Siste nytt

Nasjonalt 150-års jubileum for fotograf Anders B. Wilse

Dette vakre trykket av eit handkolorert fotografi frå Lysebotnen var resultatet av eit oppdrag Anders B. Wilse hadde for Stavanger Turistforening i 1918. Årboka til Stavanger Turistforening for 1919 presenterer fire av fotografia hans i fargetrykk. Dette var heller uvanleg på den tida. Kjeldereferanse: Privatarkiv nr. 135 Stavanger Turistforening, Statsarkivet i Stavanger.

Anders B. Wilse (1865 – 1949) står som ein bauta i den norske fotografihistoria. Han er den store nasjonale fotografen vår. Wilse vart fødd 15. mars 1865 i Flekkefjord.

Wilsejubileet 2015 vert markert gjennom heile året og fleire stader i landet. Dette skjer både ved fotoutstillingar, ulike fagarrangement, og ikkje minst på Internett. Sentrale institusjonar her er Norsk Folkemuseum, Nasjonalbiblioteket, Preus museum, Oslo Museum, Norsk Teknisk Museum og Norsk Maritimt Museum. Alle har delar av fotoarkivet hans.

Les mer