Ei samling matchande stolar til stova. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.
Bedrifta si historie
Karl Dahle var møbelsnikkar og forhandlar i Sandnes. Han vart fødd i 1876, på Dale i Hetland herad, og kom til Sandnes i 1899. Han hadde utdanna seg som møbelsnikkar på Jørpeland, og i Sandnes arbeidde han som svein i eit år, før han starta sin eigen møbelverkstad i Flintergata.
Detaljerte utskjeringar. Sofa før sitteputa er på plass. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.
Allereie etter eit år hadde verkstaden vakse ut av dei første lokala, og nye lokale vart leigde i Langgata 4.
I 1907 vart det igjen flytting, til Langgata 48, der forretninga låg til han vart lagt ned i 1987. Her var det plass til både moderne produksjonsutstyr og eigen butikk. Produksjonen flytta etter kvart til nye lokale, og møblar frå andre fabrikkar vart tekne inn i butikken.
Nokre møblar vart fotografert utanfor butikklokala i Langgata. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.
Dahle spesialiserte seg på stovemøblar (stolar, kommodar, skap, hyller o.s.b.) i antikk stil, med detaljerte utskjeringar. Som ein del av marknadsføringa vart møblane fotograferte, både kvar for seg og samla i grupper, og det er desse fotografia som utgjer fotosamlinga.
Oppigjennom åra har verksemda nytta ulike namn:
Karl Dahle
Karl Dahle Møbelforretning
Karl Dahle og Sønner
Ei nyare sittegruppe. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent
Om fotosamlinga
Då fotosamlinga kom til Jærmuseet i 2004 gjennom arvingane etter møbelforretninga, var ho ikkje ordna på noko vis. Det vart utført i 2016 under registreringa i samband med dokumentasjon av møbelproduksjonen i Sandnes. Det heile er ei førebuing til møbelutstillinga som kjem på Vitenfabrikken i 2017.
Samlinga består i hovudsak av produktfotografi av møblane som vart laga og seld i butikken, og er mest truleg tekne for å nyttast i reklame.
Skap med utskjeringar, truleg fotografert i butikken sin bakgård. Biletet er limt på ei papp-plate, truleg ei katalogside, og har ikkje tolt limet særleg bra. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: ukjent.
Under ordninga vart det skild ut seks seriar med lysbilete og reklamemontasjar for kino, to album/katalogar, ein serie med glasplater til storformatkamera, og eit par 35mm-filmrullar. I tillegg var der om lag 400 lause bilete i varierande storleik.
Fotografia er ikkje daterte, og dei er heller ikkje merkte med nokon signatur frå fotograf. Om fotografen er Dahle sjølv, ein av dei tilsette, eller innleidde fotografar veit me ikkje. Fleire av bileta er merka med stempel frå produsenten, inkludert Dahle sjølv, og ein del andre har påskrivne prisar.
Soveromsmøblar. Eit av få bilete med stempel frå fotograf: B. Kalvig. Fotografi: Jærmuseet, fotograf: Børge Kalvig.
Dei ulike namna som verksemda har nytta går og igjen på stempla som er brukte på bileta, og kan til ein viss grad hjelpa med dateringa. «Karl Dahle og Sønner» vart til dømes teke i bruk etter at dei tre sønene, Trygve, Karsten og Birger, vart med i forretninga (ei utgåve av «vår industris geografiske fordeling, frå 1939 brukar dette namnet). Dei andre namna har vore brukt i avisannonser og bøker, både før og etter at sønene vart med, og gjev dermed ikkje nokon datering.
Ut i frå fotomaterialet, dei avbilda møblane, og stempla som er brukte, antek me at fotografia i hovudsak er frå 1920- og 1930-talet.
Sauda Lokalarkiv er ei sjølvstendig stifting, men det blir arbeidd for at lokalarkivet skal bli ei avdeling av Ryfylkemuseet. Arkivet rommar variert arkivmateriale frå Sauda-samfunnet, men dei største arkiva er etter dei to store bedriftene som har omforma Sauda gjennom dei siste hundre åra. Det er kraftselskapet Saudefaldene AS, og det er smelteverket, som i dag heiter Eramet Norway Sauda, men som i størstedelen av si levetid har heitt Electric Furnace Products Company, Limited, forkorta til EFP.
Sønnåhamn i Sauda hausten 1916. Det var enno heilt i byrjinga av anleggstida. Ei brygge er under bygging og ei kran har kome på plass. I det kvitmåla huset i vika til venstre hadde Saudefaldene kontor den første tida.
I desse to bedriftsarkiva er det også eit omfattande fotomateriale. Det er snakk om rundt 2000 foto frå perioden 1916-1960 i smelteverketes arkiv, og knapt 3000 foto frå om lag same periode frå Saudefaldene. Størsteparten av bilda er katalogiserte på tradisjonelle fotokort, men berre ein del av dei er digitaliserte.
Vi gjengir her nokre smakebitar frå fotosamlingane, som gir oss eit bilde av korleis krafta og industrien kom til å omforma fjordbygda Sauda.
Anleggstida er over, EFP sin fabrikk på Klubben i Sauda er i gang. Det skjedde i 1923. Den opprinnelege planen var at EFP skulle produsera karbid, og det var ein karbidfabrikk som vart bygd. Den stod ferdig i 1920, men den kom aldri i drift fordi det ikkje lenger var marknad for karbid. I staden vart anlegget ombygt til produksjon av ferrolegeringar.
Det nye Sauda
Starten på det nye Sauda kan tidfestast til 1914. Den 1. juli gjorde Stortinget vedtak, etter ein omfattande debatt, om at Saudefaldene skulle få konsesjon til å byggja ut Storelva. Dette var i realiteten ei avgjerd som skulle føra til ei total omforming av det gamle Sauda-samfunnet. Utnyttinga av vasskraft til produksjon av elektrisk energi er grunnlaget for det Sauda vi kjenner i dag.
Det var hesten som var den viktigaste trekkrafta i anleggstransporten dei første åra. Men dei byrja også å ta i bruk bilar. Her køyrer ein 3,5 tonns «Lastautomobil» material til Saudefaldene sommaren 1916.
Åra frå 1907 til 1914 var ei førebuingstid, med samling av vassrettane på eigarhendene til Knut Worsøe og Einar Meling, med skiping av Saude Vasdragsselskab og deretter Aktieselskabet Saudefaldene. Framståande menn i det bergenske og stavangerske næringslivet teikna seg som aksjeeigarar, deriblant Sigvald Bergesen og Christian Michelsen, sjølvaste statsministeren frå 1905.
Eit brakkelag med anleggsfolk og kokker under kraftutbygginga ved Dalvatnet i Sauda i 1920.
Ein føresetnad for å kunne setta i gang med stortstilt kraftutbygging var at A/S Saudefaldene hadde nokon å selja krafta til. Etter å ha hatt kontakt med fleire interessentar, enda dei opp med det store amerikanske selskapet Union Carbide and Carbon Corporation i New York, som var interessert på vegne av det canadiske dotterselskapet sitt, Electric Furnace Products Company, Limited (EFP). EFP hadde planar om å etablere ein karbidfabrikk i Sauda, og denne fabrikken trong mykje elektrisk kraft. Denne ville dei leiga av Saudefaldene.
Konsesjon for A/S Saudefaldene og Electric Furnace Products Company, Limited vart gitt samtidig, ved kongeleg resolusjon av 11. desember 1914. Dette var første gong amerikansk kapital gjekk inn med tyngde i norsk industrireising. Ved tidlegare utbyggingar var det europeiske industri- og finansinteresser som hadde vore inne i bildet.
Med sterk is på Storlivatnet kunne røyra køyrast inn til Stasjon I med hest og slede.
Anleggstid
Stolte arbeidarar og funksjonærar på eit flunkande nytt lokomotiv med firmanamnet på.
Saudefaldene og EFP skulle setja i gang anleggsarbeidet i 1915, midt under 1. verdskrigen. Krigstilstanden vanskeleggjorde alt som hadde med varekjøp og import å gjera, sjølv om Norge var nøytralt. Og ei galopperande prisstiging skaut fart, og alle kalkylar vart spengde. I tida framover var det store anleggsarbeid både i heia og nede i bygda i Sauda. Her vart støypt store fundament, skjeletta til dei mektige fabrikkbygningane skaut i veret, ei 120 meter lang betongkai var under bygging, og store kranar kom på plass. Samtidig pågjekk det husbygging i stor stil til dei nye arbeidarane og funksjonærane, og gater, vatn og avløp måtte anleggast. Den nye tid hadde verkeleg kome for fullt, Sauda stod i forvandlinga sitt teikn.
Fabrikken i Sauda sette i gang ei storstilt bustadbygging i Åbøbyen for å skaffa gode husvære til arbeidarar og funksjonærar. Heile anlegget var bygd slik at det reflekterte at bebuarane hadde forskjellig stillingar på fabrikken. Dei med høgast stillingar budde i dei beste husa, og desse hadde den beste plasseringa.Tonnevis av stein vart transportert ut med hest frå tunnelane. Med skinnegangar og vogner (vaggar) gjekk arbeidet lettare. Lokomotiv drivne av pressluft (compressed air locomotive) vart også teke i bruk. Bildet er frå vinteren 1928.
Det vart bygt tre kraftstasjonar i Sauda mellom 1915 og 1931. Stasjon I ved Storlivatnet kom i drift i 1919, stasjon II ved Dalvatnet i 1922 og stasjon III i Sønnåhavn i 1931. EFP sin fabrikk på Klubben i Sauda kom endeleg i gang i 1923. Den opprinnelege planen var at EFP skulle produsera karbid, og det var ein karbidfabrikk som først vart bygd. Den stod ferdig i 1920, men den kom aldri i drift. For etter verdenskrigen var karbidens gullalder forbi. Botnen hadde falle ut av den marknaden, dermed var det ikkje aktuelt for EFP å setta i gang med produksjon av karbid. I staden bestemte bedrifta seg for at anlegget skulle ombyggast til produksjon av ferromangan. Det skjedde i åra 1920-1923. Manganen vart henta frå Ghana i Vest-Afrika, av båtar som gjekk i fast rute.
Bygging av Stasjon III
Ved Elvekryss går vassrøyret som leier vatn til Stasjon III i Sønnåhavn i eit imponerande spenn tvers over dalen. Dette bildet er truleg frå 1929, då arbeidet pågjekk. Røyret var ferdig montert i 1930.
Saudefaldene hadde brukt dei første 10-11 åra til bygging av Stasjon I ved Storlivatnet og Stasjon II ved Dalvatnet med tilhøyrande dammar og tunnellar. Anleggsarbeida på Stasjon III tok til i 1927. Denne utbygginga utnyttar Storelva sitt fall mellom Storlivatnet i Hellandsbygd og Saudafjorden. Det skulle byggjast dam ved sørenden av Storlivatnet, ein over sju kilometer tunnel ned til fordelingsbassenget ovanfor Sønnå, røyrgate ned lia til kraftstasjonen og så sjølve kraftstasjonsbygget i Sønnåhavn. Over vegen i Tverrdalen vart røyrgata bygd i ein spektaulær boge, 32 meter over dalbotnen og med ei spennvidde på 60 meter, som var ferdig i 1929. Stasjon III var klar for prøvekøyring i oktober 1930 og vart sett i drift i februar 1931.
Det var eit strevsamt og møysommeleg arbeid å få på plass svære røyr til røyrgatene i bratte fjellsider.Stasjon I ved Storlivatnet vart bygd i åra 1916-1920. Prøvedrift kom i gang frå 20. oktober 1919, og frå då av var A/S Saudefaldene i gang som kraftprodusent. Bygningen er i typisk kraftstasjonsarkitektur frå si tid.
Stasjon III i Sauda framstår i dag som eit arkitektikon. Bygget vart teikna av arkitektane Andreas H. Bjercke og Georg Eliassen og bygt av entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen. Bygningen er i den særprega art deco-stilen, men har også element frå nyklassisismen, og fekk seinare også trekk frå funksjonalismen. Stilarten er lite brukt i Norge og enno mindre innanfor industriarkitektur. Stasjon III er ved mange høve framheva som ein fin og eigenarta kraftstasjonsbygning, både innvendig og utvendig, og han er føreslått verna av NVE. Hovudfasaden har ei spesiell vindusløysing med tre store runde «koøyer» nedst og eit horisontalt vindusband øvst. Stasjonen er bygd i betong og har ein lysegrøn fasade. Bygget er 38,5 meter langt, 20 meter breidt og 17 meter høgt.
Stasjon III i Sønnåhamn i 1930, snart klar for prøvekøyring. På denne tid vart kraftstasjonar framleis bygde ute i dagen og røyrgata ført nedover fjellsida bak stasjonsbygningen. Seinare vart både kraftstasjon og tilførselssjakt for vatnet bygt inne i fjellet.Søndenåhavn kraftstasjon, Stasjon III eller Sauda III, slik han framstår i dag. Bygningen er i art deco-stil og er teikna av arkitektane Andreas H. Bjercke og Georg Eliassen. Foto: Jarle Lunde, Suldal Foto.
Litteratur:
Kjartan Fløgstad: Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Oslo 1990.
Ved Haugalandmuseene har vi fått en samling fotografier med motiver fra Haugesund Mekaniske Verksted (HMV), tatt av fotograf Tor Brekke i perioden 1970 – 1990. Brekke ga et utvalg av samlingen til Karmsund folkemuseum sin samling i 2013. Tor Brekke tok bilder hver gang det skjedde noe det var verdt å ta bilde av på HMV. Han beholdt alle rettigheter til bildene, men tjente penger på utforming og produksjon av trykksaker til HMV. Samlingen består av fotografier av plattformer, skip, offshore-konstruksjoner og innredning av skip ved HMV. Det er også en del bilder av ansatte i arbeid, samt fotografier tatt fra fly. Samlingen består av i alt 1441 fotografier, og består av fargenegativer på 120mm film, diapositiver og papirbilder.
H.M.V, 1973 «Mobil Navigator». Baugen heises på plass og monteres. Foto: Tor Brekke, MHB-F_TB-7346-2.
Haugesund Mekaniske Verksted ble etablert som skipsverft i indre havn i Haugesund 11. april 1900. Verftet flyttet i 1912 til vestsiden av Risøy. Fram til 1950 var verftet beskjeftiget med skipsreparasjoner og ombygninger. I 1950 begynte verftet med bygging av skip for handelsflåten. De bygget helsveisede spesialskip, og den første kontrakten var et kjøleskip på 1000 t. dw. for Marthinussen fryseanlegg, Bergen – innredet for nedfrysing og eksport av makrellstørje. De neste kontraktene var blant annet spesialtankskip og flere større bulklasteskip. Fra 1970-årene har virksomheten vært konsentrert om offshorearbeider, som bygging av moduler og reparasjoner av skip og olje- og gassplattformer. Bedriften eies i dag av av Aibel AS.
H.M.V. Flyfoto, 1979 Verftområdet. Tankskipet «Jorek Combier» fra Bergen ligger ved kai. Haugesund i bakgrunnen. Foto: Tor Brekke, MHB-F_TB-7904-2
Tor Brekke begynte å fotografere hos HMV da Haugesund Industriens informasjonstjeneste var i drift. Brekke fulgte for det meste med selv på når det skjedde noe på verftet og ordnet alltid med transport i fly og på båt selv, mens HMV dekket utgiftene. Ved sjøsettinger og andre store hendelser, ble det avtalt tid for fotografering.. Brekke tok ikke honorar for bildene fra HMV, han beholdt rettighetene selv, mens HMV hadde bruksrett. Han tjente penger på å lage trykksaker, og da trengtes det bilder. Han administrerte etter hvert annonsebyrået deres og jobbet mye sammen med HMV.
H.M.V. Flyfoto, 1986. Verkstedområdet. Tre plattformer på rekke og rad. Bakerst «Ross Isle», i midten «Threaser Finder» og nærmest «Threasure Seeker». Diverse skip ved kai. Foto: Tor Brekke. MHB-F_TB-8634-1.
Brekke tok også bilder av annen industri i regionen i perioden ca. 1960 til 1990, både fra lufta og på bakken. Det var få andre som spesialiserte seg på industrifotografering, og ingen gjorde dette over et så langt tidsrom som han. Han tok bilder i en periode hvor industrien gikk over fra skipsbygging til offshoreinstallasjoner. Samtidig mistet industrien den lokale kontrollen fra rundt 1980-tallet og de mistet også kontrollen over markedsføringen. Brekke sluttet på 1990-tallet å ta oppdragsbilder for industrien.
H.M.V, 1991. M30/M70 for Oseberg C. Utkjøring fra Nordsjøhallen. Foto: Tor Brekke, MHB-F_TB-9109-3.
Av Grethe Paulsen Vie, konservator Haugalandmuseene
Billy the Kid, nummer 4 fra venstre, spiller krokket ved Fort Sumner, New Mexico i 1878.
Dette bildet på en ferrotypi i privat eie, fotografert i 1878, viser en stor gruppe personer som spiller krokket ved Fort Sumner i New Mexico i 1878. Det interessante er at person nummer fire fra venstre er Billy the Kid, en av de mest kjente lovløse fra den «ville vesten». Dette faktum ble oppdaget i 2015, da det ble bekreftet at dette faktisk var Billy the Kid. Det var fram til dette kun kjent ett bilde av Billy the Kid, men mange har tidligere forsøkt å fremstille falske bilder som de har påstått var Billy the Kid.
Et slikt bilde er selvfølgelig av uvurderlig historisk verdi, men er også verdivurdert til 40 millioner kroner. Dette bildet er i privat eie, men mange museer har store mengder eldre fotografier av forskjellige typer. Når man ser hvilken verdifull informasjon som kan gjemme seg i ett enkelt fotografi, illustrert av denne ferrotypien fra 1878, kan man jo begynne å lure på hvor store verdier museene, som forvalter tusenvis av eldre fotografier, egentlig forvalter. Og når dette fotografiet ikke ble oppdaget før 137 år etter at det ble tatt, hvilke hemmeligheter venter fremdeles på å bli funnet i museenes samlinger? Ta dette som en inspirasjon til å oppdage noe nytt, enten i samlingene eller på bestefars loft!
Selv om alle nå tar digitale bilder, er det analoge fotografiets historie langt fra slutt, den har bare så vidt begynt…
Fotograf Erik Hadland Torjusen på ukjent restaurant eller spisesal, antageligvis i Holmenkollen i Oslo. Foto tatt mellom 1887-1903. Foto: E. H. Torjusen, DFF-EHT0285 (utsnitt).
Fotofirmaet E. H. Torjusen ble opprettet i 1880, og skulle bestå til omkring 1915. Bak fotofirmaet E. H. Torjusen finner vi fotografen Erik Hadland Torjusen (1855-1935), en allsidig mann. Han var blant annet fotograf, telegrafbestyrer, ordfører og stortingsmann. Han var også formann i både Egersunds Mandssangforening og Egersunds Skog- og Træplantningsselskab, samt medstifter av Dalane Folkemuseum. Han fikk muligheten til å oppleve mange store samfunnsendringer i sin levetid – både politisk og teknologisk. Torjusen var sønn av handelsborger Rasmus Torjusen og Berthe Tallina Torjusen (f. Hadland). Som så mange andre i Egersund fikk han jobb på A/S Egersunds Fayancefabriks Co., da som kontorist i 1872. I 1875 tok han telegrafisteksamen i Stavanger. Han arbeidet først som telegrafist i Nordland fram til 1878, så i Tønsberg. Det var antagelig der han traff sin kone, Anna Sofie Torjusen (f. Hytten). I 1880 ble han telegrafist i Egersund. Han opprettet da sitt fotografiske atelier, som han drev fram til cirka 1915. Han var en dyktig fotograf, som i løpet av de 25 årene rakk å ta svært mange fotografier, både portretter, gate- og landskapsfotografier. Det er disse fotografiene som i dag utgjør det største monumentet over Torjusens arbeid, og som det bare vil bli viktigere og viktigere å bevare.
Reklame for «E. H. Torjusen’s Fotografisk Atelier Eckersund». DFF-EHT0948.
En reklametegning for «E. H. Torjusens Fotografisk Atelier Eckersund» viser fotoatelieret som en bygning med glasstak og glassvegg, nesten som en krysning mellom hus og drivhus. Slik måtte det være hvis man skulle ta portrettfotografier innendørs. Før man fikk innlagt elektrisitet, var nemlig det beste fotolyset dagslys. Det ideelle var å ha glassveggen vendt mot nord, da det ga likt lys hele tiden, uten skygger. Systemet var i bruk til langt ut på 1950-tallet. Utenfor atelieret ser vi en nydelig hage i to forskjellige nivåer med trapp mellom, og huset har flere bitte små etasjer. Reklamebildet er kraftig overdrevet og idyllisert i forhold til virkeligheten.
E. H. Torjusens atelier i Strandgaten i Egersund (den øverste bygningen i bildet), fotografert i 1896 av Peter Arnfinn Flak. DFF-AF0107 (utsnitt).
I virkeligheten var Torjusens atelier et lite, avlangt hus som lå i hagen bak huset hans i Strandgaten 31 i Egersund. Før omleggingen av nummereringen i Strandgaten, det vil si på Torjusens tid, hadde dette huset adressen Strandgaten 14. I det huset bodde Erik Hadland Torjusen sammen med moren sin, kona, de 8 barna sine, og søsteren Inga Sofie Torjusen.
Eriks søster, Inga Sofie Torjusen, som også jobbet som fotograf for E. H. Torjusen. Cirka 1885. Foto: E. H. Torjusen, DFF-EHT0076 (utsnitt).
Inga Sofie var også fotograf slik som broren, og en slektning uttalte i ettertid at det var alltid «tante» (dvs. Inga Sofie) som utførte mesteparten av arbeidet. Erik ble nemlig utover 1900-tallet etter hvert svært opptatt med sine mange verv i forskjellige organisasjoner og foreninger, tidvise ordførerverv i Egersund, samt jobben som telegrafbestyrer i Egersund.
Torjusens atelier og bolig lå på slutten av 1800-tallet i nærheten av mange flotte motiver for fotografering. For folk som kom til Egersund sjøveien og gikk i land på dampskipsbryggen, var enden av Strandgaten inngangsporten til byen. Det var derfor naturlig at mye av næringslivet hadde etablert seg i denne gaten, og at Egersunds handelssentrum var mer vridd i denne retningen enn det er i dag.
Bradbenken i Strandgaten i Egersund, fotografert 1890-1900. Foto: Erik Hadland Torjusen, DFF-EHT0484.
Hadde man tatt en spasertur fra Torjusens hus og mot dampskipsbryggen i enden av Strandgaten, ville man først truffet på en bradbenk på høyre siden av gaten. Bradbenker ble brukt til å kjølhale sjøfartøy for å reparere blant annet skipets kjøl og side slik at det ble tett. Dette foregikk ved at man krenget hele skipet over på siden ved hjelp av tauverk, slik at man fikk adgang til bunnen av skipet som vanligvis var under vann. Så tettet man sprekkene med drev; gammelt, opptrevlet tauverk, og smørte det hele med tjære eller smeltet bek.
Dampskipskaien i Egersund fotografert rundt 1900. Foto: Erik Hadland Torjusen, DFF-EHT0304.
Gikk man videre et par hundre meter, kom man til dampskipskaien. Der kunne det være livlig. Før jernbanen ble ført fram til Oslo, var båt den mest effektive måten å komme seg fram langs kysten. Svært mye frakt, av post og varer pakket i tønner og kasser, gikk ut og kom inn med skip. Hvis en Egersunder skulle et sted i verden, begynte han mest sannsynlig reisen her. Og hvis noen reiste fra øst og skulle til Stavanger eller videre nordover, gikk de (etter byggingen av jernbanen i 1878) ofte av i Egersund for å ta toget på Jærbanen videre mot Stavanger, for å slippe bølger og sjøsyke over det beryktede Jærhavet.
Det er vanskelig å forestille seg hvordan det må ha opplevdes å komme i land på dampskipskaien i Egersund på slutten av 1800-tallet, men gjennom Torjusens forbløffende detaljrike bilder kan vi få et lite innblikk (helbilde ovenfor og utsnitt nedenfor). Legg merke til glasskulen i hagen utenfor restauranten i utsnittet nedenfor, en tidligere forholdsvis vanlig hagedekorasjon som man også kan se i kunstneren Christian Kroghs to oljemalerier fra 1918, «Haven med glasskulen» og «Selvportrett i glasskulen».
Restaurant Gibraltar i Egersund lå opp en bratt bakke rett etter dampskipskaien i Egersund. Ca. 1900. Foto: Erik Hadland Torjusen, DFF-EHT0304 (utsnitt).Skilt på dampskipskaien i Egersund. Utsnittet er dratt i bredden for å korrigere for perspektivet. Fra venstre ser vi reklame for «R. E. Ottesens Chokolade», et skilt som forteller om «Jernbanetog til Stavanger» og til slutt logoen til «J. R. Hiorth Dampskibs Expedition». Ca. 1900. Foto: Erik Hadland Torjusen, DFF-EHT0304 (perspektivkorrigert utsnitt).Til venstre ser vi innehaveren av dampskipsekspedisjonen, dampskipsekspeditør Jacob Fredrik de Rytter Hiorth. Mannen til høyre er ukjent. Cirka 1900. Foto: Erik Hadland Torjusen, DFF-EHT0304 (utsnitt).Sønnene til dampskipsekspeditør Jakob Fredrik de Rytter Hiorth og Kaja Sevaldsen Hiorth. Fra venstre: 1: Anders Sevaldsen Hiorth, 2: Thorald Schlytter Hiorth, 3: Jacob de Rytter Hiorth.
E. H. Torjusen tok, som så mange fotoatelierer, massevis av portrettfotografier. Selv om det er mange registrerte landskaps- og byprospekter i samlingen, er portrettmengden mye større, og samlingen hos Dalane Folkemuseum inneholder rundt 10 000 glassplater med portrettfotografier. Dessverre er fotografens fortegnelse over glassplatene og kundene tapt, slik at de fleste av de avbildede personene er ukjente. Men personene på bildet ovenfor er kjente. Det er sønnene til dampskipsekspeditør Jakob Fredrik de Rytter Hiorth, som også selv er avbildet lenger oppe i artikkelen. Portrettbildet, som kanskje er fotografert av Eriks søster Inga Sofie, fungerer som et slags frampeik for de tre avbildede guttenes karriere. Mest kjent ble kanskje Jacob de Rytter Hiorth, gutten som holder en åre. I løpet av sin sjømannskarriere seilte han blant annet som kaptein på et passasjerskip for selskapet «Black Star Lines», personlig ansatt av eieren, den kjente afroamerikanske lederen Marcus Garvey fra Jamaica. Marcus Garvey var grunnleggeren av «The Universal Negro Improvement Association and African Communities League», en forening som jobbet for å forbedre forholdene for afroamerikanere. Han har senere blitt en nasjonalhelt på Jamaica og er blant annet avbildet på mynter av både 25 cents og 20 dollars verdi i Jamaicansk valuta.
Når man ser hvor mye interessant historie man kan knytte til et portrettfotografi når navnene er kjent, er det synd at det ikke er en fortegnelse over større deler av fotosamlingen etter firmaet E. H. Torjusen. Men de kan kanskje bli identifisert i framtiden.
Til avslutning vil jeg vise et fotografi av en av de velbemidlede familiene i Egersund på slutten av 1800-tallet. Fotografiet er av familien Bøe på landstedet deres på Slettebø i Egersund. Det er den tidligere sorenskrivergården fra 1850-tallet som ble bygget av Christian Feyer, og som nå inngår i hovedanlegget til Dalane Folkemuseum på Slettebø. Bygningen bak familien i fotografiet er lysthuset på Slettebø, som ble bygget før selve gården av konsul Truls Christian Krogh på 1830-tallet.
Familien Bøe på landstedet på Slettebø i Egersund, foto tatt foran lysthuset. Antatt fotografert 1898. Fra venstre: Bakerst: 1: Kirsten Bøe, 2: Anna Bøe, 3: Ole Hamre Bøe, 4: Dr. Wilhelm Bøe, 5: Wilhelm Bøe. Foran: 1: Engel Hveding med 2: datter Christine, 3: sønn Wilhelm Hveding og 4: Engel Bøe. Lengst framme: 1: Barnepiken «Goa» med 2: Engel Hveding. Foto: E. H. Torjusen, DFF-EHT0063 (retusjert).
Fotosamlingen etter firmaet E. H. Torjusen ble overlevert til Dalane Folkemuseum før 1925, dette vet vi da det nevnes i en notis i en lokal avis i forbindelse med fotograf Erik Hadland Torjusens 70-årsdag. Erik Hadland Torjusen var en av museets medstiftere i 1910.
Kilder:
Arkivverket (2016) Digitalarkivet. Ministerialbok for Eigersund prestegjeld, Ogna sokn 1827-1850 (1116Q): Jacob de Rytter Hiorth [Internett].
Fotonettverk Rogaland (2012) Atelierfotografar i Egersund og Dalane før 1960 [Internett]. Tilgjengelig fra: <http://fotonettverk-rogaland.no/historia/3-fotografane-og-arbeida-deira/3-2-atelierfotografar/atelierfotografar-i-egersund-og-dalane-for-1960/> [Nedlastet 23. februar 2016].
Hill, Robert A. (1989) The Marcus Garvey and Universal Negro Improvement Association Papers Volume VI. Berkeley and Los Angeles, California, University of California Press.
Hill, Robert A. (1990) The Marcus Garvey and Universal Negro Improvement Association Papers Volume VII. Berkeley and Los Angeles, California, University of California Press.
Hiorth, Petro (1970) Stamtavle over slekten Hiorth. Stavanger, Dreyer Aksjeselskap.
Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste PolSys (NSD PolSys) (2012) Erik Hadland Torjusen [Internett]. Tilgjengelig fra: <http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=&lan=eng&MenuItem=N1_1&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=12992> [Nedlastet 23. februar 2016].
Bøe, Jon Magne (2012) En reise i Torjusens bilder. I: Årbok for Dalane 2011-2012. Egersund: Dalane Folkemuseum, 37-64.
Fredsdagene 7.-8. mai 1945 i Stavanger. Foto: Søiland/ Stavanger maritime museum
I 2015 er det 75 år siden den tyske okkupasjonen av Norge og 70 år siden frigjøringen. Museum Stavanger markerer dette med en utstilling som tar utgangspunkt i fotosamlingene til Stavanger maritime museum og Kulturhistorisk avdeling.
Margit Petersen ble født i Stavanger 4. mai 1881. Hun var datter av Peter Petersen, opprinnelig fra Egersund, og Ingeborg Lorentzia Petersen (f. Olsen), som kom fra Grue prestegjeld i Solør. Margit var eldst av åtte søsken, og vokste opp i Stavanger. I 1900 bodde familien i Stokkaveien, og Margit arbeidet som «retoucher – lærling» (Digitalarkivet, folketelling for 1900). Da var hun 19 år gammel. Hun skal ha arbeidet både hos fotograf Carl Jacobsen og Henriksen & Co i Stavanger. Margit arbeidet seinere som negativretusjør hos Selmer Norland i Bergen, og deretter hos fotograf Hakon Johannessen i Stavanger, hvor hun lærte fotografering. Da Hakon Johannessen åpnet filial i Haugesund i 1910, ble Margit filialstyrer. Hun bestyrte Johannessens filial fram til 1925.
Margit Petersen. Stolen hun sitter på ble brukt på mange av hennes atelierfoto. Fotografen er sannsynligvis broren, Harald Petersen. Foto: MHB-F.008519, Karmsund folkemuseums fotosamling.
I november 1926 etablerte Margit Petersen eget firma i Haugesund, og tok svennebrev og håndverkerbrev i 1927. Hun var medlem av Prøvenemnden i flere år og fikk også diplom på utstillinger i Haugesund i 1928 og 1931. Firmaet Margit Petersen holdt til i hjørnehuset mellom Torggata og Sørhauggata, med adresse Sørhauggt. 158.
Sørhauggt. 158. Margit Petersen hadde atelier i 3. etasje. Foto: MHB-F.003310, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.
Margit hadde mange ansatte, og en av dem var Sigrun Barane (f. 1947), kontoransatt, som jobbet i forretningen fra 1943-1955. I et intervju forteller Sigrun at atelieret lå i 3. etasje og at loftet var lager for glassplatene. Atelieret var stort og de hadde en del rekvisitter som bakgrunn. Blant annet en brodert stol, som går igjen på mange av bildene. De hadde et stort kamera som sto fast i atelieret og noen mindre apparater som de brukte på andre oppdrag. Benker ble brukt til oppstilling av grupper. Både skoleklasser og sangkor ble fotografert i atelieret. Det var Margit Petersen som fotograferte mest i atelieret.
De tre brudeparene Haraldsen, Eikehaug og Svolland fotogarfert i atelieret i 1927. Foto: MHB-F.003565, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.Fra forestillingen «Rosen», Søstrene Meyers danseskole, 1952. Foto: MHB-F.003865, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.Personalet på kafèen L. Kyviks Minde, fotografert på gaten utenfor. Datering ukjent. Foto: MHB-F.003663, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.
I mange år var fotografen Fredrik Thomas Krogh Monclair Haugesunds største fotograf. Men etter at firmaet hans ble avviklet i 1933, overtok Margit Petersen denne posisjonen. Hun hadde en stor kundegruppe og mange ansatte, også flere fotografer. Hun var vel ansett, og glassplatesamlingen etter henne vitner også om at borgerskapet i Haugesund gjerne lot seg fotografere av Margit Petersen. Skipsrederfamilier brukte Margit som fast fotograf ved store anledninger, som bryllup og runde dager. Broren Harald Petersen (1897-1963) både arbeidet og var medeier i firmaet. Harald tok mesterbrev etter å ha gått i lære hos søsteren Margit. Før han flyttet til Haugesund, hadde han gått i «klisjélære» hos Dreyer i Stavanger. Harald Petersen var leder både for Håndverkerlauget og Haugesund Fotolag en periode. Han tok mye av mørkeromsarbeidet, men skal også ha vært mye rundt på oppdragsfotografering i byen, både av familiegrupper, skoleklasser og konfirmantgrupper, men også forretninger og industri. Han laget også kinoreklame for bedrifter. Vivi Nilsen (1887-1985), også utdannet fotograf, var ansatt i firmaet i mange år. Hun kom fra Fredrikstad og hadde sin læretid hos fotograf Giblausen og fotograf Finne i Oslo. I Haugesund arbeidet hun først hos Monclair, før hun begynte hos Margit Petersen. De siste årene firmaet eksisterte, var det Vivi som fotograferte mest i atelieret, mens Margit retusjerte. Vivi tok også mye av oppdragsfotograferingen av bedrifter og grupper rundt om i byen.
Sangbrigaden & Strengemusikken i Frelsesarmèen, 1940. Foto: MHB-F.003983, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.Arbeidsrommet i Nils Skoglands butikk, 1933. Foto: MHB-F.003974, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.Rådhusplassen og rådhuset i Haugesund, 1949. Foto: MHB-F.003919, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.Kaianlegg ved fryseriet IGLO, 1940. Foto: MHB-F.003545, Margit Petersen/Karmsund folkemuseums fotosamling.
Margit Petersen døde brått i 1955, og broren drev firmaet videre til 1964, da det ble avviklet. Karmsund folkemuseum fikk da glassplatearkivet med negativregister og alfabetisk ordnet kunderegister. Negativarkivet utgjør 97 246 glassplater. Tidligere museumsstyrer Nils Henrik Thuastad beskriver overtakelsen av arkivet 5. mai 1964 i sin dagbok:
«I styremøte 30. april vart det vedteke å overta fotografiplatesamlingen etter Margit Petersen, og i dag er me byrja flytta han frå atelieret på Torget til Jonas Lies gt. 10. Det blir eit svært arbeid. Katalogen – det er heldigvis fullstendig katalog – omfattar kring 100.000 nr. og kvart nr. som regel fleire plater. Eg har fått folk og lastebil frå kommunen. Platene er hovudsakleg lagra på høgaste rotlemen med smale og kronglete trappar, i alt 3 høgder ned. Så blir det å få plassert dei i Jonas Lies gt. Det vil nok og by på store vanskar. Platene går tilbake til 1926 da M. P. tok til med eige fotografisk atelier, og rekk heilt til nå».
Glassplatearkivet etter Margit Petersen er fremdeles bevart i sin helhet ved Karmsund folkemuseum. Det er en unik kilde til byens og distriktets historie. Hun var en dyktig atelierfotograf, og mange av byens tidligere og nålevende innbyggere, både barn, ungdom og voksne, er fotografert hos henne. I tillegg er motiver fra lag, foreninger, næringsliv og bedrifter godt representert i arkivet. Glassplatesamlingen er en stor og betydningsfull del av Karmsund folkemuseums fotosamling, og motivene er mye brukt, både i museets egen formidling og i lokalhistoriske utgivelser og bøker.
Litteratur:
Risa, Lisabet, 2011: Fotografihistoria – sett frå Rogaland. Stavanger.
Kilder:
Nils Henrik Tuastads dagbok III, 1959-1973, Karmsund folkemuseums arkiv.
www.digitalarkivet.no
Her er artikkel nr. 8 i vår serie om dei første kvinnelege fotografane i Rogaland, skrevet av Lisabet Risa, Statsarkivet i Stavanger.
Hannchen Jacobsen var fotograf og forretningskvinne i Stavanger tidleg på 1900-talet. Ho høyrde til fotograf-familien Jacobsen. Dette familiefirmaet eksisterte i 51 år i byen. Firmaet Hannchen Jacobsen etablerte i 1904, fekk ei levetid på 18 år. Hannchen Jacobsen sjølv døydde alt i 1908. Ho sette likevel varige fotografiske spor etter seg, ikkje minst ved dei mange fotografiske reportasjekorta frå kongebesøket under kroningsreisa i 1906.
Hannchen Jacobsen, fotograf i Stavanger tidleg på 1900-talet. Foto: Hannchen Jacobsen/Arkivverket
Sjå artikkelen Lisabet Risa har publisert i nettutstilling på Arkivverket si heimeside.
Her er artikkel nr. 7 i vår serie om dei første kvinnelege fotografane i Rogaland.
Frk. Henrichsen – åleine mellom menn
Karen Christine, eller Karen Henrichsen (1865 – 1940) flytte til Stavanger og etablerte atelierfirmaet Henrichsen & Co saman med Hakon Johannessen (1880 – 1978) i 1901. Båe kom frå Arendal. Det er ikkje kjent om dei var slektningar, eller om Johannessen hadde gått i lære hos Henrichsen og brørne hennar. Før fotograffaget kom inn under handverksloven i 1914, vart ei læretid på eitt år hos ein etablert fotograf rekna som utdanning i faget.
I 1901 hadde Henrichsen ein allsidig fotografpraksis bak seg saman med dei to brørne sine, Ole Andreas og Svend Jørstad Henrichsen. Ho og Ole Andreas hadde fotografforretning eller atelier på Strømsbuneset i Arendal frå om lag 1890 til 1893. Då broren Svend kom heim frå USA, kjøpte dei tre søskena ein eigedom i Barbu ved Arendal og flytte forretninga dit i 1895. Eldste broren døydde ikkje lenge etter. Dei to andre selde eigedommen og avvikla firmaet i Barbu rundt år 1900. Svend Jørstad Henrichsen opna ny fotografisk forretning i Arendal medan søstera flytta til Stavanger i 1901.
Ei ukjend kvinne i atelieret til det nye firmaet Henrichsen & Co i Kirkegata i Stavanger. Den enkle komposisjonen med den fine lyssettinga viser at fotografen var dyktig. Det vart ofte slik at kvinnene fotograferte kvinner og barn i atelieret, medan mannlege kollegaer tok seg av oppdrag ute. Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
To ukjende småbarn i atelieret til Henrichsen & Co. Også dette fotografiet er frå dei første åra etter at firmaet etablerte seg i Stavanger i 1901. Etter 1900 annonserte fotografane i Stavanger for første gong at dei leverte portrett av små og større barn. Dei fleste ateliera i byen vart utstyrte med leiker. Den flotte hesten med vogn hos Henrichsen & Co var likevel uvanleg. Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Frå Arendal til Stavanger
Det er ikkje kjent om det var Karen Henrichsen som var drivkrafta bak flytting og etablering i Stavanger, eller om ho ”bare” var med den langt yngre Hakon Johannessen. Val av firmanamnet ”Henrichsen & Co” tyder på at det var Hakon Johannessen som følgde med henne.
Dei to fotografane frå Arendal etablerte seg i Kongsgate 28, ved ei av innfartsårene til byen. I 1901 var det åtte atelierfirma i Stavanger (sjå nedanom), og fleire vart det dei første åra etterpå. Henrichsen & Co fekk raskt mange oppdrag for det lokale næringslivet. Industri- og reklamefotografi vart ein ny fotografitype i hermetikkbyen Stavanger. Privatpersonar som ville dokumentera den nye velstanden på heimebane, vart også ei ny kundegruppe. I det daglege delte dei to fotografane på oppgåvene. Det er naturleg å tru at Hakon Johannessen tok seg av industri- og reklameoppdraga ute i byen, medan Karen Henriksen hadde ansvaret for atelierfotografering.
Det er ikkje kjent om det var Karen Henrichsen eller kollegaen Hakon Johannessen som fotograferte hos grosserar Thorbjørn Waage. I året 1900 stod den store Waage-villaen ferdig i St. Svithunsgt. i Stavanger.Villaen som seinare fekk adresse Madlaveien 24, var ein av dei flottaste og mest påkosta privatboligane i byen. Ikkje rart at ekteparet Waage engasjerte firma Henrichsen & Co til å dokumentera det nye huset fotografisk, både innvendig og utvendig.Her ser me Elisabeth Waage ved skrivebordet i ei av stovene. Foto: Henrichsen & Co. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Negativarkivet etter firmaet Henrichsen & Co inneheld mange oppdragsfotografi frå ”bedrestilte” heimar i byen. Mange av desse interiørfotografia er ukjende for oss i dag.Dette er eitt av dei. Me skulle kanskje tru det var kvinnelege fotografar som tok bilete av medsøstre i heimane deira, som i dette tilfellet. Dette fotografiet kan også vera frå tida etter at Karen Henrichsen og Hakon Johannessen skilde lag i 1907.Henrichsen fann seg då eit nytt atelier i byen medan Johannessen overtok firmaet og negativarkivet i Kongsgata 28. Foto: Henrichsen & Co eller Hakon Johannessen. Glasnegativ. Privatarkiv nr. 430, Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Dei første åra etter 1900 annonserte fleire fotografar i Stavanger at dei tok konfirmantbilete. Her er ein ukjend gut hos Henrichsen & Co, ikkje lenge etter 1901. Dette er den første, kjende kartongtypen til firmaet. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Dei første åra etter 1900 annonserte fleire fotografar i Stavanger at dei tok konfirmantbilete. Her er ein ukjend gut hos Henrichsen & Co, ikkje lenge etter 1901. Dette er den første, kjende kartongtypen til firmaet. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Ungdommen fotograferte seg ofte i lag og vart ei stor kundegruppe hos fotografane. Portretta deira var bytteobjekt. Her er veninnene Martha Skjæveland og Hansine Hansen hos Henrichsen & Co rundt 1905. Under visittkortportrettet i albumet etter Martha Skjæveland skreiv ho ”Karneval”. Klede og utstyr var kanskje lånte effektar. Så langt me kan sjå av bevarte visittkortportrett, er dette den yngste kartongtypen til firmaet frå dei seks åra Karen Henrichsen og Hakon Johannessen åtte dette i lag. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Baksida. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Konkurransen var hard mellom fotografane i Stavanger. I 1890-åra var det uro og rettssak på grunn av søndagsfotografering. Denne striden var avslutta då Henrichsen og Johannessen etablerte seg i byen. Då var det fleire ukjende reisefotografar som bekymra atelierfotografane. Dei framande som reiste i distrikta, ”stal” nemleg kundane deira. Dette var bakgrunnen for at fotografane etablerteStavanger Fotografiske Foreningi 1906.
I 1906 var kollegaen Hakon Johannessen med på å stifta Stavanger Fotografiske Forening, forløparen til Rogaland Fotograflaug. Åtte representantar for alle dei sju etablerte atelierfirma kom då saman og signerte møteprotokollen 10. mai dette året.Dei ville stå saman mot framande reisefotografar som dei meinte truga levebrødet deira. Protokollsida viser både signaturen Henrichsen & Co og namnetrekket til Hakon Johannessen, men Karen Henrichsen er ikkje nemnd mellom dei åtte mennene som var på møtet og som etablerte den nye foreininga. Foto: Anne Karin Jåsund. Privatarkiv 77 Rogaland Fotograflaug. Statsarkivet i Stavanger.
Det var ikkje «Frk. Henrichsen», den eldste i firmaet Henrichsen og Co som møtte ved danninga, men Hakon Johannessen, «mannen» i firmaet. Det er grunn til å tru at kvinner ikkje fekk vera medlemmer i foreininga på dette tidspunktet. På dei fleste andre område hadde Karen Henrichsen dei same rettane som dei mannlege kollegaene. I 1901 hadde både ugifte og gifte kvinner for lengst fått dei same rettane som menn til å driva handverk og handel og til å etablera eigne firma. Stemmerett ved kommune- og stortingsval stod igjen. Henrichsen vart ein av dei mange kvinnene som kunne stemma ved kommunevalet i 1902, det første der kvinner hadde avgrensa stemmerett. Inntekta hennar som sjølvstendig næringsdrivande var truleg høg nok til at ho fekk stemmerett. Grensa var ei minsteinntekt på 300 kr på landsbygda og 400 kr i byane. Sidan ho hadde eiga inntekt som sjølvstendig næringsdrivande, kunne ho truleg også stemma for første gong ved Stortingsvalet i 1907.
Den 30. juli 1907 sette Karen Henrichsen inn ei kunngjering i Stavanger Aftenblad. Ho opplyste at ho skulle opna nytt atelier i forretningsgarden Østervaag 26 – 28 den 3. august 1907. Det er ingen grunn til å tru at det var ei glad og optimistisk kvinne som etablerte seg på nytt åleine.Kollegaen Hakon Johannessen overtok både atelieret i Kongsgata 28 og heile negativarkivet deira. Han førte også ein liten ”annonsekrig” i Stavanger Aftenblad mot den tidlegare kollegaen. Johannessen meinte kollegaen ikkje hadde rett til å nytta firmanamnet Henrichsen & Co etter at dei skilde lag.Kundane kunne då tru at det var ho som vidareførte det etablerte firmaet i Kongsgata, og at det var ho som hadde negativarkivet. Foto: Bjørn Samuelsen. Privat samling. Statsarkivet i Stavanger.
Firmaet Henrichsen & Co vert splitta i 1907
Eit godt dagleg samarbeid med ein yngre mannleg kollega hadde truleg meir å seia for Karen Henrichsen enn politiske rettar ved Stortings- og kommuneval. Kvardagen vart likevel annleis. Sommaren 1907 skilde dei to fotografane lag. Hakon Johannessen overtok atelieret åleine. Karen Henrichsen leigde atelieret i forretningsgarden Østervåg 26 – 28 etter fotograf Jacob T. Øglænd då han flytte til Sandnes same året.
Etter flyttinga fekk Karen Henrichsen fleire nye kollegaer eller konkurrentar i nabolaget, både firmaet Figved & Eide i Østervåg 9 – 11 med dei dyktige fotografane Waldemar Eide og Oscar Gulliksen. Han overtok atelieret der i 1911, då Waldemar Eide flytta til nytt atelier i ei av nabogatene. Kanskje kjende Karen Henrichsen seg åleine mellom alle dei mannlege kollegaene. På den andre sida var det ikkje eit aktivt fotofagleg miljø i byen på den tida. Det viste seg atStavanger Fotografiske Foreningikkje vart særleg levedyktig dei første åra etter 1906. Då året 1908 gjekk mot slutten, stilna aktiviteten heilt. Foreininga kom seg ikkje på fote att før i 1915. Då hadde Henrichsen for lengst flytta frå byen.
Negativarkivet etter Karen Henrichsen frå dei om lag seks åra ho hadde atelier åleine i Østervåg 26 – 28 eksisterer ikkje i dag. Bevarte positiv i privatalbum viser at ho helst fotograferte kvinner. Desse to ukjende kvinnene var hos Henrichsen ikkje lenge før ho flytte frå byen rundt 1913. Det eine portrettet har både blindstempel på framsida og firmasignatur på baksida av kartongen. Det andre har blank bakside og firmasignatur nede på framsida. Dette er den eine av dei to kjende signaturane frå dei seks åra Henrichsen hadde firma i Østervåg. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Karen Henrichsen og andre kvinnelege fotografar
Karen Henriksen var ikkje å åleine som kvinne og fotograf i Stavanger i åra etter 1901. Folketeljinga 1910 viser at det var 438 sjølvstendige fotografar i Noreg. Av desse var 118 kvinner. I Rogaland var det minst 32 fotografar. Ti av desse var kvinner, men få hadde eige firma. Stavanger hadde 15 fotografar. Fleire av desse arbeidde hos andre. Karen Henrichsen var den einaste kvinna som var sjølvstendig atelierfotograf i Stavanger i 1910. Julie Lund fotograferte i åra ca. 1900 – 1917 men hadde ikkje eige firma. Hannchen Jacobsen hadde eige firma med fotobutikk og eit lite atelier i Kirkegata frå 1904 til ho døydde i 1908. Då overtok medarbeidaren Rachel Johnsen firmaet med fotobutikken. Ho var ikkje atelierfotograf. I 1916 måtte ho avvikla drifta, etter at ein mannleg kollega overtok Kodak-agenturet hennar. Agathe Svendsen Maakestad opna atelier i 1911, men nokre få år etterpå gjekk over til å driva fotobutikk. Ho selde butikken i 1946. Fleire kvinner arbeidde som negativretusjørar eller som fotografassistentar i etablerte firma, både før og etter 1910. Karen Henrichsen må likevel ha kjent seg litt åleine som kvinneleg fotograf i Stavanger.
Dette biletet av Mary Øksnevad (f. 1900) representerer den siste portrettypen Henrichsen produserte før ho flytte frå Stavanger i 1913. Portrettet er litt større enn visittkortformatet (11×6,5 cm) og er kleba på ein større kartong. Moten med små portrett med visittkortformatet 9×6 cm gjekk då mot slutten. Firmasignaturen er den siste kjende som Henrichsen brukte før ho avvikla firmaet sitt. Foto: Henrichsen & Co. Privat fotosamling. Statsarkivet i Stavanger.
Frå Østervåg til Kristiania
Karen Henrichsen leigde atelierlokala i Østervåg til 1913. Då flytta ho til Kristiania. Den 16. oktober 1913 annonserte fotograf J. W. Eskildsen i Egersund at han hadde etablert ei ny fotografisk forretning med moderne atelier i dei tidlegare lokala til firmaet Henrichsen & Co i Østervåg. Den store annonsen opplyste også at Eskildsen tok i mot etterbestillingar på ”Henrichsen & Co s plater (optat i Østervaag)” (sitat slutt). Eskildsen overtok med andre ord negativarkivet etter Henrichsen frå åra hennar i Østervåg. Både dette arkivet og arkivet etter Eskildsen vart sidan kassert.
Hakon Johannessen vart værande i Kongsgata 28 etter 1907. Sonen Per Borup Johannessen arbeidde i lag med faren og overtok firmaet då han døydde i 1978.Firmaet Hakon Johannessen vart avvikla i 1988.I ettertid vert Hakon Johannessen rekna som ein av dei ”store” fotografane i Stavanger.
Det vart meir stille rundt Karen Henrichsen etter flyttinga til Østervåg i 1907. I dag er firmanamnet hennar ukjent i byen. Omfanget av produksjonen er også ukjent. Dei fotografiske negativspora etter Henrichsen finst i den eldste delen av det store negativarkivet etter fotofirma Hakon Johannessen ved Statsarkivet i Stavanger og ved Stavanger byarkiv. Både statsarkivet, byarkivet, og fleire museum har positivmateriale etter henne, men ikkje nok til å danna seg eit godt bilete av korleis ho var som fotograf.
Kjelder:
Arkivverket, Digitalarkivet:
Folketellinga 1910.
Statsarkivet i Stavanger:
-PA 430 Hakon Johannessen.
-PA 77 Rogaland fotograflaug.
-Stavanger byfogdembete: Register over sletta firma 1891 – 1987.
Julie Lund (1867-1917) fotograferte i Stavanger og omegn i tiden rundt 1895-1910. Hadde det ikke vært for de 320 glassplatenegativene som er bevart hos Stavanger maritime museum, ville Julie Lund for lengst vært glemt, for hun har satt få synlige spor etter seg i Stavangers fotohistorie. Historien om den ukjente fotografen Julie Lund er viktig fordi hun levde et liv typisk for mange av de ugifte kvinnene fra byborgerskapet i Norge i tiden rundt 1900. Som så mange andre ugifte kvinner hadde Julie Lund behov for å forsørge seg selv, men å ta seg post som hushjelp eller husholderske ville medføre et sosialt fall.
Fig 1. Helfigurportrett av Julie Lund. Portrettet er sannsynligvis tatt i atelieret til fotograf Berg i Florø, en gang mellom 1904-1908. Foto: Julie Lund/ MUST-Stavanger maritime museum.
Lovgivningen på 1800-tallet hadde hindret kvinner tilgang på mange yrker, men mot slutten av århundret var det norske samfunnet i sterk endring. I 1880-årene begynte for alvor yrker som lærerinne, sykepleier, fotograf, retusjør og telegrafist å åpne nye livsveier for ugifte kvinner fra middelklassen og borgerskapet. Selv arbeidet Julie Lund som retusjør og siden fotograf, mens søsteren hennes, Dagny Lund, var telegrafist. Arbeidet ga dem mulighet til å skape seg økonomisk uavhengige liv utenfor familiens rammer, uten fare for sosialt degradering.
Fig. 2: Søstrene Julie og Dagny Lund ca. 1900-1910. Foto: Julie Lund/ MUST-Stavanger maritime museum.
Som fotograf opererte Julie Lund i mellomsjiktet mellom amatør og profesjonell fotograf. Utvikling av fotoutstyret på slutten av 1800-tallet gjorde det lettere for amatører å fotografere, for så å overlate fremkalling og etterbehandling til profesjonelle fotografer. I tillegg kom små, håndholdte kameraer med raskere objektiver på markedet. De ble populære blant amatørfotografene. Julie Lund var ikke registret som fotograf i Stavangers fotograflaug, og var heller ikke registrert med eget atelier i byen. Men i den kommunale folketellingen for Stavanger fra 1910 står Julie Lund oppført med fotograf som yrke. Det er få skriftlige kilder bevart etter Julie Lund. Samtidig viser blant annet postkortene i fotosamlingen etter Julie Lund at hun har livnært seg som fotograf.
Postkort fra Julie Lunds postkortproduksjon. Breiavannet i Stavanger, antageligvis tatt mellom 1902-1904. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger Maritime Museum
Postkort fra Julie Lunds postkortproduksjon. Stavanger. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger Maritime Museum
Det er mulig at hun hadde fotoatelier og mørkerom i foreldrenes bolig. Som ugift kvinne bodde hun sammen med foreldre og yngre ugifte søsken store deler av livet sitt. Ettersom Julie Lund en periode var ansatt som retusjør for en av Stavangers fotografer, er det heller ikke utenkelig at hun har hatt tilgang til fremkalling og bruk av studio på denne måten.
Ung jente på stolrygg. Motivet er antageligvis tatt i Florø mellom 1904-1908. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger maritime museum.
Atelierportrett av to ukjente kvinner i bunad. Motivet er antageligvis tatt i Florø mellom 1904-1908. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger maritime museum.
Atelierportrett av ukjent jente. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger maritime museum.
Flere av negativene i samlingen etter Julie Lund er avfotograferte portrettfoto fra tyske magasiner fra 1880-årene. Hun kan ha hentet inspirasjon til motivvalg og lyssetting herfra.
Ukjent kvinne i hardangerbunad. Foto: Julie Lund/ MUST-Stavanger maritime museum.
Ukjent kvinne i hardangerbunad. Dette er skannet i farge, og her kommer retusjeringsarbeidet tydelig fram i grønt. Foto: Julie Lund/ MUST-Stavanger maritime museum.
Når glassplatenegativene blir skannet i farge, kommer også retusjeringsarbeid som hun har utført på noen av glassplatene frem for dagen. Hun kan ha gått i lære hos en av byens fotografer, kanskje samtidig som hun lærte å retusjere foto. Samtidig er det tydelig at hun har hatt kontakter med andre fotografer. I årene rundt 1904-1908 befant hun seg i Florø hvor hun fotograferte sammen med fotograf Christoffer L. Berg.
Fig. 10. En ukjent sykepleier, motivet er antageligvis fra fotograf Bergs atelier i Florø, 1904-1908. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger maritime museum.
Fig. 11. Det var ikke alltid en høytidelig begivenhet å gå til fotografen. Julie Lund sitter til høyre i motivet med papirhatt på hodet, den unge jenten med stor hatt er antageligvis Ingeborg Marie Tjensvold. Hun giftet seg seinere med Julies bror, Lauritz Lund. Foto: Julie Lund/MUST-Stavanger maritime museum.
Julie Lunds kulturlandskap var den borgerlige sfæren, men som ugift og yrkesaktiv hadde hun nok klare ønsker om individualitet og selvrealisering. Etter at hun kom tilbake til Stavanger fra Florø rundt 1908, bodde hun sammen med sin mor til hun døde i 1917. Det finnes ikke nok informasjon om Julie Lund til å vite om det var en bevisst tanke eller tilfeldigheter som gjorde at hun aldri giftet seg, og om det å jobbe som fotograf og retusjør var noe hun gjorde fordi hun, eller noe hun gjorde av økonomisk grunner.
Kilder:
Bang-Andersen, Gry: «Fotografyrket og «Den nye kvinnen»», i: Stavangeren nr. 1, 2013.
Bang-Andersen, Gry: «Her staar jeg i ensom storhed. Bilder av stavangerfotografen Julie Lund», i: Stavanger museums årbok 2006. Stavanger, 2008.
Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer. Bergen, 1980.
Erlandsen, Roger: Pass nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! Om fotografiets første hundre år i Norge- 1839-1940. Forlaget Inter-View, 2000.
Hellesund, Tone: Den norske peppermø. Om kulturell konstituering av kjønn og organisering av enslighet 1870- 1940. Universitetet i Bergen, 2002.
Hellesund, Tone og Okkenhaug, Inger Marie: Erobring og overskridelse. De nye kvinnene inntar verden 1870-1940. Unipub forlag, 2003.
Reiakvam, Oddlaug: Bilderøyndom. Røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tidsuttrykk. Det norske samlaget, Oslo, 1997.
Risa, Lisabet: Fotografihistoria- sett frå Rogaland. Wigestrand forlag, Stavanger, 2012.
Andre kilder:
Byarkivet i Stavanger: Julie Lunds postkortsamling, arkivnummer 1993/2:1-8.
Kommunale folketellinger for Stavanger 1900 og 1910: www.digitalarkivet.no