Atelierfotografar i Egersund og Dalane før 1960

Når det i dag finst langt fleire atelierportrett frå 1880-åra enn frå 1870-åra, er ikkje dette berre resultat av betre kommunikasjonar og lågare prisar. Det er også resultat av at fotografar etablerte seg andre stader enn i Stavanger. I sørfylket var mange innom Egersund i korte periodar før byen fekk den første fastbuande fotografen med eige atelier. Dette var Erik Hadland Torjusen i 1880. Etter at Jærbanen opna i 1878, kunne folk som budde mellom dei to endestasjonane Stavanger og Egersund, reisa fram og tilbake mellom dei to byane på dagen.

Det var også fleire atelierfotografar i Egersund i 1860- og 1870-åra. Nokre kom på ein kort gjestevisitt og nokre med jamne mellomrom i den lyse årstida. Desse framande fotografane kom med kystruta. I dag finst det få, kjende og signerte fotografi etter dei, men mange av dei eldste atelierportretta manglar fotografnamn. I ettertid er det helst annonsane deira i lokale aviser som fortel om fotografbesøk i sommarhalvåra .

Nokre vart verande i fleire år. Lauritz Balle hadde atelier i Stavanger i 1861-1865 og i Egersund frå 1866. Jens Ulrik Ferdinand Bugge hadde atelier i Egersund, truleg til 1872 og kanskje alt frå 1855. Bugge vart den første telegrafstyraren i Egersund i august 1857 og var også styrar for folkebiblioteket i åra 1860-1875. Både Balle og Bugge annonserte i avisa Egersundsposten i 1866.

Theodor Coucheron fotograferte i åra 1868-1871, kanskje seinare også. Han var styrar av ein privat latinskule i byen og hadde fotografering som tilleggsarbeid. Det er ikkje kjent om atelierproduksjonen hans var omfattande, men han annonserte i alle fall i lokalavisa . Tilsvarande gjeld for Tønnes Sandstøl frå Lund. Han var lærar i Egersund frå 1867 og sidan kontorist hos lensmannen til han flytte til Stavanger i 1877.

Også seinare, kjende stavangerfotografar, som Jan Greve og Carl Lauritz Jacobsen (familien hans etter at han døydde 1879) hadde filialar i Egersund i kortare periodar på slutten av 1800-talet. Båe fotograferte også i den nye sildebyen Haugesund. Carl Lauritz Jacobsen (1836-1879) hadde gjesteatelier ei kort tid i Egersund i 1870-åra. Jan Greve fotograferte i Haugesund i åra 1864-1876 og hadde atelier i Stavanger i åra 1876-1895. Våren 1879 annonserte han i Egersundsposten at han overtok atelieret etter fotograf Auguste E. Figeon i Egersund. Frå april 1879 til våren 1880 hadde han filial i dennne byen og året etter på Sandnes.

Fotograf Carl Jacobsen i Stavanger, son til Carl Lauritz Jacobsen, annonserte i Dalane Tidende 6. april 1892 at han opna fotoatelier i Egersund, og at atelieret skulle haldast ope kvar fredag og lørdag. Annonsen opplyser også at han tok på seg alle typar oppdrag ute, som fotografering av landskap, gardar, hus, fartøy med vidare .

Mellom dei eldste fotografane i landet finst fleire kvinner, og ikkje berre kvinner frå borgarlege miljø. Fotograf Anne Stoveland frå Stoveland i Lyngdal gjesta Egersund fleire gonger i 1870- og tidleg i 1880-åra. Ho fotograferte mellom anna i byen i 1878 og kring 1883. Marie Rosenland frå Rosland i Sokndal hadde atelier i Egersund frå før 1875 og fleire år framover. Seinare hadde ho atelier og filialar i fleire Sørlands-byar etter at ho opna atelier i Skien i 1890 .

Erik Hadland Torjusen (1855-1935) vart telegrafist ved Egersund Telegrafstasjon i slutten av 1870-åra og opna fotoatelier i 1880. Sjølv om det vart svært populært å fotografera seg i 1880-åra, var levebrødet enno usikkert. Også fleire av Stavanger-fotografane hadde ei fast inntekt ved sida av, særleg dei som bygde eigne hus med atelier. Fotograf Torjusen fekk etter kvart kundar i heile Dalane. Han dreiv atelieret til etter 1910. I praksis var det søstera, Inga Sofie Torjusen (1861-1917), som fotograferte, særleg etter at broren vart telegrafstyrar og politikar. Etterkomarane gav heile negativarkivet på om lag 10 000 plater til Dalane Folkemuseum etter at Torjusen døydde i 1935. Om lag 9 000 nr.er portrettnegativ. Desse er ikkje identifiserte eller registrerte. Bestillingsdagbøkene eksisterer ikkje lenger. Dalane Folkemuseum har identifisert og registrert 906 negativ med topografiske motiv frå Dalane-regionen.

Dei to største fotografateliera i Egersund på 1800- og 1900-talet var E. H. Torjusen og J. W. Eskildsen. Eskildsen var frå Stavanger men etablerte fotofirmaet sitt i Egersund i 1905. Frå 1913 til 1964 vart firmaet drive i Stavanger med filial i Egersund. Det var Eskildsen som tok passbileta av folk i byen under andre verdskrigen. Eskildsen var ein populær fotograf, både i Stavanger og i Egersund. I Egersund var firmaet det einaste profesjonelle atelieret etter at Torjusen slutta av om lag 1910 og fram til Øystein Bowitz tok til med atelierfotografering i 1967. Negativarkivet etter Eskildsen vart kasta etter at firmaet avvikla i Egersund.

H. Klingenberg-Hansen var betjent ved Opstad Tvangsarbeidshus og fungerte som bestillingsfotograf i Nærbø til han etablerte firmaet Fotohuset i Egersund saman med Lillian Seglem i 1946. Firmaet omfatta fotografisk spesialforretning og rammeverkstad. Eit tilsvarande firma i byen var Centrum, etablert i 1942 av Arne Seglem. Desse to firma vart slegne saman til Centrum Fotohuset. Centrum Fotohuset dreiv truleg ikkje atelierfotografering etter 1946 utover produksjon av enkle portrett og passbilete. Øystein Bowitz, bror til Lillian Seglem, overtok som dagleg leiar kring 1947 og vart sidan medeigar. Bowitz utførte oppdragsfotografering i Egersund og elles i Dalane, og frå 1967 også atelierfotografering. Seinare kjøpte han opp andre lokale fotofirma.

I dei tre andre kommunane i Dalane var det berre Lund som hadde eige fotografatelier. Osmund Nilsen etablerte seg som elektrikar og kjøpmann i heimbygda i 1927 og var også atelier- og oppdragsfotograf i Lund frå om lag 1930 til 1960. Mormor hans, Asseline Andreasdotter Nysted (f. 1836), var fotograf på Moi frå om lag 1880 og framover. Simon B. Kjæreng frå Tynset var fotograf på Moi frå 1896 til han døydde 1902. Sidan desse to truleg berre fotograferte familiane ute (atelier eksteriør), vert dei omhandla som bygdefotografar. Dette gjeld også lærar Villads Sagland i Bjerkreim. Han hadde ein omfattande atelier-eksteriør-produksjon i Bjerkreim frå om lag 1895 til 1915.

Negativmaterialet er bevart etter firmaet Torjusen og litt av negativmaterialet etter Hvidsten sitt firma.

Bowitz-familien vart eigar av firma Fotohuset og Centrum som vart slegne saman til Fotohuset-Centrum A/S kring 1971 (i dag firmaet Fotohuset). Øystein Bowitz dreiv atelierfotografering frå 1967. Negativarkiva etter alle desse firma er bevarte ved Dalane Folkemuseum. Lund Bygdemuseum & Kulturbank tek vare på negativarkivet etter Osmund Nilsen.