Lengselens bilder og Verden i 3D, del 3

Stereofotografi til norske immigrantmiljø

Også norsk-amerikanske fotografar vart engasjerte i stereofotografering. Denne tredje artikkelen har eksempel på fire som leverte stereofotografi til norske immigrantmiljø, både fotografiseriar med norske landskapsmotiv, og enkeltbilete. Fleire fotografar selde også private minnebilete som stereofotografi. Motiva var då mest alltid norsk-amerikanske familiar eller norske familiar og heimane deira. Desse er likevel svært få samanlikna med dei mange hundre stereofotografia med norske landskapsprospekt. Dei private stereobileta var nok alle bestillingsbilete. Dermed viser dette at det fanst stereoskop i mange innvandrarheimar på den tida, også i Iowa der desse eksempla er henta frå.

I boka si er Sigrid Lien engasjert i dei norsk-amerikanske fotografane som historieforteljarar gjennom bileta deira. Dette temaet er ikkje minst aktuelt for stereofotografia som norske og norsk-amerikanske fotografar tok til immigrantmiljøa og til familiane deira her i Noreg. Kva slags bilete av heimlandet ville dei formidla til dei norske immigrantmiljøa, og kva slags bilete ville immigrantane senda til familie og slekt heime?

Materialet til Sigrid Lien er først og fremst henta frå Wisconsin og Minnesota. Illustrasjonane i denne artikkelen er resultat av besøk i private norsk-amerikanske miljø i Iowa og Minnesota og på aktuelle institusjonar der, som Ames Historical Society, Story City Historical Society, og på arkivet og biblioteket ved Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, Iowa.

Dei fire som stereofotograferte i delar av Rogaland og tidlegare Hordaland var Rasmus P. (R. P.) Thu, Martin Morrison, Peter Andrew (P. A.) Peterson og Kristen Pederson (Christ. P.) Myklebust. Dora Storaker var fotograf i Roland, Iowa. Me kjenner ikkje bevarte stereobilete etter henne.

Peterson og  Myklebust kom til Noreg etter 1900, også Dora Storaker. Alle tre var fødde i Kvinnherad kommune, truleg i Skånevik, og alle budde i småbyar nord i Iowa. Alle returnerte til USA etter å ha fotografert familiar og landskap til utflytte frå Sunnhordland, indre Ryfylke og Haugalandet. Rasmus P. Thu og Martin Morrison var jærbuar, men dei hadde også ein stor del av kundane sine i Ryfylke og Sunnhordland.

Den allsidige Rasmus P. Thu frå Klepp og Wisconsin

Rasmus P. Thu (1864 – 1946) hadde den mest omfattande og allsidige produksjonen av dei fire, men han fekk ein svært lang fotografkarriere. Thu reiste til USA første gong i 1883. Han budde då i Marseilles, Illinois, ein liten by sørvest for Chicago, der han mellom anna arbeidde på sukkerplantasjar. Målet hans var å tena nok pengar til å kjøpa kamera for å arbeida som fotograf i heimlandet.

Marseilles ligg eit godt stykkje søraust for Dave County, Wisconsin der den norsk-amerikanske fotografen Andrew Dahl (1844 – 1923) frå Valdres budde og praktiserte som reisefotograf i dei norsk-amerikanske miljøa i åra frå 1870 til 1880. Sigrid Lien har ein brei presentasjon av Andrew Dahl, også som produsent av stereofotografi. Kanskje hadde Rasmus P. Thu møtt Andrew Dahl, eller kanskje berre sett fotografia hans.

Thu returnerte til heimlandet første gong i 1889 i lag med fotografen Martin Morrison frå Iowa. Då hadde han atelierkamera, ikkje stereokamera med seg, som Morrison. Thu kom sidan til å bu mesteparten av livet i Noreg med base i Stavanger. Han oppheldt seg likevel fleire periodar i USA, først og fremst i Chicago. Stereofotografia hans med norske motiv finst i dag i andre statar også, som i Iowa.

Då Thu budde i Chicago nokre år etter 1892, kjøpte han  utstyr til produksjon av stereofotografi og etablerte forretningskontakt med norskamerikanaren John Anderson, forlagsmannen og redaktøren av avisa Skandinaven i Chicago. Forlaget til John Anderson produserte Thu-stereofotografi i slutten av 1890-åra med motiv frå Stavanger og fleire stader på Sørvestlandet, og etter 1900 ein eller fleire seriar med tilsvarande motiv. Målgruppa var først og fremst den norsk-amerikanske marknaden. Stereokorta hans finst også i Noreg, både hos private og i kulturverninstitusjonar. Svært mange av dei nummererte stereofotografia hans er bevarte, men så langt me kjenner til, ikkje som heile seriar. Motiva på kjende kort er frå Vestlandet, frå Bergen og sørover.

Thu var kanskje den einaste av dei fire som samarbeidde med eit større forlag. Det finst ikkje oversyn over dei norske fotografane som selde stereobilete til John Anderson, og det er ikkje kjent om forretningsarkivet hans i Chicago er bevart. Det er ikkje unaturleg at John Anderson produserte tilsvarande seriar med motiv frå andre stader i Noreg.

Norsk-amerikanaren Rasmus P. Thu hadde ein stor stereofotoproduksjon i Noreg. Her er eksempel på to nummererte kort med motiv frå Stavanger og Bergen publiserte i serien Norske Prospekter, Byer, Grupper Etc. Forlaget til John Andersson i Chicago produserte seriar med stereobileta til Thu. Desse to var produserte for den norsk-amerikanske og den norske marknaden rundt 1898. Dei høyrde truleg til i ein større serie med motiv frå Rogaland og tidlegare Hordaland fylke. Foto: R. P. Thu, Stavanger/John Anderson Publishing Co. Chicago. Eigar: Story City Historical Society, USA.
R. P. Thu selde stereofotografi til forlaget John Anderson Publishing Co. Chicago fleire gonger. Her er eit frå Bryne. Dette er eitt av tre kjende motiv frå Time og Klepp i ein serie, truleg frå 1906. Foto: R. P. Thu, Stavanger/John Anderson Publishing Co. Chicago. Privat eige.

Martin Morrison – amerikafotografen i særklasse

Både Rasmus P. Thu og Martin Morrison (1844 – 1916) var jærbuar. Dei var fødde i Klepp og Time. Morrison kom til USA rundt 1867 og vart fotograf i Ames, Iowa rundt 1884. Han hadde og fleire oppdrag i dei to småbyane Roland og Story City, ikkje langt frå Ames. Morrison kom tre gonger til Noreg som stereofotograf, i 1885, 1889 og i åra 1892 – 1900. I tillegg hadde han ordinært studiokamera som han særleg brukte dei åra han budde fast i Time, mellom 1892 og 1900.

Det er enkelt å følgja reiseruta til Morrison i dag. Han både daterte stereofotografia, og skreiv namnet på staden han fotograferte. Dermed kan me følgja han som reisefotograf i Rogaland og i tidlegare Hordaland fylke i 1889. Dette året var det mest hektiske for han. Skal me tru informasjonen på biletkartongane, hadde han med seg minst fem hundre bestillingar eller oppdrag frå Iowa. Han var på reise mellom april og september 1889, frå Voss i nord til Egersund i sør, men var særleg aktiv i indre Ryfylke og Sunnhordland.

Morrison kom ikkje tilbake som fotograf til Iowa i 1900 etter dei 8 åra i heimekommunen Time. Han flytte til staten Alabama der han budde til han døydde i 1916. Berre ganske små delar av arkivet er bevart i dag.

Den nordvestre delen av Iowa der Morrison budde og praktiserte fram til 1892, hadde ei stor norsk immigrasjonsbefolkning. Fleire norskfødde fotografar førte arbeidet hans vidare, både som reisefotografar i Noreg, og som lokale studiofotografar. Dora Sandaker praktiserte i Roland, Peter A. Peterson i Ruthven og Christ. P. Myklebust i Eagle Grove, alle småbyar ikkje langt frå Ames og Story City nordvest i Iowa.

Dette fotografiet frå Ames, Iowa 25. juli 1886 viser både kona og barna til Morrison, heimen i bakgrunnen, teltet i hagen som han brukte til atelier, og eksempel på fotografia og maleria hans. Morrison var både portrett- og landskapsmålar og fotograf. Fotografiet skulle truleg brukast til reklame. Kanskje skulle det også sendast heim til Time der han hadde vore året før. Foto: Martin Morrison. Privat eige, USA.
Her har familien T. O. Birkeland i Story City stilt seg opp framfor heimen sin 8. juni 1886. Familien skulle kanskje senda fotografiet til slektningar i Noreg. Kartongbaksida viser at Morrison brukte adressa si i Noreg, frå då han budde der i 1885, og at han hadde om lag 500 stereokort med motiv frå Noreg for sal. Peterson og Idso, dei to agentane hans i Story City, var ikkje fotografar, men forretningsfolk der. Foto: Martin Morrison. Eigar: Story City Historical Society, USA.
Frå mai til september månad 1889 var Morrison travelt oppteken med oppdragsfotografering i Noreg. Familien på garden Øvre Sandvik i Skånevik fekk besøk av han 30. juli 1889 med bestilling frå slektningar i Iowa. Kanskje forklarar adressa hans på baksida av kartongen dette. Då var ikkje heimekommunen Time, men Ames, Iowa forretningsadressa hans. Foto: Martin Morrison, Ames, Iowa. Eigar: Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa.

Peter A. Peterson –  den ukjende av dei fire

Ikkje mange år etter at Morrison returnerte for godt til USA hausten 1900, kom mellom anna Peter A. Pederson, Christ. P. Myklebust og Dora Storaker på besøk til fødelandet, alle frå gamle Skånevik kommune, nå Kvinnherad kommune.

Etter Dora Storaker er Peter A. Peterson den mest ukjende av dei norsk-amerikanske stereofotografane frå denne nordvestre delen av Iowa. Det er uvisst om han spesialiserte seg på stereofotografi av familiar og heimane deira i Iowa, og kva motivgrupper som var ærendet hans då han besøkte Noreg og Vestlandet i 1903. Då var han i alle fall produsent av stereofotografi med denne informasjonen på fotokartongane: Publisher of Stereoscopic Views. Norwegian Scenes Specialty.

Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, Iowa har to stereokort etter Peterson. Dette er dei einaste kjende fotografia hans til nå med motiv frå Noreg. Peterson hadde ikkje informasjon på kartongane sine om kor han fotograferte. Det eine er eit landskapsbilete frå Opheim sokn i Voss kommune. Det andre viser eit ukjent gardstun.

Peter Andrew Peterson var også norsk-amerikansk reisefotograf. Han budde i småbyen Ruthven ikkje langt frå Story City. Peterson kom på besøk til Noreg med stereokamera i 1903, kanskje også fleire gonger. Til forskjell frå Morrison og Myklebust hadde ikkje Peterson informasjon på fotokartongen om kor motivet var frå. Det fine gardstunet på dette fotografiet er derfor ikkje kjent. Peterson fotograferte også i Voss kommune i 1903. Foto: P. A. Peterson, Ruthven, Iowa. Eigar: Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa.

Christ. P. Myklebust  –  den mest kjende etter Morrison?

Christ. P. Myklebust (1869 – 1936) eller Kristen Pederson Myklebust var frå Uskedal, ei av kyrkjesoknene i Skånevik. Han reiste til USA i 1891 og opna fotografatelier i Eagle Grove, Iowa i 1901. Myklebust fekk opplæring i faget i Illinois og praktiserte som fotograf i Eagle Grove like til han døydde. Kona hans selde då firmaet til ein annan fotograf. Det er uvisst om negativarkivet er bevart.

Myklebust kom på fleire besøk til Noreg, truleg både i 1898/1899, 1905 og/eller 1907 og i 1914. Han fotograferte i heimtraktene og i resten av Sunnhordland, der det i dag finst fleire bevarte landskapsbilete etter han. Myklebust fotograferte også i Hardanger og i fleire kommunar i Rogaland, mellom anna i Stavanger og Haugesund, og i Hjelmeland, Sauda, Tysvær, Vindafjord og Karmøy kommune. Myklebust brukte både vanleg kamera, stereokamera og i 1914 også panoramakamera.

Åra mellom 1900 og 1915 var den tredje store popularitetsperioden for stereofotografiet. Det var då svært mange stereoselskap, både i USA og i europeiske land. Ut frå informasjonen på biletkartongane til Myklebust, produserte han eigne nummererte seriar i denne perioden. Dette var foto som skulle seljast i det norske miljøet i Iowa, kanskje endå vidare. Myklebust fotograferte både landskap, historiske bygningar og familiar framfor gardsbruk, nett som Morrison. Men han hadde trykt informasjon om garden/plassen på baksida av kartongen.

Minst to nummererte seriar merka Views from Norway er kjende frå besøk i bevaringsinstitusjonar i Iowa. Desse finst alle i arkivet til Museums of Story City, musea til Story City Historical Society. I tillegg finst det fleire slike Views from Norway-stereokort i private heimar i Sunnhordland.

Myklebust vart også fotografen for fleire norske bygdelag i USA. Då brukte han panoramakamera. Han var mellom anna reisefotograf for Stavanger amt-laget på turen til Noreg i 1914 i samband med 100-års jubileet for Grunnloven.

I dag finst fleire av fotografia til både Morrison og Myklebust i lokale bygdebøker i Sunnhordland, til eks. i seksbandsverket Skåneviksoga av Anders Haugland (sjå www.bokhylla.no).

Utan tvil finst det langt fleire stereofotografi av dei fire fotografane enn dei me kjenner til i dag, både i USA og her i landet. Dei mange lokale småbyavisene i alle statar i USA representerer gode kjelder til den norsk-amerikanske fotograf- og fotografihistoria. Dette gjeld også dei norsk-amerikanske avisene, særleg Visergutten til eksempel for dei fire stereofotografane i Iowa. Visergutten vart grunnlagt i Story City i 1894 og heldt til der til 1918.

Samla har det vore om lag 700 fotografar i USA med norsk bakgrunn (Sigrid Lien). Alle produserte ikkje stereofotografi eller besøkte heimlandet. Det ventar likevel mange forskingsoppgåver innan området «Lengselens bilder», også når det gjeldstereofotografiet. USA er eit kontinent med 50 statar. I alle budde og bur det mange nordmenn. For alle desse var og er fotografiet eit viktig minnebilete og bindeledd til familien og heimlandet.

Det er ikkje kjent når Christ. P. Myklebust produserte stereokortserien Views of Norway No 14, eller kor mange fotografi serien inneheldt. Her er Åkra kyrkje i nåverande Kvinnherad kommune, med nr. 528 i serien. Informasjonen er trykt på baksida av fotokartongen. Foto: Myklebust Studio, Eagle Grove, Iowa. Eigar: Story City Historical Society, USA.
Det er uvisst om No 14-serien omfatta fleire kyrkjesokner enn Åkra og Holmedal i Sunnhordland. Her er nr. 517, garden Hillesdal i Åkra, med bruket til Østen J. Hillesdal. Myklebust trykte informasjon om staden eller namnet på familiefaren og garden på baksida av kartongane. Foto: Myklebust Studio, Eagle Grove, Iowa. Eigar: Story City Historical Society, USA.
Myklebust fotograferte også i fleire kommunar i Nord-Rogaland, men nøyaktig tidspunkt og reisemønster er ikkje kjent i dag utover at han var i Sauda i 1907, og at han kom til Noreg til Grunnlovsjubileet i 1914. Dette fotografiet frå Hjelmeland har nr. 250 som serienummer og 620 som negativnummer. Det er ikkje kjent om det var eit bestillingsbilete, eller om han tok fleire i Hjelmeland. Foto: Myklebust Studio, Eagle Grove, Iowa. Eigar: Story City Historical Society, USA.

Aktuell litteratur

-Alsvik, Jan 1989: ”Martin Morrison. Fotograf, florist og filosof”. I Ætt og Heim 1989. Lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger.

-Kollhøj, Jens Petter 2017: «Lenestolturisme i stereo». I Fotografi nr 4, 2017. Oslo.

-Larsen, Peter/Sigrid Lien 2007: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering. Oslo.

-Lien, Sigrid 2009: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie. Oslo.

-Lien, Sigrid 2018: The pictures of longing. Photography and the Norwegian – American migration. Minneapolis/London.

-Mathisen, Ola Matti, 2008: «Uskedeling vart fotograf i Iowa». I Uskedalsposten sommaren 2008 (www.uskedalen.no).

-Risa, Lisabet 2001: ”Rasmus Pederson Thu – reisefotografen, friluftsfotografen og atelierfotografen”. I Svart hvitt – kulturhistorisk fotografi, nr. 1-2. Oslo.

-Risa, Lisabet 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland. Stavanger.

-Risa, Lisabet (red) 2018: Med blikk og kamera. Fotografihistoria i Time frå 1860-åra til vår tid. Bryne.