Dei første kvinnelege fotografane i Rogaland

Også Fotonettverk Rogaland markerer stemmerettsjubileet 2013. Vi presenterer dei fleste kvinnelege atelierfotografane i Rogaland som vart fødde før 1913, året då alle kvinner i landet vårt fekk full stemmerett.

Hannchen Jacobsen, fotograf i Stavanger tidleg på 1900-talet. Foto: Hannchen Jacobsen/Arkivverket
Hannchen Jacobsen, fotograf i Stavanger tidleg på 1900-talet. Foto: Hannchen Jacobsen/Arkivverket

Det nøyaktige talet på kvinnelege fotografar er ikkje kjent. Svært få dreiv eigne atelierfirma. To av kvinnene var bokhandlarar og fotograferte til eigen postkortproduksjon. Folketellingane 1900 og 1910 viser at fleire kvinner arbeidde som fotografar eller som negativretusjørar i etablerte firma. Dei fleste av desse er dessverre heller anonyme nå i ettertid. Inga Sofie Hadland Torjusen var tilsett hos broren Erik Hadland Torjusen i Egersund. Ho er truleg den av dei meir anonyme atelierfotogafane i Rogaland med lengst fartstid.

Bare eitt negativarkiv etter kvinnelege fotografar er bevart fullstendig. Haugalandmuseene avd. Karmsund folkemuseum tek vare på det store negativarkivet etter Margit Petersen på 97 000 nummer. Karmsund folkemuseum har også den bevarte delen av negativarkiva etter Thea Larsen og Sigrid B. Hauge. Arkivet etter fotograf Erik Hadland Torjusen ved Dalane Folkemuseum inneheld om lag 10 000 glasplater, og er eitt av dei største av dei bevarte negativarkiva. Søstera Inga Sofie Hadland Torjusen var nok meisteren bak ein stor del av dette arkivet.

MUST – Stavanger maritime museum har den bevarte delen av arkivet etter Julie Lund. Statsarkivet i Stavanger har mindre delar av arkiva etter Hannchen Jacobsen, Rachel Johnsen og Agathe Svendsen Maakestad.

Vi presenterer ein fotograf i midten av kvar månad og startar i februar månad med Stavanger-kvinna Dorothea Arentz.

Her er ein kort presentasjon av fotografane du vil møta på nettsida vår i løpet av året 1913:

Dorothea Arentz (1824 – 1914) er den eldste, kjende kvinnelege fotografen i Stavanger. Ho hadde atelier frå om lag 1861 til 1880. I åra 1864 – 1868 var Lina Bahr medarbeidar. Desse åra arbeidde også ei tredje kvinne som fotograf i byen. I åra 1865 – 1874 dreiv Dina Groth atelieret i hagen til broren, apotekar Winther Groth.

Inga Sofie Hadland Torjusen (1870 – 1917) arbeidde frå før år 1900 hos broren, Erik Hadland Torjusen i Egersund. Han etablerte firmaet i 1880 og dreiv det til e tter 1910. Inga Sofie var likevel ikkje den første kvinnelege fotografen i byen. Avisannonsar og bevarte visittkortportrett viser at Egersund hadde fleire tidlege reisefotografar med gjesteatelier i korte periodar; Anne Stoveland i 1868 og fleire gonger seinare, Marie Rosenland i 1875 og seinare år, Elen Schomragh i åra rundt 1865 – 1868 og Lovise Bull. Ho averterte i Egersundsposten i 1868 og 1872.

Kristofa Jansen Grøn (1869 -?) og søstera Mimi Jansen (? – 1944) hadde atelieret Søstrene Jansen i lag i Haugesund frå rundt år 1900. Mimi Jansen vart sidan fotograf på Voss. Kristofa Jansen Grøn dreiv atelieret vidare til andre overtok etter 1910, dei seinare åra saman med ektemannen. Folketellinga 1900 nemner også to meir anonyme kvinnelege fotografar i Haugesund; Ingeborg Høie og jordmor Magdalene Lind. Dei hadde nok ikkje eigne atelier, men arbeidde hos andre.

Den seinare så kjende fotograf Waldemar Eide saman med to kollegaer. Eide gjekk i lære i firmet Norland & Øglænd etter 1900. Dei to kvinnene var tilsette i same firmaet men er ukjende i dag. Dei representerer dei mange anonyme kvinnelege fotografane. Foto: Norland & Øglænd. Statsarkivet i Stavanger.
Den seinare så kjende fotograf Waldemar Eide saman med to kollegaer. Eide gjekk i lære i firmet Norland & Øglænd etter 1900. Dei to kvinnene var tilsette i same firmaet men er ukjende i dag. Dei representerer dei mange anonyme kvinnelege fotografane. Foto: Norland & Øglænd. Statsarkivet i Stavanger.

Hanna Pauline Wiig (1863 – 1926) og Anna Berta Kirstine Wiig (1873 -1931) var frå Vik i Klepp. Broren Henrik Wiig opna atelier på Sandnes i 1898 med filial på Bryne i 1902. Dei to søstrene arbeidde hos han. Hanna Pauline styrte filialen på Bryne. Eldste søstera, Anna Forsberg, var gift med fotograf Carl Forsberg jr. i Kristiansand og budde der. Sjå også innslag på Norge Rundt, NRK, 20. desember 2013.

Thea Larsen (1847 – 1934) var bokhandlar, musikkhandlar og postkortfotograf. Ho selde fotografia sine som postkort i bokhandelen og var ein av dei aller første lokale postkortfotografane i Haugesund. Karmøy hadde ein parallell til Thea Larsen. Tora Jacobsen g. Hillesland etablerte nåverande Hillesland Bokhandel i Skudeneshavn i 1906. Også ho fotograferte til eigen postkortproduksjon.

Karen K. Henrichsen/Henriksen (1865 – 1940) frå Arendal flytta til Stavanger og etablerte fotograffirmaet Henrichsen & Co saman med Hakon Johannessen i 1901. I 1907 skilde dei lag. Karen etablerte eige firma. I 1913 selde ho til fotograf J. W. Eskildsen og flytte til Oslo.

Julie Lund (1867 – 1917) fotograferte i åra mellom 1900-1917. Ho hadde ikkje eige atelierfirma i Stavanger men var oppdragsfotograf. I åra mellom 1903 og 1908 budde ho i Florø. Der arbeidde ho i eit fotografatelier.

Hannchen Jacobsen (1869 – 1908) var dotter til fotograf Carl Lauritz Jacobsen og Anna Louise Wally Jacobsen i Stavanger. Som dei andre søskena arbeidde ho fleire år i familiefirmaet Jacobsen. I 1904 etablerte ho eige firma. Rachel Johnsen (1870 – 1960) arbeidde hos henne og overtok etter at Hannchen Jacobsen døydde. Rachel Johnsen dreiv åleine til 1916.

Agathe Svendsen Maakestad (1876 – 1950) etablerte fotografatelier i Stavanger i 1911. Nokre år seinare opna ho fotobutikk. Denne dreiv ho til fotograf Olaf A. Ellingsen overtok 1946.

Jenny Gurine Alne, g. Trodahl (1890 – 1955) hadde firma i Haugesund i åra 1922 – 1925 og flytte då til Kopervik. Der hadde ho firma frå 1926 til 1955. Ho var ikkje den første atelierfotografen på Karmøy. Tidlegare hadde Ketura O. Jacobsen hatt atelier i Skudeneshavn og Louise Aanensen i Kopervik før ho flytte atelieret til Skudeneshavn i 1930.

Margit Petersen (1881 – 1955) vart styrar for Stavanger-fotografen Hakon Johannessen då han opna filialatelier i Haugesund i 1910. I 1926 etablerte ho eige firma. Dette dreiv ho til ho døydde. Margit Petersen og Sigrid B. Hauge vart dei to første kvinnene i Rogaland med formell fotograf-utdanning.

Sigrid B. Hauge (1902 -1984) var tilsett i filialatelieret til Hakon Johannessen i Haugesund frå 1917, som styrar frå 1926 og etablerte eige firma i byen i 1933. Dette hadde ho til 1969. Sigrid B. Hauge og Margit Petersen vart dei to første kvinnene i Rogaland med formell fotograf-utdanning.