3.10. Frå handverk og levebrød til fritidssyssel med kunstnerisk fotografi

-Foto- og kameraklubbane i fylket

Mange amatørfotografar utvikla interesse for fotografering utover det reint dokumentariske. Dette var bakgrunnen for framveksten av lokale foto- og kameraklubbar. Hausten 1919 heldt Stavanger Amatørfotografers forening i samarbeid med Stavanger Aftenblad ei stor fotohistorisk utstilling i Stavanger. Denne fekk god pressedekking. Waldemar Eide som på dette tidspunktet var ein landskjend fotograf, hadde ein stor omtale av utstillinga og av vinnarbileta i Stavanger Aftenblad, 5. desember 1919. Han fortel at dette ikkje var første gongen det var slike utstillingar, men samanlikna med tidlegare, kunne ein no konstatera det gledelege faktum at «… en hel del av vore amatørfotografer lægger for dagen en sterk trang til mer maleriske verdier i sine billeder». I dette synet var Eide på linje med dei såkalla piktorialistane. Piktorialistane ville ikkje framstilla landskapet så naturtru som mogleg. For dei skulle fotografia visa eit stemningsfullt landskap, både i val av motiv og i bruk av lyset.

Historia til Stavanger Amatørfotografers forening og måten denne foreininga arbeidde på, er ikkje kjend enno. Foreininga vart i alle fall forløparen til Stavanger Fotoklubb, stifta 1942. Historia til dei andre fotoklubbane i fylket går også, så langt me veit til no, tilbake til 1940-år- og 1950-åra.

I nasjonal samanheng var alle dei første kameraklubbane særleg opptekne av å få fram desse estetiske kvalitetane i landskapsfotografiet . Desse første amatør- og fagfotografane som var opptekne av stemningsbiletet, vidareførte ein eldre tradisjon. Det går nemleg ei ubroten linje frå dei meir dokumentariske landskapsprospekta frå 1860-åra og framover, via tilsvarande landskapsprospekt i mindre format på postkorta, fotografia til medlemmane av Stavanger Turistforening og landskapsfotografia til medlemmane fotoklubbane. Etter kvart vart desse definerte som kunstneriske fotografi. Ei tilsvarande utviklingslinje finst på nasjonalt plan.

Overgangen frå den dokumentariske bilettypen til dei såkalla stemningsbileta i 1890-åra og framover vart introdusert av Robert Collet kring 1895 og av Anders B. Wilse etter at han kom tilbake til Noreg frå USA hausten 1900 . Collett og seinare Wilse sine vinterbilete vart til dømes forløparar for dei mange kameraklubbane sine fotografiske arbeid i 1920- og 1930-åra.

Dei første postkorta som viser hyttene til Stavanger Turistforening i snøkledd landskap, skriv seg frå åra etter 1910. Korkje desse, eller dei mange postkorta med motiv frå jærstrendene, hevar seg noko særleg over gjennomsnittet når det gjeld postkortmotiv frå Rogaland desse åra. Likevel var det mellom medlemmane av Stavanger Turistforening vi finn dei første som engasjerte seg i landskapsfotografering som noko meir enn dokumentasjonsfotografering. Men Waldemar Eide var nok den første som formidla Rogalands-naturen på ein slik måte at arbeida hans kan definerast som kunstnerisk fotografi.

Stavanger Turistforening og Stavanger Turistforenings Årbok har utan tvil spela ei stor rolle for framveksten av landskapsfotografiet i Rogaland, både som dokumentarisk fotografi, som «stemningsbilete» og etter kvart som kunstnerisk fotografi. Dette gjeld etter introduksjonen av regionpresentasjonar i årboka frå 1928 og framover, og særleg etter at turistforeininga tok til med årlege fotokonkurransar frå og med 1944 for å skaffa gode illustrasjonar til bøkene (sjå kap. 3.3.ovanom).

Det er også grunn til å tru at fotoutstillingane til Oslo Kamera Klubb, tidsskriftet Fotografi og Norsk Selskap for fotografi, stifta 1927, spela ein viktig rolle for framveksten av fotoklubbar elles i landet. I Rogaland var det fotoklubbar i alle byane; Stavanger, Haugesund, Sandnes og Egersund, dessutan på Bryne, i Sauda, Gjesdal og truleg også i fleire andre kommunar.

Stavanger Fotoklubb vart stifta 1942 av mellom andre Olav A. Ellingsen, Alf Endsjø og sonen Leif Endsjø . Sandnes Foto Klubb vart stifta 1944 av mellom ann bok- og papirhandlar Ingvar Dahle . I 1951 og 1960 publiserte klubben to større biletefte; Sandnes i bilder.

Det er ikkje kjent når fotoklubben i Haugesund vart etablert første gong. I Egersund var Alf L. Barstad med på stiftinga av Egersund Kameraklubb. Klubben eksisterte frå om lag 1940 til 1960 og hadde mellom anna ei større utstilling i Egersund i desember 1952. Det kan sjå ut for at Bryne Fotoklubb, stifta 1952, var den mest aktive i 1950- og 1960-åra. Klubben vart stifta av fire hobbyfotografar; Emmanuel Bollie, Knut Øglænd, Odd Jørstad, Svein Tjemsland ogfagfotografen Børge Kalvig. Fotoklubbane i Sauda og i Gjesdal gav mellom anna ut tre hefte med eldre fotografi i 1980 og 1981 .

Etter alle medlemmane av dei første fotoklubbane i fylket finst det truleg eit både omfattande og verdfullt fotografisk materiale. Med få unntak er dette ukjent materiale i offentleg samanheng. Det vil vera eit svært omfattande arbeid å kartleggja historia til alle fotoklubbane og kva medlemmane eller familiane deira tek vare på av fotografisk materiale frå tida før 1960.