Atelierfotografar i Stavanger før 1960

Stavanger var ein av dei første byane i landet som fekk etablerte atelierfotografar. Den første, kjende daguerreotypisten i Stavanger, vart nemleg også den første etablerte fotografen i byen. Dansken Hans P. Thykier som var innom på det som skulle vera ein kort visitt i 1853, vart verande i fleire år og etablerte firma i byen. Men sjølv om d aguerreotypisten Thykier vart den første bufaste fotografen i Stavanger, er det ikkje sikkert at det var han som introduserte den nye teknikken i byen.

Våren 1859 kom franskmannen Auguste Havee til Stavanger. Han averterte då fotografiet i dei to Stavanger-avisene. Overgangen frå daguerreotypi til fotografi (glasnegativ, våtplater) skjedde med andre ord i 1859 i Rogaland, og den såkalla våtplateperioden varte fram til om lag 1885. Fotograf Carl Kørner introduserte tørrplata i Stavanger i 1882. Det var kanskje Havee som lærte Thykier den nye teknikken. Då Havee reiste frå byen i 1859, kan Thykier ha kjøpt utstyret hans. Sjølv flytte Thykier frå Stavanger, truleg i 1867, og sannsynlegvis tilbake til Danmark.

I Stavanger fekk Thykier snart konkurranse etter 1859. Folketellinga 1865 viser at det var seks fastbuande fotografar i byen det året. Carl Pettersen flytte til Stavanger i 1861. Han var den første som averterte at han laga visittkortportrett.

Då Carl Pettersen introduserte det fotografiske visittkortet i 1861, var det berre tre andre etablerte fotografar i byen; Hans P. Thykier, Dorothea Arentz og W. Buch (sjå oversyn nedanom). Lauritz Balle etablerte seg på same tida som Pettersen, men vart ikkje verande. Dorothea Arentz og kompanjongen Lina Bahr var truleg dei første «innfødde» Stavanger-fotografane.

Carl Lauritz Jacobsen frå Christiania etablerte seg som fotograf i Stavanger i 1864. Han og sidan sønene dreiv det første store fotograf-familiefirmaet i byen (fotofirma Jacobsen 1864-1915) og bygde tidsmessig atelier. Fleire tilsette fotografar arbeidde i firmaet. Frå 1870-åra og framover leverte firmaet fleire landskapsfotografi frå Stavanger og området rundt. I 1890-åra og seinare dokumentasjonsfotograferte firmaet Jacobsen bygnings- og gatemiljø i Stavanger etter oppdrag frå kommunen.

Jærbuane som fotograferte seg i Stavanger i 1860- og 1870-åra, var som oftast hjå Thykier, og sidan hjå dei som overtok atelieret hans i Kirkegata 3 i 1867. Dette var Ludvig Foss, ein av dei meir ukjende fotografane i byen, og ein ung mann frå Hå, Tiærand Knudsen Nærland, eller T. Knudsen som sidan vart firma-namnet hans i Stavanger.

Då Foss og Knudsen overtok atelieret til Thykier, nytta dei firmanamnet H.P. Thykiers Efterh. Knudsen starta opp for seg sjølv i Bergelandsgata etter at Foss døydde i 1873. Svært mange visittkortportrett frå 1870-åra i private fotoalbumar på Jæren har firmanamnet Fotograf T. Knudsen Bergelandsgaden Stavanger på kartongen.

I 1879 averterte Knudsen ofte i Stavanger-avisene. Dette hadde nok samanheng med opninga av Jærbanen i 1878. No vart det langt lettare å koma seg til Stavanger enn før, då turen på hesteryggen frå Sør-Jæren tok mest ein dag kvar veg. Sikkert er det at opninga av Jærbanen skaffa fotografane i Stavanger langt fleire kundar enn dei hadde tidlegare. Prisane vart også lågare mot slutten av 1800-talet. I 1860-åra var det berre nokre få meir velståande familiar på Jæren som fotograferte seg. Då 1800-talet gjekk mot slutten, hadde dei fleste familiar og ungdomar råd til å kosta på seg eit portrett når dei hadde ærend i Stavanger.

Carl Pettersen flytte frå byen og opna atelier i Farsund i 1884, og Tjærand Knudsen avvikla firmaet sitt same året. Den økonomiske krisa som ramma Stavanger i 1882, spela nok inn. Men kanskje var avvikling og flytting også resultat av at ein annan fotograf hadde etablert seg i Stavanger. Carl Kørner var frå Hamburg og kom til Bergen i 1877. I 1878 opna han atelier i Kirkegata 21 i Stavanger. I 1890-åra etablerte han også filialar i Kristiansand og i Halle i Tyskland. Kørner fotograferte frå 1878 til han avvikla firmaet sitt under første verdskrigen. Han var ein av dei mest populære Stavanger-fotografane og hadde ein svært stor produksjon. Negativarkivet hans vart sidan kasta i Hillevågsvatnet.

Om lag på same tida som fotograf Kørner flytte til Stavanger, kom det ei ny oppfinning som gjorde fotografering langt enklare enn tidlegare. I slutten av 1870-åra kunne nemleg våtplatene erstattast av fabrikkframstilte tørrplater (gelantinplater). Dermed kunne fotografane kjøpa ferdig-preparterte glasplater. Framkallinga kunne og venta. Fotografering vart no langt enklare, særleg for dei som ville ta kamera med utafor atelieret. Denne nyvinninga fekk svært mykje å seia for landskapsfotografane og etter kvart også for ei ny gruppe, amatørfotografane.

I Stavanger var Carl Kørner den første som tok i bruk tørrplatene.

Frå 1880-åra og framover kom ein ny generasjon fotografar. Det utanlandske innslaget innan fotografyrket forsvann gradvis. Fotografane vart meir stabile og slo seg ned i byane. Sjølv om det framleis var mobilitet innan yrkesgruppa, vart fotografane meir fastbuande i alle byane i Rogaland etter 1880 enn tidlegare. Fleire fotografar var og fødde i byane dei etablerte seg i. Men mange måtte likevel ha eit yrke i tillegg om dei skulle forsørga ein familie. Før elektrisiteten kom (Stavanger fekk elektrisk lys i 1909), kunne fotografane helst berre arbeida i den lyse årstida. Sjølv om ateliera hadde store overlysvindauge, måtte mange stenga atelieret om vinteren, eller dei fotograferte berre nokre timar midt på dagen når det var sol. Med elektrisiteten og lampelyset kunne sesongen forlengast og opningstidene utvidast.

Sjølv om det var økonomiske nedgangstider etter 1882, var det tre større fotograf-firma i Stavanger gjennom heile 1880-åra; firma C. L. Jacobsen (1864-1915), B. M. Norland (1877-1920) og Carl Kørner (1878-ca. 1917). Dessutan var det fleire mindre, men godt besøkte firma i Stavanger som fekk kortare levetid enn desse tre. Brørne Erik Jensen og sidan Bertinius Jensen dreiv atelier i lag og med eit avbrot frå 1869 til 1891 (Erik døydde 1874).

Fotograf Jan Greve var atelierfotograf i Haugesund først (sjå nedanom), sidan i Stavanger i åra 1876-1895, i åra 1887-1895 med Børe Mathias som kompanjong. Norland sjølv var fotograf i Stavanger i åra 1877-1920; i lag med Greve 1887-1895 og i lag med Jacob T. Øglænd 1899-1905.

Jakob T. Øglænd frå Sandnes vart den første fotografen som etablerte firma i heimbyen sin. Jan Greve annonserte rett nok at han opna filial-atelier på Sandnes i 1881, men denne filialen eksisterte truleg ikkje lenge. Øglænd hadde atelier i Stavanger frå 1894. I 1907 flytte han til Sandnes og opna samstundes filial på Nærbø.

I åra kring 1900 kom det ei rekkje nye fotograf-firma i Stavanger. Nokre greidde seg berre ei kort stund (sjå oversynet nedanom) medan andre vart veletablerte firma med lang levetid. Fotograf Hakon Johannessen kom til Stavanger i 1901. Fram til 1908 hadde han atelier saman med fotograf Karen Kristine Henriksen under firmanamnet Henriksen & Co. Sidan dreiv han åleine, dei siste åra med sonen Per Borup Johannessen som medarbeidar. Firmaet Hakon Johannessen eksisterte til 1988.

Stavanger-fotografen J. W. Eskildsen flytte den andre vegen. Han opna atelier i Egersund i 1905, men dette vart filial då han overtok atelieret til Karen K. Henrichsen i Stavanger i 1913. I 1906 opna fotografane Waldemar Eide og Johan E. Nyman Figved atelier i Stavanger. Eide dreiv firmaet åleine frå 1909 til han selde til fotograf Arne Kaada i 1953.

Etter 1900 kom det også fleire fotobutikkar i Stavanger. Ei tid etter at Jan Greve slutta av som atelierfotograf i 1895, opna han butikk for fotografiske artiklar, Photo Hall, saman med sonen Arent Theodor Greve. Dette var truleg den første spesialbutikken på dette området i Stavanger Desse butikkane selde fotoartiklar og framkalla bilete for folk før fargebileta vart vanlege og dei store fotolaboratoria overtok dette arbeidet rundt 1970. Fleire av butikkane hadde også enkle atelier for portrett-fotografering. Dette vart særleg vanleg etter at pass-bileta kom rundt 1930 (polyfoto vart introdusert i Oslo i 1933).

Dei første åra etter 1900 sette postkortproduksjonen inn for fullt, og det kom også fleire såkalla bromidanstaltar i Stavanger. Også lokale bokhandlarar gjekk inn for postkortproduksjon og oppdragsfotografering. Ingen av desse nye aktørane på fotomarknaden hadde opplæring i faget. All denne nye aktiviteten vekte uro mellom dei etablerte fotografane i byen og førte til etableringa av Stavanger fotografiske forening i 1906 .

Sjølv om visittkortfotografia med tilhøyrande albumar gjekk av moten i åra om lag 1915, minka ikkje arbeidsoppgåvene for dei tradisjonelle atelierfotografane. Under første verdskrigen kom atelierportretta i postkortformat for fullt i dei krigførande landa (soldatfoto). Desse foto-postkorta erstatta ganske raskt visittkortportretta, også her i landet. Folketalet auka sterkt desse åra, og det vart vanleg å fotografera seg ved viktige vendepunkt i livet, som til konfirmasjon og bryllaup, og ved skuleavslutningar på ulike fag- og vidaregåande skular. Samstundes fekk dei etablerte atelierfotografane også i større grad oppdrag utafor ateliera, særleg reklamefotografering for det lokale næringslivet.

Talet på fotografatelier og fotofirma i Stavanger var temmeleg stabilt frå åra kring 1910 og framover til 1960. Fotofirma Hakon Johannessen (1901-1988) og Waldemar Eide (1906-1953, deretter Arne Kaada) var i 1960 dei eldste fotofirma i byen. Fem andre firma hadde også lang fartstid: Agathe Svendsen (Maakestad) (1911-1946, deretter Olaf A. Ellingsen), Oscar Gulliksen (1911-1957, deretter Marthon A. Høiland), Johan W. Eskildsen (1913 -1964, deretter sonen Bjarne Eskildsen) og Gabriel T. Espedal (1921-1966, deretter sonen Birger Espedal). Firmaet til H. J. Norland (1911-1933) som sonen Alf Norland overtok, vart ført vidare under namnet Foto Norland då han døydde i 1953. Familien avvikla firmaet i 1960-åra.

Fleire fotografar med eige firma hadde også tilsette fotografar. Desse er ikkje med i oversynet ovanom når dei ikkje opererte med eige namn på fotokartongane . Fleire fotografar arbeidde for eks. i firmaet C. L. Jacobsen/Jacobsen, særleg i åra etter at grunnleggaren , Carl Lauritz Jacobsen, døydde i 1879 og før sønene Carl Johan og Louis Anton Jacobsen overtok i 1892. Dessutan var fleire reisefotografar, eller dei hadde bromidanstaltar før, eller etter at dei etablerte seg med eige atelier. Døme på slike er Rasmus P. Thu, Sven E. Endsjø, A. Th. Steinkopf-Wold og John Kjølvik..

Fleire hadde butikk for fotografiske artiklar og eit lite atelier for passbilete eller enkle portrettfotografi. Eksempel på slike er Samson Helgevold (ca. 1905-1945), Jan Greve saman med sonen Arent Theodor Greve (ca. 1900 – ), Sven E. Endsjø (1903-1915), Hannchen Jacobsen frå om lag 1905 til Rachel Johnson overtok i november 1908, Agathe Svendsen/Agathe Maakestad frå 1911 til Olaf A. Ellingsen overtok 1946, Erling Søiland frå 1915 til etter 1950, Hans Henriksen (1929-1942) og Gard Paulsen frå 1934 til etter 1950 (Paulsen døydde sjølv i 1942). Nokre var berre reisefotografar, som til dømes disponent O. Skarbø i firmaet Stavanger forenede fotografer, stifta av dei etablerte Stavanger-fotografane i 1907 som motvekt mot ufaglærte fotografar.

Lista ovanom viser at av dei 72 kjende fotografane som etablerte seg i Stavanger før 1960, opna 42 av dei atelier før år 1900. Oversynet viser vidare at då fotograf Herseth avvikla firmaet sitt i 1921, var det 8 etablerte atelierfotografar i Stavanger; Hakon Johannessen, Waldemar Eide, John Kjølvik, Agathe Maakestad, Johan W. Eskildsen, Gabriel T. Espedal (frå 1921), Oscar Gulliksen og H. J. Norland.

Det finst så å seia ikkje bevarte negativ etter dei 42 Stavanger-fotografane frå 1800-talet på lista ovanom, og ingen fullstendige arkiv. Glasplatene var upraktiske å ta vare på og tok stor plass. Gjenbruk vart ofte løysinga. Fotografane vaska bort emulsjonen og brukte platene fleire gonger. Mange fotografar skifta atelier både ein og fleire gonger på 1800-talet. Dette var og ein av grunnane til at dei ofte kasserte arkiva sine. Platearkiva var tunge og vanskelege å flytta på.

Det finst naturleg nok store mengder bevarte positivar, både ved arkivinstitusjonar og museum, og særleg hjå private. Men pr. i dag finst ikkje noko samla oversyn over kva som er bevart av positivmateriale etter den enkelte fotografen.

Oversynet nedanom viser at ein stor del av negativarkiva etter fotografane på 1900-talet er bevarte, både atelierarkiv og oppdragsarkiv.

Stavangerfotografar før 1960 med bevarte negativarkiv

Familiefirmaet Jacobsen; Carl Lauritz Jacobsen, 1864-1879, familiefirma med leigd hjelp 1879-1892, Carl Johan Jacobsen (1892-1915): Delar av oppdragsarkivet (for Stavanger kommune) finst ved Byarkivet i Stavanger: 1986/1: 1- 334. Kommunesamling 4: 1-132 er tilsvarande positivar. Atelierarkivet er ikkje bevart.

Rasmus Pedersen Thu, 1898-1926 i Stavanger. Atelier- og reisefotograf med fleire opphald i USA desse åra. Om lag 60 negativ (atelier og eksteriør) bevarte hjå barnebarn, men desse utgjer hovudsakleg private familiebilete. Stavanger Sjøfartsmuseum har 135 panoramanegativ og positivar med motiv frå bygder i Rogaland.

Hakon Johannessen, 1901-1978. Så å seia heile atelier- og oppdragsarkivet er bevart. Byarkivet i Stavanger tek vare på eldste delen av oppdragsarkivet, Statsarkivet i Stavanger atelierarkivet og delar av oppdragsarkivet.

Julie A. Lund, 1900-1917. Stavanger Sjøfartsmuseum har den bevarte delen av negativarkivet hennar: 323 nr.

A. Th. Steinkopf Wold, Bromidanstalt 1904-1907. Atelier 1908- . Stavanger Sjøfartsmuseum har den bevarte delen av arkivet hans: 2005 nr.

Waldemar Eide, 1906-1953. Berre delar av oppdragsarkivet er bevart, ikkje atelierarkivet. Byarkivet i Stavanger har størsteparten av det bevarte negativmaterialet, Stavanger Museum, kulturhistorisk avd. og Statsarkivet i Stavanger har ein liten del kvar. Familien hans har nokre få negativ med private motiv.

Agathe Svendsen/Maakestad, 1911-1946. Statsarkivet i Stavanger har den bevarte delen av arkivet hennar, 204 nr.

Erling Søiland, 1915 til etter 1950 (omtrentlege år). Fotobutikk. Oppdragsfotograf. Stavanger Sjøfartsmuseum har heile arkivet (glas- og plastnegativ), ca. 6 000 nr., saman med større mengder smalfilm.

Oscar Gulliksen, 1911-1957. Byarkivet i Stavanger har den bevarte delen av oppdragsarkivet hans (720 nr).

Samson Helgevold, 1917- til slutten av 1940-åra. Fotobutikk og oppdrag. Statsarkivet har den bevarte delen av arkivet hans, 1 555 nr.

Gabriel T. Espedal, 1921-1966 og Birger Espedal, 1966 – . Byarkivet i Stavanger har heile arkivet etter fotofirma Espedal.

Hans Henriksen, 1929-1942. Fotobutikk. Oppdrags- og reportasjefotograf, mellom anna for aviser i Stavanger. Byarkivet i Stavanger har heile arkivet hans.

Sverre Eskildsen, 1948-1972. Atelierfotograf. Byarkivet i Stavanger har heile arkivet (33 366 nr.) frå den siste Stavanger-perioden (1948-1972).

Marthon A. Høiland, 1949-1992. Heile arkivet er bevart. Byarkivet i Stavanger og Statsarkivet i Stavanger tek vare på kvar sine delar av arkivet.

Olaf A. Ellingsen, 1949-1981. Fotofirma. Selt til andre 1984. Oppdragsfotograf. Også atelier frå 1954-. Statsarkivet i Stavanger tek vare på heile arkivet hans.

Arne Kaada, 1953-1991. Firmaet avvikla 1993. Byarkivet i Stavanger tek vare på heile arkivet hans.

Bjarne Eskildsen, 1964-1970. Ein mindre del av atelierarkivet er bevart ved Statsarkivet i Stavanger.