Frå landskapsprospekt til serieproduserte turistbilete

Til første-generasjonen av kjende landskaps- og turistfotografar i Noreg høyrer dansken Marcus Selmer, vestlendingen Knud Knudsen og svensken Axel Lindahl. Anders B. Wilse (1865-1949)fotograferte i Noreg etter 1900 og høyrer til andre-generasjonen av norske turistfotografar. Wilse representerte dessutan fleire andre retningar enn landskapsfotografane på 1800-talet. Han var mellom dei første som fotograferte det norske landskapet i vinterdrakt og det norske høgfjellet. Han introduserte dessutan to nye fotografigenrar; det norske stemningsbiletet og det realistiske dokumentasjonsfotografiet. Wilse vart også storleverandør av fotografi til postkortindustrien, oppdragsfotograf, portrettfotograf med vidare (sjå omtale av Wilse som fotograf i Rogaland i tekstboks 10).

Første-generasjons turistfotografane førte vidare den nasjonalromatiske tradisjonen frå målargenerasjonen til J. C. Dahl. Dette ser vi tydeleg av landskapsprospekta til Marcus Selmer, og dette kjem også fram av måten Knudsen og Lindahl komponerte biletmotiva på når dei var på reiser rundt om i Noreg. Denne fotografgruppa la grunnlaget for dei kjende norske landskaps- og folkelivsbileta som vart masseproduserte som landskapsprospekt i fleire format, som stereoskopi-bilete og seinare også som postkort for utanlandske kjøpargrupper, hovudsakleg frå Storbritannia og Tyskland. Fotografia vart selde gjennom norske og utanlandske turistbyrå, dampskipsekspedisjonar, turisthotell og bokhandlarar. Desse kontora og butikkane hadde demonstrasjons- eller prøvealbum som viste kva slags bilete dei hadde for sal, og som turistane kunne ta med heim som souvenir til reisealbumane sine.

Då Selmer fotograferte landskap på Vestlandet i åra etter 1852, er det ikkje kjent at han var andre stader i dåverande Stavanger amt enn i Haugesund-området. Knud Knudsen fotograferte i Stavanger i 1885, og Lindahl då han var på gjennomreise i fylket i 1887. Lindahl reiste då den nyopna turistruta gjennom Bratlandsdalen, ned Suldal og med båt frå Sand til Stavanger.

Den første fellesreisa frå England med båt til Stavanger vart arrangert av Cooks reisebyrå i 1885 . Frå Stavanger gjekk turen vidare med båt til Sand, Suldal, Bratlandsdalen, Røldal, Odda og vidare til Bergen. Frå Røldal kunne turistane og dra vidare over Haukelifjell til Telemark og Kristiania. Dåverande Stavanger amt vart ikkje noko reisemål for utanlandske turistar før etter at denne turistruta gjennom Bratlandsdalen opna i 1887. Denne ruta omfatta rett nok berre ein liten del av Ryfylke. Likevel opna det seg eg ein lokal marknad for fotografi til turistbrosjyrar og brevkort etter 1887. Turoperatørane hadde behov for bilete av dei reisemåla dei ville driva reklame for i utlandet. Utlendingane som kom til Noreg, hadde behov for minne i form av landskapsprospekt og sidan postkort, enten dei var ferierande laksefiskarar, fjellvandrarar eller turistar på gjennomreise. Men samanlikna med Vestlandet elles vart ikkje Stavanger amt med Turistrute 7 noko varig mål for britiske og tyske turistar. Derfor finst det truleg ikkje svært mange landskapsprospekt og serieproduserte turistbilete frå fylket. Dei mest fotograferte motiva fanst i øvre Suldal med Nesflaten, Bratlandsdalen, Suldalsporten, Suldalsosen og Stråpa-garden med Stråpanuten.

Pr. i dag finst det ikkje noko samla oversyn over kva som vart produsert av turistfotografi frå Rogaland i 1880- og 1890-åra. Det finst heller ikkje oversyn over kva som er bevart av denne type fotografi.

Tekstboks 9:

Fotografi frå Rogaland i materialet etter nasjonale landskaps- og turistfotografar på 1800-talet

Marcus Selmer (1819-1900)

Dansken Marcus Selmer høyrer til førstegenerasjonen av kjende landskaps- og turistfotografar. Han slo seg ned som daguerreotypist i Bergen i april 1853 etter eit 3-vekers besøk i september 1852. Selmer vart ein kjend landskaps- og portrettfotograf. Dei første tiåra reiste Selmer kringom på Vestlandet og fotograferte landskap som sidan vart selde som turistprospekt, mellom anna gjennom bokhandlarar og turistbyrå. I 1872 publiserte han til dømes salskatalogen Catalog over Fotografier af Norske Nationaldragter, Landskaber og Stereoskopbilleder. Efter Naturen optagne af M. Selmer i Bergen. Fotografia vart som katalogtittelen viser, presenterte både som enkeltbilete og som stereoskop-bilete.

I Rogaland fotograferte Selmer under vårsildfisket i Haugesunds-distriktet rundt 1860. Kanskje hadde han også ei kort tid kring 1865 gjesteatelier i denne nye byen. I seinare år konsentrerte han seg om portrett-fotografering i Bergen. Negativarkivet vart øydelagd etter at Selmer døydde, men Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen har bygd opp ei positivsamling etter Selmer på grunnlag av bilete i privat og offentleg eige. Fotografia er ikkje digitaliserte enno.

Knud Knudsen (1832-1915)

Knudsen etablerte firma i Bergen i 1864 og fotograferte mykje kringom i landet frå 1860-åra til i midten av 1890-åra. Han var den første som fotograferte i heile Noreg, frå Kristiansand til Nordkapp. Alt då han annonserte første gong i 1864, opplyste han at han hadde eit stort utval stereoskop-bilete for sal. Stereoskopbileta og dei ordinære landskapsfotografia hans bidrog til å gjera Noreg kjent i utlandet. I 1890-åra som var eit førebels høgdepunkt under utviklinga av turisttrafikken, starta Knudsen også brevkortproduksjon med utgangspunkt i eigne landskapsbilete og byprospekt. Også utanlandske reiseoperatørar brukte bileta til Knudsen i reklamesamanheng. I 1889 gav Knudsen ut ein salskatalog over bilete frå størsteparten av landet. Om lag 2 000 av desse vart tekne før 1870.

Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen tek vare på arkivet etter Knudsen og på katalogen Fortegnelse over Norske Fotografbilleder af K. Knudsen, Bergen, Norge (utan år). Den eldste delen, den «klassiske Knud Knudsen-samlinga», utgjer 16 000 glasplater frå perioden 1864-1900. Desse kom til Billedsamlingen i 1975 saman med 30-40 000 originale papirkopiar. Resten av firma-arkivet fram til 1974, kom til Billedsamlingen i 1991. Denne delen utgjer eit par hundre tusen fotografi. I samarbeid med Nasjonalbiblioteket i Rana kom det i stand ei systematisk avfotografering i 1996. Skadane som viste seg i negativmaterialet, førte til prosjektet Digi-Knud, ei digitalisering av negativsamlinga. Dei skada negativa vart digitaliserte (og restaurerte digitalt) først, sidan alle dei andre. Prosjektet Jubel-Knud som fylgde etter, gjekk ut på å legga heile denne eldste delen av arkivet (frå perioden 1864-1900) ut på internett i samband med tusenårsmarkeringa av Bergen i 2000. Alle fotografia frå Hordaland vart ferdige. Billedsamlingen arbeider no med resten av den eldste Knudsen-samlinga.

Så langt vi kan sjå av materialet etter Knudsen som er lagt ut på internett til no, besøkte han dåværande Stavanger amt ein eller fleire gonger i åra 1885-1888. Førebels finst det 13 motiv frå Stavanger by og distriktet rundt byen (6 av desse er av Stavanger domkirke) frå desse åra i nettversjonen av Knudsen-samlinga. Dessutan finst det 56 motiv frå Suldal (Bratlandsdalen, Nesflaten, Suldalsporten, Suldalsosen og Sand) men heile 86 motiv frå området rundt Røldal (i Hordaland, som Austmannalia og Haukelisæter).

Axel Lindahl (1832-1906)

I 1882 vart den svenske fotografen Axel Lindahl engasjert av stadtshauptmann Richard Andword til å fotografera landet vårt. Resultatet vart eit biletarkiv på om lag 3 500 nr. med motiv frå ein stor del av Noreg. Svært mange av desse landskapsprospekta vart publiserte på Rich. Andwords Forlag. Anders B. Wilse kjøpte sidan negativ- og positivarkivet etter Lindahl. Dette utgjer no ein del av Wilse-arkivet i GalleriNOR.

Både Lindahl og Knudsen reiste mykje kringom i Noreg, Lindahl frå slutten av 1870-åra og fram til 1896. Dei vart dei to første fotografane som dokumenterte det norske landskapet. Marcus Selmer hadde hovudsakleg fotografert på Vestlandet. Bileta deira utfyller kvarandre. Dei to fotografane hadde nemleg ulik ståstad. Lindahl var på ein måte ein turist i Noreg, medan Knudsen var innfødd som vestlending. Dette gav seg til ein viss grad utslag i motiv-valet deira.

Fotografia vart produserte i fleire bilethefte som kom ut på den nasjonale marknaden på slutten av 1800-talet. Både tyske og britiske turistoperatørar brukte bileta til Lindahl og Knudsen i marknadsføringa av Noreg i 1880- og 1890-åra. Fotografia frå Rogaland i desse publikasjonane var frå turistruta gjennom Bratlandsdalen og øvre Suldal med Suldalsosen og Suldalsporten.

Då Lindahl tok ut på den første Norges-reisa si i 1884, var han ikkje innom Rogaland. Lindahl sine landskapsbilete frå Rogaland skriv seg frå fjerde reisa hans på Vestlandet i 1887. Han reiste då gjennom Telemark, over Haukelifjell, sørover den nyopna turistruta gjennom Bratlandsdalen, Suldal og med båt frå Sand til Stavanger.

I Wilsearkivet (GalleriNOR) finst det 25 Lindahl-negativ frå reisa i 1887 med motiv frå Bratlandsdalen og øvre Suldal med Suldalsporten og Suldalsosen. Fleire av desse vart viste på ei stor nordisk utstilling i København i 1888 . Dette var truleg første gong reisemål i Rogaland vart presentert på ei utstilling i utlandet.

Under reisa i 1887 fotograferte Lindahl også Stavanger domkirke frå aust. Dessutan finst det 3 fotografi frå stranda på Ogna som Lindahl skal ha teke denne sommaren. Han reiste i så fall med toget til Ogna då han var i Stavanger. I 1888 reiste Lindahl langs kysten på Vestlandet og Sørlandet. Det er uvisst om han fotograferte i Rogaland då.

Henrik Greve Thornøe (1860-0000)

Henrik Greve Thornøe, eller H. G. Tornøe som han skreiv seg, var frå Skånevik i Hordaland, men flytte til Oslo som vaksen. Der dreiv han med landskapsfotografering. Norges Geologiske Undersøkelse har fleire av fotografia hans (berre motiv frå Hardanger?). Kanskje var han oppdragsfotograf for denne statlege insittusjonen i 1890-åra (sjå ka. 3.8 nedanom for opplysningar om fotoarkivet ved Norges Geologiske Undersøkelse). Tornøe fotograferte også gardsmiljø heime i Skånevik i 1890-åra .

Tornøe fekk laga ein stor album med landskapsprospekt som var for sal. Albumen H. G. Tornøe – Photographs of Norway fanst i materialet ette r Carl Floors Bokhandel i Stavanger . Albumen har 41 bilete, men fleire er dublettar. Dette er 1800-tals turistprospekt. Fotografia har svært god teknisk kvalitet og er framkalla på albuminpapir. Fotografane var Axel Lindahl (3 eks.), Henrik Greve Tornøe (3 eks. merka HGT) og William Dobson Valentine (resten av bileta, firmalogo J.V.) To fotografi er frå Rogaland: Tornøe sitt bilete av Stavanger hamn frå sjøsida (nr. 52) og Axel Lindahl sitt bilete frå Bratlandsdalen (nr. 53).

Tornøe sin album var ein demonstrasjonsalbum som viser kva bilete som var for sal i bokhandelen. Fremst i albumen, på innsida av permen, finst det prisopplysningar . Dette er til no den einaste kjende demonstrasjonsalbumen over 1800-tals landskapsprospekt som er bevart i Rogaland. Norsk Folkemuseum har sju landskapsbilete tekne av Tornøe. Motiva er henta frå turistrute nr. 9 : Røldal og Hardanger. Elles er Tornøe sine fotografiske arbeid lite kjende. Den nasjonale fotografdatabasen har mest ingen opplysningar om han.

William Dobson Valentine var skotsk fotograf. Faren, fotograf James Valentine (1815-1879), hadde firma i Dundee. Firmalogoen hans var J.V. som også sonen brukte). William og broren George overtok firmaet då faren døydde i 1879. William besøkte Noreg fleire gonger mellom 1888 og truleg 1893. Han tok ei lang rekkje landskapsprospekt. Firmaet sin handskrivne protokoll viser at om lag ca. 1 000 negativ var frå Noreg. Bileta er signerte «J.V.» Ein del av dei vart publiserte i eigen album av Bruns Boghandels Forlag i Trondheim. Bileta vart også selde av andre fotografar i Noreg. Chicago-forlaget John Anderson Publishing Co gav ut den illustrerte fotoboka Norge i Billeder (1900). Firmaet Valentine leverte fotografia, mellom desse 3 frå fylket vårt.

Valentine sine fotografi finst som nemnt ovanom, også i fotograf Tornøe sin demonstrasjonsalbum og var dermed for sal i Stavanger. Alle negativa med Valentine sine Noregs-bilete vart øydelagde i brann i 1961.

«Brødrene Brunskow» – August (1862-1906) og Thorvald Aron (1871-1896)

Dei to Brunskow-brørne publiserte ca. 1892-1893 ein nummerert serie med norske landskapsbilete. I 1906 og 1909 leverte August Brunskow eller firmaet hans landskapsbilete til Illustrert Familieblad. Norsk Folkemuseum har tre Brunskow-bilete frå Rogaland; frå kaianlegg i Stavanger, frå Suldal og frå Bratlandsdalen. Ein av brørne må med andre ord ha reist Turistrute 7 gjennom Bratlandsdalen. Desse tre bileta høyrer til Den Norske Turistforening si samling av landskapsbilete. Karmsund folkemuseum har to fotografi signert Brødrene Brunskow, Kristiania. Dette er interiørfotografi frå eit av hotella i Haugesund, båe frå om lag 1905.

Tekstboks 10:

Anders B. Wilse (1865-1949) som fotograf i Rogaland

Fotograf Wilse vidareførte tradisjonen med landskapsfotografi til den utanlandske og også etter kvart norske turistmarknaden. Han grunnla dessutan to nye fotografigenrar. Ingeniøren Wilse vart den første realistiske dokumentasjonsfotografen i Noreg. Friluftsmennesket Wilse vart ein av dei første som fotograferte det norske landskapet i vinterdrakt og det norske høgfjellet, og som dermed grunnla det kunstneriske landskapsfotografiet. Med denne nye retninga innan landskapsfotografering skjedde det ei utvikling bort frå det meir dokumentariske landskapsfotografiet på 1800-talet til det såkalla stemningsbiletet ved århundreskiftet. Dermed vart og grunnlaget lagt for det kunstneriske fotografiet som særleg dei mange foto- og kameraklubbane utvikla vidare i 1920- og 1930-åra (sjå kap. 3.10 nedanom).

Wilse besøkte Rogaland både som privatperson med eige kamera, som oppdragsfotograf for andre, og som turistfotograf. Vurderer vi det samla fotografiske materialet hans frå Rogaland, kan me seia at han først og fremst var dokumentasjonsfotograf i fylket vårt. Wilse var faktisk den mest kjende og mest produktive av alle oppdragsfotografene i Rogaland dei fire første tiåra etter 1900. Han besøkte Rogaland om lag 20 gonger mellom 1902 og 1942 . I negativarkivet over landskapsbileta hans er om lag 2 500 av 86 000 nummer frå Rogaland .

Wilse flytte heim frå USA hausten 1900. Sommaren 1902 besøkte han mormora, Thea Beer, i Flekkefjord på vegen heim med kystruta langs Vestlandet etter å ha vore i Ålesund. Ved hjelp av dagboka kan vi fylgja reiseruta hans. Wilse var innom Haugesund og Avaldsnes 21. juli. Dagen etter fotograferte han i Stavanger, tok Jærbanen til Nærbø. Der besøkte han fyrmeisteren på Obrestad fyr som han kjende frå før, og fotograferte elles strandparti og jordbrukslandskap. Frå Nærbø reiste han vidare med toget til Egersund same dagen. Dei fylgjande dagane tok han seg fram til Heskestad og Drangsdalen for å sjå på anlegget av Flekkefjordbanen (ferdig 1904), noko han var interessert i som jernbaneingeniør. Han tok fleire fotografi derifrå 25. juli. Etterpå bar det ned til Sokndal. Der gjekk han om bord i kystruta som tok han til Flekkefjord 28. juli. Hausten 1902 kom han til Stavanger att. Han fotograferte då polarskuta Fram som var på besøk i byen i oktober 1902.

Resultatet av besøka i Rogaland i 1902 vart minst 77 fotografi frå Haugesund i nord til Sokndal i sør (77 fotografi finst pr 1995 på GalleriNOR). Abel Kunstforlag som Wilse samarbeidde med, produserte postkort av fleire av bileta hans frå 1902.

I 1907og 1908 såg han Dalane og Jæren for andre og tredje gong på togreise frå Flekkefjord til Stavanger. Han tok då ei rekkje landskapsmotiv på Jæren: 13 kjende i 1907 og 32 i 1908. I dag er det vanskeleg å identifisera alle desse landskapsbileta. Det finst mellom anna lange seriar der motivet er strandparti med sanddyner, med svaberg eller med tare og tarebrenning. Med unntak av nokre gardsbilete, særleg frå Nærbø i Hå, manglar dei aller fleste bileta personar eller bygningsmiljø.

Vinteren 1911 fotograferte Wilse frå sildefisket ved Karmøy og Haugesund. I 1912 kom han tilbake til Rogaland. Då hadde han eit større oppdrag, men han hadde definert det sjølv. Han var nemleg på jakt etter det han såg på som typiske turistmotiv. Wilse ville laga ein biletserie frå Jæren. På føredragsturnear ville han marknadsføra denne spesielle landsdelen for potensielle norske turistar. Han rekna ikkje med at utanlandske turistar ville finna Jæren attraktiv. Ein stor del av dei minst 180 (180 nr. på GalleriNOR) bileta frå besøket i 1912 viser typiske landskapsmotiv utan personar eller bygningsmiljø. Wilse fotograferte likevel fleire gardsbruk, og han fotograferte også i andre delar av fylket dette året, særleg i Egersund som var utgangspunktet for reisa hans, i Sokndal, brislingfisket i Ryfylkefjordane og i øvre Suldal.

Sommaren 1913 var Wilse i arbeid att i Rogaland, denne gongen saman med ein annan oppdragsgjevar. Wilse skulle fotografera bygningsmiljø i fylket (dåverande Stavanger amt) til eit bokverk som Stavanger-avdelinga av Foreningen til norske Fortidsmindesmerkers bevaring (no Fortidsminneforeningen) stod bak. Det finst 567 negativ (sjå GalleriNOR) frå Wilse si reise i fylket dette året. Desse fotografia av bygningsmiljø frå heile fylket har stor kulturhistorisk verdi.

Seinare år kom Wilse på mange besøk til Rogaland, mellom anna som oppdragsfotograf for Stavanger Turistforening. Han var med på to synfaringar; riksvegsynfaringa frå Telemark til Lyse i Rogaland i 1918, i samband med planar om riksveg over fjellet: Lyse- Setesdal-Telemark, og synfaringa frå Langesund og vestover til Rogaland i 1919 saman med Stortinget sin jernbanekomite. Utgangspunktet var forslaget til trase for Sørlandsbanen. Wilse sine fotografi skulle brukast i marknadsføringa av dei to prosjekta. Wilse fotograferte også på Utstein Kloster til Stavanger Turistforening si årbok i 1922, han var med ein politikardelegasjon på synfaring over ein eventuell trase for Sørlandsbanen gjennom Gjesdal og Dalane i 1925 og på Opstad Tvangsarbeidshus i 1937. I slutten av 1930-åra besøkte Wilse også den nye flyplassen Stavanger Lufthavn på Sola.

To sentrale Rogalands-motiv for Wilse som han stadig kom tilbake til, var vårsildfisket utafor Karmøy og Haugesund og brislingfisket i Ryfylke-fjordane. Wilse fotograferte under vårsildfisket i 1925, 1932 og 1934 , 1936, 1937 og 1939. Fotografia frå desse seinare Rogalands-besøka er ikkje overførte til nettversjon (GalleriNOR) enno.

Sett i Rogalands-samanheng er det bevarte materialet etter Anders B. Wilse det mest verdfulle eldre fotoarkivet skapt av ein og same personen. Dei norske landskaps- og turistfotografane på slutten av 1800-talet fotograferte hovudsakleg frå kjende turiststader og kjente utsiktspunkt i det norske landskapet. Dette var motiv som turistane ville ha, og motiv som skulle appellera til denne gruppa. I Rogaland som elles i landet fotograferte Wilse det «lokale» landskapet og ikkje minst den lokale bygningskulturen. Både når det gjeld breidda i motivval, teknisk kvalitet og det store omfanget, står Roglands-fotografia til Wilse i ei særstilling. Informasjonen om motiva er derimot mangelfull. Opplysningane på dei elektroniske fotokorta under GalleriNOR byggjer hovudsakleg på dei sparsame opplysningane Wilse sjølv skreiv i fotodagboka si då han tok bileta. Mange av stadnamnopplysningane er også ukorrekte.