Fotografi frå næringslivet

Dei eldste fotografia med motiv frå næringslivet kan daterast til om lag 1860, til fotografiet sin barndom. Dei viser båtar og fiskarar på feltet. Men desse fotografia til Jan Greve og Marcus Selmer frå vårsildfisket utafor Haugesund vart ikkje tekne som oppdragsfotografi for fiskarar. Dei var nok såkalla landskapsprospekt. Fleire vart sidan overførte til tresnitt (xylografi) og trykte i nasjonale magasin og blad.

Gjennom heile andre halvparten av 1800-talet og til langt inn på 1900-talet brukte næringslivet forseggjorte grafiske framstillingar på forretningstrykksakene sine. Det var på denne måten dei dreiv reklame for verksemda si. Både brevark, aksjar, obligasjonar og priskurantar fekk trykte illustrasjonar i lithografisk eller xylografisk teknikk. Men grunnlaget for desse trykte framstillingane var fotografi der motiva vart overførte til tre (tresnitt eller xylografi), metallplate (koparstikk) eller stein (litografi). Motiva var så godt som alltid bygningane til bedrifta, og i nokre tilfelle også eksempel på det ferdige produktet. Etter at motivet var overført til treflata, metallplata eller steinen, vart fotografiet som oftast kasta. Då hadde det gjort nytta si. Å bruka fotografi direkte i trykksaker vart ikkje vanleg før tidleg på 1900-talet. Det var rasterklisjeen autotypien som gjorde det teknisk mogleg å trykkja fotografi saman med tekst. Men teknikken var både komplisert og kostbar.

Mellom dei alle første bedriftseigarane i Rogaland som engasjerte profesjonelle fotografar til fotografering og til publisering av trykksaker om bedrifta, var Ole Nielsen, grunnleggaren av Aalgaards Uldvarefabrikker (seinare De forenede Ullvarefabrikker – DFU) på Ålgård i Gjesdal. Den første ullvarefabrikken (ullspinneri) vart etablert ved Ålgårdsfossen i 1870. Dei eldste, kjende fotografia skriv seg frå tidleg i 1890-åra: Fotograf Jacobsen i Stavanger tok bilete av vassfall i Gjesdal som Nielsen åtte (bileta vart tekne etter 1891) og fotograferte for fabrikken til 25-års jubileet i 1895. Fotograf B. Norland i Stavanger opna filial på Ålgård i 1895 og dreiv denne til etter 1912. Tilbod om familie- og portrettfotografering av fabrikkarbeidrarane og familiane deira var nok den viktigaste grunnen til filialetableringa, men Norland tok også oppdragsfoto for bedrifta i slutten av 1890-åra og seinare.

Om slike industribygder vart store nok, skapte dei grunnlag for atelierfotografar og bygdefotografar. Desse fotograferte også i lokalmiljøet, på eige initiativ eller etter oppdrag. Eit av dei eldste døma frå 1800-talet er Lund med Moi Snelle- og Dreiefabrikk etablert 1874. Det eldste fotografiet av bedrifta med arbeidarane oppstilte i rekke utafor den vesle fabrikken, kan daterast til tidleg i 1880-åra, kanskje til 10-års jubileet i 1884. Fotografen var truleg Asseline Andreasdtr. Nysted (sjå kap. 3.2 ovanom. Sidan kom det fleire møbelindustribedrifter i Lund, men ingen av desse dokumenterte verksemda si i den tidlege fasen på same måten som Ole Nielsen på Ålgård. Dei første åra brukte desse bedriftene heller ikkje fotografi i marknadsføringa av produkta sine. Seljarane hadde i staden med seg små møbelmodellar i tre på reisene sine. Det er uvisst når møbelfabrikkane engasjerte fotografar til å fotografera produkta sine. Bygdefotografen Osmund Nilsen fotograferte for møbelfabrikkane i 1950- og tidleg i 1960-åra, i glansperioden for møbelinsdustrien i Lund, men han var truleg ikkje den første oppdragsfotografen på dette området.

Det er først og fremst industribedriftene i byane det finst fotografi frå, men dei eldste, bevarte fotografia skriv seg hovudsakleg frå tidleg på 1900-talet. Fotografia bak dei grafiske framstillingane på forretningstrykksakene til bedriftene i Stavanger, Egersund, Haugesund og Sandnes på 1800-talet har stort sett gått tapt i dag. Bevarte forretningstrykksaker frå Egersund Fayancefabrik i Egersund, grunnlagd 1847 som Egersunds Potteri, viser til dømes at dette fabrikkanlegget vart fotografert fleire gonger i 1880-åra og truleg tidlegare også. Fotografia vart overførte til tresnitt til bruk for forretningstrykksakene til bedrifta. Etter 1905 vart J. W. Eskildsen oppdragsfotograf for fayansefabrikken. Då vart fotografia trykte i rasterteknikk.

Åra 1903 og 1912 vart nemleg vendepunktet for bruk av industri- og reklamefotografi i trykksaker. Tre illustrerte publikasjonar med tema frå det lokale næringslivet bidrog til dette; hefta Stavanger Næringsliv (1903), Stavanger Nærings- og Forretningsliv i Tekst og Billeder (serie frå 1912 og seinare) og ikkje minst den forseggjorte publikasjonen Stavanger bys industrielle og tekniske utvikling som Stavanger Handelsforening gav ut på Dreyers Forlag og Boktrykkeri i 1912. Fotografane Hakon Johannessen og Karen K. Henriksen som etablerte firmaet Henriksen & Co i 1901, var vesentlege bidragsytarar. Fleire bedrifter engasjerte dette firmaet til reklamefotografering. Ved ullvarefabrikken på Ålgård tok fotograf Norland ein serie fotografi både av bygningar og anlegg og frå dei ulike arbeidsprossessane inne. Desse vart presenterte i publikasjonen.

Parallelt med desse næringslivspublikasjonane kom det mest kvart år jubileumshefte eller bøker frå bedrifter eller foreiningar. Det vesle heftet Aalgaards Uldvarefabrikker gav ut til 25 års-jubileet i 1895 var for ingen ting å rekna samanlikna med den illustrerte boka som aksjeselskapet Tou Brug med bidrag frå fotografane Hakon Johannessen og Karen K. Henrichsen gav ut til femti-års jubileet for bedrifta i 1905.

Seinare fekk fleire større bedrifter faste oppdragsfotografar. Ei tid etter at Oscar Gulliksen etablerte firmaet sitt i Stavanger i 1911, vart han til dømes bedriftsfotograf for Rosenberg mekaniske Verksted. Marthon Høiland vart medeigar i fotofirmaet til Gulliksen i 1949 og overtok bedriftsfotograferinga ved Rosenberg etter at Gulliksen døydde. I Stavanger hadde også Waldemar Eide mange oppdrag for bedrifter dei åra han hadde eige firma (1909-1953). Ein del av negativarkivet er bevart etter Gulliksen, like eins positivar frå Rosenbergarkivet. Negativarkivet etter Eide er ikkje bevart i dag. Spora etter Eide som oppdragsfotograf finst berre i form av positivar hos kundane i den grad desse er bevarte. Etter 1949 vart fotograf Olaf A. Ellingsen (fotofirma Ellingsen) ein mykje nytta fotograf for bedrifter i heile fylket. Heile negativarkivet hans er bevart ved Statsarkivet i Stavanger.

Anlegget av kraftverka og smelteverket i Sauda frå 1913 og utover førte til framveksten av den nye industribygda Sauda og etter kvart til marknad for fleire fotografar. Olav Jacobsen fotograferte mellom anna for Sauda Smelteverk A/S etter 1913. Sauda kommune tek vare på ei større negativsamling med interiør- og eksteriørbilete av anlegget.

I Haugesund fotograferte Margit Petersen mykje for bedriftene i byen etter at ho etablerte firmaet sitt i 1925. Heile arkivet hennar er bevart ved Haugalandsmuseene avd. Karmsund folkemuseum.

I industrikommunen Sandnes (Sandnes og Høyland) var Ludvig I. og sonen Tor-Jan Ludvigsen faste fotografar for mange bedrifter like frå 1925 til 1980-åra. Fotograf Olav Skaar som opna fotoforretning og atelier på Sandnes i 1957, brukte om lag halvparten av arbeidstida si på bedrifts- og reklamefotorgafering for bedrifter i distriktet dei 25 første åra etter 1957. Han overtok den rolla Ludvig I. og Tor-Jan Ludvigsen hadde hatt som oppdragsfotografar i Sandnes. Store delar av Ludvigsen-negativarkivet er bevart ved Statsarkivet i Stavanger, men det er ikkje kjent om alle bedriftoppdraga finst i arkivet. Fotograf Skaar kasserte negativa frå oppdragsproduksjonen etter kvart som dei fotograferte produkta vart uaktuelle og det ikkje lenger var bruk for negativa til reklameføremål.

Fotografi til bedrifter og reklameføremål er ei svært omfattande temagruppe innafor den lokale fotografihistoria. Som gruppe skriv dei bevarte negativa og fotografia seg hovudsakleg frå 1900-talet. Gruppa omfattar både fotografi av produkta, interiør frå produksjons- og kontorlokale og eksteriørfotografi av den aktuelle bedrifta. Til no finst det ikkje noko oversyn over kva som er bevart av fotografisk materiale i lokale bedriftsarkiv, heller ikkje over kva som finst av denne type negativ- eller positivmateriale i dei bevarte fotografarkiva. Det finst heller ikkje eit samla oversyn over bevarte forretningstrykksaker frå lokale bedrifter på 1800-talet.