Kategori: Aktuell informasjon

Nyheter om arrangementer, konferanser, hendelser og annet som kan relateres til fotografering.

  • 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005

    Fotografisk dokumentmateriale på nasjonal utstilling

    Torsdag 16. okt. 2008 opna kulturminister Trond Giske utstillinga 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 på Nasjonalbiblioteket i Oslo.

    Utstillinga og ei stor bok med same tittel er eit samarbeidstiltak mellom Nasjonalbiblioteket i Oslo og Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten og resultat av ein nasjonal dugnad. I juni 2007 fekk nemleg alle bevaringsinstitusjonar i landet spørsmål frå Nasjonalbiblioteket og Preus museum om å senda inn forslag på fotografisk materiale i seriar frå offentlege og private arkiv. Materialet skulle visa breidda i norsk bruksfotografi.

    Ut frå dei innkomne forslaga valde utstillings- og redaksjonskomiteen ut seriar frå 35 ulike nasjonale bevaringsinstitusjonar. Frå Rogaland er det fotografi frå tre privatarkiv ved Statsarkivet i Stavanger: fotofirmaet Hannchen Jacobsen & Co A/S, Stavanger Turistforening og bedriftsarkivet Rosenberg Mekaniske Verksted A/S. Dessutan viser ein fotografiserie i album (1914) frå Havnedirektoratet sitt arkiv ved Riksarkivet hamneanlegget på Utsira og på Røvær ved Haugesund.

    Det utlånte originalmaterialet vert no vist i klima- og lysregulerte utstillingslokale på Nasjonalbiblioteket og på Preus museum. Fotografia frå før 1905 er utstilte i Oslo, og fotografia frå etter 1905 i Horten. Alle fotografia frå Rogaland er utstilte på Preus museum i Horten.

    Den store boka presenterer også alle fotografia i naturleg storleik og har eit kort introduksjonskapittel til kvar serie.

    Tre skjermar i utstillingslokala presenterer digitale versjonar av dei fleste fotografia institusjonane sende inn som forslag i første omgang, men som ikkje vart valde ut til utstillinga og boka. Her finst ein serie frå Kamerun som tilhøyrer Misjonsarkivet, Misjonshøgskolen i Stavanger.

    Dei to utstillingane varer til 31. jan. 2009. Boka er for sal både på Nasjonalbiblioteket, Preus museum og hos bokhandlarane.

    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
    Utstilling 80 millioner bilder
  • Fotoutstilling Dalane folkemuseum

    Dalane folkemuseums sommerutstilling 2008 åpnet 20. juni i Feylingbua i Egersund. Dette året presenterer museet fotografi fra den store negativsamlingen etter Erling K. Ellingsen (1885-1959) fra Egersund. Dalane folkemuseum har nylig overtatt negativsamlingen etter Ellingsen. Han fotograferte både i selve byen og ellers, særlig i Helleland. Utstillingen viser mange kulturhistoriske perler, særlig fra årene mellom 1910 og 1940.

    Utstillingen i Feylingbua er åpen daglig mellom kl 11 og 17 og står til 17. august 2008.

    Vil du lese mer om fotografen, Erling K. Ellingsen, se under Nye fotoarkiv/fotosamlingar

  • Tilskot frå ABM-utvikling

    Fylkesfotonettverk Rogaland har fått kr 450 000 i tilskot frå ABM-utvikling til sluttføring av det treårige prosjektet vårt (2006-2009).

  • «Norsk fotohistorisk forening – Preus museums venner»

    Norsk Fotohistorisk Forening og venneforeninga til Preus Museum har inngått eit samarbeid med tanke på å danna fellesforeninga «Norsk fotohistorisk forening – Preus museums venner»?

    Vil du bli medlem, sjå heimesida til Preus museum: www.preusmuseum.no