3.7. Dei første flyfotografane og bileta deira

Fotografia av skuleklassar og dei første sivile flyfotografia har fleire ting felles. Båe representerer ei form for privat oppdragsfotografering, og båe er store, nasjonale einstypeseriar som dekker ein lengre tidsperiode. I 1917 lanserte Eastman Kodak Company dei første flyfoto-kamera. Dei første norske sivile flyfotografia av byar og bygder skriv seg frå 1929 (byar) og framover, men er først dekkande for heile landet etter 1950. Dette er skråbilete tekne med handkamera frå flyvindauget.

Som skulebileta har også flyfotografia stor historisk kjeldeverdi, men innan heilt andre område enn skulebileta. Flybileta dokumenterer naturlandskap, kulturlandskap, bygningsmiljø, og ikkje minst den omfattande endringa på desse områda i 1950-åra, i samband med overgangen til eit intensivt maskinjordbruk og med utbygginga av tettstader og bygdesentra i landkommunane.

Karl Harstad, som grunnla K. Harstad kunstforlag (Oslo Prospektkortfabrikk) i 1925, vart den første sivile flyfotoprodusenten i Noreg. Men det norske Forsvaret var også tidleg ute på dette området. I 1927 tilbaud forsvaret seg å utføra flyfotografering for ulike offentlege etatar. I Rogaland vart mellom anna Utstein Kloster fotografert frå fly for første gong i 1920-åra av «Marinens Flyvevesen». Som postkortprodusent var Harstad oppteken av nye produkttypar. I 1929 danna han saman med andre selskapet FotoFly og kjøpte fly i Tyskland. Selskapet skulle driva både passasjerflyging og fotografering. I 1929 fotograferte selskapet dei fleste byane langs kysten av Noreg, også i Rogaland. Postkorta med flyfotografi vart produserte med namnet Flyfoto, seinare med namnet K. Harstad. Ein annan stor K. Harstad-postkortserie frå Rogaland skriv seg frå flyfotografering i 1950-1951. Då fotograferte firmaet både byar og mindre tettstader og bygder i fylket. Det uvisst kor omfattande K. Harstad sin flyfotoproduksjon var i Rogaland før firmaet vart nedlagt ved overgangen til bruk av fargefoto tidleg i 1960-åra. Så langt vi kan sjå av postkortsamlingar ved bevaringsinstitusjonane og hos private, viser dei aller fleste korta byar og tettstader, ikkje enkelteigedomar og bedrifter.

Widerøe Flyveselskap vart den store flyfotoprodusenten, ikkje minst fordi dette selskapet vart det første som fotograferte ein stor del av alle eigedomane i Noreg. I 1934 stifta brørne Helge og Vilhelm Skappel (1936) og brørne Viggo og Arild Widerøe selskapet Widerøe Flyveselskap. Fotografering var berre eitt av fleire tilbod frå selskapet. I 1930-åra fotograferte selskapet norske byar og også enkelteigedomar som industribedrifter og gardsbruk etter bestilling. I Rogaland fotograferte selskapet både byar og tettstader. Så langt vi kan sjå av bevart materiale, skjedde denne første fotograferinga i 1935. Fleire av bileta vart produserte som postkort.

Under andre verdskrigen låg flyfotoverksemda nede. I 1949 starta selskapet nye fotograferingsrundar i Rogaland, i første omgang av byar og bygdesentra i 1949 og 1950. Noverande Hå kommune kan nyttast som døme. Den første sikre dateringa av flyfoto skriv seg frå 18. juni 1949. Då vart alle dei seks stasjonsbygdene i dåverande Nærbø, Varhaug og Ogna kommunar fotograferte. Den første, systematiske fotograferinga av alle gardane i desse tre kommunane skjedde i 1953. Selskapet fotograferte gardar og bygder i dei tre kommunane fleire gonger seinare, i 1954, 1956, 1957 og 1959. Den siste serien med svart-kvitt negativ skriv seg frå 1962, men då vart berre stasjonsbygdene fotograferte. Frå 1959 og framover tok Widerøe også fargebilete. Det finst ikkje noko samla oversyn over kva år selskapet tok fargebilete i Rogaland, men dette skjedde ikkje kvart år.

Widerøe-selskapet var i alle år størst på flyfotomarknaden, særleg når det galdt fotografering av gardsbruk. Eit nytt tilbod til styresmaktene var vertikal-fotografering av landet til bruk for økonomisk kartlegging, såkalla flyfotogrammetri.

Firmaet K. Harstad og Widerøe Flyveselskap fekk etter kvart konkurranse frå fleire andre flyfotoselskap, som Nor-Fly (1952-1974), Telemarkfly (1952-1971) og Norrønafly A/S (1950-åra, men heile arkivet frå før 1963 er makulert). Norsk Fly og Flyfoto A/S med tilhaldstad Stavanger Lufthavn, Sola er det yngste av selskapa som vart etablerte før 1960. Dette flyfotoselskapet vart etablert 1958 og driv framleis fly- og bakkefotografering i heile landet. Pr. 1997 inneheldt negativarkivet til dette firmaet ca. 600 000 nr.

For tida etter 1960 finst det også fleire nye flyfotoselskap. Dessutan har forsvaret for heile perioden etter 1920 drive med ei omfattande flyfotografering. Desse negativa vert oppbevarte i Forsvarsarkivet i Riksarkivet. Lagnaden til dei sivile flyfotoarkiva er ikkje oversikleg for alle dei nyare selskapa. Privatpersonen Johan Ottesen i Ulsteinvik eig no flyfotonegativ- og/eller positivarkiva (postkort) frå fleire nedlagde firma; K. Harstads Kunstforlag, S. Grans Kortforlag, Nor-Fly og Telemark Flyfoto. Flyfotonegativa og postkortseriane utgjer om lag 250 000 nr. og er ordna topografisk. Ottesen oppbevarer materialet i spesialmagasin og leverer bestillingsbilete.

Etter at Widerøe Flyveselskap fusjonerte med Fjellanger i 1972, sende det nye selskapet, Fjellanger Widerøe A/S, tilbud til 440 kommunar i Noreg om kjøp av fotosamlingane frå før 1972. Tilbodet galdt svart-kvitt- og fargenegativa sidan positivsetta ikkje var komplette. Men kommunane fekk positivsetta med «på kjøpet» når dei bestilte negativmaterialet. Selskapet opplyste då, og under ein seinare telefonsamtale med oss, at ingen Widerøe-kommunesamlingar er komplette. Selskapet selde nemleg både positivar og negativ når folk bestilte enkeltmotiv.