3.9. Dei første avis- og pressefotografane

Fagfotografenes Forening vart stifta i Kristiania i 1894, men dette var lenge før avis og- pressefotografane si tid . Avisene hadde så å seia ikkje illustrasjonar på 1800-talet. Zylografiteknikken var einerådande ved framstilling av illustrasjonar i magasin og bøker, også til illustrasjonar i avisannonsar og reklamar. Rasterteknikken overtok gradvis på desse områda. I 1903 presenterte Aftenposten det første avisfotografiet i rasterteknikk. Frå 1905 og framover presenterte Aftenposten dagleg fotografi i avisutgåvene. Men det gjekk enno mange år før fotografi med lokale motiv vart vanlege i alle dagsavisene.

I lang tid var det ordinære fotografar og dyktige amatørfotografar som leverte fotografi etter oppdrag for avisene. Pressefotografiet som genre skriv seg eigenleg frå 1930-åra. Først då presenterte avisene dagleg fotografi med motiv tilknytta daglegdagse hendingar i lokalmiljøet. Ingvald Møllerstad vart den første fast tilsette pressefotografen i Noreg. Han leverte dei første fotografia sine til Aftenposten i 1920-åra og vart fast tilsett som pressefotograf i denne avisa i 1934. Dei aller fleste avisene tilsette likevel ikkje eigne fotografar før langt seinare, i Rogaland ikkje før etter 1945 . Dei lokale avisredaksjonane bygde heller ikkje opp eigne fotoarkiv. Når motivet på fotografiet var overført til rasterklisjeen, vart fotografia ofte kasserte eller leverte tilbake til fotografen. Etter at avisene gjekk over til offset-trykk og bruk av filmsats kring 1975, vart klisjearkiva ofte kasserte . Derfor finst det lite og meir tilfeldig bevart fotografisk materiale frå før 1960 i avisredaksjonane i Rogaland. Pr. 1997 opererte den største avisa i Rogaland, Stavanger Aftenblad, med eit samletal på ca. 2 mill i arkivet sitt. Den nest største avisa, Haugesunds Avis, har fotomateriale frå 1940 og framover i redaksjonsarkivet, men det er ikkje kjent kor omfattande dette materiale er for åra før 1960.

Etter dei nedlagde, større avisene i fylket Stavanger Amtstidende- og Adresseavis (1841-1906), Vestlandsposten (1878-1916), Stavanger Avis, Vestlandet, Stavangeren (1852-1899), Stavangeren (1916-1964), Egersundsposten, Sandnesposten, Haugaland Arbeiderblad, som saman med Stavanger-avisa 1. Mai vart til noverande Rogalands Avis i 1955, Haugesunds Dagblad (1912-1972) og Dagbladet Rogaland (1926-1978), finst det berre litt fotografisk materiale frå dei to siste, og i båe tilfella berre fotomateriale frå dei siste åra før 1972 og 1978.

Det vil vera eit svært omfattande arbeid å kartleggja systematisk alle avisfotografar og fotografar elles som leverte bilete til avisene i Rogaland før 1960, og kva som er bevart privat av negativ- og positivmateriale etter dei. Dette er eit forskingsprosjekt i seg sjølv. Den eldste, nolevande avisfotografen i Rogaland, Halvor Sivertsen (Hasiv), f. 1917, er intervjua både om eigen karriere etter at han vart tilknytta avisa 1ste Mai i 1945, og om dei andre avis- og pressefotografane i Stavanger før 1960 .

Av eldre Stavanger-aviser merker Stavangeren (1916-1964) seg ut når det gjeld lokale fotografi. Avisa la frå første stund av vekt på illustrerte reportasjar med kulturhistorisk innhald. Fleire fotografar leverte bidrag. Ein av dei dyktigaste var Bjarne Gullichsen (1890-1975) i Egersund. Karrieren som fotograf tok til då han i 1924 vart Dalane-korrespondent for Stavangeren, og då han på same tida tok til å fotografera til Stavanger Turistforenings Årbok. Gullichsen fotograferte i heile Dalane-regionen i 1920- og 1930-åra men kasserte sidan det meste av negativarkivet. Positivmaterialet er bevart hos familien.

Hans Henriksen (1929-1942) hadde fotobutikk og var oppdragsfotograf i Stavanger. Han var mellom anna fast leverandør av reportasjebilete til Stavanger Aftenblad fram til 1942. Nevøen, optikus Gard Paulsen, leverte i åra 1936-1940 særleg oppdragsfotografi til avisa 1ste Mai. Journalist Johan Lundbø vart det første fotografen som var tilsett i Stavanger Aftenblad. Han vart i 1936 i den første pressefotografen i Stavanger. Harald Sem vart i 1949 den andre, fast tilsette pressefotografen i Aftenbladet. Då hadde han vore fotografisk freelansemedarbeidar i avisa sidan 1946 . Leif Berge vart tilsett som den tredje pressefotografen i avisa i 1959. Då hadde Harald Sem arbeidd åleine i mange år. Johan Lundbø var nemleg berre skrivande journalist etter 1945. Stavanger Byarkiv tek vare på negativarkiva etter Henriksen og Paulsen. Familiane tek vare på fotoarkiva etter Lundbø og Sem, og Leif Berge tek vare på eige arkiv. I det store fotoarkivet til Stavanger Aftenblad i dag finst det derfor ikkje noko omfattande materiale frå åra før 1960.

Halvor Sivertsen (Hasiv) nytta og sidan tilsett som sportsredaktør i 1ste Mai/Rogalands Avis frå om lag 1945 og fungerte i alle år før 1960 også som avisa sin pressefotograf før Egil Eriksson vart tilsett som den første pressefotografen i 1960. Sivertsen tek sjølv vare på det omfattande fotoarkivet sitt i heimen. Det finst truleg mykje negativmateriale etter mindre kjende medarbeidrarar og andre faste leverandørar av fotografi til dei større by- og regionavisene i privat eige, hos etterkomarar etter fotografane.

Lokalavisa Jærbladet representerer ei tredje avisgruppe. Avisa vart grunnlagt 1949 og hadde kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå som nedslagsområde dei første åra. Slik sett vart Jærbladet ein forløpar for dei mange kommunale og interkommunale avisene som kom etter 1970, og som dermed fell utafor tidsramma for denne prosjektrapporten. Heile fotoarkivet frå den første redaktøren, Jon Fatnes, si tid (1949-1979) finst hjå familien. Forutan redaktøren og familien hans var Aadne Stangeland frå Klepp og Maguns Espeland frå Time dei to mest produktive fotografiske bidragsytarane til Jærbladet i alle år etter ca. 1955. Fotoarkiva deira er komplette og finst hjå familiane deira. Ein del av negativarkivet etter Espeland finst ved Statsarkivet i Stavanger.