Nasjonal bevaringsplan for Widerøe-luftfotografia
I 2009 etablerte det nasjonale fotonettverket eit bevaringsprosjekt for alle Widerøe-arkiva i landet. Første oppgåva var å kartleggja kor alle arkiva finst i dag, og korleis tilstanden er for dette verdfulle fotografiske materialet. Neste steg er å laga ein nasjonal bevaringsplan for alle Widerøe-arkiva. Til dette har det nasjonale nettverket nettopp får 240 000 kr i prosjektstøtte frå ABM-utvikling.
Det nasjonale fotonettverket er eit samarbeidstiltak mellom Preus Museum og alle regionale fotoansvarsinstiusjonar her i landet. Preus Museum, det nasjonale ansvarsmuseet for fotografi, er ”navet” i nettverket og har sekretariatsfunksjonen. I Rogaland er Statsarkivet i Stavanger regional ansvarsinstitusjon.
Kommunane kjøper Widerøe-arkiva
Den lokale historia til Widerøe-arkiva går tilbake til 1973. Då fekk alle kommunane i landet skriftleg tilbod frå flyselskapet Fjellanger-Widerøe om kjøp av dei eldre negativarkiva til selskapet. Tilbodet galdt både svart-kvitt- og fargenegativarkiva. Serien med positivar var ikkje komplett. Men kommunane fekk positivane ”med på kjøpet” når dei bestilte negativsetta.
Då kommunane kjøpte fotomaterialet frå Fjellanger-Widerøe, fekk dei tilsent fire seriar:
1.
-fotokort med påstempla negativnummer, påkleba svart-kvitt-bilete og opplysningar om stad (ikkje komplett serie til det tilsvarande negativarkivet)
2.
-negativa til desse svart-kvitt-bileta i brune konvoluttar med påstempla negativnummer.
3.
-positive fargebilete i format 4,5 x 06 cm med med negativnummer, gards- og bruksnummer og datoreferanse på baksida.
4.
-fargenegativa i lommar på ark av pergaminpapir.
I dag skulle vi ønskja at denne oppsplittinga av dette store nasjonale arkivet var ugjort, og at alt materialet var sikra i til dømes Riksarkivet eller i Nasjonalbiblioteket sitt fotoarkiv i Mo i Rana. Vi får likevel vera glade for at arkivet ikkje vart kassert, og at selskapet Fjellanger-Widerøe tok på seg alt arbeidet med å senda ut negativ- og positivarkiva til så å seia alle kommunane i landet. På den andre sida vart dette avhendingsprosjektet ei god inntekstkjelde for selskapet.
Rogalands-kommunane og Widerøe-arkiva
Men Widerøe-arkiva fekk ein ulik lagnad i kommunane. Fleire lånte ut materialet til historielag eller private som ville hjelpa til med registrering. I åra etter 1976 prøvde det då nyetablerte Interkommunalt Arkiv i Rogaland å kartlegga og sikra dette verdfulle fotomaterialet i samarbeid med Statsarkivet i Stavanger.
Ennå, i 2010, er ikkje alt materialet sikra. To kommunar i Rogaland kjenner ikkje til kor fotoarkivet deira er i dag, og i fleire kommunar vert ikkje materialet oppbevart på ein forsvarleg måte. Dei konvoluttane som svart-kvitt negativa kom i, er til dømes svært syrehaldige. Når materialet ikkje vert oppbevart i klimaregulerte magasin, kan vi rekna med at negativa vert øydelagde. Dette har skjedd i ein av kommunane i Rogaland. Nedbrytingsprossessen har også starta aktivt i svart-kvitt-negativserien i fleire andre kommunar.
Her i Rogaland har vi kartlagt statusen for alle arkiva, med unntak av dei to kommunane der arkiva er ”borte”. Til saman 13 meir og mindre fullstendige Widerøe-arkiv vert oppbevart i kjølemagasin ved Statsarkivet i Stavanger, Dalane Folkemuseum og Ryfylkemuseet. I samarbeid med Statsarkivet i Stavanger arbeider nå Interkommunalt Arkiv i Rogaland aktivt for at alle Widerøe-arkiva i IKA-kommunane skal få gode oppbevaringsforhold. Registrering og digital formidling av materialet kjem i neste omgang.
Den 4. januar 2010 sende NRK-Lokalen eit fjernsynsinnslag om Widerøe-arkiva i Rogaland. Dette kan du sjå her: Innslag NRK-lokalen
Vil du lesa om historia til Widerøe-fotografia i Rogaland, kan du gå til ”fana” Historia her på nettsida vår eller trykke her Widerøe.