Fotografar og motivgrupper

Det er først og fremst fotografitypane som er interessante i denne samanhengen, ikkje fotografane i seg sjølv. Kunden bestemte oppdraga. Dei ulike fotografane produserte derfor som oftast fleire fotografitypar. Vi skal ta for oss dei fire vanlegaste; portrett, familie- og gardsbilete, fotografi frå næringslivet og fotografi av skuleklassar og foreiningar.

Tre fotograftypar stod bak desse bestillings- og oppdragsbileta. Den første og største gruppa var dei etablerte fagfotografane. Dette var atelierfotografane i byane, dei fotografane som er omhandla i kapittel 3.2 ovanom. Den nest største gruppa var bygdefotografar utan formell kompetanse. Den tredje gruppa var emigrantfotografar, med andre ord norsk-amerikanarar som hadde flytta heim til Noreg, og som hadde med seg kamera og utstyr frå USA. Dette var den minste gruppa.

I dag er det ofte vanskeleg å tidfesta denne type fotografi om vi ikkje har både lokalhistoriske kunnskapar, og kunnskapar om kva slags kartong- eller fotopapir dei enkelte fotografane brukte til ei kvar tid. Denne type fotografi manglar nemleg ofte signatur eller fotografstempel, særleg fotografia frå 1800-talet.

Dei eldre oppdrags- og bestillingsfotografane (før 1920) med størst produksjon var R. P. Thu, J. Kjølvik, R. Mortensen, E. Endsjø, H. Wiig, J. T. Øglænd og J.W. Eskildsen (sjå tekstboks 3.8 ovanom). Dette var fotografar som reiste i store delar av fylket, særleg Kjølvik og Thu. Mortensen fotograferte hovudsakleg i indre Ryfylke, Endsjø i Stavanger og i kommunane rundt byen (Hetland, Sola og Randaberg), Øglænd og Wiig på Jæren og litt i Dalane og Eskildsen i Dalane og Stavanger. Dei fleste fotograferte dessutan til postkortproduksjon, men Eskildsen, Øglænd og Wiig i mindre omfang. Både Kjølvik og Mortensen var medeigarar i reisefotograf-firmaet Stavanger Forende fotografer (sjå tekstboks 3 og 11 ovanom).

Mange kommunar i Rogaland hadde ein eller fleire meir og mindre offisielle bygdefotografar. Kommunikasjonsnettet og avstanden til næraste by med atelierfotograf hadde ein del å seia for om det var marknad for bygdefotografar. Bygdefotografane skaffa seg teknisk utstyr på fleire måtar. Nokre konstruerte kamera sjølv etter opplegg i utanlandske fagblad, nokre kjøpte kamera av norsk-amerikanarar på heimebesøk, eller kanskje også av britiske laksefiskarar, og nokre kjøpte kamera av atelierfotografar i byane.

Døme på den siste gruppa oppdrags- eller bestillingsfotografar er Rasmus P. Thu, Martin Morrison i 1889 og då han kom heim for andre gong etter 1890 og Torbjørn T. Nessa den tida han budde heime i Nedstrand (1889-1910) mellom dei to USA-periodane sine (sjå kap. 3.2 ovanom).

Suldal er døme på ein kommune med lang avstand til atelierfotografane i Stavanger og som hadde alle tre fotografgruppene ovanom. Det er ikkje kjent enno i kor stor grad fotograf Rasmus Mortensen tok på seg oppdrag ute i distriktet etter at han flytte heim og opna atelier på Sand i 1907. Georg N. Hylen fotograferte i øvre Suldal og Sauda i 1890-åra og seinare, og Odd T. Straabø frå om lag 1899 og seinare. Negativarkivet er bevart etter Straabø, like eins mange positivar i private heimar. Dette er portrett og familiebilete (atelier eksteriør) frå åra før 1920. For åra etter 1920 finst det tilsvarande fotografi som den heimvende norsk-amerikanaren Anders Lone (Herabakka) tok (sjå kap. 3.5 ovanom).

Vi har kartlagt bygdefotografar og emigrantfotografar i ein del av kommunane i fylket, men dette er eit svært omfattande område av den lokale fotografihistoria som det vil ta lengre tid å få fullstendig oversyn over.