3.4. Dei første amatørfotografane

Dette delkapitlet omhandlar berre amatørfotografar som fotograferte til privat bruk. Det finst ikkje noka skarp grense mellom amatørfotografar og profesjonelle fotografar i eldre tid. Dei fleste atelierfotografane på 1800- og tidleg på 1900-talet hadde ikkje fagutdanning. Likevel definerer me dei som profesjonelle sidan dei hadde fotografering som levebrød. Amatørfotografane var sjølvlærde, men dei fleste hadde nok fått kjennskap til, eller litt kunnskap om fotografering av folk utafor deira eige heimemiljø.

Gruppa amatørfotografar er stor, og såkalla amatørfotografi kan delast inn i mange forskjellige motivgrupper. Fleire bok- og papirhandlarar i byane selde fotografisk utstyr og tok i mot filmar til framkalling og kopiering. Dermed var dei ikkje profesjonelle fotografar. Men sidan fleire av dei hadde atelier for portrettfotografering og/eller var postkortfotografar, er dei med i oversyna ovanom over atelierfotografar og postkortfotografar eller postkortprodusentar.

Dei fotograferande medlemmane av Stavanger Turistforening og dei aller fleste medlemmane av fotoklubbane var amatørfotografar, om bileta deira var aldri så gode både teknisk og komposisjonsmessig. Bygdefotografane som vert omhandla som eiga gruppe i kap. 3.6, var også amatørfotografar, sjølv om dei hadde ein stor produksjon. Fleire av dei heimvende emigrantfotografane var amatørfotografar, sjølv om dei fotograferte på oppdrag for andre (sjå kap. 5.7 nedanom). Ingen av desse gruppene levde av fotografering.

Tekniske nyvinningar gjorde at fleire enn atelierfotografar fekk seg fotoutstyr i 1880-åra. Viktigast var introduksjonen av tørrplata, glasnegativ med prefabrikert emulsjon, og introduksjon av handkamera og rullfilm. I 1878 kjøpte bankmannen George Eastman i Rochester, USA det første kameraet sitt. Året etter var han i full gang med eksperiment

omkring korleis han kunne laga tørrplater. I 1880 tok han ut patent på produksjonen av tørrplater. I 1883 annonserte han rullfilmen laga av celloloid. I 1888 registrerte han varemerket og introduserte det første Kodak-kameraet. Rullfilmen gjorde at ein kunne ta seriar med bilete utan å lada kameraet for kvart bilete. Dei prefabrikerte glasplatene og rullfilmen hadde båe den eigenskapen at framkalling og kopiering kunne skje uavhengig av sjølve fotograferinga. Slik sett førte åra etter 1888 til gjennombrotet av ein ny epoke i fotografihistoria, til introduksjonen av amatørfotografiet. Men naturleg nok var det ikkje mange privatpersonar, som kjøpte fotoapparat like etter 1888.

I Rogaland var dei første amatørfotografane ikkje nødvendigvis berre unge menn med teknisk utdanning, som me kanskje skulle tru. I byane dominerte nok mennene frå borgarskapet. Men både profesjonelt og på amatørnivå, var fleire kvinner engasjerte. Desse høyrde også med få unntak til byborgarskapet . Det var sosialt akseptert at kvinner kunne fotografera og ha atelierfotografering til levebrød.

Utan tvil utgjer den aller største delen av dei tidlege amatørfotografia, frå åra ca. 1890-1920, bilete av søndags- og fritidslivet til borgarskapet i byane, i eigne hagar eller på turar i låglandet. Fotografia frå høgfjellet sommar og vinterstid som medlemmar av Stavanger Turistforening tok, høyrer også til denne gruppa. Bileta var med andre ord tur- og feriebilete til privat bruk .

Det er tilfeldig kva som er bevart av denne type fotomateriale ved bevaringsinstitusjonane i fylket. Nokre få Stavanger-familiar er ganske godt dokumenterte gjennom fleire store fotosamlingar ved Stavanger Museum, Stavanger byarkiv og Statsakivet i Stavanger. Private samlingar utafor fylket, både hos utflytte og hos folk som ferierte i Rogaland, er også interessante i denne samanhengen. NMS-Arkiv har fleire fotosamlingar som har tilhøyrt misjonærar og som viser privat- og arbeidslivet deira på misjonsstasjonar i Afrika på 1800-talet. Desse vert ikkje omhandla her .

I Stavanger var familien Berentsen på Breidablik ivrige fotografar frå slutten av 1890-åra og framover. Heile fotosamlinga deira er bevart ved Stavanger Museum, Kulturhistorisk avdeling. Familien Berentsen var faste feriegjester både i Ryfylke og på Ogna og Orre på Jæren. Det er bevart 735 negativ etter dei. Dei aller fleste sommarmotiva er frå Orre, men motivvalet er snevert. Familien fotograferte helst berre seg sjølv på spaserturar og under utflukter til elva og stranda.

Fotosamlinga etter skipsreiar Georg T. Monsen (1866-1926) i Stavanger er ein parallell til Berentsen-samlinga både når det gjeld tidsperiode og motivtypar, men Monsen såg litt lenger enn til «seg og sitt» i val av motiv. Han tok til dømes fleire bilete av lokale folk og miljø når han ferierte på Ogna . Stavanger byarkiv har sju store albumar etter Monsen med 1 247 positivar frå åra om lag 1890-1920. Negativarkivet er så langt vi veit, ikkje bevart. Til denne gruppa med tidlege «feriefotografar» høyrer også lærarinne Malene Gabrielsen (1861-1910) i Stavanger, ein slektning av skipsreiar Monsen. Malene Gabrielsen fotograferte særleg under besøk hjå slektningane i Tananger i 1890-åra og fram til ho døydde. Negativsamlinga hennar er bevart .

Andre tidlege amatørfotografar i Stavanger var forutan dei lokale fotturistane i Stavanger Turistforening, også kjøpmann Endre Qvie Berner (1853-1925), stadskonduktør Michael Eckhoff (1873-1952), lærar Tønnes Sandstøl (1845-1924) og grossist Olaf A. Ellingsen sen. (1882-1924) . Dessutan har ein stor del av det bevarte negativarkivet etter oppdragsfotograf Samson Helgevold (sjå tekstboks 3.1 ovanom) tilsvarande privatmotiv frå åra etter 1910.

Det finst ikkje mange tilsvarande fotosamlingar med private motiv frå dei andre byane i fylket, i alle fall ikkje samlingar som er offentleg tilgjengelege eller kjente. I Egersund var det som nemnt ovanom fleire som fotograferte landskap; A. F. Flak i åra 1890-1896 og atelierfotografen E. H. Torjusen i 1890-åra og seinare. Negativarkivet etter Flak ved Dalane Folkemuseum har ikkje private motiv. Det er ikkje kjent enno om Torjusen-arkivet ved Dalane Folkemuseum inneheld private motiv. Skipshandlar Ole Hamre Bøe fotograferte frå slutten av 1890-åra til om lag 1930. Dalane Folkemuseum har størsteparten av negativarkivet hans (245 nr.). Dette viser at Bøe fotograferte mest hamne- og skipsbilete. Men kanskje er det denne delen av arkivet hans som er bevart.

Det eldste private fotoarkivet ved Haugalandsmuseene avd. Karmsund Folkemuseum skriv seg truleg frå bokhandlar og musikkhandlar Thea Larsen i Haugesund. Museet har om lag 150 glasnegativ etter henne. Dette er ei samling frå åra ca.1890-1920. To tilsvarande privatsamlingar frå om lag år 1900 og framover har tilhøyrt ein tollkasserar og ein lektor i Haugesund. Dei kom til Stavanger som resultat av familieflytting .’

På Sandnes var målar og seinare trelasthandlar Aadne O. Aase (1853-1937) ein dyktig amatørfotograf i 1890-åra. Han fotograferte mellom anna ein del i Sandnes etter brannen i 1897. Det er ikkje kjent om etterkomarane etter Aase har fotografi med private motiv .

I fleire av landkommunane i Rogaland var det også personar som fotograferte privat i 1890-åra og seinare, men dette var helst innflyttarar som medlemmar av preste- eller lærarfamiliar, meieristyrarar eller andre med spesielle yrke i lokalmiljøet. Sidan slike amatørfotografar som regel ikkje vart verande på ein og same staden, men flytte til andre distrikt eller til andre delar av landet, forsvann gjerne denne type tidlege privatbilete frå bygdene i fylket.

Under arbeidet med boka Bilete frå Hå. Folk og miljø 1860-1950 (Hå kommune 1990) kartla forfattaren i kva grad det fanst slike fotosamlingar hjå preste-, lærar-, forbruksstyrar-, meieristyrar- og fyrmeisterfamiliar som hadde budd i Hå i kortare eller lengre tid. Resultatet vart tre store fotosamlingar og fleire små. Det viste seg at dei to prestesønene John Landstad og Gerhard Holm nok var dei ivrigaste amatørfotografane i Hå før 1910. Frå deira hand finst det om lag 300 motiv frå åra 1894-1906, dei fleste frå Hå prestegard og frå grannegardar i Nærbø. Etterkomarane deira i Telemark og i Oslo hadde teke vare på både negativ, papirkopiar og fotodagbøker. Etter prestefamilien Isaachsen i Helleland er det bevart fotografi frå åra deira på Helleland prestegard (1897-1905) hjå etterkomarane i Holland, materiale som sidan er lånt til bruk lokalt i Dalane .

Men både ferierande byfolk og prestefamiliane levde utafor det eigenlege dagleglivet i bygdene. Motivvalet vitnar om dette. Dei fotograferte alle stort sett berre familie og vener, aktivitetar dei var med på, og husa dei ferierte i. Denne type fotografi med private motiv er likevel svært verdfulle. Sidan dei ofte går tilbake til 1890-åra, er dei sjeldne. Dessutan har dei som regel god teknisk kvalitet.

Lærarar og meieristyrarar tok i langt større grad del i det lokale folkelivet enn prestefamiliane. Den tredje av dei større fotosamlingane Hå folkebibliotek fekk tilgang til under fotobevaringsarbeidet i 1980-åra, viser dette. Dette er ei samling etter meieristyrar Trygve Melsom i ei av bygdene i Hå frå åra 1915-1925. Han fotograferte ikkje berre familien sin inne i styrarbustaden eller ute på tur, men også dei tilsette i arbeid på meieriet, folk i bygda, gardar og stasjonsmiljøet elles .

Innflyttarfamiliar som fotograferte i lokalmiljøet, formidla dessutan ofte kunnskap om fotografering til interesserte ungdomar. Trygve Melsom lærte i alle fall to meieri-tilsette gutar å fotografera, men dette var etter 1920 då rimelege kassa-apparat var i handelen .

I fleire kommunar i Rogaland finst det bevarte negativsamlingar etter lokale, tidlege amatørfotografar (frå 1890-åra eller tidlegare), til dømes etter marinemålar Lauritz Haaland på Kvitsøy, gardbrukar Rasmus Ingebretson Norland i Forsand og etter lærar Tønnes Sandstøl frå tida han budde i Egersund . Frå tidleg på 1900-talet finst det fleire større negativarkiv eller samlingar etter privatpersonar kringom i fylket, både i privat eige og ved bevaringsinstitusjonane i nettverket. Eit kjent eksempel er det store negativarkivet etter gardbrukar, folkehøgskulelærar og seinare stortingsrepresentant K. K. Kleppe i Klepp kommune. Det er ikkje kjent i dag kvifor desse første amatørfotografane skaffa seg fotoutstyr, eller på kva måte dette skjedde.

I bygder med utanlandske sommarbesøk fekk folk i lokalmiljøet tidleg kjennskap til fotografering. Laksefiskarane frå Storbritannia hadde til dømes behov for mange arbeidsfolk når dei var på sommarbesøk i Sand og Suldal i åra frå 1883 til 1914. Fleire av dei seinare kjende amatørfotografane i Sand og Suldal fekk truleg opplæring i fotografering og kanskje også fotoutstyr av britane. Bygdesmeden i øvre Suldal, Odd T. Straabø (1851-1934), skaffa seg Hasselblad-kamera kring 1899 og vart både postkortfotograf for turistane (sjå tekstboks 11), og bygdefotograf i Suldal (sjå kap. 5.6 nedanom). Ola Lagerhus var køyrekar for laksefiskarane og fotograferte tidleg på 1900-talet. Georg Nilsson Hylen vart gardsstyrar hos Mr. Sibtorp på Lindum i Suldal. Han fotograferte mellom anna eit krunebrurepar ved Sauda kyrkje i 1895. Sjølv gifta han seg med Annie Fessey frå Storbritannia. Mr. Sibtorp leigde også fiskerettane i båe elvane i Sauda og kjøpte hus der. Dermed oppheldt Hylen seg også i Sauda.

Det er typisk for mange, kanskje for dei fleste av dei første amatørfotografane på landsbygda, at dei ikkje fotograferte fritidssysler. Dei dreiv ikkje som byfolka med ferie- og fritidsaktivitetar. Dessutan såg nok fleire på fotografering som ein måte å skaffa seg inntekter på. Dermed var motiva deira som oftast «matnyttige». Dei første som fekk kamera på bygdene, fotograferte helst familiar ute (atelier eksteriør) og heimane deira. Desse amatørfotografane var med andre ord dei første private dokumentasjonsfotografane på bygdene. Dermed finst det ikkje tilsvarande parallelar på landsbygda til borgarskapet sine privatbilete frå 1890-åra og framover.

I 1920-åra fekk mange, oge særleg ungdomane, enkle kamera. Dei aller fleste hadde berre kassa-apparat og ikkje blits-utstyr. Dermed fotograferte dei for det meste ute. Bileta viser ofte typiske søndagsmotiv. Dette er eigenleg dei første fritidsbileta til folk på landsbygda. Den tekniske kvaliteten er blanda. Dei fleste av desse amatørfotografane tok heller ikkje vare på negativa.

Det er tilfeldig kva som er bevart ved bevaringsinstitusjonane av fotosamlingar etter eldre, og særleg etter nyare amatørfotografar. Dei samlingane musea og arkivinstitusjonane i fylket tek vare på, er vanlegvis gåver. Derfor har ikkje institusjonane kartlagt eller vurdert denne type fotoarkiv eller fotosamlingar i ein større samanheng. Det er også tilfeldig kva slags amatørfotografar som er representerte i den nasjonale fotografdatabasen.