Atelierfotografar i Ryfylke før 1960

På 1800-talet fanst det ikkje nokon tettstad i Ryfylke med stort nok kundegrunnlag for ein bufast atelier- eller portrettfotograf. I så fall måtte dette vore strandstaden Sand . Bevarte atelierportrett frå 1800-talet i privat eige i Ryfylke er ikkje granska systematisk enno.Desse vil gje svar på kor folk reiste når dei skulle fotografera seg, og om det var gjestefotografar eller bufaste fotografar på Sand på 1800-talet. Det eldste, kjende fotografiet av strandstaden kan tidfestast til 1866/1867. Kanskje var det ein bufast eller gjestande portrettfotograf som tok dette. Tilfeldige spadestikk i denne type fotografisk materiale viser at folk på øyane i noverande Rennesøy og Finnøy kommunar fotograferte seg i Stavanger. Dessutan var fleire bygdefotografar i sving som familie- og portrettfotografar i indre Ryfylke i 1890-åra og seinare (sjå nedanom).

Rasmus Mortensen frå Sand hadde atelier i Stavanger i åra 1896-1898 og heime på Sand frå om lag 1907 til 1942. Han arbeidde hos fotograf Kørner i Stavanger før 1896 og etter 1898. Medan han budde på Sand, var han også reise- og postkortfotograf i Ryfylke. Negativarkivet hans eksisterer ikkje i dag .

S. Bonge (1980) opplyser at ein Chr. Jørgensen er nemnd som fotograf på Sand frå ca.1916 til 1921. Dette var truleg ikkje ein etablert atelierfotograf. Ein fotograf Christian Jørgensen produserte mellom anna postkort av turisthotellet i Saudasjøen etter at dette opna våren 1914. Dette var truleg fotograf Christian Jørgensen på Kongsberg .

John Kjølvik frå Jelsa var først skomakar i Stavanger. I åra mellom ca. 1907-1928 var han fotograf i byen. Han dreiv også ein såkalla bromidanstalt frå 1909 og hadde filialar i Kopervik og i Sauda. Det er uvisst når og kor lenge han hadde filial i Sauda før han flytte dit med familien sin ca. 1928. I åra frå 1907 og seinare var han først og fremst kjend som postkortfotograf og som reisefotograf, særleg i Ryfylke. I 1907, 1919 og 1922 fotograferte han familiar og gardstun i Sauda (sjå kap. 3.6 nedanom). Kring 1928 eller litt seinare flytte Kjølvik dit og opna atelier saman med sonen. Etter eit par år flytte familien til Karmøy og ei tid etter til Sandnes. Det er ikkje kjent kor omfattande praksisen var i Sauda, eller om Kjølvik eller sonen fotograferte den korte tida han budde på Sandnes. John Kjølvik flytte tilbake til Stavanger og døydde der i 1935. Negativarkivet frå Stavanger-tida er ikkje bevart. Det er ikkje kjent om det finst negativmateriale etter han i Sauda.

Anlegget av kraftverka til Aktieselskapet Saudefaldene frå 1916 og utover, og anlegget av smelteverket i Sauda i åra etter 1915 førte til framveksten av ein ny tettstad inst i Ryfylke, noko som igjen førte til behov for ein lokal portrettfotograf og for butikkar som førte fotografiske artiklar. Forutan John Kjølvik var ein fotograf Kvalevåg verksam i indre Ryfylke før 1930, mellom anna i Sauda .

Ragna Olsen Grønlund frå Hønefoss opna bokhandel i Sauda i 1916. Kanskje var det ho som engasjerte Jørgensen frå Kongsberg til postkortfotografering i Sauda? Ola K. Fløgstad overtok butikken hennar i 1922 ( Sauda Bok & Papirhandel O. K. Fløgstad). Han hadde fotoavdeling og var mellom anna lokal postkortfotograf. Det er ikkje kjent om han hadde atelier i tilknyting til butikken og om han fungerte som lokal portrettfotograf.

Olav Jacobsen fekk ein lang fotografisk praksis i Sauda. Han fotograferte i åra 1915-1961. I 1917 etablerte Jacobsen foto- og rammeforretning. Han var også fotograf for Aktieselskapet Saudefaldene (1913-) og for Sauda Smelteverk A/S (1915-). Jacobsen utførte også framkalling og kopiering av filmar for folk og selde biletrammer. Han dreiv dessutan som oppdragsfotograf i kommunen .

I 1946 etablerte Dagny og Frantz Andersen firmaet Fotomagasinet i Sauda. Dei hadde atelier, selde fotografiske artiklar og hadde også avdeling for amatørfotografiske arbeid.

For folk i noverande Tysvær og Vindafjord kommunar var det meir naturleg å reisa til Haugesund i fotografærend enn til Sand og Sauda. Men folk i Vindafjord reiste også til fotograf i Etne i Hordaland på same måten som folk i Lund kommune i Sør-Rogaland reiste til Flekkefjord i Vest-Agder. Magnus Saltnes i Etne fortel (2002) at folk i Etne reiste til Stavanger og Bergen når dei skulle fotografera seg i eldre tid, men Ingvald Vik og Willum Ekrem var bygdefotografar i Etne og fungerte som lokale atelierfotografar etter 1930. Dei hadde også kundar frå Nord-Rogaland. Det var særleg Ingvald Vik som fotograferte folk frå noverande Vindafjord kommune, og han fotograferte mellom anna til grensebuarbevisa under andre verdskrigen. Vik var fotograf i Etne i åra 1934-1954 .

Negativarkiva etter Mortensen og Kjølvik er ikkje bevarte. Det er ikkje kjent kva som er bevart av negativmateriale etter dei andre fotografane. Ein del av oppdragsarkivet etter Jacobsen er bevart i Sauda kommune.