Atelierfotografar i Sandnes og på Jæren før 1960

Sandnes fekk bystatus i 1860, seks år etter Haugesund. Dette var dei to «nye» byane i fylket. Egersund og Stavanger var dei to gamle byane. Sandnes låg ikkje i leia for kystruta. Så langt vi veit, førte heller ikkje opninga av Jærbanen i 1878 til at framande fotografar gjesta Sandnes. Dei første store, nasjonale landskapsfotografane, som Marcus Selmer, Knud Knudsen og Axel Lindahl, fann heller ikkje vegen til den nye byen inst i Gannsfjorden, eller til distriktet rundt. Det kan med andre ord sjå ut for at Sandnes var mindre instressant som besøksmål for fotografar etter 1860 enn Haugesund. Men så var heller ikkje Sandnes ein sildefiskeby.

Det finst ikkje eldre portrettsamlingar ved Jærmuseet. Til no har ein heller ikkje undersøkt systematisk denne type fotografisk materiale i privat eige i Sandnes. Dermed veit vi enno ikkje så mykje om kven dei eldste Sandnes-familiane fotograferte seg hos, om det fanst etablerte fotografar på Sandnes i 1860-, 1870- og 1880-åra som ikkje er kjende i dag, eller om folk der reiste til fotografane i Stavanger. Stavanger-fotografen Jan Greve annonserte i Vestlandsposten i 1881 at han opna filial på Sandnes . I 1879 hadde han tilsvarande annonsar i Egersund. Det er ikkje kjent enno om Greve berre hadde filialen på Sandnes dette eine året.

Sjølv om Sandnes ikkje låg så langt frå Stavanger, skulle vi tru det var marknad for fleire atelierfotografar etter 1860. Teglverks-, potteri- og møbelindistrien i Sandnes og Høyland førte til stort behov for arbeidskraft, og det var ei omfattande flytting til Sandnes og til sentrale gardar i Høyland dei siste tiåra av 1800-talet.

Den første kjende fotografen som opna atelier på Sandnes, var Henrik Wiig var frå Vik i Klepp. Han gjekk i lære hos fotograf Carl Kørner i atelieret hans i Kristiansand. I 1892 opna Wiig atelier både i Farsund, Grimstad og Sandnes, med filial på Thime stasjon (Bryne) i 1902. Dette kunne han gjera sidan han hadde tre søstre som medarbeidarar i firmaet . Pauline Wiig styrte filialen på Bryne eller Thime stasjon til ho døydde i 1926. Den første tida fotograferte ho berre på Bryne om sommaren. Etter 1926 kom brorsonen Jonas Wiig til atelieret på Bryne eit par dagar i veka. Han overtok faren sitt firma på Sandnes etter at faren, Henrik Wiig, døydde i 1929, men flytte frå distriktet i 1930-åra. Negativarkivet frå filialen på Bryne er ikkje bevart. Det er ikkje kjent kva som skjedde med negativarkivet til firmaet på Sandnes etter at Wiig avvikla firmaet der.

I 1907 eller kort tid etter, opna fotograf Jakob T. Øglænd atelier på Sandnes. Frå 1894 til 1907 hadde han atelier i Østervåg i Stavanger saman med Børe Norland (Norland & Øglænd).

Etter at Øglænd starta for seg sjølv i heimbyen, opna han også filial på Nærbø. Denne dreiv han til etter 1918. Det er ikkje kjend kor lenge han hadde firmaet sitt på Sandnes. Firmaarkivet er ikkje bevart.

I åra etter 1907 var det med andre ord to etablerte atelierfotografar på Sandnes. Samstundes vart det etter kvart fire firma som selde fotografiske artiklar, og som tok på seg foto-oppdrag for andre. Ingvald Dahle etablerte papirhandel i 1888, fotograf- og fotohandlarverksemd kring 1895, bokhandel i 1902 og boktrykkeri, bokbinderi og øskjefabrikk i 1907. Dahle vart ein av dei første postkortprodusentane i Rogaland (sjå under kap. 3.3 Landskapsfotografi) og tok på seg foto-oppdrag, men han hadde ikkje atelier .

Knut Viljugrein hadde fotograf- og kortevareforretning på Sandnes frå om lag 1925 til 1931. Han flytte og opna fotoatelier i Askim i 1932. Henry Beyer hadde papirforretning og eit lite trykkeri på Sandnes i 1930- og 1940-åra. Som Dahle og Viljugrein framkalla han bilete for folk og fotograferte sjølv landskap i distriktet, men ingen av dei hadde fotoatelier.

Fotoforhandlarane og fotografane Ludvig I. Ludvigsen, sonen Tor-Jan Ludvigsen og brørne Kolbjørn Rostrup og Kjell Rostrup hadde både fotobutikkk og fotoatelier, men atelierfotografering var ikkje hovudarbeidet deira som fotografar. Ludvig I. Ludvigsen (1896-1965) etablerte firmaet sitt i 1925. Sonen gjekk inn i firmaet etter at han vart vaksen. Far og son Ludvigsen hadde ei lita fotoforretning i heimen sin midt i Sandnes. Dei framkalla og selde filmar og hadde eit lite atelier der dei tok passbilete og portrett. Far og son Ludvigsen hadde også foto-oppdrag for kommunen og det lokale næringslivet, dessutan oppdragsfotografering i samband med familiehøgtider i heimane. Dei fotograferte dessutan på skulane i kommunen. Båe var maskinistar ved Sandnes Kino om kveldane. Det er uvisst når Tor-Jan Ludvigsen avslutta atelierfotograferinga og gjekk over til å driva rein fotobutikk kombinert med oppdrags-fotografering . Firmaet vart avvikla i 1990-åra, etter at Tor Jan Ludvigsen døydde. Arkivet er bevart hos familien og ved Statsarkivet i Stavanger .

Brørne Kolbjørn og Kjell Rostrup etablerte firmaet Foto-Sentralen saman med Thoralf Anfindsen i desember 1947. Kolbjørn Rostrup vart eine-eigar frå 1958. Han hadde fotobutikk og fotoatelier i mange år. Kolbjørn Rostrup var også oppdragsfotograf for næringslivet og tok særleg 17-mai-bilete, skuleklasse- og konfirmantbilete. Han framkalla sjølv og selde fotografia i butikken sin . Familien tek vare på negativarkivet.

I åra mellom 1940 og 1960 var det elles tre atelierfotografar på Sandnes. Sverre Eskildsen etablerte eige fotoatelier i Stavanger i 1934. Han var son til fotograf J. W. Eskildsen som hadder firma i Egersund og Stavanger. I 1940 flytte han atelieret til Sandnes, medan broren Bjarne Eskildsen etter kvart overtok firmaet til faren i Stavanger med filialen i Egersund. Sverre Eskildsen flytte atelieret tilbake til Stavanger i 1948. Arkivet frå den siste Stavanger-perioden (1948-1972) er bevart ved Byarkivet i Stavanger.

I 1948 etablerte Leif Vaage firma på Sandnes. Vaage var først og fremst atelierfotograf. Han dreiv ikkje med oppdragsfotografering ute eller reklamefotografering for næringslivet. Leif Vaage avvikla firmaet om lag 1990. Familien tek vare på negativarkivet.

I 1957 opna Olav Skaar fotoforretning og atelier på Sandnes. Ved sida av tradisjonell atelierfotografering, tok han på seg fleire typar oppdrag; skulefotografering, fotografering for Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis (dette var før avisene tilsette eigne pressefotografar), reklamefotografering for mange industribedrifter i distriktet og fotografering i samband med bryllaup og konfirmasjonar. Skaar slutta tidleg av både med skulefotografering og privat selskapsfotografering, men i alle år tok han på seg oppdragsfotografering for det lokale næringslivet. Atelierfotografeing vart likevel viktigast. Skaar avvikla firmaet sitt i 1997. Atelierarkivet er bevart men ikkje arkivet etter oppdragsfotograferinga for næringslivet .

Utanom Sandnes var det ingen tettstader eller større bygder på Jæren på 1800-talet. Men opninga av Jærbanen (1878) og etableringa av ullspinneriet, sidan De Forenede Uldvarefabriker (DFU), på garden Ålgård i Gjesdal i 1870 førte til ein gradvis framvekst av fleire bygdesentra på Jæren. Tre av desse fekk fotograf-filialar; Ålgård i 1895, Bryne i 1902 og Nærbø i, eller etter 1907.

Børe Mathias Norland hadde atelier i Stavanger i åra 1877-1920, åleine og i periodar saman med andre. Han opna filialar både på Ålgård (1895) og ved den milietære ekserserplassen Maldemoen i Madla (1891). Norland var i tillegg oppdragsfotograf for DFU. Det er uvisst kor lenge han hadde filial på Ålgård. Han utførte i alle fall oppdrag for bedrifta der til etter 1912. Det er heller ikkje kjent om det var Norland sjølv, eller ein tilsett fotograf som stod for fotograferinga på Ålgård.

Fotograf Wiig opna atelieret sitt på Sandnes i 1902 og filialen på Thime stasjon (Bryne) same året (sjå ovanom). Opningstida ved filialen vart trappa ned etter at Pauline Wiig døydde i 1926. Brorsonen Jonas Wiig hadde berre ope eit par dagar i veka. Han avvikla både firmaet på Sandnes og filialen på Bryne tidleg i 1930-åra. Fotograf Jakob T. Øglænd sin atelierfilial på Nærbø eksisterte frå om lag 1907 til etter 1918, truleg dei same åra som han hadde atelier på Sandnes. Negativarkiva etter fotografane Norland, Wiig og Øglænd er ikkje bevarte, heller ikkje arkiva frå atelierfilialane.

I Hillevåg i Hetland kommune var Forsmo oppdragsfotograf med fotobutikk i 1950-åra. På Ålgård kom det ikkje ny atelierfotograf før Tor K. Undheim etablerte firmaet Ålgård Foto i 1966. Bryne fek eige fotograf-firma i 1951 med Børge Kalvig. Båe firma eksisterer i dag. Undheim sitt arkiv gjekk tapt i brann. Atelierarkivet til Kalvig finst ved Statsarkivet i Stavanger.

Den militære ekserserplassen vart flytta til Maldesletten i Madla i 1871. Fotografar i Stavanger var truleg på gjestebesøk, eller hadde «filialar» der frå etableringsåret og framover. Dei tok portrett av enkeltsoldatar og av grupper. I dei kommunale fotoarkiva (repronegativarkiv) på Jæren finst det mange soldatportrett frå 1870-åra og framover. Fotografkartongane viser at både fotografane Jacobsen, Norland og fleire andre meir og mindre kjende Stavanger-fotografar hadde filial på Madla i kortare periodar .

Så langt vi kjenner til, er ikkje negativarkiva bevarte etter Jan Greve, Henrik og Jonas Wiig, H. J. Norland, J. T. Øglænd eller etter Sverre Eskildsen (Sandnes-arkivet hans).

Atelierarkiva etter fotografane Ludvigsen, Skaar, Kalvig og Siversten finst ved Statsarkivet i Stavanger. Atelierarkivet etter Leif Vaage og negativarkivet til Kolbjørn Rostrup er bevart hos familiane.