, like eins ”rikstelefonistindene”, men desse stod eit steg under ”telegrafistindene” på rangstigen.

Illustrasjon 1: Dorothea Arentz fotograferte fleire gonger utsikten frå hagen eller terrasssen i Hetlandsgata 22 og nedover mot Domkirken. Dette fotografiet i visittkortformat er frå før 1866 og har Anders Bærheim si påskrift nedst. Eit mest identitisk motiv vart xylografert og publisert i Skilling Magazin  1868, side 72. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.
Illustrasjon 1: Dorothea Arentz fotograferte fleire gonger utsikten frå hagen eller terrasssen i Hetlandsgata 22 og nedover mot Domkirken. Dette fotografiet i visittkortformat er frå før 1866 og har Anders Bærheim si påskrift nedst. Eit mest identitisk motiv vart xylografert og publisert i Skilling Magazin 1868, side 72. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.

Livet med ”Jomfru Garmann” i Hetlandsgata 22

Det er ikkje kjent korleis livet til Dorothea Arentz arta seg før 1860, heller ikkje kven eller kva som inspirerte henne til å verta fotograf. Gunnar Wareberg opplyser at ho oppheldt seg ei tid i Danmark i ungdomen.

I ettertid er annonsar og kunngjeringar i lokalavisene gode kjelder. I Stavanger Amtstidende og Adresseavis for 23. oktober 1845 kan vi lesa at Arentz kunne tilby ”Underviisning i Blomstermaleri paa Tre, Pergament og Pap”. Kanskje hadde ho sjølv fått tilsvarande undervisning i Danmark. I 1845 var ho 21 år gamal. I april 1844 averterte Johanne Marie Garmann (1799 – 1884) i Stavanger Amtstidende og Adresseavis at ho leigde ut ”værelser” i heimen sin i Hetlandsgata 22 (ill. 1). Garmann dreiv også ein jenteskule i heimen.

Johanne Marie Garmann var dotter til proprietær Johan Garmann på Utstein Kloster. Ho flytta til Stavanger der ho hadde slektningar i velståande borgarfamiliar, nett som Arentz. Som ugift kvinne var Garmann i den same situasjonen som Arentz. Økonomisk leid ho truleg inga naud. I 1846 overtok ho huset i Hetlandsgata i samband med eit dødsbuskifte i familien. Ho kjøpte tomta av Kirkedepartementet i 1849.

Det er ikkje kjent når Arentz flytte inn hos denne 25 år eldre kvinna. Arentz averterte i alle fall i Stavanger Amtstidende og Adresseavis den 22. juni 1863 at: ”Fotografier aftages hver Dag i Jomfru Garmanns Huus i Hetlandsgaden af Dorthea Arentz” (sitat slutt). Ein gong før 1863 hadde Arentz med andre ord lært seg eit nytt handverk, fotografering.

Arentz vart også engasjert ved jenteskulen til Garmann. Ho underviste i alle fall i teikning. Den 9. oktober 1867 sett ho inn denne annonsen i Stavanger Amtstidende og Adresseavis: ”D. Arentz ønsker Elever i Tegning, enten Morgen eller Eftermiddag. 4 skl. i Timen. I Middagstiden aftages Fotografier i Jfr. Garmanns Huus, Hetlandsgade” (sitat slutt).

I tillegg til undervisningslokale for jenteskulen, må det ha vore atelier og mørkerom i heimen deira. Dette var i våtplatene si tid. Til framkalling og kopiering måtte ein bruka mykje vatn, fleire kjemikaliar og anna utstyr. Arbeidet til Arentz var nok plasskrevjande i det vesle huset i Hetlandsgata.

Illustrasjon 2: Dette portrettet av Johanne Marie Garmann med harpe er uvanleg. Kanskje var det bevisst at sjalet på stolen skulle etterlikna englevenger. Sidan portrettet er bevart som eit seinare reprofotografi, er det vanskeleg å tidfesta dette. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.
Illustrasjon 2: Dette portrettet av Johanne Marie Garmann med harpe er uvanleg. Kanskje var det bevisst at sjalet på stolen skulle etterlikna englevenger. Sidan portrettet er bevart som eit seinare reprofotografi, er det vanskeleg å tidfesta dette. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.

Folketeljingane har informasjon om dei to kvinnene i 1865 og 1875. Folketeljinga 1865 opplyser at Garmann levde av legatmidlar, medan Arentz var ”Photographistinde”. Garmann hadde kanskje slutta av som lærar i 1865. Ho var 66 år gamal då. Folketeljinga 1875 opplyser at ho hadde privat pensjon, og at ho forsørga Arentz. Frøken Garmann hadde også hushjelp, ei femten år gamal Stavanger-jente. Vi kan også lesa at Arentz hadde arbeid som fotograf. Kanskje var det på denne tida ho slutta av, eller måtte slutta som fotograf. På den andre sida annonserte Arentz i avisa Stavanger Amtstidende og Adresseavis den 13. juli 1876 at ho dagleg tok ”Visitkort, Kabinets- og større Billeder” i ”Jomfru Garmanns Hus Hetlandsgaden”. I seinare år underviste ho i å mala blomar. Ho hadde også ei lita blomeforretning ved byparken. Dette opplyser Stavanger Amtstidende og Adresseavis den 30. august 1892.

Då det var folketeljing i 1885, var Garmann død. Arentz vart truleg buande i Hetlandsgata 22 til om lag 1889. Før ho døydde 15. november 1884, hadde nemleg Garmann sørga for at Arentz ikkje skulle få problem med ein stad å bu. Ved testament stadfesta 6. september 1884 skjenka ho eigedomen med huset til Arentz. Garmann hadde sett opp testamentet i 1861. I 1889 selde Arentz eigedomen. Ho kjøpte husvære i den nye institusjonen Frøkenstiftelsen på Løkkeveien. Frøkenstiftelsen erstatta den eldre institusjonen Jomfrustiftelsen ved Breiavatnet. Dette store huset vart rive etter at Jærbanen kom i 1878.

Kamera, negativarkiv og fotoutstyr elles, var nok ikkje med på flyttelasset frå Hetlandsgata 22 til eitt-romshusværet på Løkkeveien. Dermed er det få bevarte spor etter Arentz, både som kvinne og som fotograf. Folketeljingane  1900 og 1910 opplyser at ho budde på Frøkenstiftelsen på Løkkeveien. Ho var ”Forhenværende fotograf” i året 1900 og hadde livsforsikring, eller livrente som det står i 1910-teljinga.

Både Johanne Garmann og Dorothea Arentz høyrde til ein kvinnegenerasjon og til ei sosial gruppe som skreiv mange brev til slektningar og vener. Dette var jo før telefonen si tid. Om breva deira vart bevarte, ville dei vore svært interessante kjelder i dag til å kasta lys over korleis liva deira var, og ikkje minst over korleis arbeidet som fotograf arta seg for Arentz.

 Det fotografiske miljøet i Stavanger rundt 1860

Arentz opplevde at fleire utanlandske reisefotografar besøkte Stavanger i 1850-åra. Det kan ha vore den danske daguerreotypisten Hans P. Thykier som inspirerte henne til å velja fotografyrket. Thykier kom til Stavanger sommaren 1853. Han vart den første av dei fem kjende, utanlandske daguerreotypistane som besøkte byen etter 1842, og som vart verande. Thykier vart også den første atelierfotografen i Stavanger. Kundane kom frå dei velståande borgarfamiliane i byen, med andre ord frå det same miljøet som Arentz høyrde til.

Det kan likeså vel ha vore fotograf Carl Pettersen (1837–1903) som inspirerte Arentz. Han flytte til byen i 1859 og vart den første som averterte at han laga visittkortportrett. Dette var i 1861. Pettersen var utdanna teiknelærar, kunstmalar og fotograf i København og Düsseldorf. I Stavanger var han både fotograf og teiknelærar. Den 30. september 1861 annonserte han i Stavanger Amtstidende og Adresseavis at han skulle opna ein privat teikneskule i Strandgata den følgjande månaden. Kanskje var det gjennom Pettersen at Arentz vart oppmuntra til å ta til med fotografering som eit yrke. Historikaren Roger Erlandsen (2000, side 180) har ei interessant opplysning i denne samanhengen. I 1861 vart det oppretta ei nasjonal ”Forening til Fremme af kvindelig Haandverksdrift” med hovudkontor i Kristiania. I den første årsmeldinga til denne foreininga står det at: ”En Photographistinde i Stavanger har erholdt 30 Spd. som Hjelp til videre Uddannelse i Kunsten” (sitat slutt). Dette må ha vore Dorothea Arentz. Det er ikkje kjent kva denne utdanninga gjekk ut på. Kanskje var det etter 1861 at ho reiste til Danmark og ikkje før ho averterte om ”blomstermaling” hausten 1845.

Det finst ikkje firmaregister for Stavanger frå 1860-åra. Så langt vi kjenner til, var det fire etablerte fotografar i byen pr. 1861: Thykier, Pettersen, Arentz og ein gravør og fotograf W. Buch  frå Kristiania. Buch flytta frå byen året etter, men dansken Lauritz Balle var fotograf i Stavanger i 1861–1862. I 1850- og 1860-åra var fleire framande fotografar innom byen i kortare periodar. Dei annonserte i avisene før dei kom. Dermed er avisene ei god kjelde til kunnskap om reisefotografar som besøkte byen, og om dei som ville slå seg ned og opna atelier.

Knud Christian Baade Mathiesen (1843–1871) og Dina Groth (1823–1876) høyrde også til dei første fastbuade fotografane i Stavanger. Mathiesen var ein av dei seks fotografane i byen i folketeljinga 1865 og var den første Stavanger-guten som fekk opplæring i faget. Mathiesen gjekk truleg i lære hos Thykier. Han dreiv i alle fall atelieret Thykier frå 1862 medan han reiste til den store industriutstillinga i London. Etterpå bygde Mathiesen eige atelier i heimen sin i Nedre Strandgate.

Dina Groth budde og arbeidde hos broren, apotekar Winther Groth  i Kirkegata. Han selde fotografiske artiklar på apoteket og førte kjemikaliar, albuminpapir, destillert vatn og anna nødvendig utstyr for fotografane. I 1865 bygde apotekaren eit enkelt atelier i hagen sin som dei besøkande fotografane kunne leiga. Også søstera brukte dette. Ho var fotograf frå om lag 1865 til 1874. Då måtte ho overta ansvaret i apotekarheimen etter at svigerinna døydde.

Det sparsame kjeldematerialet nemner også ei tredje Stavanger-kvinne som fotograferte i 1860-åra, men bare ei kort tid. Skattelistene for Stavanger viser nemleg til ”firmaet” Arentz & Bahr i åra mellom 1864–1868. Lina Bahr var ei veninne til Arentz, og ei meir ukjend kjøpmannsdotter frå Stavanger. Dei to folketeljingane frå 1875 og 1885 opplyser at ho budde til leiges hos ein familie på Nytorget, og at ho levde av eigne midlar.

Portrettet av Martine Petronella Rosenkilde er frå midten av 1870-åra og høyrer til den seinare produksjonen til Dorothea Arentz. Fotokartongen har den trykte firmalogoen ho brukte i 1870-åra. I 1860-åra stempla ho namnet sitt direkte på kartongen. Martine Petronella var sonedotter til Eidsvoll-representanten Peder Valentin Rosenkilde. Søster hans var husfrue på Utstein Kloster og svigerinne til Johanne Garmann. Arkiv: Fotosamling 1981/12:30, Statsarkivet i Stavanger.
Portrettet av Martine Petronella Rosenkilde er frå midten av 1870-åra og høyrer til den seinare produksjonen til Dorothea Arentz. Fotokartongen har den trykte firmalogoen ho brukte i 1870-åra. I 1860-åra stempla ho namnet sitt direkte på kartongen. Martine Petronella var sonedotter til Eidsvoll-representanten Peder Valentin Rosenkilde. Søster hans var husfrue på Utstein Kloster og svigerinne til Johanne Garmann. Arkiv: Fotosamling 1981/12:30, Statsarkivet i Stavanger.
Portrettet av Martine Petronella Rosenkilde er frå midten av 1870-åra og høyrer til den seinare produksjonen til Dorothea Arentz. Fotokartongen har den trykte firmalogoen ho brukte i 1870-åra. I 1860-åra stempla ho namnet sitt direkte på kartongen. Martine Petronella var sonedotter til Eidsvoll-representanten Peder Valentin Rosenkilde. Søster hans var husfrue på Utstein Kloster og svigerinne til Johanne Garmann. Arkiv: Fotosamling 1981/12:30, Statsarkivet i Stavanger.
Portrettet av Martine Petronella Rosenkilde er frå midten av 1870-åra og høyrer til den seinare produksjonen til Dorothea Arentz. Fotokartongen har den trykte firmalogoen ho brukte i 1870-åra. I 1860-åra stempla ho namnet sitt direkte på kartongen. Martine Petronella var sonedotter til Eidsvoll-representanten Peder Valentin Rosenkilde. Søster hans var husfrue på Utstein Kloster og svigerinne til Johanne Garmann. Arkiv: Fotosamling 1981/12:30, Statsarkivet i Stavanger.

Dei kvinnelege fotografane i byen hadde alle ei kort karrieretid. Dina Groth måtte slutta for å stella hus og heim for broren. Lina Bahr slutta av ukjende grunnar. Kanskje var det ikkje plass for to fotografar i det vesle firmet i Hetlandsgata 22. Arentz var atelierfotograf til etter 1876. Truleg greidde ho ikkje hevda seg i det meir profesjonelle fotografmiljøet som voks fram i byen i 1870-åra. I 1875 var det som nemnt ovanom, den 76 år gamle Johanne Garmann som forsørga henne.

Thykier flytta frå Stavanger etter 1867, Baade Mathiesen døydde i 1871 og Groth slutta av i 1874. Det same gjorde Erik Jensen. Han hadde atelier i Hetlandsgata 7 frå om lag 1869 til 1874, dei siste åra saman med broren Bertinius Jensen. I 1874 flytte Carl Pettersen med firmaet sitt til Farsund. Men det kom nye, unge og dyktige fotografar til byen: Tjerand Knudsen og Ludvig Foss som overtok etter Thykier rundt 1867, den kjende fotograf Carl Lauritz Jacobsen i 1867, Jan Greve i 1876, Børe Mathias Norland i 1877 og til sist Carl Kørner i 1878. Både Jacobsen, Greve, Norland og Kørner etablerte solide atelierfirma i byen. Det vart truleg ikkje lenger plass for ei aldrande kvinne med eit lite ”heimeatelier” i Hetlandsgata.

 Den fotografiske arven etter Dorothea Arentz

Det er ikkje bevart negativarkiv etter Arentz, heller ikkje skriftlege kjelder som kundeprotokollar eller brev. Både privatpersonar, museum og arkivinstitusjonar har positivmateriale, som visittkortportrett og fleire typar oppdragsfotografi. Det bevarte materialet er både spreidd og spinkelt. Derfor er det vanskeleg å danna seg eit bilete av Arentz som fotograf. Fotograferte ho til eksempel annleis enn dei mannlege kollegaene sine, og er det grunnlag for å seia at ho for det meste fotograferte kvinner og jenteskuleklassar?

To kjende, bevarte fotografi av ”pikeskoler” i Stavanger frå før 1875 kan truleg krediterast Arentz. Fleire bevarte fotografi viser at Arentz fotograferte kvinner. Men det er også bevarte mannsportrett. Fotografia til Arentz skil seg ikkje ut frå portretta til mannlege fotografar. Portretta frå 1860-åra viser som oftast personar i heilfigur eller halvfigur (ill. 2). I 1860-åra brukte Arentz eit enkelt gummistempel med svarte typar: Dorothea Arentz Fotografisk Atelier. Tidleg i 1870-åra tok Arentz i bruk ein ny kartongtype med ein stor, trykt firmalogo på kartongbaksida. På den tida var det mote å produsera portrett i oval form (ill. 3a-b).

Alle atelierfotografar i Stavanger før 1875 tok på seg ulike oppdrag utafor atelieret. Carl Lauritz Jacobsen annoserte til eksempel at han fotograferte kjende stader og bygningar i byen, og at han tok i mot bestilling på byprospekt. Framfor den omfattande restaureringa av Stavanger domkirke (1866 – 1872) averterte kommunen etter ein fotograf som kunne fotodokumentera kyrkja både innvendig og utvendig før arbeidet tok til. Dette oppdraget fekk Thykier. Arentz fotograferte kyrkja etter at restaureringa var ferdig. Ho produserte ein nummerert serie som ho kleba på kartong (ill. 4). Dette oppdraget fekk ho truleg av Fortidsminnesmerkeforeningen. Den nummererte fotografiserien ligg i alle fall i arkivet til Fortidsminnesmerkeforeningen hos Riksantikvaren. Det finst også eit trykt teksthefte til serien.

Dorothea Arentz tok ein serie interiørfotografi frå den nyrestaurerte Stavanger domkirke etter 1874, truleg etter oppdrag frå Fortidsminnesmerkeforeningen. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.
Dorothea Arentz tok ein serie interiørfotografi frå den nyrestaurerte Stavanger domkirke etter 1874, truleg etter oppdrag frå Fortidsminnesmerkeforeningen. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.

Nokre år tidlegare fotograferte Arentz også Utstein Kloster for Fortidsminnesmerkeforeningen. I arkivet hos Riksantikvaren finst det også to eksteriørbilete av klosteret som byarkitekt von der Lippe sende inn til foreininga i 1866. Arentz fotograferte med andre ord Stavanger domkirke og Utstein Kloster, dei to mellomalder-bygningane som von der Lippe hadde det faglege ansvaret for i samband med restaurering dei næraste åra etter 1866. Det er all grunn til å tru at Arentz besøkte Utstein Kloster ved fleire høve sidan dette var slektsheimen til Johanne Garmann. Ho tok kanskje fleire av dei eldste, bevarte fotografia av familien Garmann utafor dei gamle bygningane, både i 1870-åra og seinare.

Dette fotografiet tok Arentz på slutten av 1860-talet. Det viser eigedomen til teikne- og skrivelærar Bernhard Hansson på Tjensvoll. Hansson var lærar på Kongsgård skole. Han var mellom anna interessert i dyrking av sjeldne plantar. Det er ikkje usannsynleg at Arentz henta inspirasjon til blomemaling i parken hans. Kanskje leverte han også blomar til den seinare butikken hennar ved byparken. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.
Dette fotografiet tok Arentz på slutten av 1860-talet. Det viser eigedomen til teikne- og skrivelærar Bernhard Hansson på Tjensvoll. Hansson var lærar på Kongsgård skole. Han var mellom anna interessert i dyrking av sjeldne plantar. Det er ikkje usannsynleg at Arentz henta inspirasjon til blomemaling i parken hans. Kanskje leverte han også blomar til den seinare butikken hennar ved byparken. Arkiv: PA nr. 1, Anders Bærheims arkiv, Statsarkivet i Stavanger.

Frå 1860-åra vart norske landskapsprospekt populære motiv i dei illustrerte magasina, Skilling Magazin, Ny Illustreret Tidende, Norsk Folkeblad og Illustreret Nyhedsblad. Illustrasjonane vart trykte som xylografiar. Mang ein fotograf fekk ekstrainntekter ved å levera landskapsprospekt til desse magasina. Arentz kan ha levert fleire fotografi, både av Utstein Kloster, frå Hanssons Minde på Tjensvold og frå Stavanger. Eit mest identisk fotografi frå Hetlandsgata 22 som ill. 1 vart til eksempel trykt som xylografi i Skilling Magazin i  1868.

I åra frå rundt 1860 til etter 1876 var Dorothea Arentz ein av fleire fotografar i Stavanger. Ho hadde dei same oppgåvene og leverte dei same produkta som dei mannlege fotografane. Det er ikkje kjent kor stor produksjon ho hadde. Om alle bevaringsinstitusjonar i Rogaland gjekk saman om eit Dorothea Arentz-kartleggingsprosjekt, ville vi utan tvil skaffa oss ny kunnskap, både om denne første kvinnelege fotografen i Stavanger og om den generelle fotografihistoria.

 Kjelder:

-Arkivverket; www.digitalarkivet.no og Statsarkivet i Stavanger:

-Kirkebok for Korskirkens sogn i Bergen, A 14, 1823 – 1825 , s. 173

-Kirkebøker for Stavanger, Domkirkens menighet.

-Folketeljingane 1865, 1875, 1885, 1900 og 1910.

-Stavanger Byfogd: Panteregister og pantebøker for Stavanger

-Statsarkivet i Stavanger, privatarkiv nr. 1: Anders Bærheims arkiv

-Statsarkivet i Stavanger, privatarkiv nr. 156: Gunnar Warebergs arkiv

-Nasjonalbiblioteket og Preus Museum: Det nasjonale fotografregisteret

 Litteratur:

-Bonge, Susanne. 1980. Eldre norske fotografer. Fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Bergen.

-Dreyer Aksjeselskap 1973: Stavanger. Bilder frå en svunnen tid. Stavanger.

-Erlandsen, Roger. 2000: Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839 – 1940.

-Haug, Eldbjørg (red.). 2005: Utstein Kloster – og Klosterøys historie.

-Henriksen, Egil. 1992: ”Fra kuriositet til etablert håndverk. Fotografiets historie i Stavanger til 1880-årene.” I  Stavanger Museum Årbok 1992.

-Risa, Lisabet, 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland.

-Risa, Lisabet. 2012: Dei første kvinnelege fotografane i Rogaland. www.fotonettverk-rogaland.no

 Aviser:

-Stavanger Amtstidende- og Adresseavis 1841 – 1906.

-Stavanger Avis 1889 – 1911.

-Stavangeren 1852 – 1899.