Kategori: Litteraturomtaler

Omtaler av litteratur som omhandler fotografier, fotografering og alt som kan tenkes relatert til dette.

  • Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.

    Det nasjonale fotografimuseet, Preus museum, har ei stor og sjeldan samling av internasjonale kunstneriske fotografi. Hausten 2010 opna museet ei utstilling der temaet er piktorialismen. Piktorialismen var ei internasjonal stilretning som dominerte innan fotografiet i åra frå om lag 1880 og til i 1930-åra. Fotografia skulle sjå ut som maleri. Dei hadde som oftast mjuke kontrastar og var resultat av ei fin lyssetting. Dette var dei maleriske fotografia si tid.

    Til utstillinga publiserte museet også ein omfattande og rikt illustrert katalog eller bok på 190 sider. Utstillinga viser over 200 fotografi, alle frå samlingane til Preus museum. Heile 113 av fotografia finst også i boka. Dette er arbeida til 50 fotografar frå inn- og utland. Ti fotografar har fått større presentasjonar på utstillinga. I denne utvalde gruppa finn vi Waldemar Eide (1886-1963) frå Stavanger og to andre norske fotografar, Thomas Blehr (1875-1949) og Olaf Christoffersen (1899-1984). Dei kjende utanlandske fotografane er svensken Henry B. Goodwin (1878-1931), Heinrich Kühn (1866-1944) og Rudolf Sulke (1885-1964) frå Østerrike, Léonard Misonne (1870-1943) frå Belgia, Edward J. Steichen (1879-1973) og Karl Struss (1886-1981) frå USA og Frank Meadow Sutcliffe (1853-1941) frå Storbritannia. Alle desse fotografane var både nyskapande og villige til å eksperimenta med motiva sine. Nå i ettertid ser vi at dei laga noko av det beste som er skapt i fotografihistoria. I dette selskapet finn vi også fleire av fotografia til to andre norske fotografar; Anders B. Wilse og zoologen Robert Collett.

    For oss i Rogaland er det interessant å sjå at Waldemar Eide vert presentert med om lag 12 fotografi, dei fleste portrett. Mange av desse finst også i katalogen saman med ein kort biografi om Eide. Fotografia til Eide og omtalen av fotografia hans viser at han både hadde kontakt med, og at han var på full høgd med dei andre, kjende internasjonale fotografane.

    Utgjevar: Preus museum i samband med utstillinga med same namnet.

    Forfattarar: Hanne Holm-Johnsen, Jens Gold og Marthe Marie Strand

    ISBN: 978-82-92999-03-5

    Boka kan kjøpast direkte frå Preus museum, postboks 254, N-3192 Horten.

    Utstillingsperiode: Preus museum 3. okt. 2010 – 20. mars 2011.

    Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
    Preus museum: Kunst eller kitsch? Piktorialisme i Preus museums samling.
  • Digitalisering av fotosamlinger

    Hege Oulie

    ABM-skrift # 55 (2009)

    I 2003 kom første utgåva av heftet Digitalisering av fotosamlinger. Dette var også første nummer i den etter kvart lange serien av ABM-skrift; orienterings- og rettleiingspublikasjonar frå ABM-utvikling.

    Digitalisering av fotosamlinger vart i 2003 godt motteke i det norske fotobevaringsmiljøet. Det gav ei grundig og instruktiv innføring i eit då relativt nytt fagområde ved norske bevaringsinstitusjonar. Hege Oulie leia arbeidet med første utgåva og har også ført denne reviderte utgåva i pennen. Sidan 2003 har det nemleg skjedd større endringar innan fotobevaringsområdet, både regionalt og nasjonalt, og ikkje minst endringar innan sjølve datateknologien. Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling nå har satsa på ei revidert og utvida utgåve av digitaliseringsheftet.

    Kontakt ABM-utvikling om du ønkjer eksemplarar av ABM-skrift # 55.

    Vil du orientera deg om alle dei 56 publikasjonane i serien ABM-skrift, gå til: ABM-utvikling / nye-publikasjoner

    Digitalisering av fotosamlinger
    Digitalisering av fotosamlinger
  • Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie

    Sigrid Lien er velkjend i det norske fotobevaringsmiljøet. Saman med Peter Larsen, båe tilknytta Universitetet i Bergen, gav ho i 2007 ut boka Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.

    Boka Lengselens bilder med til saman 263 fotografi frå og av utvandra nordmenn i USA er ikkje ei tradisjonell biletbok, men resultat av eit studieprosjekt tilknytta paraplyprosjektet Fotografiet i kulturen ved Universiteta i Bergen og Trondheim. Sigrid Lien og kollegaen, etnologen Eva Reme, har vore på fleire studiereiser i eldre norske innvandrarområde i USA. Der har dei kartlagt norsk-amerikanske fotografar og produkta deira ved besøk i arkivinstitusjonar, museum og i private samlingar.

    Sigrid Lien har også sett på kva rolle Amerika-bileta spela i norske bygdelag med stor utvandring til USA på 1800-talet og framover. Her har ho særleg konsentrert seg om Setesdal. Men boka presenterer også fleire eksempel frå Jæren.

    Boka har åtte kapittel i tre overordna tema:

    -Dei tapte samanhengane: Om forholdet generelt mellom Amerika-brev og bilete.

    -Amerikafotografane, dei norsk-amerikanske fotografane, som historiefortellarar gjennom bileta deira.

    -Fotografialbumet som historiefortellar med ein presentasjon av bevarte Amerika-fotografi i norske bygdemiljø.

    Med boka presenterer Sigrid Lien eit for oss til no ukjent norsk-amerikansk fotografmiljø i USA. Dei fleste av oss har eit forhold til eldre Amerika-bilete i album og brev her i landet. Denne boka set desse bileta i ein fotografihistorisk samanheng i det tradisjonelle norsk-amerikanske miljøet i USA, og gir oss også interessant, ny kunnskap om Amerika-bileta sin rolle i landet vårt.

    Utgjevar: SAP c/o Spartacus Forlag 2009-07-01

    Boka kan kjøpast i bokhandelen.

    Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie
    Lien, Sigrid: Lengselens bilder. Fotografiet i norsk utvandringshistorie
  • Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim

    Boka Postkort frå Dalane presenterer om lag to hundre postkort frå dei fire kommunane i Dalane, Eigersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim.

    Ein stor del av korta i boka, om lag 78, er frå byen Egersund. Men Egersund stod nok også i ei særstilling før på postkortområdet. Byen var trafikk-knutepunkt for Dalane og for søre delen av Jæren, både som endestasjon for Jærbanen og med dampskipskaien der kystruta hadde fast stoppestad på turen mellom Stavanger og Oslo. Egersund var også fiskeriby før. Dermed hadde mange bruk for å senda postkort frå Egersund. Men kommunane i Dalane hadde ingen store turistattraksjonar, som Suldalsporten og Preikestolen i Ryfylke. Dermed finst det ikkje store mengder postkort frå Dalane der eitt og same motivet går igjen. Det er den gode breidden i motivvalet som utmerkar postkorta frå kommunane i Dalane. Dei fleste korta viser lokale bygdesentra og lokale bygningsmiljø. Det er også slike motiv som er interessante for oss i dag. Saman med lokale ressurspersonar i kommunane har Rolf Mong produsert ei verdifull lokalhistorie både i tekst og bilde. Boka har ei enkel og fin grafisk utforming og ein høg trykkekvalitet.

    Utgjevar: Dalane Tidende 2008

    Kan kjøpast frå: Dalane Tidende og hos lokale bokhandlarar.

    Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim
    Mong, Rolf: Hilsen fra Dalane. Gamle postkort fra Egersund, Sokndal, Lund og Bjerkreim
  • 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005

    Utstillinga og den store boka 80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005 er eit samarbeidstiltak mellom Nasjonalbiblioteket i Oslo og Preus museum, det nasjonale fotomuseet i Horten og resultat av ein nasjonal dugnad. I juni 2007 fekk nemleg alle bevaringsinstitusjonar i landet spørsmål frå Nasjonalbiblioteket og Preus museum om å senda inn forslag på fotografisk materiale i seriar frå offentlege og private arkiv. Materialet skulle visa breidda i norsk bruksfotografi.

    Utstillinga og boka presenterer ein eller fleire fotografiseriar frå 35 ulike bevaringsinstitusjonar i landet. Rogaland er representert med fotografi frå tre privatarkiv frå Statsarkivet i Stavanger: fotofirmaet Hannchen Jacobsen & Co A/S, Stavanger Turistforening og bedriftsarkivet Rosenberg Mekaniske Verksted A/S. Alle seriar har korte introduksjonskapittel.

    Boka har også fem interessante kapittel om fotofaglege tema; Fotografier og historie, Kunsthistoriens fotografiske objekt, Fotografiet mellom modernisering og modernisme og Arkivets estetikk. Dessutan har boka fyldige litteratur- og referanselister, også til dei enkelte fotoseriepresentasjonane.

    Utgjevar: Nasjonalbiblioteket og Preus museum.
    Redaktørar: Jonas Ekeberg og Harald Østgaard Lund.
    Press forlag 2008.

    80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005
    80 millioner bilder – Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005
  • «Her står jeg i ensom storhed …» Bilder av stavangerfotografen Julie Lund

    Den nye årboka til Stavanger museum (2006) presenterer ein interessant artikkel om ein av dei mange meir ukjende fotografane i Stavanger. Forfattar er Gry Bang-Andersen, Stavanger museum avd. Stavanger sjøfartsmuseum.

    Materialet etter fotograf Julie A. Lund (1867- 1917) ved Stavanger Sjøfartsmuseum utgjer bare ein liten del av det opprinnelege fotoarkivet hennar. Stavanger Sjøfartsmuseum tek vare på 323 glasnegativar og nokre få positivar. Dei fleste kan daterast til åra mellom 1900- 1910.

    Tre motivtypar går igjen i arkivet. Største gruppa er såkalla studioportrett. Mange av desse er sjølvportrett, og portrett av søstera eller andre i den nære familien. Ei anna stor motivgruppe er interiørfotografi av familiar i bestestovene deira og såkalla interiørstilleben. Den tredje motivgruppa viser familiergrupper framfor heimane deira. Dermed ser det ut for at Julie Lund i ein periode var oppdragsfotograf i Stavanger og i tidlegare Hetland kommune. Fleire av fotografia er nemleg frå Tasta- og Dusavikområdet. Det er uvisst om Julie Lund hadde eige atelier, eller om ho arbeidde for andre.

    Gry Bang-Andersen har også nøsta i den spinkle delen av materialet som viser at Julie Lund også budde og fotograferte andre stader på Vestlandet. Ho set også Julie Lund inn i samanhengen kvinnelege fotografar og aksepterte borgarlege yrke på slutten av 1800-talet og framover.

    Ref.: Stavanger Museum Årbok 2006.

    Stavanger Museum årbok 2006
    Stavanger Museum årbok 2006
    "Her står jeg i ensom storhed …" Bilder av stavangerfotografen Julie Lund
    «Her står jeg i ensom storhed …» Bilder av stavangerfotografen Julie Lund
  • Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960

    Suldal Sogelag har gitt ut boka Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960. Boka presenterer om lag 340 postkort frå heile dagens Suldal kommune. Suldal står i ei særstilling i Rogaland på dette området. Ingen andre kommunar har så mange eldre kort som Suldal. Dette har samanheng med etableringa av Turistrute 7 i 1887, vegen gjennom Suldals-dalføret mellom Røldal i Hordaland og Sand. Postkorta har solide og informative tekstar. Derfor vert boka også ei interessant og informativ lokalhistorie om Suldal. Boka har også innleiingskapitlet Fotografane og postkorta frå Suldal. Dermed vert boka også eit bidrag til fotograf- og fotografihistoria i Rogaland.

    Utgjevar: Suldal sogelag 2008. Redaksjon: Rune Roalkvam (redaktør), Terje Bråtveit, Ola Lagarhus og Bjarte Skipevåg.

    Kan kjøpast frå: Bokhandlarane og Rogaland Historie-og Ættesogelag.

    Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960
    Helsing frå Suldal. Postkort 1890-1960
  • Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag

    Preus museum har i samarbeid med Norsk Fotohistorisk Forening gitt ut boka Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag. Fotograf Leif Preus skulle vera velkjend for alle i det fotohistoriske miljøet. Han grunnla Preus museum i Horten. Den norske Staten kjøpte museet i 1995. Leif Preus vart då den første styraren av det nye nasjonale fotomuseet som sidan flytte til flotte lokale på Karljohansvern i Horten.

    Festskriftet presenterer eit fotobidrag med tekst til frå 36 fotografar, fotohistorikarar, samlarar og politikarar med kulturminister Trond Giske i spissen. Dei fekk alle spørsmål om å presentera og kommentera eit sjølvvalt fotografi til boka.

    Boka har eitt fotografi frå Rogaland: Søstrer i oppvasken av fotograf Børge Kalvig (1975). Det er Lisabet Risa som presenterer dette fotografiet. Redaksjonen valde også Kalvig sitt til framsida på festskriftet.

    Utgjevar: Preus museum i samarbeid med Norsk Fotohistorisk Forening 2008.

    Redaktørar: Hanne Holm-Johnsen og Jonas Ekeberg.

    Kan kjøpast frå: Preus museum, PB 254, 3192 Horten.

    Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag
    Et øyeblikk for evigheten. Festskrift til Leif Preus 80-årsdag
  • Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940

    Boka presenterer over 300 fotografi frå perioden 1880-1940 frå Ryfylke-kommunane Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Fotografia vert presentert tematisk i fire store kapittel med introduksjonstekst til. Tema er folkelivsbilete, arbeidslivsbilete biletlandskap og ferdaminne. Denne boka viser ikkje minst kor mange verdfullle amatørfotografi som finst kringom i private heimar og kor viktig det er å sikra desse for ettertida.

    Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940
    Heiselberg, Morten og Søndenå, Ola: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940
  • Larsen, Peter og Lien, Sigrid: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering

    Dette er den andre samla framstillinga av norsk fotografihistorie. Boka dreg linjene opp til i dag og legg særleg vekt på ei brei framstilling av utviklinga innan kunstnerisk fotografi og av pressefotografiet si historie her i landet. Dette er noko nytt. Dei to forfattarane, kunsthistorikar Sigrid Lien og medievitar Peter Larsen ved Universitetet i Bergen, er ressurspersonar på desse områda.

    Den første nasjonale fotografihistoria kom hausten 2000 med Roger Erlandsen si bok Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet … Om fotografiens første hundre år i Norge – 1839-1940. Denne boka presenterer fotografiet si utvikling i åra 1839-1940. Sentrale tema forutan fotografiet si utvikling, presentasjonen av fotografane som yrkesgruppe og som sentrale aktørar i norsk fotografihistorie, av fotografane si plassering og rolle i samfunnslivet, og kva rolle fotografiet har spela kulturelt og samfunnsmessig. Ein del av boka presenterer dessutan historia til Norges Fotografforbund før 1940.

    Larsen, Peter og Lien, Sigrid: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.
    Larsen, Peter og Lien, Sigrid: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering.