Atelierfotografar i Haugesund og Karmsund-regionen før 1960

Haugesund fekk bystatus i 1854. I motsetning til Egersund var dette ein ”ny” by. Det rike vårsildfisket ved kysten var medverkande til at byen voks fram.

Haugesund og Sandnes er dei to byane i Rogaland som kan fotodokumenterast så å seia like frå dei vart grunnlagde i 1854 og 1860. Dei første nasjonale landskapsfotografane, som Marcus Selmer, averterte truleg ikkje i lokalavisene når dei besøkte ein stad. Selmer opna atelier i Bergen i 1852 men reiste også rundt på Vestlandet for å fotografera landskap, såkalla turistprospekt som mellom anna kunne kjøpast hos lokale bokhandlarar. Selmer besøkte Haugesund minst ein gong før 1865 og var kanskje den aller første fotografen der.

I 1863, averterte O. Halvorsen i avisa Karmsundposten at ”Photografi-Portraiter aftages daglig i K. Fostenes Hus”. Dette er den eldste, kjende fotograf-annonsen frå Haugesund- og Karmsund-regionen, eller frå Haugalandet som vi seier i dag. Det er ikkje kjent kor lenge Halvorsen oppheldt seg eller budde i Haugesund. Sidan kom det mange slike gjestefotografar til den nye byen. Vårsildfisket var den viktigaste grunnen til at fleire portrett-fotografar oppheldt seg der i kortare periodar både i 1860-, 1870- og 1880-åra.

Prestesonen Jan Greve frå Skjold er den eldste kjende, fastbuande fotografen i Haugesund. I 1864 averterte han i Karmsundposten at han ”… atter er begynt å avta fotografibilleder på papir (visitkort), glas og voksduk, efter de nyeste moder. Bopel hos S. Olsen. Elever modtages.” I 1876 etablerte han firmaet sitt i Stavanger og flytte dit.

Fotograf C. L. Jacobsen averterte som portrettfotograf i Haugesund i same nummeret av Karmsundposten (1864) som Greve. Jacobsen tok inn på Halvor Olsens Hotell under vårsildfisket og var truleg fleire gonger i byen i fiskesesongen. Jacobsen etablerte fotofirma i Bergen i 1861 og slo seg ned som fotograf i Stavanger i 1864. Hans Daae Norman reiste andre vegen. Han fotograferte i huset til Peder Amlie på torget i åra ca.1862-1880, men budde ikkje fast i byen. Amlie bygde atelier med store takvindaugo i bygarden sin. Dette leigde han ut til gjestande fotografar. Sidan brukte sonen, Peder Amlie jr., også atelieret. Norman hadde også atelier i Stavanger (ca. 1863-1865) og sidan i Bergen (1866-1869).

Selmer, Halvorsen, Greve, Jacobsen og Norman er dei fem første, kjende atelierfotografane som oppheldt seg i Haugesund, men Selmer var truleg berre på eit kort besøk. Greve var den første som slo seg ned i byen og som hadde atelier der over fleire år (ca.1864-1876).
Både i Egersund og i Haugesund hadde den første telegrafisten i byen portrettfotografering som tilleggsyrke. I 1865 søkte nemleg ”Fotografist Hansen” Haugesund kommune om å få føra opp eit skur på kommunen si tomt ved skulehuset for å ”… aftage photografiske billeder”. Dette var telegrafist Andreas Hansen.

Heinrich Louis Sophus Kørner fotograferte under sildefisket i Haugesund på ei tomt ved ei av sjøbuene. Den 25.2.1884 averterte han i Karmsundposten at han etter mange oppfordringar ville opna ”sin forhenværende fotografiske Forretning” i P. Amlies Hus på Torget. Kørner hadde elles fotofirma i Bergen. Fotograf Nils Henriksen kom frå Ålesund og opna atelier i Haugesund i 1877. Han vart verande til 1885. Då overtok Henry Hansen atelieret. Han dreiv firmaet N. Hendriksens Efterf. til 1887 og etablerte fotograf-firma i Kristiania i 1889. Folketellinga 1885 nemner likevel berre ein fastbuande fotograf i Haugesund; Peder Amlie jr. Han hadde atelier i foreldreheimen i Torvegt. 34, rett ovanom dampskipskaien.

Fleire av fotografane hadde først vore atelierfotografar i fiskeribyen Ålesund. Dette gjeld både ovannemnde Niels Hendriksen som etablerte seg i Ålesund i 1863 (skreiv seg Nils Henriksen i Haugesund), Lr. Anderson (Lars Andersen), Ole Olvik og brørne Martin og Olaf Olsen. Brørne Olsen fotograferte også i Haugesund før dei etablerte seg i Ålesund i 1898. Lr. Anderson overtok atelieret til Niels Hendriksen i Ålesund då Hendriksen flytte til Vats i 1874 og til Haugesund 1877. Då Anderson sjølv flytte til Haugesund i 1887, overtok han firmaet etter Henry Hansen.

Atelieret i heimen til familien Amlie vart nytta av mange fotografar: Hans Daae Norman i åra etter 1862, Jan Greve pr. 1875, Heinrich L. S. Kørner pr. 1884, Peder Amlie jr. pr. 1885, Kristofa Jansen Grøn i 1901 og C. W. T. Monrad, den siste pr. desember 1901 (sjå nedanom).

Fleire atelierfotografar enn dei som er nemnde ovanom, var innom byen i kortare periodar i 1870- og 1880-åra. Folketellinga 1900 nemner også fleire etablerte fotografar som ikkje er kjende i dag. Desse var Ingeborg Høie, Lauritz Jul og Magdalene Lind. Dessutan hadde Ole Olvik eit større firma med tilsett fotograf. Han etablerte seg som fotograf i Haugesund i 1892 etter eit kortare fotograf-opphald i Ålesund. Fredrik Thomas Krogh Monclair overtok atelieret til Olvik i 1903 og dreiv dette til 1933. Det er uvisst kor lenge Høie, Jul og Lind var fotografar i Haugesund.

I 1901 etablerte Alfred Brundtland (til 1907), Kristofa Jansen Grøn (firma Kristofa Grøn til 1937) og C.W.T. Monrad seg i byen. I 1902 selde fotograf-brørne Martin og Olaf Olsen atelieret sitt i Ålesund og opna atelier i Haugesund. Olaf Olsen etablerte eige firma i 1914 og dreiv dette til i 1940-åra. Hans Joachim Norland etablerte seg i Haugesund i 1905 og flytte firmaet til Stavanger i 1911. Ole Brøndelsbo frå Tvedestrand hadde atelier i Haugesund i åra etter 1903. Han gjekk i lære hos fotograf Olvik i 1903 og hadde eige firma ei tid i byen etterpå. I dei første åra etter 1900 var det med andre ord svært mange fotografar som etablerte seg i Haugesund. Slik var det også i Stavanger.

Hakon Johannessen etablerte seg i Stavanger i 1901 og opna filial i Haugesund i 1910. Fotograf Margit Petersen frå Stavanger vart første filialstyraren. I 1926 etablerte ho eige firma. Margit Petersen dreiv firmaet til ho døydde i 1955. Broren Harald Petersen var medhjelpar og dreiv firmaet vidare til det vart avvikla i 1964.

Sigrid B. Hauge var filialstyrar for Hakon Johannessen frå 1925 (tilsett i firmaet frå 1917) til filialen vart seld i 1933. I åra 1933-1968 dreiv ho eige firma. Det var Johs. Bugge som kjøpte atelier-filialen til Hakon Johannessen, men han dreiv berre firmaet til 1935.

Ei tredje kvinne etablerte eige firma i Haugesund på denne tida. Fotograf Jenny Gurine Alne (g. Trodahl 1925) opna fotograf-forretning hausten 1922 men flytte firmaet til Kopervik i januar 1926. Atelierkameraet hennar hadde tilhøyrt Kristofa Jansen Grøn, men det er ikkje kjent kva samanheng det eventuelt var mellom verksemdene til desse to Haugesund-fotografane.

Olav Næss etablerte atelier for seriefotografering (polyfoto til passbilete med vidare) i 1947 og dreiv ikkje med tradisjonell atelierfotografering. Idar Johannessen etablerte fotoatelieret Foto Idar saman med kona, Dorli Johannessen i 1952. Sonen Hans Einar Johannessen overtok firmaet i 1988. Fotograf Hartvig Leknes etablerte firmaet Moderne Foto før 1954. Fotograf Ivar Tryggestad vart tilsett i 1954 og kjøpte firmaet i 1967. Arne Lindaas arbeidde både hos fotograf Næss og hos Foto Idar A/S (Johannessen) før han opna eige atelier i 1961. Lindaas avvikla firmaet i 1984 og overlet då negativmaterialet til fotoforretninga Arne Blixhavn som han hadde atelier hos. Arkivet finst i dag ved Haugalandsmuseene, avd. Karmsund folkemuseum.

Også på Karmøy var det truleg fleire tidlege gjestefotografar under fiskesesongane i andre halvparten av 1800-talet, særleg i Kopervik og i Skudeneshavn, men det finst ikkje opplysningar om slike i lokallitteraturen eller i upublisert materiale ved Karmsund folkemuseum.

Martinius (Martin) Johan Mathiesen hadde fotoatelier i Bergen frå 1867 og filial i Kopervik frå om lag 1891. Louise Aanensen hadde atelier i Kopervik frå om lag 1900 til 1930 og Henry Hansen tidleg på 1900-talet (tidlegare i Haugesund). S. Bonge (1980) opplyser at den danske fotografen E. Dinesen virka i Skudeneshavn frå ca. 1900-1905. Sidan hadde han reklame- og bromidanstalt i Stavanger. Dinesen er ikkje nemnd i Skudeneshavn eller Skudenes i folketellinga 1900.

John Kjølvik som var fotograf i Stavanger frå 1907, hadde også filialar i Kopervik (usikkert) og Sauda før han flytte til Sauda kring 1928 og til Karmøy (Kopervik?) nokre år etterpå. Det er ikkje kjent kor lenge han dreiv filialen i Kopervik. Jenny Gurine Trodahl (f. Alne) frå Haugesund (sjå ovanom) er den mest kjende av dei eldre Kopervik-fotografane. Ho flytte firmaet sitt frå Haugesund til Kopervik i januar 1926 og dreiv dette til ho avvikla i 1955. Pr. 1950 hadde ho to tilsette i firmaet.

Anna Andersen (Sjo) frå Kopervik hadde fotoforretning og portettatelier i Ølen frå 1954 til 1959. Då hadde ho sidan 1932 arbeidd i fleire fotografatelier, både i Haugesund og andre stader. Kanskje var det ho som overtok utstyret etter fotograf Ingeborg Jacobsen i Haugesund? I åra 1959-1961 dreiv Anna Andersen Sjo tilsvarande fotoforretning i heimbyen Kopervik.

I Skudeneshavn hadde ein O. C. Hansen atelier frå om lag 1895 til 1900. Ketura Oline Jacobsen hadde atelierfirma frå før 1918 og Louise Aanensen frå om lag 1930 til 1940. Ho var tidlegare i Kopervik. Det finst lite dokumentasjon om desse kvinnene, men delar av, eller heile negativarkivet etter Louise Aanensen er bevart ved Karmøy kommunearkiv.

Rasmus Pedersen Thu avvikla fotografverksemda si i Stavanger og etablerte firma i Skudeneshavn i 1926. I 1938 selde han firmaet til Karl Stava og flytte tilbake til Stavanger som pensjonist. Stava hadde etablert ur-reparasjonsverkstad i 1935 og overtok også fotoforretninga til Thu. Han dreiv kombinert urmakar- og fotograf-forretning til etter 1950. Sigurd Svendsen etablerte butikk i 1935 der han mellom anna selde fotoartiklar. Også han dreiv som fotograf og fotoforhandlar til i 1950-åra.

Oversynet viser at det var 37 atelierfotografar i Haugesund før 1960, og at om lag halvparten av desse fotograferte på 1800-talet. Fleire av dei eldste var gjestefotografar, og fleire hadde berre atelier kort tid i byen. For svært mange av fotografane er den nøyaktige verketida ikkje kjend i dag. Det er også uvisst kor mange av dei som overtok etablerte firma då dei flytte til byen. Ingen negativarkiv er bevarte frå 1800-talet. Negativarkiva etter Hakon Johannessen (1910-1933) og Johs. Bugge (1933-1935) er ikkje bevarte. Ein liten del av negativarkivet etter Olaf Olsen som skal ha etablert nytt firma åleine i 1914, finst ved Haugalandsmuseene avd. Karmsund folkemuseum (både topografiske motiv og atelierbilete).

Fem større negativarkiv er bevarte frå 1900-talet, alle ved Karmsund folkemuseum:
F. Th. Kr. Monclair (1903-1933), Margit Petersen a/s (Margit Petersen 1926-1955 og Harald Petersen 1955-1964), Sigrid B. Hauge (1933-1968), firmaet Foto Idar (Idar Johannessen 1952-1988 og Hans Einar Johannessen 1988- ca. 1992), og arkivet etter Arne Lindaas (1961-1984). Monclair overtok atelieret etter O. Olvik. (1892-1902). Delar av Olvik sitt arkiv utgjer eldste delen av Monclair sitt arkiv.

Oversynet viser 13 fotografar som hadde atelier/fotohandel i Kopervik og Skudeneshavn før 1960, men dette talet er nok høgare.

Negativarkivet etter Anna Andersen Sjo finst ved Haugalandsmuseene avd. Karmsund folkemuseum og Louise Aanensen sitt arkiv ved Karmøy kommunearkiv. Det er uvisst kor mange av dei andre arkiva som er bevarte.