Fotografi av skuleklassar og foreiningar

I alle kommunar finst det mange skulebilete frå før 1960, særleg fotografi av elevar i grunnskulen. Dei fleste skulane var offentlege, men det var ikkje eigarane som tilkalla fotografane til elevfotografering. Derfor er denne fotografigruppa med under dette kapitlet, ikkje i kapitel 3.8.

Mange kjende og ukjende fotografar oppsøkte skulane, både reisefotografar i Rogaland, særleg Rasmus P. Thu, og fotografar frå andre kantar av landet, som P. J. Sørå frå Rørvik. Det eldste skulebiletet til Thu kan daterast til 1889. Sørå fotograferte i Rogaland i 1920 og fleire gonger seinare år. Men fotografar frå firma i Oslo reiste også i fylket, like frå år 1900 og framover.

Elevane vart mest alltid fotograferte ute sidan klasseroma var små og fotografane ikkje hadde kunstig lys før introduksjonen av jupiterlampa. I Stavanger skjedde dette i 1910. Først då firmaet Foto Sentralen i Kristiansand tok bilete av skuleelevane i Rogaland i 1950-åra, vart det vanleg å fotografera inne i klasseroma.

Elevane ved vidaregåande skular oppsøkte gjerne fotografateliera i byane. Fleire fotografar spesialiserte seg tidleg på montasjar med portrett av lærarar og elevar. Foreiningsbileta vart stort sett tekne på same måte som skulebileta. Men medlemmane i barneforeiningar, særleg barnelosjar, vart fotograferte lokalt og stilte opp på same måten som skueelevane. Medlemmar av ungdoms- og vaksenforeiningar fotograferte seg gjerne som samla gruppe i atelieret hjå fotografen.

Vi har hovudsakleg undersøkt skule- og foreiningsbilete frå Jæren, Dalane og Ryfylke og samlinga av skulebilete ved Vestlandske Skolemuseum. Dei fleste eldre skulebilete har ikkje fotografsignatur. Kvar fotograf hadde sin måte å stilla opp elevane på og sine spesielle kartong- og fotopapirtypar. Om vi studerer og samanliknar eit større utval skulebilete frå fleire kommunar, ser vi eit mønster. Dermed kan vi tidfesta og gruppera skulebileta.

Dei eldste, kjende skulebileta kan daterast til om lag 1870 og viser jenteskule-elevar i Stavanger. Sidan fotografen, Dorothea Arentz, budde i same huset som skulen heldt til og dessutan var timelærar, står fotografia hennar i ei gruppe for seg.

Då Rasmus P. Thu kom heim frå USA første gongen i 1889, tok han også skulebilete på Jæren og i Rennesøy, ikkje berre fotografi av enkeltpersonar og familiar. Frå andre halvparten av 1890-åra finst det fleire skulebilete. Etter at Rasmus P. Thu kom heim frå USA for andre gong, fotograferte han skuleklassar både på Jæren, i Finnøy, Rennesøy og truleg også andre stader i Ryfylke.

I året 1900 og 1908 tok Kristiania-fotografen T. Christensen Thomhaw bilete av kyrkjene på landsbygda i fylket for Foreningen til norske Fortidsmindesmerkers Bevaring (Fortidsminnesforeningen). Under båe reiserundane fotograferte han også skuleklassar. Dette skjedde nok etter spørsmål frå dei lokale kyrkjesongarane. Dei var jo også lærarar. Det finst ikkje oversyn over kor mange skuleklassar Thomhaw fotograferte i fylket desse to åra.

I åra mellom 1903 og 1906 fotograferte P. P. Herdenberg frå Kristiania skuleklassar på Jæren og i Ryfylke. Det er ikkje kjent enno om han hadde andre foto-oppdrag i fylket. Det finst i alle fall ikkje kjende postkort frå Rogaland med signaturen hans.

Då at Rasmus P. Thu kom heim frå USA for tredje eller fjerde gong etter 1904, fotograferte han skuleklassar, familiar og gardsbilete i svært mange av kommunane i fylket. Nokre biletkartongar har blindstempel. I 1912 og seinare år skreiv han gjerne namnet på skulen, året og i nokre tilfelle også namnet på læraren nedst på negativen (vart til kvit skrift på positiven). Skrifta hans er vel kjenneleg på mange av bileta. I 1918 og 1920 fotograferte Thu skule-elevar både på Jæren og i indre Ryfylke. Kanskje var 1920 siste året han fotograferte skuleklassar før han etter nok eit USA-opphald tok til med panoramafotografering både i Rogaland og i andre fylke.

John Kjølvik var ikkje like produktiv som Thu når det galdt skulefotografering. Tidleg i 1920-åra tok ein profesjonell fotograf både skulebilete og bilete av konfirmantane under lesartida. Slike bilete finst til dømes både i Hå og i Sola. Fotografen er den same, men førebels ukjend.

I 1920, 1922, 1925, 1935 og truleg også andre år reiste J. P. Sørå frå Rørvik i fylket. Han fotograferte både skuleklassar, amtsskuleklassar og barnelosjar. Sørå produserte fotografia sine som postkort. Dei har som regel alltid blindstempel. Lokale bygdebøker frå Agder-fylka viser at Sørå også fotograferte der i 1920- og 1930-åra (sjå tekstboks 12).

I 1935-1938 (tre skuleår) besøkte fotograf L. Sommer frå Oslo (ikkje nemnd i den nasjonale fotografdatabasen) mange skular i fylket. Fotografia hans er vel kjennelege. Det er uvisst om Sommer reiste på eiga hand, eller om han vart tilkalla til skulane.

Under andre verdskrigen vart det naturleg nok ikkje fotografert på skulane. Skulehusa var også ofte okkuperte av tyskarane. Reisefotografen Carl J. Olsen frå Stavanger fotograferte skule-elevar i Klepp i 1945. Det er ikkje kjent enno om han fotograferte i mange rogalands-kommunar då krigen var slutt.

Dei bevarte skulebileta i jærkommunane viser at firmaet Foto Sentralen i Kristiansand tok til med ei systematisk fotografering av elevane i folke- og framhaldsskulen frå midten av 1950-åra. Elevane vart då fotograferte ved pultane sine inne i klasseromet. Foto Sentralen opererte truleg berre i landskommunane. I Sandnes tok det lokale firmaet Foto Sentralen ( Rostrup) bilete av skuleklassar, og etter 1957 også fotograf O. Skaar. Skaar fortalde (1999) at han lanserte eit nytt produkt på dette området; «Min første skoledag-bildet» som var elevportrett i mapper. I dei andre byane i fylket vart dei lokale atelierfotografane som oftast tilkalla til skulefotografering.

Elevane ved vidaregåande skular og fagskular i fylket reiste som nemnt ofte til atelierfotograf i næraste byen. Etter 1864 fotograferte elevane ved misjonsskulen i Stavanger seg hjå C. L. Jacobsen i Stavanger. Ei tid etter at amtsskule-kursa kom i gang i Ryfylke og i Jæren og Dalane i 1875, var det gjerne fotograf C. Kørner i Stavanger elevane reiste til.

Om lag år 1900 tok fotografane til med å levera montasjebilete med påskrivne namn under dei enkelte elev- og lærarportretta. Denne type skulebilete hadde nær samanheng med visittkortbilet-moten. Montasjeportretta vart også produserte i visittkortbiletformat slik at elevane kunne bytta portrett seg i mellom. Fotograf H. Wiig på Sandnes leverte tidleg bilete av elevane ved Jæren Folkehøgskule på Klepp (etablert 1899). Etter kvart som det kom i gang framhaldsskulekurs i kommunane på Jæren, reiste også desse elevane ofte til fotograf Wiig. Til Stavanger kom ungdomane frå framhaldsskulane i ytre Ryfylke. Både dei og ungdomane i byen fotograferte seg særleg hjå Hakon Johannessen og Waldemar Eide. Desse to fotografane tok tilsvarande montasjebilete, særleg i åra etter 1915.

I 1920-åra og seinare fotograferte særleg Gabriel T. Espedal elevar frå framhaldskular i landskommunane, medan Hakon Johannessen og J. W. Eskildsen fotograferte studentar. Noko fast mønster for arbeidsdeling mellom fotografane var det likevel ikkje på dette området. Elevar ved vidaregåande skular på landsbygda reiste vanlegvis til næraste byen når dei skulle fotografera seg, medan elevar ved skulane i byane fotograferte seg hjå ein av fotografane som hadde atelier i den aktuelle byen.

Av alle vidaregåande skular i fylket står Jæren Folkehøgskule i ei særstilling når det gjeld fotografisk dokumentasjon. Skulen heldt til på Kleppe-garden, og lærar og granne der var K. K. Kleppe. Han fekk kamera kring 1904 og starta då ein eineståande dokumentasjon av skulen, miljøet rundt, og av elevane i arbeid og fritid. Heile negativarkivet hans er bevart ved Stavanger Museum.

Av bevarte, eldre fotografarkiv (før 1950) merkar særleg arkiva etter fotografane Margit Petersen i Haugesund (frå 1925 og framover) og Gabriel B. Espedal i Stavanger (frå 1922 og framover) seg ut med mange seriar med skulefotograferingar. Negativarkivet etter skulefotograf-firma Foto Sentralen i Kristiansand frå 1950-åra og framover er ikkje bevart.

Som historisk kjeldemateriale er skulebileta er ein viktig einstypeserie, både i fylkes- og i nasjonal samanheng. Dette gjeld særleg bileta som vart tekne lokalt. Desse dokumenterer barn og ungdom i alle typar lokalmiljø i fylket og over ein lengre tidsperiode. I nasjonal samanheng finst det med andre ord mange fotografiseriar frå heile landet som dokumenterer lokale kvardagsklede og dermed også lokale handverkstradisjonar gjennom heile 1900-talet.