3.5. Emigrantfotografar med nye teknikkar og motivtypar

Med emigrantfotografar meiner vi norsk-amerikanarar som fotograferte i større omfang enn til privat bruk medan dei var på heimebesøk frå USA, eller norsk-amerikanarar som flytte heim att og som fungerte som bygdefotografar eller oppdragsfotografar elles. Båe desse gruppene hadde lært å fotografera i USA, og dei hadde kamera og utstyr med seg til Noreg. Nokre av dei som kom på besøk, var etablerte atelierfotografar i USA, til dømes Martin Morrison, Christ Pedersen Myklebust (sjå nedanom) og Dora Storaker. Desse tre var alle atelierfotografar i typiske immigrant-småbyar i Iowa; i Ames, Eagle Grow og i Roland.

Emigrantfotografane opererte gjerne i fleire fylke. Det bevarte materialet i Rogaland, viser at fleire fotograferte både i Rogaland og Hordaland. Det finst ikkje tilsvarande materiale som viser at slike fotografar opererte på båe sider av amts- eller fylkesgrensa i sør. Men materialet etter emigrantfotografar som er kartlagt under arbeidet med prosjektrapporten for fotonettverket, er tilfeldig . Det viser likevel eit mønster. Dei heimvende fotografane reiste gjerne over eit større område når dei fotograferte, noko som tyder på at dei hadde med seg bestillingar på bestemte motiv frå immigrantmiljø i USA. Motivmessig er fotografia ikkje direkte nyskapande. Dei viser hovudsakleg familiegrupper framfor bygningar, eller gardstun sett på avstand. Slik sett hadde ikkje USA-bakgrunnen deira noko å seia for presentasjonen av motivet. Men desse fotografia har alle god teknisk kvalitet. Dei som kom heim frå USA på besøk eller for å bu i Noreg, hadde nemleg godt fotoutstyr.

Om motiva var tradisjonelle, introduserte emigrantfotografane bilettypar som ikkje var vanlege frå før i fylket. Dei var nemleg dei første som produserte stereoskop- eller stereofotografi til heimemarknaden, og fleire av dei kom heim frå USA med kamera til å fotografera panoramabilete.

Stereoskopbilete var kjende frå fotografiet sin barndom . Alt i 1849 kom dei første kamera med to objektiv som dermed laga todimensjonale bilete. Dei store verdsutstillingane i London 1851 og i Paris 1855 gjorde stereoskopbileta kjende for eit større publikum. Fotograf Knud Knudsen i Bergen hadde stereskopkamera i 1862. I 1864 averterte han at han hadde stereoskopbilete for sal, men desse var først og fremst produserte for turistmarknaden . I 1872 gav fotograf Marcus Selmer i Bergen ut Catalog af Norske Nationaldragter, Landskaber og Stereoskopbilleder.

Då fotograf Axel Lindahl tok ut på den første Noregsreisa si i 1884, tok han mange stereoskopbilete, men han var ikkje innom Stavanger amt på denne turen. Bruken av stereoskopbilete i Noreg var heller ikkje vanleg i midten og slutten av 1880-åra. Formatet var ikkje mote på turistmarknaden då, men i 1890-åra kom moten tilbake. Knud Knudsen gjekk til dømes bort frå dette formatet tidleg i 1880-åra og kom tilbake til det seint i 1890-åra . Både i USA og i Storbritannia vart det produsert stereoskopbilete med norske motiv for turistmarknaden, særleg i 1890-åra og framover .

Fotograf C. L. Jacobsen i Stavanger var den første som averterte fotografering med stereoskopapparat i Stavanger. Han hadde så langt me veit, ikkje tilknyting til USA. Annonsen i Stavanger Amtstidende og Adresseavis 12. Juni 1865 opplyser at han kom heim frå ei forretningsreise til Berlin sommaren 1865 med «… forskjellige nye Sager, henhørende til Photographien, saasom Album, Rammer, Stereoskop og Visitkortbilleder, Alt til billige Priser» (sitat frå avisa). Så langt me kan sjå, har ikkje nokon av bevaringsinstitusjonane i nettverket stereoskopbilete frå Stavanger med fotograf Jacobsen sitt firmastempel, og svært få 1800-tals stereoskopbilete i det heile . Dei bileta norsk-armerikanaren Martin Morrison tok i Rogaland og Sunnhordland i 1889, er truleg dei eldste stereoskopbileta i Rogaland med private motiv (sjå nedanom). Fotograf Rasmus P. Thu sine stereoskopbilete skriv seg frå 1890-åra og seinare.

Dei eldste, kjende panoramabileta i Rogaland er så langt me veit i dag, frå Sandnes.

Det var truleg Aadne O. Aase, disponent ved «Sandnæs Trevarefabrik», som tok desse etter bybrannen i 1897. Sven Larsen som hadde papir- og fotografisk handel i Egersund, produserte panoramabilete frå Egersund kring 1912. Det er ikkje kjent i dag kva bakgrunnen var for panoramabileta frå Sandnes og Egersund, eller om dei to fotografane hadde skaffa seg det spesielle kamerautstyret frå USA.

Fotograf Gabriel T. Espedal er døme på ein Rogalands-fotograf som kjøpte kamera i USA. Han etablerte atelierfirma i Stavanger i 1921 og tok mange panoramabilete i Rogaland og Vest-Agder i åra 1922-1924 (sjå kap. 3.6). Espedal hadde fotoatelier om lag 14 år i USA før han flytte heim i 1921. Det er ikkje kjent korleis han la opp reiserutene sine til panoramafotograferinga. Det bevarte negativmaterialet etter han, tyder på at det var kundane som bestilte aktuelle motiv hos han først.

Fotograf Rasmus P. Thu budde i USA i fleire periodar frå 1880-åra og framover.

Panoramabileta hans daterer seg også frå 1920-åra . Thu kjøpte kamera til å ta denne type bilete med under eitt av dei siste, eller det siste USA-besøket sitt. Det bevarte materialet viser at han særleg dreiv denne type fotografering i 1923, både i Stavanger-området, på Rennesøy, Finnøy og på Jæren. Thu fotograferte også mange bygdelag på Karmøy etter at han flytte dit og opna atelier i Skudeneshavn i 1928.

Panoramafotografering vart ikkje nokon utbreidd mote i Rogaland. Utstyret var kostbart og fotograferingsmåten komplisert. Dessutan kom dei aller første flyfotografia i slutten av 1920-åra. Slike oversynsbilete av bygdelag i fylket erstatta seinare panoramabileta (sjå kap. 3.10 nedanom).

Så langt me kan sjå av det bevarte fotografiske materialet i Rogaland, var det berre Espedal og Thu som dreiv ei omfattande panoramafotografering i fylket, og båe i 1920-åra med fotoutstyr kjøpt under opphald i USA.

Gabriel T. Espedal (1887-1966) høyrde til ein yngre fotografgenerasjon enn Rasmus P. Thu (1864-1946). Det er ikkje kjent i dag kva USA-opphalda fekk å seia for den fotografiske karrieren deira. Espedal slo seg ned i Stavanger og etablerte ein omfattande praksis der i 1921 etter at han kom heim frå USA, medan Thu reiste fleire gonger mellom Stavanger og USA og vart eigenleg ikkje ein fastbuande atelierfotograf før han etablerte firmaet sitt i Skudeneshavn som eldre mann i 1928.

Karrieren til Thu som emigrantfotograf tok til i 1889 då han flytte heim til Noreg for første gong. Året 1889 er viktig i fotografihistoria til Rogaland. Dette året kom tre «Amerika-fotografar» heim til Stavanger amt; Martin Morrison frå Rosseland i Time , Rasmus Pederson Thu frå Tu i Klepp og Torbjørn T. Nessa frå Nessa i Nedstrand. Sjølv om alle hadde kamera med seg, hadde dei ulikt program for heimebesøket. Martin Morrison (1844-1916) var etablert atelierfotograf i Ames, Iowa. Han emigrerte til USA i lag med familien kring 1865 og slo seg etter ei tid ned i Ames . I 1889 hadde han også med seg ferdige fotokartongar til stereoskopbilete med påtrykt atelieradresse i Ames og truleg ei lang bestillingsliste frå immigrantar i Iowa med familie i Rogaland og Sunnhordland.

Morrison sine fotografi av familiar framfor gardsbruk vart så og seia alle tekne i mai og juni 1889. Det første, kjende motivet etter heimkomsten, er frå hamna i Haugesund og vart teke 15. april 1889. Det siste av dei kjende bileta hans frå 1889, vart teke på garden Bryne i Time i september 1889, kanskje rett før han skulle returnera til USA.

Morrison sine bilete frå 1889 er dei eldste, kjende stereobileta i Rogaland med private motiv. Dessutan representerer dei den eldste, større fotografigruppa som viser bygningsmiljø og kulturlandskap på landsbygda i fylket. Det kan sjå ut for at Morrison framkalla bileta og selde kopiar enkeltvis lokalt til familiane han fotograferte. Det er ikkje grunn til å tru at han tok med seg glasnegativa (tørrplater) tilbake til USA for framkalling der.

Hausten 1889 hadde han «… a new lot of 500 different stereoscopic views from Norway on hand» med seg tilbake til USA . Opplysninga om «a new lot» på fotokartongane kan tyda på at han også hadde fotografert i Noreg før 1889, men slike fotografi kan ikkje dokumenterast her i Rogaland. Kartongopplysningane elles tyder på at Morrison også tok meir typiske turistprospekt med seg tilbake til USA, fotografi som ikkje var bestilte på førehand.

Bileta Morrison tok i 1889 er i alle fall vel kjennelege. I framgrunnen plasserte han eit stativ (plate) der han med lause bokstavar skreiv namnet på garden, eigar, dato og årstal. Reisekufferten hans var ofte støtte for plata. Datoopplysningane på dei bevarte bileta, gjer at vi kan følgja Morrison si reiserute i Rogaland og Sunnhordland i 1889 .

Morrison kom tilbake til Noreg etter 1890. Denne gongen hadde han familien med seg. Han hadde kjøpt gardsbruk på Serikstad i Time og tok til som bureisar med fotografering som tilleggsnæring. Morrison tok i bruk moderne marknadsføring. Det vert fortalt at han måla reklame på steingardane langs vegen frå Bryne for å visa veg til atelieret i heimen på Serikstad.

Så langt me kan sjå av fotoarkiva til dei kommunale biblioteka i Time, Klepp og Hå, finst det berre nokre ganske få atelierportrett eller atelier-eksteriør-bilete frå 1890-åra med Morrison sin signatur. Det er likevel dokumentert at han dreiv med fotografering i 1890-åra, før han flytte tilbake til USA for godt i 1900 . Like eins er det dokumentert at han hadde «… et av disse lette, smaa amerikanske øiebliks fotografiapparatene, hvormed man tar personen paa forbifarten og fuglen i flugten» . Morrison hadde med andre ord tre ulike kameratypar med seg frå USA til Noreg; stereoskopisk kamera i 1889, atelierkamera (båe med prefabrikerte glasnegativ) og eit moderne handkamera med rullfilm.

Negativarkivet etter Morrison vart øydelagt fleire år etter at han flytte tilbake til USA. I dag er det heller ikkje andre spor etter Morrison på Serikstad eller elles i Time .

Rasmus Pederson Thu hadde den mest omfattande produksjonen av dei tre fotografane som kom heim til Noreg i 1889. Thu hadde hatt fleire typar arbeid i USA etter at han reiste dit første gong i 1882. Han hadde ikkje som Morrison, etablert atelierpraksis i USA før han flytte heim første gong. Dei seinare åra før 1889 var målet hans å tena nok pengar til å kjøpa kamera for å fotografera heime i Noreg. Thu kom sidan til å bu mesteparten av livet i Noreg. Han oppheldt seg likevel fleire periodar i USA. Susanne Bonge skriv i boka om eldre norske fotografar (1980) at Thu skal ha reist om lag tretti gonger fram og tilbake over Atlanterhavet med fotografia sine . Dette må i så fall vore før han etablerte firmaet sitt i Skudeneshavn i 1928.

Thu var svært produktiv. Det bevarte materialet viser at han var før si tid på fleire område. Det var nok opphalda hans i USA som gjorde at han tok i bruk nye teknikkar, og at han produserte fleire ulike fotografitypar, både på papir og på metall, som speglar og «buttons» .

Thu hadde vanleg kamera med seg heim til Noreg og tok mange atelier-eksteriørbilete av enkeltpersonar og familiar på Jæren i 1889. Han kjøpte truleg stereoskopapparat då han budde i USA (Chicago) i 1890-åra. Dei bevarte stereoskopbileta hans med motiv frå Stavanger skriv seg i alle fall frå slutten av 1890-åra. Etter at han kom tilbake til Noreg for andre gong, truleg i 1897 eller 1898, tok han på same måte som i 1889, atelier-eksteriørbilete av familiar og grupper. Thu fotograferte særleg på Jæren og på øyane i Rennesøy kommune, heimstaden til kona hans. I året 1900 oppheldt han seg i Skjold som «friluftsfotograf» (opplyst i folketellinga 1900). Han fotograferte då familiar og grupper ute (atelier eksteriør). I 1904 reiste Thu tilbake til USA. Der selde han truleg både stereoskopbilete og bilete av familiar og gardar i Rogaland.

Etter at Thu kom tilbake til Noreg, engasjerte han seg også i postkortproduksjon og som reisefotograf. I åra etter 1910 tok han for første gong familiebileta inne i bestestovene. Dette tyder på at han hadd skaffa seg godt blitsutstyr. I åra ca. 1912-1918 tok han også mange skulebilete kringom i fylket. Etter 1920 satsa han særleg på produksjon av panoramabilete (sjå ovanom).

Thu hadde eit enkelt atelier i tilknyting til heimen sin i Stavanger, men denne produksjonen hans var naturleg nok ikkje særleg omfattande samanlikna med dei etablerte fotografane i byen. Thu sette ikkje alltid namnet sitt på kartongane til atelierfotografia,

og på fotografia han tok av familiar og gardsbruk. No i ettertid er det særleg vanskeleg å identifisera alle familiebileta (eksteriør og interiør) han tok som reisefotograf i åra ca. 1908-1919.

Torbjørn T. Nessa (0000- død i USA), den tredje norsk-amerikanaren som kom heim i 1889, reiste første gong til USA saman med broren i 1882. Etter at han kom tilbake, budde han heime saman med søskena. Folketellinga 1900 definerer han som gardbrukar, snikkar og fotografist. Nessa fotograferte i Nedstrand og kanskje også i distriktet rundt (noverande Tysvær kommune) etter at han kom heim i 1889. Dei 37 glasnegativa som er bevarte etter han, skriv seg frå ca. 1898-1908 men utgjer berre ein liten del av produksjonen hans. Fotomaterialet som vart samla inn til bruk for dei to gards- og ættesogebanda for Nedstrand (2001), viser at det finst mange fotografi frå åra ca. 1898-1906 som Nessa, og truleg også amerikanaren Waller (Walter?) tok (sjå nedanom).

Nedstrand skil seg ut samanlikna med andre bygder i fylket, sidan det finst så mange teknisk gode gards- og familiebilete frå åra ca.1898-1908. I andre bygder vart det ikkje vanleg med slike bilete før særleg John Kjølvik og Ramsus P. Thu reiste rundt som oppdragsfotografar etter 1907/1908 (sjå kap. 3.7 nedanom). Torbjørn T. Nessa reiste til USA for godt i 1911 og slo seg ned i Paullina, Iowa. Han let etter seg negativarkivet og kameraet heime.

Den amerikanske fotografen C. E. Waller losjerte på Nedstrand då det var folketelling i 1900. Han var fødd i staten Michigan men budde i Fremont, Indiana då han reiste til Noreg. Det er uvisst kor lenge han budde i Nedstrand, og kvifor han kom dit. På same tida fotograferte Rasmus P. Thu i Skjold, og Torbjørn T. Nessa i Nedstrand. Desse tre kjende kvarandre truleg.

I ettertid er det uråd å slå fast kor mange som er Waller sine fotografi av gards- og familiebileta (eksteriør) frå Nedstrand frå åra 1898-1910 . Det bevarte negativmaterialet etter Nessa viser i alle fall at han tok mange av dei. Det bevarte positivmaterialet viser at båe truleg berre tok gards- og familiebilete (eksteriør), ikkje portrett, landskapsbilete til postkort, eller andre typar fotografi.

Christ Pedersen Myklebust (f. 1869) hadde fotoatelier i Eagle Grove, Iowa. Han kom på besøk til Noreg før, eller i 1905, og også seinare år. Då fotograferte han både i heimbygda Uskedal i Kvinnherad og i fleire andre bygder i Sunnhordland og Nord-Rogaland . Gards- og familiebilete var viktigast. Han tok mange slike i Sauda i 1907, men også gruvene i Allmannajuvet. Bileta selde han lokalt og til immigrantar i USA. I 1914 var Myklebust tilbake igjen i Noreg som fotograf på den norsk-amerikanske Stavangerlaget sitt stemne i Sandnes.

Også ein Mr. Furness frå USA fotograferte i Sauda. Det er uvisst kven han var. I 1915 tok han mellom anna eit bilete av Fløgstad-garden . Ein annan norsk-amerikanar som fotograferte i Sunnhordland og Nord-Rogaland, var O. M. J. Ramsey eller Ramsø(e). Han fotograferte mellom anna i Ølen som heimkomen emigrant i åra mellom 1910 og 1920.

I nedre Suldal vart den heimvende norsk-amerikanaren Anders Lone (Herabakka) (f. 1880) bygdefotograf (sjå kap. 3.6 nedanom) i åra etter 1920. Kameraet kjøpte han i USA. Lone budde lenge i USA men flytte heim då foreldra vart gamle. Han vart sidan buande i heimen på Herabakka. Lone tok på seg private foto-oppdrag, i alle fall i nedre Suldal. Etter at han døydde, vart negativsamlinga spreidd på fleire hender. Det finst ikkje nokon samla dokumentasjon over produksjonen hans . Bevarte familiebilete i privat eige viser at fotografia hans har god teknisk kvalitet.

I Dalane-regionen peiker særleg to emigrantfotografar seg ut. Rasmus S. Johnson (f. 1851) frå Stapnes i Eigersund utvandra til USA i 1872 og kom heim på besøk med kamera i 1902. Han fotograferte då familiar og gardsbruk i Egersund landsokn og familiar på nokre gardar i Sokndal. Johnson leverte bestillingsbilete til dei avfotograferte. Bileta har godt teknisk kvalitet. I 1970 fekk Dalane Folkemuseum negativsamlinga hans på 91 nr.

I Sokndal fotograferte Ragnvald Immerstein når han var på heimebesøk frå USA. Faren, Johannes Immerstein (1876-1961), fekk fotoutstyr frå USA gjennom sonen og vart ein pioner i Sokndal når det galdt fargedias. Fleire hundre dias med topografiske motiv frå Sokndal frå 1940- og 1950-åra er bevarte hjå etterkomarane hans . Ragnvald Immerstein sin familie i USA tek vare på ei stor samling glasnegativ, fargedias og også levande bilete (film) med tilsvarande motiv frå Sokndal.

Far og son Immerstein er døme på at emigrantar på heimebesøk gav impulsar til fotografering i heimemiljøet. Men Ragnvald Immerstein representerte tredje generasjons emigrantfotografar. Både reisemåten mellom USA og Noreg og fotoutstyret var enklare i 1930-åra og seinare enn då Morrison, Thu og Nessa kom heim i 1889. Det finst truleg fleire tilsvarande samlingar i andre kommunar i fylket, om dei ikkje er så store som Immerstein-samlingane i USA og Sokndal.

Den samla norsk-amerikanske innflytelsen på det fotografiske miljøet i Noreg er ikkje kjend enno. Dette er eit område som ikkje er kartlagt, korkje nasjonalt eller regionalt.